Ot.prp. nr. 18 (2007-2008)

Om lov om endringar i inkassolova (godkjenning av kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven).

Framlegget går ut på at inkassolova § 5 om vilkår for inkassoløyve blir endra for søkjarar frå EØS-området med kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat. Forslaget omfattar berre løyve til å drive inn pengekrav for andre, såkalla framandinkasso, jf. inkassolova § 5 første og andre ledd. Eit vilkår for slikt inkassoløyve er at søkjaren må ha minst tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav i løpet av dei siste ti åra. Forslaget går ut på at det blir gjort unntak frå dette kravet for søkjarar som nemnt. Føresetnaden for at praksiskravet ikkje skal gjelde, er at søkjaren kan dokumentere inkassokvalifikasjonar frå ein annan EØS-stat som nemnt i direktiv 2005/36/EF artikkel 13.

Framlegget inneber i tillegg at det blir gitt ein forskriftsheimel til å fastsetje at unntak som nemnt gjeld tilsvarande for borgarar frå statar utanfor EØS og for søkjarar som har kvalifikasjonsbevis frå land utanfor EØS. Bakgrunnen for forslaget er omsynet til EØS-retten.

Framlegget går vidare ut på at det i inkassolova § 4 om vilkår for å drive inkassoverksemd blir gitt ein heimel for å gi forskrifter om mellombels utøving av inkassoverksemd i Noreg. Bakgrunnen for forslaget er også her omsynet til EØS-retten.