Ot.prp. nr. 24 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 16 juni 1994 nr 20 om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen

Til innholdsfortegnelse

4 Særlege merknader

Til § 1

Føresegna regulerer det lova handlar om, det vil seie korleis dei ulike fagdepartementa peikar ut tekniske kontrollorgan, og verksemda til organa. Tekniske kontrollorgan har til oppgåve å utføre samsvarsvurderingar etter produktreglar som er gitt til gjennomføring av EØS-avtalen. Ei samsvarsvurdering inneber at eit produkt blir vurdert opp mot krava for det aktuelle produktet i direktivet. Dersom produktet oppfyller krava, kan produsenten merkje produktet i medhald av nærare gitte spesifikasjonar, og deretter kan det omsetjast fritt innanfor heile EØS-området utan meir prøving.

Under avtalane om gjensidig godkjenning (MRA) har utpeika tekniske kontrollorgan til oppgåve å utføre samsvarsvurderingar etter produktreglar som er gitt i avtalelanda. For produkt som er vurderte i samsvar med regelverket i avtalelandet, skal avtalelandet ikkje kunne krevje fornya samsvarsvurdering ved import.

Til § 6

Ei samsvarsvurdering som er utført av eit teknisk kontrollorgan i eit anna EØS-land, skal ha same verknader her i landet som ei slik samsvarsvurdering frå eit teknisk kontrollorgan i Noreg.

Godkjenning som er utført av tekniske kontrollorgan som er utpeika under avtalar om gjensidig godkjenning (MRA), skal ha same rettsverknad som tekniske kontrollorgan i EØS-landa, sjølv om det ikkje er teke inn føresegner om det i kvar enkelt særlov.