Ot.prp. nr. 62 (2001-2002)

Om lov om oppheving av lov om erverv av næringsverksemd

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

1.1 Samandrag

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å oppheve lov 23. desember 1994 nr. 79 om erverv av næringsverksemd (heretter kalla ervervslova).

Ervervslova har eksistert sidan 1. januar 1995 og erstatta i si tid reglane i industrikonsesjonslova frå 1917 som påla utlendingar og utanlandske rettssubjekt plikt til å søkje om konsesjon ved kjøp av fast eigedom i Noreg. Denne lova vart avskaffa i samband med at Noreg vart med i det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), og derfor måtte ta bort føresegner som diskriminerte utlendingar. Ervervslova gjer det mogleg for norske styresmakter å kontrollere oppkjøp av næringsverksemd over ein viss storleik gjennom meldeplikta til Nærings- og handelsdepartementet.

Forslaget om ei oppheving av ervervslova byggjer på eit høyringsbrev frå departementet som vart sendt på høyring i desember 2001. Utfallet av høyringsrunden viser at departementet har fått brei støtte til forslaget om å oppheve ervervslova. Både vår eiga evaluering av lova og også dei fleste tilbakemeldingane frå høyringsinstansane, med unnatak av arbeidstakarorganisasjonane, viser at det er lite behov for den type regulering som ervervslova gir. Ervervslova er òg eit særnorsk fenomen, og andre land som har hatt liknande ordningar, har oppheva dei. I staden for å halde fast ved reguleringar som det viser seg å ikkje vere behov for, må styresmaktene heller bruke kreftene på positive verkemiddel for å betre rammevilkåra for næringslivet. Vi må sørge for at Noreg er attraktivt både for nyetablering og investeringar i eksisterande næringsverksemd.

Forslaget om å oppheve ervervslova er òg eit resultat av regjeringa sitt arbeid med regelforenkling for næringslivet og ei oppfølging av den politiske bodskapen i Sem-erklæringa om at unødvendig regelverk bør fjernast for å minske reguleringa av kvardagen til enkeltmenneske og bedrifter. Det er ikkje minst viktig for at bedrifter skal kunne konsentrere innsatsen om produktiv verksemd. Ei oppheving av ervervslova er òg eit bidrag til ei «opprydding» i forvaltninga som medfører at vi fjerner unødvendig offentleg byråkrati.

1.2 Disposisjon

I kapittel 2 er bakgrunnen for forslaget om oppheving av ervervslova omtala, medan det i kapittel 3 er gjeve ei omtale av norsk konsesjonslovgiving og ervervslova. I kapittel 4 er det gjort greie for dei erfaringane departementet har hatt med ervervslova. Kapittel 5 inneheld ei oversikt over hovudtrekka i norsk næringsliv. I kapittel 6 blir det gjort greie for anna lovverk som grensar opp til ervervslova, og om plikta til å søkje konsesjon etter konsesjonslova frå 1974 ved eit bortfall av ervervslova. Kapittel 7 inneheld ei omtale av relevante folkerettslege avtalar, mellom anna EØS-avtalen. I kapittel 8 gjer departementet greie for grunngivinga for å oppheve ervervslova. Forholdet til dei tilsette ved ei oppheving av lova og omsynet til beredskapen, vert omtala her. I kapittel 9 er det gjort greie for sjølve lovforslaget om opphevinga og forholdet til eldre konsesjonar med vilkår o.a. Kapittel 10 inneheld ein omtale av dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget om å oppheve lova.

Til forsida