NOU 2009: 3

På sikker veg— Vurdering av eit sjølvstendig organ for tilsyn med veginfrastrukturen

Til innholdsfortegnelse

5 Ansvar og oppgåver for tryggleik på andre område

I mandatet heiter det mellom anna at «Utvalet skal gjere ein deskriptiv gjennomgang av organisering av tilsynsoppgåver i andre samanliknbare sektorar og av organisering av tilsynsfunksjonar i vegsektoren i andre samanliknbare land.»

Dette kapitlet presenterer først dei tilsyna og organa som har viktige oppgåver knytt til tryggleik og tilsyn i vegsektoren. Vidare tek kapitlet opp organiseringa av tryggleiksoppgåver og –arbeid i transportsektoren i andre land og andre sektorar i Noreg som det er naturleg å samanlikne seg med.

5.1 Statens havarikommisjon for ­transport og etablerte tilsyn med ansvar i vegsektoren

5.1.1 Statens havarikommisjon for transport

Statens havarikommisjon for transport er ein offentleg undersøkingskommisjon som skal undersøkje ulukker og hendingar innan luftfart, vegtrafikk, sjøfart og jernbane (og sporvegar og T-bane).

Kommisjonen si verksemd blei 1. september 2005 utvida til òg å omfatte undersøkingar av ulukker på veg.

Kommisjonen skal utføre sjølvstendige undersøkingar og klarleggje hending og årsaksforhold. Kommisjonen sine undersøkingar har som føremål å gi tilrådingar som skal forbetre trafikktryggleiken på veg, utan å fordele skuld og ansvar.

Avgrensing av type ulukker er regulert i eiga forskrift om offentlege undersøkingar og om varsling av vegtrafikkulukker. Havarikommisjonen vil i første rekkje undersøkje alvorlege ulukker innan kommersiell transport på veg. Det skal særleg rettast fokus på alvorlege ulukker som involverer tunge køyretøy og bussar, og ulukker knytt til transport av farleg gods i tunnel. Eit hovudmål er å undersøke ulukker med stort skade og/eller læringspotensiale.

Havarikommisjonen avgjer sjølv om den vil undersøkje ei ulukke eller ikkje, og rapport skal utarbeidast etter forskrifta.

5.1.2 Vegtrafikktilsynet og tidlegare tilsyn med private vegar

Etter vegtrafikkloven er Statens vegvesen tillagt ansvar for godkjenning, kontroll og tilsyn av køyretøy, trafikantar, køyreskular og bilverkstader. Politiet og Tollvesenet har òg viktige roller her.

Vegstyresmaktene (Statens vegvesen, fylkeskommunane og kommunane) har ansvar for at veginfrastrukturen for offentleg veg er i samsvar med gjeldande normer og reglar. Dette skjer som ein integrert del av verksemda. Statens vegvesen har tidlegare hatt tilsynsansvar for private vegar, men dette ansvaret fall bort ved ei lovendring i veglova i 1996, jf. Ot.prp. nr 60 (1994-95). Sakshandsaminga etter plan- og bygningslova og kommunane sitt ansvar for kontroll blei ved lovendringa sett på som tilstrekkeleg for tryggleiken.

5.1.3 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

DSB er ei nasjonal fagstyresmakt som skal arbeide til beste for tryggleiken for enkeltindividet og samfunnet. Ansvarsområdet omfattar førebyggjande tiltak og beredskapstiltak i samband med brann, eksplosjon, landtransport av farleg gods samt væsker og gassar under trykk. I tillegg har DSB ansvar for å understøtte Justisdepartementet sitt koordineringsansvar innanfor samfunnstryggleik og beredskap, medrekna å føre tilsyn med departementa sitt arbeid.

Direktoratet har òg eit generelt koordineringsansvar for oppfølging av og tilsyn med aktivitetar og objekt med potensial for store ulukker. DSB bidreg til erfaringsutveksling og moglege samfunnsmessige vinstar ved at ulike tilsyn i størst mogleg grad blir samordna med tanke på regelverk, opplæring og metodebruk. Koordineringsrolla overstyrer ikkje det faglege tilsynet som høyrer inn under respektive fagdepartement og deira underliggande etatar.

DSB fører lovpålagt tilsyn etter ei rekkje regelverk. Tilsynet blir til dels utført i samarbeid med andre styresmakter. Siktemålet er ikkje berre å kontrollere, men òg å rettleie og gi råd. Mellom anna gjeld dette det kommunale brannvesenet, som skal vere organisert og dimensjonert i samsvar med regelverket og i stand til å gjennomføre lovpålagte oppgåver. Brannvesenet har til dømes ansvar for å føre tilsyn med branntryggleiken i tunnelar og gjere redningsinnsats ved ulukker.

Dei vanlegaste kontrollformene til DSB er systemrevisjon og verifikasjon. Andre kontrollformer er marknadskontroll, bransjeaksjonar eller temaretta kampanjar. Ein kontroll kan vere meldt på førehand til verksemda, men den kan òg vere umeldt. I dei fleste tilfella melder DSB kontrollen på førehand.

DSB er underlagt Justisdepartementet. Hovudkontoret er i Tønsberg.

5.1.4 Sjøfartsdirektoratet

Sjøfartsdirektoratet fører mellom anna tilsyn med ferjene. Direktoratet sitt overordna mål er å sikre tryggleik for liv, helse, fartøy og miljø. For å nå dette målet gjer Sjøfartsdirektoratet saman med næringane førebyggjande arbeid som informasjon, utvikling av regelverk, tilsyn og kontroll.

Dersom ulukker likevel skjer, skal Sjøfarts­direktoratet rapportere røynslene frå ulukkene til heile næringa. Informasjonen blir brukt til analyse av ulukkestrender og identifisering av tiltak. (Sjå òg under kap. 5.3.3)

5.1.5 Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet ligg under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Etaten si oppgåve er å føre tilsyn med at alle verksemder, inklusive Statens vegvesen, fylkeskommunar og kommunar, følgjer krava i arbeidsmiljølova.

Arbeidstilsynet har ei overordna eining, Direktoratet for arbeidstilsynet, og sju regionar med underliggjande tilsynskontor over heile landet. Direktoratet er lokalisert i Trondheim.

Det overordna målet for Arbeidstilsynet si verksemd er at alle skal ha eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, med trygge tilsetjingsvilkår og meiningsfullt arbeid.

Etaten vurderer kontinuerleg om regelverket er i tråd med dei overordna måla i arbeidsmiljølova. Lova slår fast at arbeidsgjevar har ansvaret for at krava i lova blir følgd, og at arbeidsmiljøet i eiga verksemd er trygt og godt. Ansvaret er utdjupa og styrka i «Forskrift om systematisk arbeid med helse, miljø og tryggleik i verksemder» (internkontrollforskrifta).

Arbeidstilsynet skal føre tilsyn med at verksemdene følgjer krava i arbeidsmiljølova. Dette blir mellom anna gjort ved:

  • Gjennomgang av verksemda sin internkontroll, for å finne ut om regelverk og prosedyrar blir følgde. Slike revisjonar går over fleire dagar.

  • Stikkprøvar for å sjekke at internkontrollen fungerer i praksis og at aktivitetane ikkje er i strid med krava i lova.

  • Samordna tilsyn med fleire etatar etter forskrifta om systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta).

  • Kampanjar og prosjekt

  • Rettleiing og informasjon

  • Gransking av arbeidsulukker

5.1.6 Statens forureiningstilsyn (SFT)

SFT er eit direktorat under Miljøverndepartementet. SFT har 290 medarbeidarar og hovudkontor i Oslo.

SFT arbeider for at forureining, skadelege produkt og avfall ikkje skal føre til helseskade, gå ut over trivnaden eller skade naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. SFT har eit særleg ansvar for forureining av hav og vatn, helse- og miljøfarlege kjemikalium, avfall og gjenvinning, klimaendringar, luftforureining og støy.

SFT skal ha oversikt over miljøtilstanden, analysere utviklinga og rapportere om nye miljøtruslar eller negativ utvikling av miljøet. SFT prioriterer arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikalium og klimaendringar, som er dei viktigaste miljøtruslane.

SFT har ansvaret for å følgje opp forureiningslova, produktkontrollova og klimakvotelova, og gir mellom anna utsleppsløyve og kontrollerer at løyva blir følgde. SFT følgjer opp saksområda og overfører kompetanse til dei som skal behandle einskildsaker. Ei anna sentral oppgåve for SFT er å gje Miljøverndepartementet råd, rettleiing og fagleg grunnlagsmateriell.

Heile verksemda til Statens vegvesen, fylkeskommunar og kommunar med planlegging, bygging, vedlikehald og drift fell inn under SFT sitt ansvarsområde.

5.2 Tilsyn i vegsektoren i andre land

Mandatet for utvalet sitt arbeid slår fast at det skal gjerast ein deskriptiv gjennomgang av organisering av tilsynsfunksjonar i vegsektoren i samanliknbare land. Dette kapitlet gir eit overblikk over korleis tilsynsfunksjonane i vegsektoren er organisert i Sverige, Nederland, Storbritannia og New Zealand. Saman med Noreg har Sverige, Nederland og Storbritannia den sikraste vegtrafikken på verdsbasis. New Zealand er undersøkt fordi landet har gjort omfattande reformer i offentleg sektor i retning «new public management».

Organiseringa i Noreg og Sverige skil seg frå dei fleste andre land ved at departementa er relativt små og innretta som førebuande organ for regjeringa. I andre land er det meir vanleg med vesentleg større departement som har oppgåver og funksjonar som i Noreg og Sverige er lagt til andre forvaltningsorgan. Det er òg skilnad på Noreg og Sverige. Svenske forvaltningsorgan er meir frittståande enn dei norske direktorata. Statsråden/departementet kan til dømes ikkje instruere underliggande verksemder slik det er i Noreg.

Felles for landa i EU er dei krava som blir stilt gjennom ulike EU-direktiv. Desse gjer seg òg gjeldande for Noreg gjennom EØS-avtalen.

Gjennomgangen nedanfor er avgrensa til tilsynsfunksjonar knytt til veginfrastrukturen, og vil såleis ikkje gå inn på trafikant- og køyretøyretta spørsmål.

5.2.1 Sverige

Statleg veghald i Sverige

Det svenske Vägverket har eit samla sektoransvar for heile vegtransportsystemet i Sverige. Vägverket er ei sentral forvaltningsstyresmakt tilsvarande det norske Statens vegvesen, med ansvar for planlegging, bygging og drift av statlege vegar.

Den svenske staten, i form av Vägverket sine regionar, er veghaldar for statleg veg. Dette ansvaret omfattar både bygging, drift og vedlikehald av vegane. I tillegg fører Vägverket tilsyn med kommunane sitt veghald der kommunane opptrer som veghaldar for statlege vegar. Kommunane er veghaldar for kommunale gater.

Dei tekniske krava til utforming av vegen er omfatta av lag om tekniska egenskapskrav på byggnadsverk, m.m. Vägverket har i Vägverkets foreskriftar om tekniska egenskapskrav vid byggande på vägar och gator utforma forskrifter og retnings­liner knytt til bygging av vegar. I følgje svensk tradisjon har byggherren det fulle ansvaret for at veganlegget oppfyller tekniske krav. Ansvarsforholdet mellom oppdragsgivar, oppdragstakar og liknande forhold blir regulert etter sivilrettslig lov. Vägverket kan kjøpe eksterne tenester for ulike oppdrag knytt til veghaldet, men sjølve veghaldaransvaret kviler på Vägverket som tingar.

Forskriftene, dei tekniske standardane osv. som gjeld offentleg veghald, føreset at trafikktryggleiksaspekt blir bygde inn i vegen. I følgje instruksen for Vägverket skal etaten sørgje for at vegtransportsystemet blir tilpassa og utforma ut frå strenge krav om miljø og tryggleik.

Den svenske Transportstyrelsen – ei felles sektorovergripande tilsynsverksemd

1. januar 2009 blei ei ny styresmakt, Transportstyrelsen, skipa i Sverige. Luftfartsstyrelsen (tilsvarande Luftfartstilsynet), Järnvägsstyrelsen (tilsvarande Statens jarnbanetilsyn), Sjöfartsinspektionen, Vägtrafikinspektionen og delar av Vägverket blei samla til ein sektorovergripande organisasjon for inspeksjonsverksemd innan heile transportområdet.

Målet med at ei styresmakt skal ha det samla ansvaret for transportsektoren er å skape betre samsvar mellom dei ulike transportgreinene og auke effektiviteten.

Transportstyrelsen har fått det samla ansvaret for regelverksutvikling i transportsektoren. På vegsida skal Transportstyrelsen utforme reglar, føre tilsyn med førarprøva og gi ulike løyve, i tillegg til å utøve tilsyn innan vegtransportområdet knytt til mellom anna vegtrafikk, køyretøy og yrkestrafikk. Vegtrafikkavdelinga skal òg gjennomføre analyser av vegtrafikken og utarbeide informasjon om skadar og ulukker i vegtransportsystemet.

Transportstyrelsen er ikkje tillagt tilsynsoppgåver knytt til sjølve infrastrukturen, men i utgreiingsarbeidet knytt til skipinga er det framlegg om at det skal innførast eit allment tryggleikskrav gjeldande for bygging og drift av offentleg veg. Tryggleikskravet inneber at vegar skal byggjast og driftast slik at skadar blir førebygde. Tilsyn med at kravet blir følgd opp skal utførast av den nye Transportstyrelsen.

Bakgrunn for opprettinga av Transportstyrelsen

Den svenske Riksdagen vedtok hausten 2004 å utgreie korleis eit felles trafikktilsyn skulle organiserast. Vedtaket blei fatta på bakgrunn av tilrådingar frå det nedsette trafikkutvalet. Trafikkutvalet hadde i si tilråding lagt vekt på tilsyn som ein uunngåeleg del av styringa til statsmakta og eit viktig verkty for å omsetje politikken til Riksdagen og regjeringa til praksis. Utvalet peika på at tilsynsverksemd som har som føremål å redde liv er særleg viktig, og at den omfattande mål- og resultatstyringa på transportområdet inneber at tilsyn og oppfølging er naudsynt for eit sikkert og effektivt trafikksystem. Vidare blei det konstatert at eit grunnleggjande krav for ein truverdig tilsynsfunksjon er at det finst ein tydeleg grenseoppgang mellom den som skal kontrollere og den som blir kontrollert.

5.2.2 Nederland

Tilsynsverksemda innan transportområdet i Nederland er organisert i den nederlandske transport- og vassinspeksjonen, Inspectie Verkeer ein Waterstaat (IVW). IVW ligg under departementet for transport, offentleg arbeid og vassverksemd, Ministry of Transport, Public Work and Water Management . Inspeksjonen blir leia av ein generaldirektør som tilhøyrer departementet.

Det nederlandske IVW har ansvar for veg, vassvegar, luftfart og jernbane. Innan vegsektoren er det berre yrkestrafikk og taxiverksemd som blir omfatta. Inspeksjonen fører såleis ikkje tilsyn med veghaldarar eller infrastruktur.

Tilsynsverksemda omfattar blant anna å kontrollere at lover og forskrifter blir følgde samt å gi ulike former for løyver. Inspeksjonen sine kjerneoppgåver er:

  • Tilsyn og sanksjonar

  • Utsending av lisensar og løyve (inkl. fornyingar)

  • Kunnskapsbygging, kunnskapsoverføring og rådgjeving

Nederland har ikkje noko uavhengig vegtilsyn for tryggleik i veginfrastrukturen. Tilsyn og inspeksjonar av motorvegnettet blir utførd av det nederlandske « high way agency ». Dette organet rapporterer til departementet. Inspeksjon av resten av vegnettet blir utførd av andre styresmakter. I siste instans er det ministeren som har det overordna ansvaret for infrastrukturen. Som følgje av innføringa av Veginfrastrukturdirektivet (2008/96/EF) kan ansvaret for inspeksjon og tilsyn med infrastrukturen i Nederland bli overført til IVW, noko det ikkje er teke endeleg stilling til.

Bakgrunnen for skipinga av IVW

IVW blei skipa i 2001 i etterkant av fleire alvorlege ulukker i Nederland. Ein ønskte å endre gjeldande administrative strukturar for å skilje mellom aktørane som fastset dei langsiktige måla for verksemda og aktøren som implementerer dei. Tidlegare hadde departementet utført både normgiving og politikkutforming («policy making») og tilsyn. Dette blei no delt mellom departementet og IVW, men det er framleis ein tett kontakt mellom dei to organa.

5.2.3 Storbritannia

Departementet Department of Transport , ved statsråden, har det overordna ansvaret for vegpolitikken og infrastrukturen i Storbritannia. Departementet fastset vegpolitikken gjennom dei strategiske og finansielle rammene. Veghaldaroppgåva for det engelske stamveg- og riksvegsnettet er delegert til eit forvaltningsorgan underlagt sentraladministrasjonen kalla The Highways Agency . Ansvaret deira omfattar mellom anna bygging, drift og vedlikehald av vegane. Auka tryggleik og driftstryggleik er hovudmåla for verksemda.

Det finst ikkje ei eiga nasjonal tilsynsstyresmakt innan vegsektoren i Storbritannia. Tilsyn med infrastrukturen inngår som ein del av arbeidet til The Highways Agency . Styringssignala frå regjeringa blir gitt gjennom rammetilskot og tildelingsbrev.

For vegar utanfor stamveg- og riksvegnettet er veghaldaransvaret lagt til lokale styresmakter. Når det gjeld Skottland, Wales og Nord-Irland ligg ansvaret for veginfrastrukturen hjå dei respektive nasjonalforsamlingane. Dette omfattar både motorvegar og lokale vegar.

5.2.4 New Zealand

Department of Transport har overordna ansvar for vegpolitikken og infrastrukturen i New Zealand. Departementet utfører to hovudfunksjonar: politikkutvikling og rådgjeving til regjeringa, og oppfølging av dei ulike forvaltningsorgana sine prestasjonar.

Innan vegsektoren er det to underliggjande forvaltningseiningar, Land Transport New Zealand og Transit New Zealand .

Land Transport New Zealand skal fremje ein trygg og berekraftig landtransport og ta hand om statleg finansiering av transportsektoren. Organisasjonen blei skipa i 2004 og blir leia av eit styre utpeikt av ministeren. Eininga fungerer som eit ledd mellom regjeringa sin politikk og drifta av transportsektoren.

Hovudoppgåvene til Land Transport New Zealand er definert som:

  • Tildele og administrere finansiering av veginfrastruktur og –tenester

  • Gi assistanse til ulike organisasjonar

  • Administrere tilgangen til transportsystemet gjennom førar- og køyretøylisensar, køyretøyinspeksjonar og regelverksutvikling

  • Arbeide ein trygg og berekraftig vegtransport gjennom informasjon og opplæring

  • Støtte opp om politikk og løysingar knytt til avgifter og brukarbetaling

Transit New Zealand har ansvar for drift og vedlikehald av statleg motorvegnett. Eininga har vidare ansvar for vegnormalar og retningsliner, økonomisk og miljømessig planlegging og å oppretthalde av tekniske standardar og kvalitetssikringssystem. Transit New Zealand blir i likskap med Transport NZ leia av eit styre nedsett av ministeren.

Dei to forvaltningsorgana blei slått saman til ei eining med namnet The NZ Transport Agency 1. august 2008. Føremålet med samanslåinga var å leggje til rette for ei integrert tilnærming til transportplanlegging, finansiering og drift.

5.3 Tilsyn i andre sektorar i Noreg

Mandatet for utvalet sitt arbeid slår fast at det skal gjerast ein deskriptiv gjennomgang av organisering av tilsynsfunksjonar i andre samanliknbare sektorar. Dette kapitlet gir eit overblikk over tilsynsfunksjonane i jernbanesektoren, luftfarts­sektoren, sjøfartssektoren og petroleumssektoren.

5.3.1 Jernbanesektoren

Statens jernbanetilsyn (SJT) er eit forvaltnings­organ underlagt Samferdselsdepartementet.

Ansvarsområde

SJT er utøvande kontroll- og tilsynsstyresmakt for jernbaneverksemda i Noreg, medrekna sporveg-, tunnelbane- og forstadsbane. Statens jernbanetilsyn skal arbeide for at jernbaneverksemda blir utøvd på sikker og hensiktsmessig måte til beste for reisande, tilsette og publikum elles. SJT skal vidare føre tilsyn med at utøvarane av jernbaneverksemda oppfyller vilkår og krav som er sett til verksemda etter jernbanelovgivinga. Statens jernbanetilsyn sine oppgåver omfattar ikkje styresmaktområde som høyrer inn under andre offentlege kontroll- og tilsynsorgan, som til dømes Politiet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Arbeidstilsynet.

Organisering og hovudoppgåver

SJT skal blant anna:

  • gi forskrifter og utarbeide reglar og rettleiingar

  • gi løyve til å drive jernbaneverksemd, skrive ut tryggleikssertifikat, godkjenne og gi løyve til å ta i bruk rullande materiell og køyreveg

  • kontrollere at jernbaneverksemda blir utøvd i samsvar med gjeldande lovgiving, medrekna at personell som blir nytta har naudsynte tryggleiksmessige kvalifikasjonar

  • handsame klager på infrastrukturforvaltar sine avgjerder i høve til fordelingsforskrifta, og påpeike forhold overfor overordna styresmakt på område der tilsynet ikkje har mynde

  • stå for tilsyn med omsetjing av samtrafikkomponentar m.v.

  • gi tilrådingar til Samferdselsdepartementet i samband med søknadar om tilgang til det nasjonale jernbanenettet

  • føre register over rullande materiell og infrastruktur

  • gi råd til Samferdselsdepartementet i tryggleiksspørsmål og andre spørsmål departementet ønskjer vurdering av

Statens jernbanetilsyn skal gi råd til Samferdselsdepartementet i saker vedrørande jernbaneverksemd. Tilsynet skal, i samråd med departementet delta i internasjonalt samarbeid med sikte på å ta vare på norske interesser på området. I den utstrekning tilsynet ser at det er behov for avgjerder på jernbaneområdet som ikkje kan treffast av tilsynet sjølv, pliktar tilsynet å gjere rette styresmakter merksame på dette.

Lover og forskrifter

Dei to lovene som styrer tilsynet si verksemd er jernbanelova og den såkalla jernbaneundersøkingslova. Samferdselsdepartementet har fastsett følgjande forskrifter der tilsynet er tillagt oppgåver (nemnd ved kortformer): lisensforskrifta, tillatingsforskrifta, fordelingsforskrifta, samtrafikkforskrifta, høghastigheitsforskrifta, jernbaneunder­søkingsforskrifta, varslings- og rapporteringsforskrifta, ERA-forskrifta og fråhaldsforskrifta. I tillegg har tilsynet fastsett ei rekkje utfyllande forskrifter, bl.a. tryggleiksforskrifta og kravforskrifta som dei mest overordna.

Arbeidsmetodikk

Normarbeid

Forskriftsarbeid

  • SJT bidreg i utvikling av forskrifter under jernbanelova.

EU-direktiv

  • EU-direktiv innanfor jernbaneområdet får større og større tyding for den norske lovgjevinga. Tilsynet følgjer denne utviklinga gjennom å vere observatør i enkelte komitear og ved å samarbeide med det svenske og danske jern­banetilsynet.

Internasjonalt standardiseringsarbeid for jern­banenormer

  • Stadig meir av normarbeidet på jernbanesektoren vert tillagt internasjonale standardiseringsorgan. SJT er dels observatør og dels deltakar i arbeidsgrupper underlagt desse organa.

Tilsynsarbeid

SJT nyttar følgjande tilsynsformer:

  • Systemrevisjonar: systematisk gransking av verksemda sine internkontrollaktivitetar og tilhøyrande resultat

  • Leiingsmøte: formelt møte der leiinga i jernbaneverksemda gjer greie for arbeidet med å ivareta trafikktryggleiken. Leiingsmøta blir avhaldne regelmessig, normalt årleg, og har ei mindre stram form enn revisjonar. Det blir gitt formell rapport.

  • Tilsynsmøte: formelle møte for å få informasjon om ei konkret problemstilling. Det blir gitt formell rapport etter eit tilsynsmøte.

  • Inspeksjonar: tilsyn/kontroll med avgrensa aktivitet/prosess/anlegg.

  • Oppfølging av innrapporterte uønska hendingar etter vurdering.

Verkemiddel

Gjennom forskrift har SJT følgjande verkemiddel når avvik frå lov- og forskriftskrav blir konstatert:

  • Skrive ut pålegg om å korrigere avvik

  • Skrive ut pålegg om tvangsmulkt

  • Trekkje tilbake godkjenningar og løyve gitt av tilsynet

  • Påby heil eller dels stans av drifta når tryggleiksmessige omsyn krev det. Kan om naudsynt krevje politiet si hjelp til å gjennomføre påbodet

Konkretisering av kva typar tryggleik det blir ført tilsyn med

Tilsynet skal ivareta tryggleiken i forhold til dei reisande, dei tilsette og publikum elles:

  • Reisande (på toget og i nærleik av toget)

  • Jernbanepersonale (ved framføring av toget og samansetjing av toget)

  • Jernbanepersonale (ved arbeid i eller ved jernbanespor)

  • Andre som kjem i kontakt med jernbane (personar og køyretøy som oppheld seg på perrong, kryssar jernbanespor etc.)

Omsynet til dei tilsette blir òg ivareteke av Arbeidstilsynet.

Det blir ført tilsyn med:

  • Sikring mot kollisjonar, avsporingar eller samanstøyt/påkøyrsler

  • Teknisk tryggleik i jernbaneinfrastrukturen med sikringsanlegg

  • Teknisk tryggleik ved det rullande materialet

  • Utdanning/opplæring av personell

  • Prosedyrar og praksis for å ivareta det som er nemnd overfor

  • Leiinga sine systematiske tiltak for å sikre at ­risikotilhøve blir identifisert og teke under kontroll

Tilsynsobjekt

Tilsynsobjekta omfattar:

  • Infrastrukturforvaltar

  • Museums- og hobbyprega jernbane

  • Museums- og hobbyprega sporvegsverksemd

  • Ordinær jernbaneverksemd

  • Ordinær sporvegs-/tunnelbanedrift

  • Sidespor

Totalt fører SJT tilsyn med 35 verksemder

5.3.2 Luftfartssektoren

Luftfartstilsynet (LT) er luftfartsstyresmakt og utøvande kontroll- og tilsynsstyresmakt for sivil luftfartsverksemd i Noreg.

Ansvarsområde

LT skal arbeide for at luftfartsverksemda i Noreg blir utøvd på ein sikker og føremålseffektiv måte og at utøvarane av luftfartsverksemd oppfyller krava til verksemda.

Følgjande hovudmål er sett for tilsynet si verksemd:

  1. Sjå til at aktørane i sivil luftfart oppfyller gjeldande regelverk

  2. Delta i internasjonale fora med særleg tyding for norsk luftfart

  3. Drive aktivt informasjonsarbeid overfor aktørane og samfunnet

  4. Sikre eit føremålstenleg, oversiktleg, fullstendig og oppdatert regelverk

  5. Yte god service som sakkunnig innanfor luftfartsområdet

  6. Samarbeide aktivt med Forsvaret for å sikre best mogleg koordinering mellom sivil og militær luftfart

Organisering og hovudoppgåver

Luftfartstilsynet skal

  • gi forskrifter, utarbeide regler og setje standardar for luftfartsverksemda

  • gi løyve i form av konsesjonar, lisensar, sertifikat o.a. til eigarar av lufthamner, flyselskap, verkstader, produsentar, flygarar, flygeleiarar, flyteknikarar og andre som vil drive luftfartsverksemd

  • godkjenne luftfartøy, flymateriell og infrastrukturanlegg før bruk

  • føre Noregs Luftfartøyregister

  • føre naudsynte register over aktørar

  • føre tilsyn i form av tilgangskontrollar, systemtilsyn og inspeksjonar etc. som sikrar at aktørar etterlever lovar, forskrifter, konsesjonsvilkår, lisensar, sertifikat etc.

  • drive informasjonsverksemd overfor aktørane og samfunnet

Vidare skal LT gi råd til Samferdselsdepartementet i saker vedrørande luftfartsverksemd og i samråd med Samferdselsdepartementet delta i internasjonalt samarbeid med sikte på å ivareta Noreg sine interesser. LT skal òg førebu klagesaker for Samferdselsdepartementet.

Regelverksarbeid

Luftfartstilsynet sine oppgåver knytt til regelverksarbeid:

  • Delta i utviklinga av Luftfartslova

  • Delta i utviklinga av internasjonale luftfartsbestemmingar/-tilrådingar

  • Delta i utviklinga av felleseuropeiske luftfartsbestemmingar (JAR)

  • Delta i harmoniseringa av felleseuropeiske og amerikanske regelverk

  • Innføre internasjonale luftfartsbestemmingar i norsk forskriftsverk

  • Utarbeide og revidere «lokale» norske luftfartsforskrifter

  • Utarbeide standardar i tilknyting til regelverket

  • Utarbeide «brukarrettleiingar» og informasjonsmateriale

Arbeidsmetodikk

Normarbeid

Luftfartsregelverket er svært omfattande og detaljert og i kontinuerleg endring som følgje av utviklinga i bransjen. Tilsynet si utfordring er såleis fleirdelt:

  • Komplettere bestemmingsverket ved å gi ut nye forskrifter

  • Revidere eksisterande forskrifter

  • Sørgje for at leiarar og sakshandsamarar har naudsynt kompetanse

  • Sørgje for informasjon til marknaden om kva aktuelle nye og endra forskrifter inneber i praksis

  • Sørgje for lettare tilgjenge ved å forenkle språket i forskriftene

  • Sørgje for lettare tilgjenge ved å leggje ut forskriftene på Internet

Tilsynsarbeid

Dei skandinaviske luftfartsstyresmaktene utvikla tidleg ein tilsynsmetodikk som byggjer på prinsipp for kvalitetssikring, den såkalla «skandinaviske tilsynsmodellen». Modellen byggjer på eit systemretta tilsyn i motsetnad til det tradisjonelle og meir ressurskrevjande detaljtilsynet. Ved systemtilsynet ønskjer styresmakta å sikre at ei luftfartsverksemd fungerer i samsvar med aktuelle føresetnader og bestemmingar. Litt forenkla kan ein seie at styresmakta fokuserer på verksemdene si evne til å ivareta tryggleiken. Tilsynet er delt inn i tilgangskontroll og verksemdstilsyn.

Tilsynsmetodikk og tilsynsfrekvens er til ei viss grad styrt av internasjonale føringar. Eigne internasjonalt samansette grupper fører på vegne av Joint Aviation Authorities tilsyn med korleis LT løyser tilsynsoppgåvene sine. Dersom LT vel å ikkje rette seg etter merknader frå desse gruppene, risikerer ein at Noreg mistar gjensidig aksept av norske løyve etter JAR-regelverket. I tillegg til å føre tilsyn med norske luftfartsverksemder, blir det òg gjennomført stikkprøvar av utanlandske luftfartøy som kjem til norske lufthamner.

Systemrevisjonar er den rådande tilsynsforma. I tillegg til, eller som ein del av systemrevisjonen, blir det føreteke fysiske inspeksjonar av luftfartøy, teoretiske og praktiske prøvar med personell, rutesjekkar, etc. Dei fleste tilsyn blir varsla på førehand, men tilsyn som ikkje er meldt på førehand førekjem. Tilsyn blir dokumentert i ein rapport som blir sendt tilsynsobjektet på høyring før den blir gjort endeleg. Det blir gitt tidsfristar for å korrigere avvik, og tilsynsobjektet må dokumentere korreksjonen. Manglande korrigering av avvik fører til sanksjonar. LT si erfaring er at dei fleste avvik blir korrigert innan fristane. LT vurderer for tida om prinsippa for risikobasert tilsyn kan tilpassast innanfor dei gjeldande føringane for tilsynsverksemda. Kort forklart går risikobasert tilsyn ut på at ein set inn tilsynsressursane der behovet er størst, og der ein kan vente å få størst verknad av tiltaka. Dette medfører at ein reduserer tilsynsinnsatsen på andre område. Risikobasert tilsyn føreset ei relativt inngåande analyseverksemd.

Verkemiddel

Luftfartstilsynet har fleire verkemiddel til rådvelde for å påverke tilsynsobjekta til å forbetre tryggleiken. I første rekkje blir tilsynsobjekta gjort merksame på avvik gjennom merknader i tilsynsrapportar. Det blir normalt gitt tidsfristar for utbetring av alle merknader, og verksemdene må dokumentere utbetringane før merknadane blir lukka. Dersom ei verksemd/ein aktør ikkje utbetrar eit avvik innan fristen blir det gitt ei skriftleg åtvaring med ny frist. Blir ikkje avviket utbetra innan denne fristen, blir det sett i verk sanksjonar mot verksemda/aktøren. Sanksjonane kan variere frå suspensjon/inndraging av sertifikat, rettar, autorisasjonar eller godkjenningar til å bli meldt til politiet. Normalt blir avvik utbetra så snart vedkommande verksemd/aktør blir gjort merksam på tilhøvet. Det er sjeldan LT melder verksemder/aktørar til politiet.

Konkretisering av kva typar tryggleik det blir ført tilsyn med

Risiko kan delast inn i to hovuddelar:

  • frekvens: kor ofte ei ulukke inntreff

  • konsekvens: utfallet av ulukker

Tiltak for å redusere risikoen, og dermed betre tryggleiken, kan likeins delast inn i kategoriane frekvensreduserande og konsekvensreduserande.

Dei frekvensreduserande tiltaka går enkelt sagt ut på å hindre at ulukker inntreff, og døme på slike tiltak kan vere tryggleiksrelatert verksemdsorganisering, redusert sårbarheit i luftfartøykonstruksjonar etc.

Dei konsekvensreduserande tiltaka går ut på å redusere skadeomfanget dersom ei ulukke inntreff. Døme på konsekvensreduserande tiltak er brann- og havariteneste på lufthamner, branntryggleik i luftfartøy etc.

Hovudvekta er lagt på frekvensreduksjon. Ruteflyging og annan ervervsmessig luftfart blir prioritert høgast, medan allmennflyging og luftsport ikkje er underlagt like strenge krav til tryggleik.

Tilsynsobjekta

Tilsynsobjekta omfattar:

  • Luftfartsorganisasjonar

  • Luftfartøy

  • Lufthamner og luftfartsanlegg

  • Lufttrafikktenesta

  • Instruktørar, skuler, kontrollerar og simulatorar.

  • Flygarar, flyteknikarar, flygeleiarar og kabinpersonale

5.3.3 Sjøfartssektoren

Tryggleiksarbeidet innan sjøfarten er ivareteke av to verksemder: Kystverket og Sjøfartsdirektoratet. Kystverket har ansvaret for utbygging, drift og vedlikehald av farleier med tilhøyrande infrastruktur og styresmaktregulering (blant anna tryggleik). Sjøfartsdirektoratet har ansvaret for styresmakt­regulering av fartøy med tanke på tryggleik, og av sjøfolk med tanke på kvalifikasjonar.

Kystverket

Kystverket er Fiskeri- og kystdepartementet sin etat for sjøtransport, sjøtryggleik, hamner og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringa sine behov for framkome og effektive hamner. Kystverket førebyggjer og avgrensar skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til berekraftig utvikling av kystsona. Verksemda omfattar maritim sektor av Nasjonal transportplan, samt styresmakt- og forvaltningsoppgåver i tilknyting til lovar og regelverk for hamner, farleier og losplikta.

Kystverket sin hovudadministrasjon ligg i Ålesund, og rapporterer direkte til Fiskeri- og kystdepartementet. Beredskapsavdelinga ligg i Horten og Kystverket har regionkontor i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg. Tilsyn er ikkje Kystverkets sin hovudfunksjon, men snarare plan-, utbyggings- og driftsfunksjonar. Kystverket har om lag 50 operative einingar langs kysten og om lag 1000 medarbeidarar, der om lag 700 er i operativ verksemd.

Kystverket er tillagt mynde etter hamne- og farvasslova, loslova og deler av forureiningslova, samt forskrifter med heimel i desse lovene.

Sjøfartsdirektoratet

Sjøfartsdirektoratet er eit forvaltningsorgan underlagt Nærings- og handelsdepartementet med styresmaktansvar overfor norskregistrerte skip og utanlandske skip som kjem til norske hamner. I saker som dreier seg om miljøforhold knytt til kvart enkelt skip og vern av det marine miljøet, er direktoratet underlagt Miljøverndepartementet.

Det overordna målet til Sjøfartsdirektoratet er å oppnå høg tryggleik for liv, helse, fartøy og miljø. Sjøfartsdirektoratet skal òg støtte Petroleumstilsynet i handhevinga av petroleumslova på norsk sokkel. Direktoratet har òg tilsynsansvar for fritidsfartøy. Sjøfartsdirektoratet har omlag 300 medarbeidarar. Nærare 100 av desse er tilsett på 19 stasjonar langs kysten, og det er tre velferdsstasjonar for sjøfolk i utlandet.

Sjøfartsdirektoratet har tre kjerneoppgåver:

  • Sjå til at norske skip og reiarlag held høg tryggleiks- og miljømessig standard

  • Sjå til at sjøfolk på norske skip har gode kvalifikasjonar, arbeids- og levevilkår

  • Sjå til at framande skip i norske farvatn og hamner overheld internasjonale reglar

Tilsyn og kontroll blir gjennomført som ein kombinasjon av dokumentasjonskontroll, periodisk eller ikkje-meldt kontroll av fartøy. Tilsyn blir òg retta mot operative tilhøve ved revisjonar om bord og på reiarlagskontora. Tilsyn og kontrollar blir føreteke dels av Sjøfartsdirektoratet, dels av klasseselskap, spesielt godkjente føretak, eller andre som er delegert mynde.

Skipstryggleikslova gjeld hovudsakleg for norske skip, men unntaksvis òg for utanlandske skip i norskkontrollerte farvatn. Lova tydeleggjer krav til tryggleiksstyringssystem og gir administrative sanksjonsmoglegheiter. Lova tydeleggjer òg ansvarsfordeling mellom reiarlag og skipsførar, der reiarlaga er gjort til hovudpliktsubjekt. Lova legg opp til utøving av tilsynsverksemda etter overordna kontrollprinsippet.

5.3.4 Petroleumssektoren

Avsnittet omhandlar arbeidet med tryggleik og organiseringa av tilsynsarbeid i andre samfunnsområde enn transportsektoren. DSB og Arbeidstilsynet er omtala i avsnitt 5.1, her vil vi sjå på tryggleiksarbeidet i oljesektoren.

Petroleumstilsynet er underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet og har styresmaktansvar for tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda. Dette ansvaret blei overtatt frå Oljedirektoratet ved etablering av Petroleumstilsynet 1. januar 2004. Samstundes blei ansvaret utvida til òg å omfatte tilsyn med tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø på petroleumsanlegga og knytt til røyrleidningssystem. Tilsynet held til i Stavanger og har vel 160 medarbeidarar.

«Tryggleik» er eit ord som i Petroleumstilsynet sin terminologi femner vidt, og kan delast i tre hovudgrupper, tryggleik for menneskeliv, helse og velferd, for det ytre miljøet og for økonomiske investeringar og driftsregularitet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har delegert Petroleumstilsynet mynde til å fastsetje utfyllande forskrifter for tryggleik og arbeidsmiljø i verksemda, og til å fatte enkeltvedtak i form av løyve og samtykke, pålegg, tvangsmulkt, stansing av verksemda, forbod, unntak etc.

Regjeringa har tillagt Petroleumstilsynet følgjande oppgåver:

  • Sikre at petroleumsverksemda og tilknytte verksemder blir følgd opp på ein heilskapleg måte

  • Drive informasjons- og rådgjevingsverksemd mot aktørane i verksemda, etablere hensiktsmessige samarbeidsrelasjonar med andre HMS-styresmakter og bidra til kunnskapsoverføring på helse-, miljø- og tryggleiksområdet i samfunnet generelt

  • Uttale seg og gi bistand til overordna departement

Departementet har gitt følgjande føringar for korleis Petroleumstilsynet skal ivareta sine oppgåver:

  • Oppfølginga skal vere systemorientert og risikobasert

  • Oppfølginga skal kome i tillegg til, og ikkje som erstatning for, den oppfølginga av ei verksemd som blir gjennomført av næringa sjølv

  • Det skal vere ei balansert avveging mellom Petroleumstilsynet si rolle som høgrisiko-/teknologitilsyn og arbeidstilsyn

  • Medverknad og partssamarbeid inngår som viktige føresetnader for og prinsipp i Petroleumstilsynet si verksemd

Til forsiden