Oversikt over nye og endra statlege styringssignal retta mot kommunane - bygd på vedtak i 2008

Her følgjer ei oversikt over nye eller endra statlege styringssignal retta mot kommunesektoren. Oversikta byggjer i hovudsak på vedtak gjort i 2008, men det er også tatt med vedtak som er fatta så langt våren 2009.

Vedlagt følgjer ei oversikt over nye eller endra statlege styringssignal retta mot
kommunesektoren. Oversikta byggjer i hovudsak på vedtak gjort i 2008, men det er også tatt med vedtak som er fatta så langt våren 2009.

Oversikta er meint som ei hjelp i det generelle samordningsarbeidet i
fylkesmannsembeta. Vi viser i samband med dette til rettleiar for
forventningsbrevmetoden, og tidlegare oversikter over statlege styringssignal som er sendt frå Kommunal- og regionaldepartementet.

I tillegg til dei sakene som er nemnde i den vedlagte oversikta, gjer vi merksam på at departementa sine budsjettproposisjonar er sentrale styringsdokument.

Vi vil som tidlegare år understreke at bruk av forventningsbrev ikkje er den einaste
måten å gjera samordninga mellom staten og kommunesektoren betre.

Embeta står fritt til om dei vil nytte forventningsbrevmetoden, eller om dei vil velje andre
verkemiddel for samordning av statlege styringssignal til kommunesektoren.

Vi ventar at oversikta vert delt ut til relevante statlege forvaltingsorgan regionalt. Den kan også sendast til KS-kretsen i fylket. Oversikta vert lagt ut på KRD si nettside om kommune- og fylkesforvalting så snart som mogleg. Det vil bli laga peikarar til internett for dei fleste av styringsdokumenta som er nemnde i forventningsbrevet.

Meir informasjon som er viktig for kommunane sitt plan- og budsjettarbeid for 2009 kjem i kommuneproposisjonen for 2010.

Vedlagte oversikt inneheld også ein gjennomgang av samarbeidsavtaler mellom staten og KS.


Med helsing


Eli Johanne Lundemo e.f.
avdelingsdirektør                                                     

                                                                             Mari Jacobsen     
                                                                             seniorrådgiver

Vedlegg:
- oversikt over nye og endra styringssignal