Ot.prp. nr. 24 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 16 juni 1994 nr 20 om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen

Til innholdsfortegnelse

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Kostnadene ved å gjennomføre MRA-avtalane er i hovudsak knytte til at styresmaktene tek del i forhandlingar og er med i den faste komiteen under MRA-avtalane.

Lovendringa inneber at det kan komme på mindre kostnader i samband med at akkrediteringsordninga som Norsk akkreditering har for tekniske kontrollorgan, eventuelt blir utvida til også å omfatte regelverket i MRA-landa. Ein reknar likevel ikkje med at det er behov for ekstra stillingsheimlar. Samtidig er det viktig å understreke at kravet om gjensidig aksept av akkrediteringsordningar i forhold til land utanfor Europa fører med seg visse ekstra kostnader for Norsk akkreditering i form av internasjonalt engasjement i harmoniseringsarbeidet.

Norsk akkreditering kan ta vanleg gebyr for tenestene, og gebyra kjem til å reflektere målsetjinga om at Norsk akkreditering skal vere sjølvfinansierande.