Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapittel: 1400–1474 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472 og 5578

Til innhaldsliste

Forord

Prop. 1 S (2010–2011) frå Miljøverndepartementet består av 4 delar:

Del I presenterer hovudutfordringane i miljøpolitikken og hovudprioriteringar innafor Miljøverndepartementets budsjett i 2011. Vidare blir det gitt eit kort oversyn over miljøpolitiske satsingar i andre departement. Her er òg omtalt oppfølging av oppmodingsvedtaka frå Stortinget.

Del II inneheld budsjettframlegget frå Miljøverndepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar.

I Del III er det presentert ei utfyllande og fullstendig omtale av alle resultatområda med konkrete mål, status og verkemiddel. Årets proposisjon viser ei revidert og meir heilskapeleg omtale av det einskilde resultatområdet. Miljøverndepartementet har òg forbetra, rydda opp og forenkla mål og målstruktur.

Del IV gir ei oversikt over organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling i miljøforvaltninga.

Inndelinga av miljøpolitikken i sju resultatområde, slik det er presentert i del III, heng saman med at miljøproblema er komplekse og at årsakene til dei er samansette. Dei omfattar ofte meir enn ein sektor i samfunnet, og kjeldene til ei miljøbelastning kan vere mange. Av dei sju områda utgjer resultatområda 1-4 dei miljøpolitiske resultatområda med utgangspunkt i miljøutfordringane. Resultatområda 5 og 6 handlar om det forvaltningsansvaret miljøforvaltninga har innan internasjonalt miljøsamarbeid og miljø i nord- og polarområda, og for plandelen av plan- og bygningslova og kart- og geodatapolitikken på nasjonalt nivå. Under resultatområde 7 er det omtalt fellesoppgåver og miljøpolitisk arbeid som går på tvers av resultatområda. Dei fleste av resultatområda er delte inn i underområde. Dei sju resultatområda er som følgjer:

  1. Naturmangfald og friluftsliv

  2. Kulturminne og kulturmiljø

  3. Vassforureining, miljøgifter og avfall

  4. Luftforureining og klima

  5. Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda

  6. Planlegging for ei berekraftig utvikling

  7. Andre verkemiddel

Inndelinga i resultatområde gjer det mogleg å sortere og samle alle dei ulike problemstillingane i ulike typar kategoriar eller temaområde på ein praktisk måte. Kvart resultatområde inneheld dermed anten eitt miljøpolitisk tema eller eit knippe av tema som står så nær kvarandre at dei bør omtalast i samanheng. Inndelinga i resultatområde legg òg til rette for ein effektiv struktur for formuleringar av mål og resultatoppfølging, både i forhold til andre sektorar og internt i miljøforvaltninga. Samtidig er inndelinga i resultatområde sikra konsistens gjennom klare definisjonar og tydelege avgrensingar mellom dei ulike temaområda.

Det enkelte resultatområdet rettar fokus mot dei viktigaste miljøutfordringane og synleggjer Regjeringas miljøpolitiske satsing. Dette speglar seg i nasjonale mål og delmål.

  • Nasjonale mål er fastsette på bakgrunn av Regjeringas politikk anten i stortingsmeldingar, proposisjonar eller andre politiske dokument. Dei skal vere målbare og vise kva resultat ein skal oppnå på nasjonalt nivå. Dei nasjonale måla representerer dermed det øvste operative nivået i målhierarkiet.

  • Delmål er avleidde frå dei nasjonale måla, og vil saman med desse danne ein heilskapleg struktur ved at ein skal kunne samanstille delmåla i dei ulike sektorane til nasjonale mål.

Til forsida