Ot.prp. nr. 64 (1996-97)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

9 Oppretting av lovtekst

9.1 Oppretting av skattelova § 15

Skattelova § 15 fikk ved lovendring 29. november 1996 eit nytt tredje ledd som regulerte skatteplikta mellom fastlandet og Svalbard frå 1998. Ved lov av 13. desember 1996 blei denne lovendringa oppheva utan at det var tilsikta, ved eit nytt tredje ledd i § 15 i samband med dei nye reglane frå 1998 om skatt på honorar til utanlandske artistar. Departementet gjer framlegg om at dette blir retta opp ved at det blir innført eit nytt fjerde ledd i skattelova § 15 som regulerer skatteplikta mellom fastlandet og Svalbard på same måte som ved lovendringa av 29. november 1996.

Departementet syner til vedlagte framlegg om endring i skattelova § 15. Ein gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1998.

9.2 Oppretting i skattelova § 22

Ved lov av 28. juni 1996 nr 51 blei skattelova § 22 andre, tredje, fjerde, sjette og sjuande ledd oppheva i samband med dei nye kreditreglane for utanlandsk skatt. Samstundes blei dagjeldande femte ledd nytt andre ledd. I samband med nye reglar om skatt til Svalbard blei skattelova § 22 endra på nytt ved lov av 29. november 1996 nr 70. Ved denne lovendringa blei det ikkje tatt omsyn til den endringa som hadde skjedd ved lov av 28. juni 1996 nr 51, og dette førte til at femte ledd blei oppheva i staden for andre ledd. Departementet ber om at denne feilen blir retta opp, og syner til framlegg om endring i skattelova § 22. Ein gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1998.

9.3 Endring i lov av 29. november 1996 nr 68 om skatt til Svalbard

Etter lov av 29. november 1996 nr 68 om skatt til Svalbard § 5-1 første ledd skal skattebetalingslova bli nytta ved betaling og innkrevjing av skatt fastsett ved likning. Etter § 5-1 første ledd skal kapittel II, §§ 3 og 39 til 45 i skattebetalingslova likevel ikkje nyttast. Ein har dermed gjort unntak også for skattebetalingslova § 40 a som seier at reglane i tvangsfullbyrdingslova om utleggsforretning gjeld ved skatteoppkrevjaren si tvangsfullbyrding etter kapittel VI i skattebetalingslova. Dette var ikkje tilsikta. Departementet gjer framlegg om at § 5-1 første ledd blir endra slik at skattebetalingslova § 40 a skal gjelde også ved betaling og innkrevjing av skatt fastsett ved likning på Svalbard. Departementet syner til vedlagte framlegg om endring i lov av 29. november 1996 nr 68 § 5-1 første ledd. Etter framlegget skal endringa gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1998.

Til forsiden