Prop. 1 S Tillegg 3 (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (tilleggsløyve etter tildelingsrunden 2009 og tiltak for berekraftig havbruk)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Våren 2009 vart det lyst ut 65 nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure, jf. St.prp. nr. 1 tillegg nr. 4 og Budsjett-innst. S. I (2008-2009). Tilsegn på nye løyve vart gitt av Fiskeridirektoratet sine regionkontor sommaren 2009. Det kom i ettertid inn mange klager på tildelingsrunden til Fiskeridirektoratet i Bergen som var klageinstans. Klagehandsaminga har teke lang tid, i nokre tilfelle over eit år.

Talet på løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure er avgrensa. Det inneber at når ein søkjar får medhald i sin klage og dermed får eit løyve, vil ein av dei som tidlegare har fått tilsegn samstundes måtte miste sitt løyve.