Ot.prp. nr. 16 (2007-2008)

Om lov om endringar i burettslagslova, eigarseksjonslova og avhendingslova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen blir det foreslått enkelte endringar av lov 6. juni 2003 nr. 38 om burettslag (burettslagslova) m.m. Det blir foreslått unntak frå forkjøpsretten ved overføring av burettslagsandel frå kommune, og enkelte andre, til den som leiger den tilhøyrande bustaden. Ei tilsvarande føresegn blir òg foreslått i lov 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner (eierseksjonsloven).

Det blir foreslått at seljaren må betale eit eventuelt eigarskiftegebyr til burettslaget. Seljar og kjøpar kan ikkje gjere avtale om at kjøparen skal betale gebyret. Dette blir òg presisert i lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom (avhendingslova). Vidare blir det foreslått å presisere at forbodet mot å stifte nye bustadaksjeselskap òg forbyr ulike former for omdanning av andre aksjeselskap til bustadaksjeselskap.