Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 1400–1474 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Forord

Prop. 1 S (2011–2012) frå Miljøverndepartementet består av fire delar:

Del I presenterer hovudutfordringane i miljøpolitikken og hovudprioriteringar innanfor Miljøverndepartementets budsjett i 2012. Vidare blir det gitt eit kort oversyn over miljøpolitiske satsingar i andre departement. Her omtalas óg oppfølging av oppmodingsvedtaka frå Stortinget.

Del II inneheld budsjettframlegget frå Miljøverndepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar.

I Del III er det presentert ei utfyllande og fullstendig omtale av alle verkemidla og resultatområda med konkrete mål og indikatorar, samt påverknad og politikk. Årets proposisjon inneheld ei revidert og meir heilskapeleg omtale av det einskilde resultatområdet.

Miljøverndepartementet har òg rydda opp i og forenkla mål og målstruktur. Dette inneber òg at verkemidla er skilde ut og løfta fram.

Resultatområda er meir einsarta og det er etablert eit klarare skilje mellom verkemiddel og dei miljøpolitiske resultatområda. Tidlegare har verkemidla til dels hatt eigne resultatområde, til dels har dei blitt omtala i tilknytning til fellesoppgåver. Verkemidla gjeld alle dei miljøpolitiske resultatområda, og dei er grunnlaget for å oppnå resultat i miljøpolitikken. Verkemidla er delt inn i tre bolkar:

  • Kunnskap

  • Regelverk og system

  • Internasjonalt samarbeid.

I praksis inneber dette at eksempelvis infrastrukturtiltak i regi av statens kartverk omtalast under kunnskap og samfunnsplanlegging under regelverk og system.

Den nye strukturen og inndelinga i verkemiddel og resultatområde dekkjer breidda i miljøpolitikken på ein meir heilskapleg måte enn den tidlegare inndelinga. Ein kan no lese om utfordringane som marin naturforvaltning, akvakultur, tareskog, oljeforureining og strandsona samla under resultatområde 1 Levende hav og kyst. Samstundes kjem det fram korleis plan- og bygningslova vert nytta for å unngå unødig nedbygging i strandsona.

Av dei elleve resultatområda tar resultatområda 1-5 utgangspunkt i den inndelinga av naturen som vi òg finn i Naturindeks for Noreg. Resultatområde 6 dekkjer kulturminne og kulturlandskap. Område 7 Godt bymiljø, og 8 Aktivt friluftsliv, dekkjer leveforhold og naturretta aktivitetar for menneske, mens dei tre siste tek føre seg forureining og annan påverknad både på menneske og natur. Dei elleve resultatområda er som følgjer:

  1. Levande hav og kyst

  2. Livskraftige elvar og innsjøar

  3. Frodige våtmarker

  4. Mangfaldige skogar

  5. Storslått fjellandskap

  6. Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

  7. Godt bymiljø

  8. Aktivt friluftsliv

  9. Giftfritt miljø

  10. Rein luft

  11. Stabilt klima

Inndelinga i verkemiddel og resultatområde gjer det mogleg å sortere og samle alle dei ulike problemstillingane i ulike typar kategoriar eller temaområde på ein praktisk måte. Inndelinga i resultatområde legg òg til rette for ein effektiv struktur for formuleringar av mål og resultatoppfølging, både i høve til andre sektorar og internt i miljøforvaltninga. Det enkelte resultatområdet synleggjer Regjeringas miljøpolitiske satsing. Dette speglar seg i nasjonale mål og indikatorar

  • Nasjonale mål er fastsette på bakgrunn av Regjeringas politikk anten i stortingsmeldingar, proposisjonar eller andre politiske dokument. Dei skal vere målbare og vise kva resultat ein skal oppnå på nasjonalt nivå.

  • Indikatorar er knytt til dei nasjonale måla og er utvalde reiskap i resultatoppfølginga for å seie noko om miljøtilstanden og utviklinga. Indikatorane skal kunne samanliknast fra år til år og, der det er relevant, i høve til andre land.

Del IV gir ei oversikt over organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling i miljøforvaltninga.

Til forsida