Ot.prp. nr. 20 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatteloven mv. (kjeldeskatt på pensjonar mv.)

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Finansdepartementet foreslår med dette at det blir innført skatt på pensjonar mv. som blir utbetalte frå Noreg (kjeldeskatt på pensjonar mv.). Dette blir foreslått heimla i skatteloven § 2-3.

Pensjon, føderåd, livrente og liknande utbetalingar er etter gjeldande reglar skattepliktige for den som er busett i Noreg etter skatteloven, men ikkje for den som er busett i utlandet. Forslaget frå departementet går ut på at slike utbetalingar skal vere skattepliktige også for den som er busett i utlandet, når ubetalinga kjem frå folketrygda eller offentleg tenestepensjonsordning, når mottakaren har opparbeidd seg rett til pensjonspoeng i folketrygda og utbetalinga kjem frå person, selskap eller innretning som er skattepliktig til Noreg, og for utbetalingar frå andre når det et gitt frådrag for pensjonssparinga etter skatteloven. Departementet foreslår at skatten skal utgjere 15 prosent av utbetalinga.

Forslaget skal sikre at det norske skattefundamentet ikkje blir uthola på ein urimeleg måte. Vidare skal forslaget hindre skattetilpassingar i samband med internasjonaliseringa av arbeidsmarknaden, privat pensjonssparing og pensjonsmottakarane sitt val av bustad. Ein heimel for kjeldeskatt på pensjonar mv. legg til rette for at kjeldestaten og bustadstaten til pensjonisten kan fordele skattefundamentet seg i mellom på ein rimeleg måte gjennom skatteavtale.

Tilleggsvilkåret om at vedkomande skal ha opparbeidd seg rett til pensjonspoeng i folketrygda for kjeldeskatt på utbetalingar frå norske, private pensjonsinnretningar, er teke inn av omsyn til konkurransetilhøva åt desse. Med dette vilkåret vil ikkje ein person utan annan tilknyting til Noreg enn at pensjonssparinga skjer i eit norsk føretak, bli råka av kjeldeskatten. Det gjer at norske forsikringsføretak og andre pensjonsinnretningar kan konkurrere med produkta sine på lik line med tilsvarande utanlandske innretningar.