St.prp. nr. 76 (2000-2001)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I Finansdepartementets proposisjon om omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet for 2001 som Finansdepartementet legg fram samtidig med Samferdselsdepartementets proposisjon, er det gjort framlegg om løyvingar på Samferdselsdepartementets budsjett for 2001. Desse gjeld programkategoriane 21.20 Luftfartsformål og 21.50 Jernbaneformål. Endringane blir nærare omtalte i Samferdselsdepartementets proposisjon. I denne proposisjonen blir det også gjort framlegg om vedtak for programkategori 21.30 Vegformål.

Omtalen i denne proposisjonen gjeld desse sakene:

Under 21.10 Administrasjon m.m.:

  • Departementet orienterer om ei landsomfattande ordning med ungdomskort.

  • Det blir gjort greie for eit forsøk for transport for funksjonshemma i arbeids- og utdanningssamanheng som skal finansierast av fleire departement.

Under 21.20 Luftfartsformål:

  • Som følgje av at staten inngjekk mellombels kontrakt med nytt selskap for flyruta Oslo - Røros er det behov for å auke løyvinga på kap. 1310, post 70.

  • Departementet orienterer om bemanninga i Luftfartstilsynet.

  • Det blir gjort framlegg om å etablere nytt treningssenter for brann- og redningsteneste i Tjeldsund.

  • Det blir gjort greie for revidert budsjett for Luftfartsverket.

  • Departementet orienterer om godkjenning av Honningsvåg lufthamn og operasjonane der, og førebelse utgreiingar av alternative løysingar for lufthamna.

Under 21.30 Vegformål:

  • Departementet gjer greie for endringar i nokre økonomiske fullmakter for Statens vegvesen, medrekna tilsegnsfullmakt til Samferdselsdepartementet for å inngå avtalar om forskotering av midlar til vegformål.

  • Det blir tilrådd at bompengeselskapet får høve til å utvide bompengeinnkrevjinga på Ev 18 over Eidangerhalvøya for å finansiere m.a. trafikksikringstiltak.

  • Departementet tilrår at bompengeselskapet får høve til å utvide bompengeinnkrevjinga for Ev 18 Kristiansand for å finansiere utbygging av hovudtilkomst til høgskolen i Agder og utbygging av kollektivtiltak.

  • Det blir gjort framlegg om at bompengeselskapet får høve til å utvide bompengeordningen på Ev 6 Trondheim - Stjørdal for m.a. å fullføre nordre tunnelløp i Grilstadtunnelen.

  • Departementet orienterer om oppføring av bomstasjonar og førebuande arbeid på Ev 6 i samband med Østfoldpakka.

  • Det blir orientert om søknad frå Stord og Fitjar kommunar om å kunne krevje inn bompengar for å finansiere opprusting og trafikksikring av Ev 39 Jektevik - Sandvikvåg.

  • Det blir orientert om start av førebuande arbeid på prosjektet Ev 16 Voldum - Seltun i Sogn og Fjordane.

  • Pga. plansituasjonen for LOFAST legg departementet opp til å nytte løyvinga til dette prosjektet i 2001 til å starte prosjektet Ev 6 Korgen - Osen.

  • Departementet orienterer om anleggstart for utbetring av rasfarleg strekning på Ev 6 mellom Røssvoll og Storforshei i Rana kommune.

  • Det blir gjort greie for start av arbeidet med rassikring av Ev 6 Trældal - Leirvika i Nordland.

  • Det blir tilrådd anleggsstart på rv 5 Knapstad - Kvalvik hausten 2001.

  • Det blir orientert om omdisponering av foreslått løyving i 2001 for rv 714 Hitra - Frøya.

  • Det blir orientert om korleis resten av kostnadene for bru til Tautra vil bli dekt.

  • Departementet orienterer om at det vil gi tilskot til Lenvik kommune som delvis finansiering av kommunen sitt kjøp av Nord-Norsk Trafikksenter.

  • Det blir gjort greie for utprøving av snøggåande katamaranferjer.

  • Departementet orienterer om Statens vegvesens utvikling av ulike publikumsretta tenester over Internett.

  • Det blir orientert om at departementet har motteke rapport frå Statskonsult om organiseringa av produksjonsverksemda i Statens vegvesen.

Under 21.50 Jernbaneformål:

  • Deptartementet gjer greie for oppfølginga av tilrådingane i Åsta-rapporten og løyvingar til Jernbaneverket og Statens jernbanetilsyn i denne samanhengen.

  • Det blir gjort greie for fullmakter til JBV om sal og bortfeste av fast eigedom og om kjøp og feste av grunnareal og kjøp av fast eigedom.

  • Det blir orientert om framtidig utnytting av Valdresbanen.

  • På bakgrunn av endeleg kjøpsavtale for 2001 blir det lagt opp til å auke betalinga for statleg kjøp av persontransporttenester frå NSB BA med 228 mill. kr.

Under 22.10 Post og telekommunikasjonar:

  • Det blir orientert om nye portotakstar frå 1. juli 2001 som følgje av innføring av meirverdiavgift for posttenester.