Ot.prp. nr. 63 (2000-2001)

Om lov om endring i tvistemålslova (trygd for sakskostnader)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Etter lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (tvistemålsloven) § 182 fyrste leddet skal ein saksøkjar som ikkje bur i riket stille trygd for dei sakskostnader som han kan bli pålagd å betale, dersom saksøkte krev dette. Plikta til å stille trygd gjeld ikkje for saksøkjarar som bur eller er etablert innanfor EØS-området dersom tvistegjenstanden fell innanfor området til EØS-avtalen. I proposisjonen her gjer departementet framlegg om at § 182 skal endrast slik at dette kjem klårare fram.

Til forsida