Ot.prp. nr. 25 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 4A-3 (opplæringslova)

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 4A-3 (opplæringslova)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) skal § 4A-3 nytt femte og sjette ledd lyde:

Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis. Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune, arbeidsmarknadsetaten eller trygdeetaten. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Fylkeskommunen skal gi kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings nivå. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

II

Lova trer i kraft straks.

Til forsida av dokumentet