NOU 2009: 3

På sikker veg— Vurdering av eit sjølvstendig organ for tilsyn med veginfrastrukturen

Til innholdsfortegnelse

2 Om utvalet

Spørsmålet om tilsyn i vegsektoren har i ulike samanhengar blitt registrert tidlegare. Etter St.meld. nr. 32 (1994-95) om grunnlaget for samferdselspolitikken, fekk Statskonsult i oppdrag å vurdere tilsynsfunksjonane til transportetatane. Statskonsult konkluderte i sin rapport frå 1996 («Transport, tilsyn og tillit – om organisering av tilsynsfunksjonen i transportsektoren») med at det førebels ikkje var forhold i vegsektoren som gjorde det naudsynt med ein eigen tilsynsetat.

I NOU 2000:24 Et sårbart samfunn frå Sårbarheitsutvalet blei det framheva at «Vegsystemet er åpent for alle, og ingen er tillagt et systemansvar eller tilsyn med virksomheten. De ansvarlige for veg- og trafikksystem er det ingen som kontrollerer. Dette gir uklare ansvarsforhold i forhold til sikkerhet og beredskap ved bygging og drift av tunneler og vegtraseer.»

Det meste av drøftinga av vegtransporten i denne utgreiinga var knytt til tryggleik i tunnelar og til utøvarane av transporttenester. Sårbarheitsutvalet meinte at ein burde vurdere å slå saman alle tilsyna innanfor transportsektoren. Spørsmålet om eit frittståande vegtilsyn eller eit tilsyn som utelukkande omfattar infrastrukturen på veg, blei ikkje vurdert. Utvalet la vekt på fagleg harmonisering, ikkje minst når det gjeld å setje kriterium for kva slags risiko som er akseptabel. Utvalet la stor vekt på heilskap og samordning og skreiv at oppsplitting av lov- og forvaltningsområde er eit hinder for at disponering av innsatsfaktorar skjer ut frå meir heilskaplege omsyn.

Sårbarheitsutvalet la òg vekt på at eit felles uavhengig tilsyn med heile transportsektoren ville sikre at krava til ein tryggleiksstandard på heile vegnettet vil bli stilt frå ein instans uavhengig av den som byggjer og driv vegnettet. I tillegg legg denne utgreiinga vekt på at for tett kopling mellom tryggleiksarbeidet og eigarskap i produksjonsverksemd kan gi uheldige rollekombinasjonar. Utvalet skriv at ei blanding av tryggleiksomsyn med meir generelle næringspolitiske omsyn kan gjere det uklart kva for omsyn som til ei kvar tid er dei primære.

I St.meld. nr. 17 (2002-2003) Om statlige tilsyn, blei det kort vist til at Statens vegvesen var inne i ei omfattande omstilling og at det fyrst på sikt ville vere føremålstenleg å sjå nærare på tilsynet med trafikktryggleik på veg. I tillegg blei det i stortingsmeldinga vist til at det i første rekkje var tilsyn med næringsverksemd som var i fokus. Tilsyn på veg blei difor halde utanfor meldinga.

Spørsmålet om eit nytt tilsynsorgan blei politisk aktualisert blant anna gjennom raset i Hanekleivtunnelen på E18 i Vestfold 25. desember 2006 og oppfølginga av dette. Regjeringa ynskte på bakgrunn av dette ei grundig utgreiing av eit eventuelt sjølvstendig tilsynsorgan med ansvar for tilsyn med tryggleiken i vegsektoren.

Stortinget blei orientert om oppnemninga av eit slikt utval gjennom St.prp. nr. 68 (2006-2007) om ein del saker på Samferdselsdepartementet sitt område.

2.1 Mandat

Utvalet blei gitt følgjande mandat for sitt arbeid:

  • Utvalet skal utgreie behovet for eit eventuelt sjølvstendig tilsynsorgan med ansvar for tryggleik i vegsektoren. Arbeidet skal avgrensast til spørsmål knytt til infrastrukturen, og ikkje ta for seg trafikant og køyrety.

  • Utvalet bør som del av arbeidet avgrense kva som meinast med eit tilsyn i denne samanhengen. Det bør freistast å trekkje grensedragningar mot kontrollverksemd og mot byggherre-, og drifts- og vedlikehaldsoppgåver knytte til veginfrastrukturen.

  • Utvalet skal gjere ein deskriptiv gjennomgang av organisering av tilsynsoppgåver i andre samanliknbare sektorar og av organisering av tilsynsfunksjonar i vegsektoren i andre samanliknbare land.

  • Utvalet skal vurdere ei formålsteneleg ansvarsdeling mellom Statens vegvesen og eit eventuelt tilsyn og mellom eit eventuelt tilsyn og departementet. Det er ein premiss at eit eventuelt nytt tilsyn ikkje skal overta tilsynsoppgåver som i dag ligg hos andre etatar enn Statens vegvesen.

  • Det skal gjerast eit overslag på kva omfang eit eventuelt sjølvstendig tilsyn med veginfrastrukturen vil måtte ha og kva gevinstar og kostnader dette vil medføre. Det bør også synleggjerast kva for ein alternativbruk desse resursane har.

  • Utvalet skal på dette grunnlaget leggje fram ei tilråding av om det er formålstenleg å etablere eit eige sjølvstendig tilsyn med veginfrastrukturen. Dersom utvalet tilrår ei slik løysing, skal det også tilrå ansvarsområde for eit slikt tilsyn og avgrensingar mot andre aktørar med tilsynsoppgåver i sektoren.

  • Utvalet skal gjere greie for venta økonomiske og administrative konsekvensar.

  • Utvalet skal leggje fram innstillinga si innan utgangen av 2008.

Utvalet si forståing av mandatet er nærmare drøfta i kapittel 7.

2.2 Samansetjing

Utvalet har hatt følgjande samansetjing:

  • Lærar/tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad, leiar, Askvoll

  • Avdelingsdirektør Inger-Anne Ravlum, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Oslo

  • Seniorrådgjevar May Kristin Ensrud, Justisdepartementet, Oslo

  • Underdirektør Ingun Hagesveen, Samferdselsdepartementet, Oslo

  • Assisterande vegdirektør Kjell Bjørvig, Statens vegvesen, Oslo

  • Distriksleiar Bård Morten Johansen, Trygg Trafikk, Trondheim

  • Instituttsjef Lasse Fridstrøm, Transportøkonomisk institutt, Oslo

  • Fylkesdirektør Hanne Varhaug Søberg, KS - Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (Hedmark fylkeskommune), Løten

  • Regiondirektør Per Steinar Jensen, Næringslivets Hovedorganisasjon, Nøtterøy

  • Distriktssjef Tor Nordstrøm, Byggenæringens landsforening (NCC), Narvik

2.3 Arbeidet i utvalet

Utvalet har hatt 12 møte, eit av desse var ein studietur til Sverige for å lære om korleis ein i Sverige no samlar dei ulike transporttilsyna i ein organisasjon.

Til møta har utvalet invitert følgjande institusjonar for å orientere om sitt arbeid:

  • Statens vegvesen v/seksjonsleiar Finn Harald Amundsen

  • Statens havarikommisjon for transport v/direktør Grete Myhre og havariinspektør Martin Visnes

  • Petroleumstilsynet v/koordineringsansvarleg Paul Bang

  • Jernbanetilsynet v/direktør Erik Ø. Johnsen

  • Jernbaneverket v/tryggleiksdirektør Monika Løland Eknes

Vegdirektoratet fekk hausten 2008 gjennomført ei ekstern vurdering av Statens vegvesen sine tryggleikssystem. Undersøkinga tok òg for seg andre sider ved etaten sitt tryggleiksarbeid 1 . Utvalet blei orientert om resultatet av dette oppdraget i eit møte.

Utvalet har hatt eit sekretariat med følgjande samansetjing:

  • Seniorrådgjevar Thomas Ruud Sollien, Samferdselsdepartementet, leiar

  • Seniorrådgjevar Tormod Rødsten, Direktoratet for forvaltning og IKT

  • Seksjonsleiar Roar Midtbø Jensen, Statens vegvesen Vegdirektoratet

  • Seniorrådgjevar Petter Nedrås Falkung, Samferdselsdepartementet

  • Rådgjevar Marte Lillehagen, Samferdsels­departementet

Fotnoter

1.

Oppdraget blei utført av Transportøkonomisk institutt i samarbeid med Det Norske Veritas, Proactima og SAFETEV Nordic.

Til forsiden