Ot.prp. nr. 80 (2005-2006)

Lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Olje- og energidepartementet legg i denne proposisjonen fram utkast til lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt. I dag er det staten ved Olje- og energidepartementet som står for beredskapslagringa. Beredskapslagring av petroleumsprodukt er ein del av det norske totalforsvarskonseptet, men trusselbiletet Noreg står overfor, har endra seg, og behovet for beredskapslagring har endra seg tilsvarande. Føremålet med beredskapslagringa er ikkje lenger primært at lagra skal gå inn som element i eit totalforsvarskonsept, men at dei lagra voluma kan nyttast i andre situasjonar, til dømes ved forstyrringar i produktleveransane. Ein konsekvens av at beredskapslagra òg skal kunne brukast til å sikre forsyningane i fredstid, er at dei produkta som vert lagra, må vere i samsvar med dei produkta som samfunnet faktisk spør etter. Olje- og energidepartementet meiner òg at det systemet ein har i dag for beredskapslagring, kan gjerast meir kostnadseffektivt for samfunnet. Med tanke på dette legg departementet i denne proposisjonen fram eit lovframlegg om ei ny ordning for beredskapslagring av petroleumsprodukt. Ein gjer framlegg om at produsentar og importørar av petroleumsprodukt skal ha plikt til å halde lager av visse petroleumsprodukt. Lova fastset vidare rammene for Kongens kompetanse til å fastsetje nærare føresegner i forskrift. Lova gir heimel til å fastsetje i forskrift nærare føresegner om administrative sanksjonar for brot på føresegnene i lova.