Ot.prp. nr. 64 (1996-97)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

8 Endringar i likningslova

8.1 Klagerett for boligselskap på vegne av andelseigarane i selskapet

8.1.1 Innleiing og bakgrunn

Departementet gjer med dette framlegg om at boligselskap (bustadselskap) skal ha klagerett på vegne av andelseigarane (luteigarane) over fastsetjing av inntekt og formue frå selskapet. Med boligselskap meiner ein i denne samanheng burettslag og boligaksjeselskap. Andelseigar er her brukt som ei fellesnemning på aksjeeigar i boligaksjeselskap og andelseigar i burettslag.

Spørsmålet om boligselskap skal kunne klage på vegne av andelseigarane over fastsetjing av inntekt og formue frå selskapet har kome opp etter endringa av skattelova § 51 sjette ledd, og omlegginga av skattlegginga av boligselskap frå 1992. Boligselskap skal som hovudregel ikkje liknast som eige skattesubjekt, men den enkelte andelshavar skal liknast for sin del av selskapet si formue og inntekt. I praksis betyr dette at formue og inntekt, herunder likningsverdi på selskapet sine eigedomar, må fastsetjast på boligselskapet si hand, for så å bli fordelt på den enkelte andelshavar.

8.1.2 Gjeldande rett

Den enkelte andelseigar i boligselskapet har individuell klagerett etter likningslova § 9-2 over sine likningar. Etter likningslova § 9-3 har også andre enn skattytar klagerett over delar av likninga. Likningslova § 9-3 nr 1 gir aksjeselskap klagerett over enkelte nærare spesifiserte ting i samband med den enkelte skattytar si likning. Eit boligaksjeselskap er aksjeselskap på lik linje med andre aksjeselskap, og er regulert av aksjelova og borettslagslova § 90 tiande ledd, jf kapittel 6. I den grad det for boligaksjeselskapet er aktuelt å klage over dei høva som er opprekna i nr 1, er det dermed etter gjeldande rett heimel for det. Likningslova § 9-3 nr 1 gir imidlertid ikkje boligaksjeselskapetklagerett over fastsetjinga av formue og inntekt frå selskapet. Gjeldande rett gir såleis ikkje boligaksjeselskap rett til på vegne av aksjeeigarane å klage over fastsetjinga av inntekt og formue frå selskapet, med mindre selskapet gjennom sitt styre eller forretningsførar opptrer som fullmektig for andelshavarane.

Burettslag er ikkje nemnt i likningslova § 9-3, og har følgjeleg ikkje klagerett i det heile når det gjeld andelshavarane si likning.

8.1.3 Departementet sine vurderingar og framlegg

Den skattlegging som finn stad på andelshavaren si hand føreset etter departementet sitt syn at alle andelshavarar blir handsama likt med omsyn til fastsetjing av boligselskapet si formue, gjeld, inntekter og utgifter. Fører klage frå ein av andelshavarane til endring av vedkomande si likning når det gjeld inntekts- og formuesfastsetjinga frå selskapet, vil dette få verknad for samtlege andelshavarar i selskapet.

Sidan alle andelseigarar i eit boligselskap etter gjeldande rett har individuell klagerett etter likningslova § 9-2 nr 1, kan det stillast spørsmål ved om det er naudsynt at også boligselskapet får klagerett over delar av likningane. Det er dei enkelte andelseigarane som er skattesubjekt, jf skattelova § 51 sjette og sjuande ledd. Sidan det ikkje er boligselskapet som skal betale skatt av beløpa, kan ein hevde at boligselskapet ikkje kan ha noko aktuell interesse i å klage på fastsetjinga av formue og inntekt frå selskapet.

Etter departementet si meining er det likevel ønskjeleg at boligselskap får klagerett over fastsetjing av formue og inntekt frå selskapet. Det kan i mange tilfelle medføre store praktiske problem dersom ein skal krevje at den enkelte andelshavar sjølv må klage over likninga si, eller at boligselskapet må ha fullmakt frå den enkelte andelseigar for å kunne levere ei felles klage til likningsstyresmaktene. Etter departementet sitt syn vil det vere praktisk om boligselskapet med heimel i likningslova får høve til å sende ei felles klage med verknad for alle andelseigarane. Det vil følgje av reglane i burettslagslova og aksjelova kva for eit organ i boligselskapet som kan ta avgjerd om å levere ei slik felles klage. Normalt vil det vere styret eller forretningsførar.

Ei felles klage frå boligselskapet vil etter departementet sitt syn truleg i stor grad innehalde alle naudsynte opplysningar til likningsstyresmaktene, medan ei klage frå enkeltpersonar ofte er såpass mangelfull at det er naudsynt med tilleggsopplysningar. Det kan ofte vere vanskelegare for den enkelte andelseigar å skaffe slike tilleggsopplysningar enn det vil vere for boligselskapet.

Ei klage frå ein enkelt eller nokre få andelseigarar som fører fram vil som ovanfor nemnt uansett få verknad for alle andelshavarar i boligselskapet. Likningsstyresmaktene kan likevel ofte ikkje finne alle desse utan medverknad frå boligselskapet. Etter departementet sitt syn vil det då vere meir rasjonelt at boligselskapet får ein sjølvstendig klagerett, og dermed kome inn i biletet på eit så tidleg tidspunkt som mogleg. Det vil dessutan vere både tids- og ressurssparande dersom likningsstyresmaktene kan handsame ei enkelt klage frå boligselskapet i staden for fleire individuelle klager frå andelseigarane.

På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at boligselskap skal ha klagerett på vegne av andelseigarane over fastsetjing av inntekt og formue frå selskapet.

Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1997. Ein syner til utkastet til endring i likningslova § 9-3 nr 3.

8.2 Innføring av plikt for boligselskap til å sende inn selskapsoppgåve

8.2.1 Innleiing og bakgrunn

Boligselskap leverer etter gjeldande rett verken sjølvmelding eller selskapsoppgåve. Likningsstyresmaktene kan med heimel i likningslova § 4-2 nr 1 bokstav b likevel påleggje eit boligselskap å sende inn sjølvmelding. Departementet gjer med dette framlegg om at boligselskap skal få plikt til å levere selskapsoppgåve, jf likningslova § 4-9. Med boligselskap meiner ein i denne samanheng burettslag og boligaksjeselskap.

8.2.2 Departementet sine vurderingar og framlegg

Etter at boligselskap i utgangspunktet ikkje lenger er eige skattesubjekt, har selskapet ikkje plikt til å sende inn sjølvmelding eller på annan måte oppgåve over selskapet si samla formue og inntekt. Likningsstyresmaktene sin kontroll av boligselskapet si formue og inntekter er blitt vanskelegare etter at sjølvmeldingsplikta fall bort. Stikkprøver har vist at forretningsførar har utgiftsført kostnader som det ikkje var frådragsrett for, og det har også vore mistydingar med omsyn til kva beløp som skal vere med i oppgåvene til dei enkelte andelshavarane, og korleis fordelinga på andelshavarane skal skje.

Sjølvmelding kan sendast etter pålegg frå likningsstyresmaktene etter likningslova § 4-2 nr 1 b, men det kan synast rasjonelt å innføre ei generell plikt til å sende inn selskapsoppgåve med dei relevante opplysningane. I så fall har likningsstyresmaktene opplysningane i hende på eit langt tidlegare tidspunkt, og det kan truleg vere lettare for boligselskapet å skaffe desse på eit så tidleg tidspunkt som mogleg.

Ved klage frå den enkelte andelseigar er det dessutan ofte behov for tilleggsopplysningar uansett. Skattytarane vil kunne ha problem med å skaffe desse opplysningane sjølve, slik at det likevel blir boligselskapet som i siste instans må gi opplysningane. Etter departementet sitt syn vil det difor vere mest rasjonelt at boligselskapet blir pålagt å levere selskapsoppgåve direkte til likningskontoret.

Departementet vil peike på at ansvarlege selskap (ANS) og kommandittselskap (KS) må sende inn selskapsoppgåver, sjølv om det er andelshavarane i selskapa som skattemessig vert tilordna inntekt og formue. I boligselskap er situasjonen langt på veg den same som i ansvarlege selskap og i kommandittselskap, bortsett frå at inntekt og formue ikkje vert rekna ut som om boligselskapet var skattytar. Då er det etter departementet sitt syn ikkje urimeleg å påleggje også boligselskap å sende inn selskapsoppgåve.

Eit system med likningsoppgåver frå boligselskapet er allereie innført når det gjeld skattegrunnlag og frådrag for den enkelte andelshavar. Boligselskap pliktar etter forskrift av 30. oktober 1992 nr 773 § 2 å gi oppgåve over dei inntekter og utgiter samt den formue og gjeld som den enkelte andelshavar skal liknast for. Andelshavaren skal ha kopi av oppgåva. Oppgåvegivar skal etter § 6 i forskrifta sende inn følgjeskriv på skjema fastsett av Skattedirektoratet til bruk med kontroll av innsendinga av oppgåvene. Følgjeskrivet gir ikkje likningsstyresmaktene slike opplysningar at dei t d kan kontrollere om boligselskapet har frådragsrett for utgifter som er ført til frådrag, og om fordelinga på andelshavarane er riktig. Departementet ønskjer difor å innføre ei generell plikt for boligselskapa til å levere selskapsoppgåve. Skattedirektoratet kan i forskrift fastsetje kva opplysningar selskapsoppgåva skal innehalde, og samordne bruken av selskapsoppgåver og følgeskriv.

Departementet gjer med dette framlegg om at boligselskap skal få plikt til å sende inn selskapsoppgåve.

Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1997. Ein syner til utkast til endring i likningslova § 4-9 nr 1.

Til forsiden