NOU 2006: 2

Staten og Den norske kirke

Til innholdsfortegnelse

4 Lov om Opplysningsvesenets fond

Innhold

  • § 1. Opplysningsvesenets fond

  • § 2. Formålet med lova

  • § 3. Partsstilling

  • § 4. Forvalting

  • § 5. Fondets eigedelar

  • § 6. Bruk av avkastinga frå fondet

  • § 7. Særlege heimelsforhold

  • § 8. Avgrensing av verkeområdet for lova

  • § 9. Iverksetjing og oppheving av andre lover m.v.

Lov om Opplysningsvesenets fond

Jf. tidligare lover 1 aug 1821 angaaende de Nordlandske Kirkers Salg, 20 aug 1821 angaaende det beneficerede Gods, 19 juni 1882 om Salg af det Overflødige af Embetsgaarde, 23 feb 1923 om anvendelse av visse prestegårdsinntekter og 9 des 1955 nr. 11 om presteboliger og prestegårder.

§ 1Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond er skipa ved lov 20. august 1821 og består av den delen som er att av « det Geistligheden beneficerede Gods » og seinare tileigna eller tillagde eigedommar og kapital.

§ 2Formålet med lova

Lova skal sikre at fondet kjem Den norske kyrkja til gode og at verdiane blir bevarte og gir avkastning i samsvar med Grunnlova § 106.

§ 3Partsstilling

Fondet har sjølv rettar og plikter, er part i avtalar med private og offentlege styresmakter og har partsstilling overfor domstol og andre styresmakter.

§ 4Forvalting

Fondet blir forvalta av Kongen, som mellom anna fastset korleis fondet skal organiserast og tek avgjerder om rettslege disposisjonar av fondets eigedelar.

§ 5Fondets eigedelar

Eigedommane og kapitalen til fondet kan ikkje gjevast bort eller brukast opp.

Ved avhending av eigedommar som fondet eig, skal vederlaget leggjast til kapitalen. Vinstar ved sal av verdipapir som fondet eig, er å rekne som avkasting.

Kapitalen skal sikrast mot inflasjon.

Endret ved lover 15 juni 2001 nr. 68 (i kraft 1 juli 2001, etter res. 15 juni 2001 nr. 659), 13 des 2002 nr. 82 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 13 des 2002 nr. 1602).

§ 6Bruk av avkastinga frå fondet

Avkastinga frå fondet skal først brukast til å inflasjonssikre kapitalen og dekkje fondet sine utgifter. Kapitalen skal inflasjonssikrast ved at det av avkastinga frå fondet kvart år vert sett av eit beløp til kapitalen som svarer til inflasjonen dette året. Ut over dette kan avkastinga leggjast til kapitalen eller til disposisjonsfond og givast til kyrkjelege formål etter nærare avgjerd av Kongen.

Endret ved lov 13 des 2002 nr. 82 (i kraft 1 jan 2003 iflg. res. 13 des 2002 nr. 1602).

§ 7Særlege heimelsforhold

Ein prestegard eller ein prestebustad som hører til eller ligg til vedkommande presteembete etter særleg rettsgrunnlag eller heimelsbrev, skal forvaltast på same måten som eigedommane til fondet.

Driftsinntekter og vederlag ved avhending av eigedom som nemnt i første ledd går inn i fondet, men kan berre disponerast til fordel for vedkommande embete.

Reglane i første og andre ledd gjeld ikkje så framt anna følgjer av vedkommande eigedom sitt heimelsdokument.

§ 8Avgrensing av verkeområdet for lova

Lova gjeld ikkje for Svalbard.

§ 9Iverksetjing og oppheving av andre lover m.v.

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Frå den tid lova tek til å gjelde, blir følgjande lover oppheva: - - -

Lova gjeld frå 1 jan 1997, etter res. 7 juni 1996 nr. 530.

Til forsiden