Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

1.1 Hovudformålet med proposisjonen

Departementet legg i denne proposisjonen fram forslag til ny lov om verksemda i jordskifterettane, lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettstilhøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova).

Lova vil avløyse gjeldande jordskiftelov frå 1979. Gjeldande lov er revidert mange gonger, men er ikkje revidert på ein gjennomgripande måte før no. Lovforslaget byggjer på eit høyringsnotat utarbeidd av ei arbeidsgruppe i departementet. Forslaget byggjer òg på innspel frå ei referansegruppe, og allminneleg høyring. Det har vore allmenn oppslutning om at jordskiftelova bør reviderast.

Lovforslaget har reglar om heile verksemda i jordskifterettane, og om behandlinga av anke i lagmannsrettane. Jordskifterettane skal etter lovforslaget framleis vere særdomstolar. Lovforslaget inneheld mellom anna reglar om kva som er formålet med verksemda i jordskifterettane, korleis verksemda skal vere organisert, kva for sakstypar jordskifteretten skal behandle (jordskifte, rettsutgreiing, grensefastsetjing, skjønn og andre avgjerder etter andre lover), kva for reglar om saksbehandling som gjeld, korleis sakskostnadene skal fordelast, og korleis partane kan få prøvd avgjerdene i jordskifteretten for ein overordna rett som vil vere lagmannsretten.

Hovudformålet med forslaget er ei ny moderne jordskiftelov, som blir enklare og lettare å forstå for dei som skal bruke lova. Ved utforminga av lovforslaget er det lagt særleg vekt på at det er mange partar som prosederer sjølve for jordskifterettane. For å nå målet må språket bli klarare og lova må bli lettare å lese. Systematikken må betrast. Det må skiljast betre mellom materielle reglar (kva retten kan ta avgjerd om), og prosessuelle reglar (korleis retten skal behandle sakene).

Det er stort behov for ei enklare rettsmiddelordning. Etter gjeldande lov kan avgjerdene i jordskifteretten ankast til to overordna rettar (jordskifteoverretten og lagmannsretten), avhengig av kva tema anken gjeld. Ordninga er komplisert. I nokre sakstypar inneber ho òg risiko for at nokon lir rettstap. Departementet foreslår mellom anna på grunnlag av dette å slå jordskifteoverretten saman med lagmannsretten. Lagmannsretten skal styrkast med jordskiftefagleg kompetanse (jordskiftelagdommar).

Det er òg eit formål å oppdatere lova i høve til andre store lovrevisjonar dei seinare åra. Dette gjeld særleg tvistelova, plan- og bygningslova og matrikkellova.

Endringsbehovet knyter seg til dei materielle reglane. Lovforslaget fører i hovudsak vidare dei rettsendrande verkemidla jordskifteretten har. Desse verkemidla er byte av grunn og rettar, skiping og avløysing av sameige, omskiping og avløysing av rettar, bruksordning, felles tiltak og felles investeringar, etablering av lag med meir. Jordskifte er samleomgrepet for desse verkemidla. Blant forslaga til endringar, er mellom anna ei utviding av den kompetansen jordskifteretten har, til å gjelde heile landet. Departementet foreslår òg at jordskifteretten får heimel til å skipe sameige mellom eigedommar. Departementet foreslår dessutan ein heimel til å lage reglar om sambruk (bruksordning) for eigarseksjonar. Departementet foreslår i tillegg å oppheve reglane om minneleg jordskifte og valdgiftsjordskifte.

Dei grunnleggjande vilkåra for jordskifte blir ført vidare i lovforslaget. Utgangspunktet er at det må liggje føre utenlege eigedoms- eller brukstilhøve på ein eller fleire av dei eigedommane som inngår i jordskiftet. Jordskiftet skal òg gi ei samla netto nytte, og jordskifteløysinga skal ikkje føre til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett. Høvet til planar etter plan- og bygningslova skal framleis vere slik at jordskifteretten må leggje gjeldande plansituasjon til grunn, når han skal velje jordskifteløysing. Jordskifteretten kan ikkje endre planar, reguleringar eller vernevedtak fastsett av offentlege myndigheiter.

Dei rettsfastsetjande sakstypane rettsutgreiing og grensefastsetjing blir òg ført vidare. Desse sakstypane utgjer ein vesentleg del av verksemda i jordskifteretten. Rettsutgreiing og grensefastsetjing er normalt ein del av grunnlagsarbeidet i jordskiftesakene, men jordskifteretten behandlar òg eit stort tal slike saker som eigne saker. Behovet for endring er mellom anna til stades når det gjeld vilkåra for rettsutgreiing, og ein samordna bruk av omgrep i jordskiftelova og matrikkellova når det gjeld kva for kategoriar av eigedom som jordskifteretten kan fastsetje grenser for.

Behandlinga av skjønn, anten det skjer i samband med jordskifte, eller som eiga sak, er òg ein vesentleg del av verksemda i jordskifteretten, og skal halde fram. Behovet for endring er i det vesentlege knytt til endringar i bruk av omgrep og systematikk, og til kva for rettsinstansar som skal behandle skjønn etter ulike lover. Departementet foreslår at jordskifteretten skal vere den einaste førsteinstans for behandlinga av skjønn eller andre avgjerder etter fleire særlovar. Det såkalla «lensmannsskjønnet» skal avviklast i fleire av særlovene. Når det gjeld kompetansen til å avgjere om det skal svarast erstatning for skade valde av rein, foreslår departementet å føre vidare ordninga med at partane kan velje mellom tingretten og jordskifteretten.

Departementet ser ikkje behov for større endringar i organisatoriske reglar som gjeld første instans. Ut frå omsynet til å redusere kostnadene ved behandlinga i retten, er det foreslått nokre endringar i reglane om sakskostnader og samansetjinga av retten i den enkelte saka. Departementet foreslår at retten som hovudregel skal setjast med ein jordskiftedommar, utan meddommarar. Retten kan likevel setjast med sakkunnige meddommarar når ein part krev det, eller jordskiftedommaren meiner det trengst for å få ei forsvarleg behandling av saka.

Reglane om samansetjinga av lagmannsretten er nye. Fordi ein legg opp til at alle sakstypar skal behandlast i lagmannsretten, må retten setjast saman slik at ankeinstansen får rett kompetanse i høve til det saka gjeld, og retten bør heller ikkje vere overdimensjonert i høve til anke. Når det er anka over jordskifteavgjerder, skal retten som hovudregel setjast med ein jordskiftelagdommar og fagkunnige meddommarar. Dette sikrar den jordskiftefaglege behandlinga av desse sakene i ankeinstansen. Ved behandlinga av anke over dom (for eksempel i tvistar), orskurd og vedtak, skal lagmannsretten setjast saman på vanleg måte med juridiske fagdommarar, men slik at jordskiftelagdommaren kan vere ein av dei tre fagdommarane dersom førstelagmannen fastset dette.

Reglane om saksbehandling vil òg etter den nye lova bestå dels i eigne reglar som er tilpassa behovet i jordskifterettane, dels av eit utval av reglane i tvistelova. Dei sentrale prosessuelle prinsippa som er nedfelte i tvistelova, skal òg gjelde for saksbehandlinga i jordskifterettane. Dette gjeld mellom anna prinsippa om at retten berre kan byggje avgjerdene på fakta som partane har hatt oppmoding til å uttale seg om, retten partane har til å føre bevis direkte for retten, likebehandling av partane, ei effektiv og ikkje for kostbar behandling og så vidare. Andre grunnleggjande prinsipp er plikta retten har til å grunngi avgjerdene, og det høvet partane har til å få avgjerder overprøvd av høgare rettsinstansar. Ein grunnleggjande forskjell mellom dei allminnelege domstolane og jordskifterettane, er at jordskifterettane kan behandle saker utan at det er tvist mellom partane. Dette særtrekket ved jordskifterettane skal førast vidare. Behovet for endring knyter seg mest til klargjering og forenkling av reglane. Dette er mellom anna gjort ved at reglane om saksbehandling er skilde ut i eit eige kapittel i lovforslaget.

Prinsippa for fordeling av sakskostnader skal førast vidare. Det er ikkje behov for grunnleggjande endringar av desse. Eit hovudprinsipp er at sakskostnader knytt til jordskifte skal fordelast mellom partane etter nytten dei har av jordskifteløysinga. Prinsippet gjeld òg ved behandling av grensefastsetjing og rettsutgreiing. Ved behandlinga av tvistar skal ein følgje dei allminnelege reglane i tvistelova. Behovet for å halde sakskostnadene nede, gjer at ein òg bør gi reglane om sakskostnader i småkravsprosessen verknad når det gjeld tvist om mindre verdiar.

1.2 Samandrag

I proposisjonen kapittel 2 behandlar departementet bakgrunnen for lovforslaget. Departementet gjer i kapittel 2.2 greie for arbeidet med høyringsforslaget. Landbruks- og matdepartementet oppnemnde i 2006 ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å gå gjennom lova. Departementet framhevar i mandatet for gruppa mellom anna at det er gjennomførd ei rekkje enkelståande endringar som har gjort gjeldande jordskiftelov uoversiktleg. Målsetjinga med revisjonen skulle vere å skape ei ny jordskiftelov som høver med tida og tilhøva og dei behova eigarar, rettshavarar og samfunnet elles har. Alle delar av jordskiftelova skulle vurderast. Landbruks- og matdepartementet peika ut arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa besto av daverande og tidlegare tilsette i departementet. Ein jordskifterettsleiar var òg med på arbeidet i ein periode. Departementet sette dessutan ned ei referansegruppe med mellom anna dommarar, advokatar, ein professor ved Universitetet for miljø- og biovitenskap, og representantar for andre departement. Arbeidsgruppa hadde møter med referansegruppa, og med andre, mellom anna med jordskifterettsleiarar, jordskiftedommarar og førstelagmennene. Arbeidsgruppa mottok òg skriftlege innspel frå fleire hald under arbeidet, noko som mellom anna hadde samanheng med at dokumenta til møta med referansegruppa blei lagt ut på internett.

Departementet gjer i kapittel 2.2.5 og 2.2.6 greie for den allminnelege høyringa. Det kom inn mange uttalar, og dei var til dels svært detaljerte og omfattande. Hovudinntrykket frå høyringa er at høyringsinstansane er samde om at jordskiftelova treng revisjon. Høyringsinstansane tilrådde òg hovudlinene i forslaga. Ei rekkje høyringsinstansar har likevel til dels omfattande kritiske merknader til konkrete forslag. Nokre meiner høyringsforslaget burde vore laga av andre enn tilsette i departementet, helst av eit offentleg utval. Andre meiner høyringsforslaget bygde på ein open og konstruktiv prosess. Nokre av instansane meiner lovforslaga burde sendast på ny høyring. I kapittel 2.3 er det gjort greie for konsultasjonane med Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund om lovforslaget.

Proposisjonen kapittel 3 inneheld ei framstilling av tidlegare og någjeldande jordskiftelovgiving. Departementet gir òg ei framstilling av kva jordskifte er, og kva som er spesielt med jordskifterettane samanlikna med dei allminnelege domstolane. Departementet gir dessutan oversikt over dei sakstypane som jordskifteretten behandlar; jordskifte, rettsutgreiing, grensegang og skjønn. Dei grunnleggjande vilkåra for jordskiftesakene går departementet òg gjennom. Det same gjeld reglane om saksbehandling, anke og sakskostnader.

Departementet gir i proposisjonen kapittel 4 ei kort oversikt over rettstilstanden i andre land. Det mest vanlege i andre europeiske land, er at jordskifteverksemda blir utført av eit frittståande forvaltingsorgan. I Noreg skjer arbeidet i ein domstol. Denne grunnleggjande forskjellen gjer at utanlandsk rett får avgrensa relevans, særleg når det gjeld reglane om saksbehandling. Likskapen er større når det gjeld kva for oppgåver som er lagt til jordskifteorgana i land det er naturleg å samanlikne Noreg med.

Departementet gjer i proposisjonen kapittel 5 greie for det synet høyringsinstansane og departementet har på behovet for lovendringar. Dette gjeld mellom anna systematikken i lova. Departementet har valt den same systematikken og strukturen på den nye jordskiftelova som arbeidsgruppa foreslår i høyringsnotatet. Høyringsinstansane har i det alt vesentlege støtta opp om dette forslaget. Gjeldande jordskiftelov skil ikkje tydeleg mellom materielle reglar og reglar om saksbehandling. Dette gjer at lova ikkje er så lett å orientere seg i, særleg for partar som prosederer sjølve. Reglane om saksbehandling i gjeldande jordskiftelov er laga for jordskiftesakene, men skal òg gjelde tilsvarande for andre sakstypar, så langt dei høver. Dette bidreg til å komplisere lova. I lovforslaget er dei reglane om saksbehandling som er felles for alle sakstypane, skilde ut og plasserte i eit eige kapittel. Reglar om saksbehandling som berre gjeld enkelte sakstypar er knytt opp mot dei materielle reglane. Departementet meiner dette gjer det enklare å orientere seg i lova, og styrkjer rettstryggleiken.

Departementet ser ikkje behov for grunnleggjande endringar i dei verkemidla som tek sikte på å skape meir tenlege eigedommar for partane gjennom jordskifte. Jordskifteretten skal framleis fastsetje grenser for faste eigedommar og rettar, og gjere rettsutgreiingar. Kompetansen til å halde skjønn og ta andre avgjerder bør oppretthaldast, men departementet foreslår visse endringar i den parallelle (overlappande) kompetansen til å halde skjønn, som jordskifteretten har i dag. Departementet foreslår mellom anna at dei såkalla «lensmannsskjønna» blir avvikla på enkelte område, og at jordskifteretten skal få eksklusiv kompetanse på desse områda.

Departementet meiner det er behov for nokre endringar i terminologien i lova og foreslår ein del nye omgrep, og fleire av dei er definerte i lova. Dette gjeld mellom anna omgrep som «jordskifteløysing» som erstattar «skifteplan», og «jordskifteavgjerd» som blir avgjerdsforma for dei avgjerdene retten tek som del av jordskifteløysinga. Departementet foreslår å endre «grensegang» til «grensefastsetjing». Mange av avgjerdene retten tek etter særlovene blir kalla «skjønn». Departementet foreslår å endre på dette. I staden for å bruke «skjønn» om avgjerda blir omgrepa «tek avgjerd», eller «avgjer» brukt.

Det er særleg når det gjeld rettsmiddelordninga, departementet ser behov for større endringar. Gjeldande ordning, med to ankeinstansar, er komplisert og vanskeleg å finne ut av for dei som får med ankesakene å gjere. I enkelte sakstypar er det ein risiko for at partane lir rettstap. Hovudgrepet i forslaget er at rettsmiddelordninga endrast frå eit «to-spora» system, med jordskifteoverrett og lagmannsrett, til eit enklare system der lagmannsretten er einaste ankeinstans. Med berre ein ankeinstans kan ein ikkje anke til feil instans. Det inngår i ordninga at lagmannsrettane skal styrkast med jordskiftefagleg kompetanse, det vil seie med jordskiftelagdommarar.

Proposisjonen kapittel 6 gjeld namnet på lova, formål, verkeområde, definisjonar, saksinnhald og sakstilknyting (kapittel 1 i lovforslaget). I kapittel 6.1 foreslår departementet at namnet på lova bør vere lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova). Namnet seier mykje om kva lova handlar om, utan å vere for langt. Omgrepet «jordskifte» bør vere med, og er teke inn i kortnamnet på lova. I kapittel 6.2 går departementet inn for at lova bør ha ein formålsparagraf (lovforslaget § 1-1) som gir uttrykk for hovudmålet med lova. Formålet speglar at den nye jordskiftelova både er ei prosesslov og ei lov med materielle reglar.

I kapittel 6.3 foreslår departementet at det geografiske verkeområdet for den nye jordskiftelova ikkje skal endrast nemnande. Lova skal framleis gjelde faste eigedommar og råderettar over fast eigedom i heile landet, utan omsyn til kvar eigedommane ligg, eller kva for planstatus som gjeld (lovforslaget § 1-2). Visse avgrensingar frå dette utgangspunktet følgjer likevel av særlovgivinga. I kapittel 6.4 gjer departementet greie for kva for omgrep som bør ha ein legaldefinisjon i lova (lovforslaget § 1-3). I kapittel 6.5 behandlar departementet kva det kan reisast sak om, altså det saklege verkeområdet for lova (lovforslaget § 1-4), og kven som kan reise sak (lovforslaget § 1-5). Kva det kan reisast sak om, følgjer av reglane om kompetansen retten har etter den nye jordskiftelova (lovforslaget § 1-4 og kapitla 3, 4 og 5) og særlovgivinga (mellom anna reindriftslova, servituttlova og veglova). Krav om sak for jordskifteretten kan setjast fram av den som eig fast eigedom, eller har rett knytt til fast eigedom (lovforslaget § 1-5), eller som er festar. Det er foreslått særlege reglar for reindrifta og for offentleg myndigheit.

Proposisjonen kapittel 7 gjeld organisering av jordskifterettane, samansetjinga av jordskifteretten i ulike saker, og den lovnaden jordskiftemeddommarane skal gi (kapittel 2 i lovforslaget). I kapittel 7.1 gjer departementet greie for strukturen i lovforslaget kapittel 2. I kapittel 7.2 behandlar departementet inndelinga av riket i jordskiftesokn (lovforslaget § 2-1). Inndelinga skal som før, fastsetjast av Kongen. Spørsmålet om kvar ei sak høyrer heime (verneting), og spørsmålet om tenesteområdet for dei som arbeider i jordskifteretten, følgjer inndelinga i jordskiftesokn. I kapittel 7.3 drøftar departementet høvet mellom jordskiftelova og domstollova (lovforslaget § 2-2), og i kva for lov dei ulike organisatoriske reglane bør stå. Departementet foreslår at den nye jordskiftelova skal innehalde reglar om høvet mellom lovene. Bemanninga i jordskifterettane (lovforslaget § 2-3) er behandla i kapittel 7.4. Departementet meiner Domstoladministrasjonen (DA) bør fastsetje bemanninga ved den enkelte jordskifteretten. Dette går allereie fram av domstollova, og treng inga eiga regulering i jordskiftelova. Kapittel 7.4 gjeld elles talet på faste embete for jordskiftedommarar, tilkalling av jordskiftedommar og oppnemning av jordskiftedommar i ei enkelt sak, ordninga med jordskiftedommarfullmektigar som er ein parallell til dommarfullmektigordninga i tingrettane, lovfesting av praksisen med teknisk personale ved jordskifterettane, og kva for reglar ein bør ha for leiing av den enkelte jordskifteretten.

I kapittel 7.5 drøftar departementet kva for krav til kvalifikasjonar ein skal stille til det dømmande personellet i jordskifterettane (lovforslaget § 2-4). Departementet foreslår å halde fast ved at jordskiftedommarane skal ha jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå. Dette utdanningsnivået er på line med nivået for andre dommarar, for eksempel i tingretten eller i lagmannsretten. Dette for å sikre at dømmande personell har reell fagleg kompetanse på høgt nivå. Departementet foreslår ikkje karakterkrav, ettersom utnemning av jordskiftedommarar uansett vil skje etter grundig saksbehandling. Departementet foreslår heller ikkje eigne reglar om nedre aldersgrenser for dømmande personell i jordskiftelova. Departementet foreslår likevel at reglar om aldersgrenser blir tekne inn i domstollova § 54.

I kapittel 7.6 går departementet inn for eit særskilt utval av meddommarar i kvart jordskiftesokn (lovforslaget § 2-5). Departementet meiner dette legg til rette for ein meir aktiv bruk av dei som er i utvala, enn om ein har eit utval for kvar kommune. Omsynet til likestilling mellom kjønna er teke vare på gjennom krav om at alle kommunar i jordskiftesoknet skal peike ut minst ein medlem av kvart kjønn til utvalet, og alltid like mange av kvart kjønn. Departementet foreslår ikkje å slå saman utvala for jordskiftemeddommarar og skjønnsmedlemmer. Dette har samanheng med at utvalet av skjønnsmedlemmer òg gjeld for andre skjønn enn dei som går for jordskifteretten.

Samansetjinga av jordskifteretten i den enkelte saka (lovforslaget § 2-6) er drøfta i kapittel 7.7. Hovudregelen i lovforslaget er at retten skal setjast med jordskiftedommaren som einedommar. Dette er ei harmonisering i høve til sivile saker for tingretten, og det kan bidra til å halde sakskostnadene nede for partane. Retten kan likevel setjast med jordskiftemeddommarar når ein av partane krev det, eller om jordskiftedommaren meiner det trengst for å få ei forsvarleg behandling av saka. Omsynet til bruk av lekdommarar i domstolane er såleis teke vare på. Jordskiftemeddommarar skal vere hovudregelen i tiltaks- og vernejordskifte, der det regelmessig vil vere behov for skjønnsmessige vurderingar. Utgangspunktet er to meddommarar, men partane kan krevje fire meddommarar, eller jordskiftedommaren kan fastsetje dette om han meiner det trengst. Tilsvarande skal det vere meddommarar i skjønn og andre avgjerder som er til behandling i samband med jordskifte. I dei tilfella skjønn og andre avgjerder etter andre lover går som eiga sak, følgjer saksbehandlinga reglane i skjønnsprosesslova, der hovudregelen er fire meddommarar.

I kapittel 7.8 foreslår departementet mellom anna at meddommarane framleis skal oppnemnast, og ikkje trekkjast, fordi oppnemning gir best kontroll på at meddommarane er kunnige i det saka gjeld (lovforslaget § 2-7). Departementet foreslår å føre vidare kravet om kunnige meddommarar frå gjeldande jordskiftelov. I kapittel 7.9 foreslår departementet reglar om at jordskiftedommaren skal gjere meddommarane kjent med dei pliktene ein meddommar har (innprenting), at meddommarane første gongen dei gjer teneste som meddommar (lovforslaget § 2-8) skal love at dei vil gjere pliktene samvitsfullt og etter beste overtyding (lovnad). Domstoladministrasjonen skal fastsetje ordlyden i lovnaden.

I kapittel 7.10 behandlar departementet nokre endringar i domstollova som følgje av overgangen frå to til ein rettsmiddelinstans. Departementet foreslår nye reglar i domstollova om jordskiftelagdommaren, og om bruken av jordskiftemeddommarar i lagmannsretten. Departementet foreslår òg reglar i domstollova om godkjenning av utanlandsk utdanning for dommarar ved jordskifterettane og lagmannsrettane.

Proposisjonen kapittel 8 handlar om jordskifte og fordeling av planskapt netto verdiauke med vidare (kapittel 3 i lovforslaget). I kapittel 8.1 gir departementet ei kort innføring i kva jordskifte er. Etter lovforslaget er det små endringar i dei verkemidla jordskifteretten kan bruke for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva som partane tek opp. Jordskifteretten kan byte om på grunn og rettar, skipe og oppløyse sameige, gi reglar for og avløyse rettar over fast eigedom, skipe bruksordningar, fastsetje felles tiltak og felles investeringar, skipe lag og fastsetje vedtekter med meir. Verkemidla er regulerte i kapittel 3 del I og II i lovforslaget.

I kapittel 8.2 drøftar departementet strukturen i reglane om jordskifte. Kapitlet om jordskifte startar med ein del som gjeld utenlege eigedomstilhøve og bruk av verkemiddel i jordskifte. Del II i kapittel 3 i lovforslaget gjeld verkemidla i jordskifte. I del III finst reglar om grunnlaget for jordskifteløysinga. Del IV gjeld jordskifteløysinga. Delen har reglar om krav til den endelege jordskifteløysinga, mellom anna at jordskifteløysinga ikkje skal føre til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett. I tillegg er det ein del med føresegner om kva retten kan gjere ved bruk av dei forskjellige verkemidla. I del V finst reglar om fordeling av planskapt netto verdiauke. Del VI inneheld ein paragraf knytt til fare for elvebrot, skred, sandfok og liknande. Dersom det skjer ein slik skade og retten i ei tidlegare sak har gitt reglar om korleis skade som følgje av slik uheldige hendingar skal jamnast ut, kan partar som ikkje blir samde om utjamninga av skaden mellom seg, be jordskifteretten om å jamne ut skaden. Departementet foreslår i del VII reglar som ikkje høver i dei andre delane.

I kapittel 8.3 gjer departementet greie for nokre ord og uttrykk som blir brukt i lovforslaget kapittel 3. Kapittel 8.4 gjeld jordskifte og disposisjonsprinsippet. Departementet drøftar spørsmålet om kva for råderett partane har over innhaldet i og utfallet av eit jordskifte. Partane har hand om kva for utenlege eigedomstilhøve jordskiftet skal bøte på, men det er jordskifteretten som fastset kva for verkemiddel som er eigna til å løyse det utenlege tilhøvet. Partane har ikkje like sterk styring med utfallet av eit jordskifte som med utfallet av rettsfastsetjande saker. Jordskifteløysinga vil ofte vere eit kompromiss mellom mange omsyn og interesser, og jordskifteretten skal sjå til at vilkåra for jordskifte er til stades, for eksempel vilkåret som gir vern mot tap, sjå lovforslaget § 3-18.

I kapittel 8.5 gjer departementet greie for tilhøvet mellom jordskifte og omskiping og avskiping etter servituttlova. Lovforslaget byggjer på at tilhøvet mellom jordskifte og omskiping og avskiping etter servituttlova skal vere om lag som etter gjeldande lov. Alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom skal framleis kunne omformast som del av eit jordskifte, og dei skal kunne avløysast med heimel i jordskiftelova dersom bruksretten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Departementet foreslår at jordskifteretten òg skal ha heimel til å avløyse ein negativ servitutt som er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Departementet foreslår at jordskifteretten skal bli einaste domstol som kan behandle saker om omskiping, avskiping og utvising etter servituttlova.

I kapittel 8.6 drøftar departementet bruken av jordskifteverkemiddel i høve til reindrifta.

Kapittel 8.7 gjeld kva verkemiddel jordskifteretten kan bruke. Departementet gjer greie for forslaga til plassering av dei ulike kompetanseheimlane, og tilhøvet mellom dei ulike reglane om kompetansen jordskifteretten skal ha. Kapittel 8.8 har overskrifta «Utenlege eigedomstilhøve». Kapitlet gjeld vilkåret om at jordskifte kan haldast dersom minst ein eigedom eller bruksrett i jordskifteområdet er vanskeleg å bruke på tenleg måte etter tid og tilhøve. Jordskifteretten kan òg halde jordskifte dersom det er pårekneleg at minst ein eigedom eller bruksrett blir vanskeleg å bruke på tenleg måte som følgje av eit offentleg eller privat tiltak. Kapittel 8.9 har overskrifta «Meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet». Departementet foreslår å lovfeste ein regel om at kompetansen til å halde jordskifte berre gjeld dersom jordskiftet samla sett fører til meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet.

Kapittel 8.10 gjeld ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett. Departementet foreslår å føre vidare heimelen for å forme ut eigedommar på nytt ved at delar av eigedommane byter eigar, eller ved at alltidvarande bruksrettar som ligg til fast eigedom utformast på nytt. Departementet foreslår òg å slå saman heimlane i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b og heimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i. Heimelen opnar såleis for å omforme eigedommar og rettar på grunnlag av utenlege eigedomstilhøve som følgje av godkjent reguleringsplan etter plan- og bygningslova i område som anten gjeld eksisterande område for bygging og anlegg, eller nytt område for bygging og anlegg. Endringa fører blant anna til at vilkåret i gjeldande jordskiftelov om at partane skal vere samde om å krevje sak blir borte. Etter lovforslaget gjeld den alminnelege regelen om at det er nok at ein part krev slik sak.

Kapittel 8.11 gjeld skiping av sameige. Departementet foreslår ein ny heimel for jordskifteretten til å skipe sameige mellom eigedommar dersom dette bøter på dei utenlege eigedomstilhøva på ein betre måte enn ved å gi reglar om sambruk mellom eigedommar. Heimelen er særleg aktuell for infrastruktur som vegar, parkeringsareal, vass- og kloakkleidningar, el- og IT-leidningar, leikeplassar og andre fellesområde.

Kapittel 8.12 gjeld oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedommar, samt deling av eigedom. Departementet foreslår å føre vidare heimelen for å løyse opp sameige og sambruk mellom eigedommar. Departementet foreslår å lovfeste gjeldande praksis om at oppløysinga kan gjennomførast delvis eller fullstendig. Jordskifteretten skal òg framleis kunne dele og forme ut ein eigedom med tilhøyrande bruksrettar etter eit fastsett høvetal. Dersom delinga krev løyve frå forvaltinga, må dette liggje føre før jordskifteretten fastset jordskifteløysinga.

Kapittel 8.13 gjeld reglar om sambruk (bruksordning). Derpartementet foreslår å føre vidare heimelen til å gi reglar om bruken der det eksisterer sambruk mellom eigedommar. Jordskifteretten skal framleis òg kunne gi reglar om sambruk der det ikkje er slik sambruk frå før dersom det er særlege grunnar for det. Lovforslaget fører vidare hovudinnhaldet i gjeldande jordskiftelov § 35 når det gjeld kva som kan vere grunnlag for ei sjølvstendig sak om å gi reglar om sambruk. Heimelen for å kunne gi slike reglar er likevel gjort meir generell i lovforslaget. Departementet foreslår òg ei ny føresegn som gir jordskifteretten heimel til å gi reglar om sambruk av uteareal til eigarseksjonar. Departementet foreslår å oppheve heimelen for å gi reglar for bruken i personlege sameige i skogeigedom og i fjellstrøk som for storparten ligg over barskoggrensa. Slike rettshøve vil framleis kunne omskipast etter servituttlova.

I kapittel 8.14 foreslår departementet å føre vidare heimelen for at jordskifteretten kan påleggje felles tiltak og felles investeringar i samband med bruk av eigedommar eller bruksrettar. Reglane i gjeldande jordskiftelov er splitta opp etter konkrete tiltak. Heimelen i lovforslaget er gjort generell. Departementet foreslår òg at heimelen blir utvida til å gjelde bruksrettar. Jordskifteretten skal òg kunne påleggje felles tiltak og felles investeringar mellom reindrifta og grunneigarar eller bruksrettshavarar.

Kapittel 8.15 gjeld etablering av lag og fastsetjing av vedtekter. Kapittel 8.15 gjeld òg driftsselskap. Departementet foreslår at jordskifteretten framleis skal kunne skipe lag for drift eller vedlikehald når fleire skal bruke eigedommen eller har bruksrett. Jordskifteretten skal òg kunne endre eksisterande lag. Etter lovforslaget skal retten ha plikt til å fastsetje vedtekter for dei laga han skipar. Tiltak som kan innebere stor risiko kan etter lovforslaget berre gjennomførast av eit driftsselskap.

Kapittel 8.16 gjeld bruksrettar og andre rettar som er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Ei føresegn i lovforslaget gir heimel for å omskipe eller avløyse tidsavgrensa bruksrettar og alltidvarande bruksrettar som ikkje ligg til fast eigedom. Kapitlet har òg ein heimel for å avløyse alltidvarande bruksrettar som ligg til fast eigedom, og å avløyse negative servituttar. Eit vilkår for å bruke heimlane er at dei aktuelle rettane er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Heimelen til å avløyse negative servituttar er ny. Dei andre heimlane byggjer på tilsvarande heimlar i gjeldande jordskiftelov.

Kapitla 8.17 til 8.19 gjeld grunnlaget for jordskifteløysinga. Jordskifteretten skal fastsetje eigedoms- og bruksrettstilhøva og verdsetje dei. Formålet er å slå fast kva kvar enkelt part eig i jordskifteområdet før jordskifteretten nyttar verkemiddel for å bøte på det partane har teke opp som utenleg. Reglane er her forenkla og tilpassa ein situasjon der jordskifte ikkje berre skjer i landbruksområde. I kapittel 8.18 foreslår departementet at jordskifteretten skal fastsetje eigedoms- og bruksrettstilhøva slik dei er. Løysinga er i samsvar med gjeldande lov. Dersom partane er samde om heile eller delar av grunnlaget for jordskifteløysinga, kan jordskifteretten etter forslaget byggje på denne semja. Kapittel 8.19 handlar om kva jordskifteretten skal verdsetje. Departementet foreslår å føre vidare at det som går i byte, skal verdsetjast. Verdsetjinga skal byggje på pårekneleg bruk. Ved verdsetjing av skog skal det framleis vere opning for å trekkje verdien av standskogen inn i grunnlaget for jordskiftet.

Kapitla 8.20 til 8.28 inneheld departementets forslag til føresegner om jordskifteløysinga. Reglane i lovforslaget er forenkla og tilpassa ein situasjon der jordskifte ikkje berre skjer i landbruksområde. I kapittel 8.21 foreslår departementet at jordskifteløysinga ikkje skal gå lenger enn det som er nødvendig for å bøte på dei utenlege tilhøva som partane har teke opp. I kapittel 8.22 foreslår departementet at jordskifteløysinga ikkje skal vere i strid med bindande offentlege føresegner om arealbruk. Nødvendige offentlege løyve skal òg liggje føre når jordskifteretten tek avgjerd om den endelege jordskifteløysinga. Kapittel 8.23 gjeld vern mot tap. Departementet foreslår at jordskifteløysinga ikkje skal føre til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett. Kapittel 8.24 gjeld byte av grunn, rettar og andre verdiar i eit jordskifte. Departementet foreslår ei forenkling av føresegnene om korleis jordskifteretten skal leggje ut grunn og bruksrettar. Jordskifteretten skal leggje ut grunn og bruksrettar på tenleg måte ut frå grunnlaget for jordskiftet. Jordskifteretten skal framleis byte grunn mot grunn, bruksrett mot bruksrett, bruksrett mot grunn og grunn mot bruksrett. Jordskifteløysinga skal likevel framleis opne for å byte grunn eller bruksrett mot pengar eller andre verdiar dersom det ikkje let seg gjere å få til ei jordskifteløysing på anna måte. Departementet foreslår å føre vidare gjeldande føresegn om at dersom nokon part treng grunn til særskilte formål som vegar eller anna, kan han krevje dette utlagt av sin del. Eit aktuelt eksempel er dei tilfella der vegmyndigheita skal føre fram offentleg veg, og ho eig ein eigedom i høveleg nærleik av veglina. Departementet foreslår òg å føre vidare føresegna i gjeldande lov om at jordskifteretten må vere varsam med å byte om grunn eller rettar som kan endre verdi. Departementet foreslår ut over dette å føre vidare hovudinnhaldet i gjeldande reglar om utjamningsmåten i samband med overføring av standskog.

Departementet foreslår i kapittel 8.25 å føre vidare ein regel om at jordskifteretten bør ta omsyn til leigetilhøva i jordskifteområdet i jordskifteløysinga, og at jordskifteretten framleis skal ha plikt til å ordne tilhøvet mellom jordleigar og eigar om det trengst. Føresegna i gjeldande lov om at jordskifteretten skal arbeide for å få til kjøp og sal av eigedom i jordskifteområdet foreslår departementet ikkje å føre vidare.

Forslaga i kapittel 8.26 gjeld vederlag ved avløysing av rettar. Departementet foreslår at hovudregelen framleis skal vere byte av grunn eller rettar, men vederlaget kan fastsetjast til pengar eller andre verdiar dersom det er meir tenleg.

I kapittel 8.27 foreslår departementet å føre vidare at jordskifteretten skal leggje vekt på den framtidige utnyttinga av eigedommane, og dei økonomiske evnene partane har når jordskifteretten gir pålegg om felles investeringar. I kapittel 8.28 foreslår departementet å føre vidare at når jordskifteretten skipar lag, svarar kvar av deltakarane i laget overfor tredjemann etter partshøvet i laget. Departementet foreslår òg å føre vidare at jordskifteretten skal fordele kostnader ved investeringstiltak etter nytten kvar part har av tiltaket.

I kapittel 8.29 foreslår departementet at saker om fordeling av planskapt netto verdiauke skal plasserast i ein eigen del av jordskiftekapitlet, og ikkje reknast som ei ordinær jordskiftesak. Jordskifteretten kan fordele planskapt netto verdiauke mellom eigedommar som er omfatta av ein reguleringsplan. Fordelinga kan gjerast dersom planmyndigheita har gitt føresegn om at planskapt verdiauke skal fordelast. Planmyndigheita må i reguleringsplanen ha fastsett den geografiske avgrensinga av området for fordeling. Departementet foreslår i det alt vesentlege å føre vidare innhaldet i føresegnene om korleis jordskifteretten skal verdsetje og om korleis jordskifteretten skal fordele planskapt verdiauke. Det inneber at jordskifteretten skal verdsetje samla planskapt netto verdiauke for fordeling. Jordskifteretten skal verdsetje dei delane som kvar part skal ha av verdiauken. Jordskifteretten skal verdsetje alle eigedommane ut frå eigenskapane dei har til utbyggingsformål og uavhengig av kva som går fram av reguleringsplanen.

Kapittel 8.30 gjeld fare for naturskade. Der det er fare for naturskade skal jordskifteretten om det ikkje er mogleg å ta omsyn til det i sjølve jordskifteløysinga, fastsetje nødvendig forbyggingsarbeid eller andre tryggingstiltak og gi reglar for korleis kostnadene med arbeidet og vedlikehaldet skal delast. Er det ikkje teke omsyn til faren i jordskifteløysinga, skal jordskifteretten gi reglar for det tilfellet det blir skade, og først og fremst om korleis kostnadene ved skaden skal delast. Departementet foreslår å føre vidare heimelen for at jordskifteretten kan jamne ut skade etter elvebrot, skred, sandfok og liknande når jordskifteretten i eit tidlegare jordskifte har gitt reglar for korleis skaden skal delast mellom partane og partane ikkje blir samde om korleis utjamninga skal gjerast.

Kapittel 8.31 gjeld bruken av jordskifteområde. Departementet foreslår å føre vidare heimelen til å fastsetje reglar for bruken av jordskifteområdet frå det tidspunktet saka ikkje lenger kan trekkjast utan samtykke frå jordskifteretten, og fram til jordskiftet er gjennomført. Departementet foreslår òg reglar om vederlag for den som må avstå frå bruk og fordeling av kostnader. Kapittel 8.32 gjeld skiping og oppmåling av nye matrikkeleiningar. Departementet foreslår å føre vidare hovudinnhaldet i gjeldande jordskiftelov som gir jordskifteretten heimel for å skipe og måle opp nye matrikkeleiningar i jordskifteområdet. Kapittel 8.33 gjeld frist for iverksetjing av avgjerd. Departementet foreslår ein tilvisingsregel til lovforslaget § 6-27 som gir heimel for å setje dei fristar som trengst for å iverksetje avgjerder etter jordskiftekapitlet i lovforslaget. Heimelen er generell, og kjem i staden for meir detaljerte reglar i gjeldande lov. Kapittel 8.34 gjeld sperretid for nytt jordskifte. Departementet foreslår i det alt vesentlege å føre vidare gjeldande føresegner om sperretid for nytt jordskifte. Hovudregelen skal vere ei sperretid på 10 år, men med opning for unntak dersom naturkatastrofar, kjøp av tilleggsjord og liknande gjer at det ikkje lenger er naturleg å sjå området som tidlegare skifta.

Kapittel 8.35 gjeld endringar i andre lover. Departementet foreslår endringar i fem lover som følgje av forslag om endringar i jordskiftekapitlet i lovforslaget. Grunngivinga for, og innhaldet i endringane i desse lovene er behandla saman med det aktuelle temaet i jordskiftekapitlet i lovforslaget. Kapittel 8.36 gjeld verkemiddel og andre reglar som ikkje førast vidare. Departementet foreslår ikkje å føre vidare føresegner om minneleg jordskifte eller om jordskifte ved valdgift i ny jordskiftelov. Departementet foreslår at heller ikkje føresegnene om utflytting skal førast vidare i ny jordskiftelov.

Proposisjonen kapittel 9 gjeld rettsutgreiing (kapittel 4 i lovforslaget). Reglane om rettsutgreiing blir i hovudsak ført vidare i lovforslaget § 4-1, men med litt andre formuleringar enn i gjeldande jordskiftelov. Med rettsutgreiing i lovforslaget kapittel 4 er meint fastsetjinga jordskifteretten gjer av innhaldet i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak. Departementet foreslår å ta bort det særlege vilkåret i gjeldande jordskiftelov, om at rettsutgreiing berre kan utførast «når dette er nødvendig av omsyn til ein rasjonell bruk av området». Det er nok for å krevje rettsutgreiing at dei som har interesser knytt til eigedomsrett eller bruksrett i eit område, treng ei avklaring av rettstilhøva. Jordskifteretten kan fastsetje innhaldet i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak i sameige, i område der det er sambruk eller er uklart om det er sambruk mellom eigedommar, ved registrering av uregistrert jordsameige, i område med reindrift i det samiske reinbeiteområdet, og i område der det er sambruk av uteareala som ligg til eigarseksjonar. Rettsutgreiing er normalt (saman med grensefastsetjing) del av grunnlagsarbeidet i jordskiftesakene. Rettsutgreiing kan behandlast som eiga sak, eller i kombinasjon med grensefastsetjing. Som etter gjeldande reglar skal jordskifteretten etter lovforslaget kunne avgjere tvist om underliggjande rettshøve.

Proposisjonen kapittel 10 gjeld grensefastsetjing (kapittel 4 i lovforslaget). Reglane førast i hovudsak vidare frå gjeldande jordskiftelov. Endringane ligg i det vesentlege i korleis ein brukar ulike omgrep. I kapittel 10.4 gjer departementet greie for dei vurderingane ein har gjort ved utforminga av reglane. Det som tidlegare blei kalla grensegang er endra til grensefastsetjing, som betre beskriv denne verksemda. Systematikken i lova gjer at reglar om saksbehandling og materielle reglar er skilde òg når det gjeld grensefastsetjing. Departementet foreslår å ta inn ein spesiell regel om høyring av forslag til fastsetjing (som òg gjeld for forslag til rettsutgreiing) i kapitlet om saksbehandling (lovforslaget § 6-21). Føresetnaden for slik høyring er at det ikkje er tvist mellom partane. Er det tvist, følgjer ein prosessreglane i tvistelova. Tvist er ikkje noko vilkår for at jordskifteretten skal behandle krav om grensefastsetjing, eller for at retten skal fastsetje grensene som ein nødvendig del av grunnlagsarbeidet før jordskifte. Er det tvist, vil på den andre sida både tingretten og jordskifteretten kunne avgjere ei sak om grensefastsetjing. Departementet har vurdert å leggje sakene om grensefastsetjing til jordskifteretten aleine, i og med at jordskifteretten allereie har dei fleste slike saker. Jordskifteretten har dessutan ingeniørar og teknisk utstyr til å gjere grensemerking og koordinatfesting. Departementet har blitt ståande ved ikkje å foreslå dette. Bakgrunnen for dette er mellom anna at spørsmålet ikkje har vore på høyring. Departementet meiner at det heller ikkje på avgjerande måte talar mot tingrettane at dei ikkje har noko tilsvarande teknisk apparat som det jordskifteretten har.

Departementet foreslår å harmonisere bruken av omgrep i jordskiftelova og matrikkellova når det gjeld kva for eigedommar jordskifteretten skal kunne fastsetje grensene for. Det er gjort ved at det er vist til dei aktuelle paragrafane i matrikkellova. Det er òg foreslått at jordskifteretten kan fastsetje grenser for fast eigedom og rettar som eiga sak i samisk reinbeiteområde.

Departementet foreslår at kompetansen jordskifteretten har til å justere ulaglege grenser blir den same som matrikkelmyndigheitene har etter matrikkellova. Departementet foreslår òg at jordskifteretten skal kunne avgjere eventuelle gjerdespørsmål langs dei grensene som blir fastsette, slik at gjerder og plikt til å halde gjerde kan tilpassast dei nye grensene. Departementet seier òg i lovforslaget at for fastsetjing av grenser som gjeld bygdeallmenning eller statsallmenning, gjeld bygdeallmenningslova § 1-4 og statsallmenningslova § 4-2, og at jordskifteretten kan fastsetje slike grenser som er nemnde i vassdragslova §§ 2, 3 og 4.

Departementet meiner ein kan ta ut av lovverket reglane om merking av grenser fastsett av Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms, i og med at kommisjonen har avslutta arbeidet sitt. Særlege reglar om grensemerking og koordinatfesting av grenser fastsett av Finnmarkskommisjonen og utmarksdomstolen, er tekne inn i finnmarkslova § 45. Departementet seier likevel i lovforslaget at jordskifteretten gjer grensemerking i terrenget, koordinatfesting og kartlegging etter finnmarkslova § 45.

Som etter gjeldande reglar skal jordskifteretten etter lovforslaget kunne avgjere tvist om underliggjande rettshøve.

Kapittel 11 gjeld skjønn og andre avgjerder etter andre lover (kapittel 5 i lovforslaget). Lovforslaget inneber inga innskrenking i dei heimlane jordskifteretten har til å halde skjønn i dag. Jordskifteretten held i dag skjønn når jordskifte skjer i samband med offentleg ekspropriasjon for å iverksetje tiltak (bygging, utbetring med meir) eller i samband med offentleg regulering av eigarrådvelde (vern). Jordskifteretten held òg skjønn etter reglane i ei rekkje særlover. Jordskifteretten held òg skjønn som eiga sak, når det er avtalt mellom partane. I kapittel 11.1 drøftar departementet omgrepet skjønn. Departementet meiner omgrepet skjønn i fleire av særlovene er brukt om avgjerder der dei vurderingane retten skal gjere, ikkje er skjønn i tradisjonell meining. I nokre tilfelle er omgrepet skjønn brukt for å få fram at saka skal gå etter reglane i skjønnsprosesslova. Departementet foreslår at omgrepet skjønn berre skal brukast om avgjerder som gjeld fastsetjing av pengebeløp (erstatning, vederlag). I lovforslaget er ikkje omgrepet skjønn brukt for å seie kva reglar saka skal behandlast etter. Avgjerder som ein ikkje lenger vil kalle skjønn er i lovforslaget kalla «andre avgjerder».

I kapittel 11.2 gjer departementet greie for systematikken i reglane om skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Reglane står i eit eige kapittel i lovforslaget. Departementet foreslår ein paragraf om heimelen jordskifteretten har til å halde skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte, ein paragraf om skjønn i samband med jordskifte som følgje av tiltak fastsett av jordskifteretten i vassdrag, ein paragraf om skjønn som jordskifteretten held og andre avgjerder som jordskifteretten tek i samband med sak for jordskifteretten etter særlov, ein paragraf som gjeld dei skjønna og avgjerdene som jordskifteretten behandlar som eiga sak og ein paragraf om skjønn og avgjerder som partane har avtalt at jordskifteretten kan halde. Departementet foreslår òg ein heimel for retten til å bestemme at skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett skal behandlast som eiga sak. Departementet foreslår òg ein paragraf som regulerer kva for reglar om saksbehandling med meir, som gjeld for ulike skjønn og andre avgjerder. Departementet foreslår dessutan ein paragraf som seier kva for kompetanse jordskifteretten skal ha til å avgjere tvistar i saker etter lovforslaget kapittel 5.

I kapittel 11.3 behandlar departementet spørsmålet om endringar i den parallelle (overlappande) kompetansen det er i lovverket, når det gjeld behandlinga av skjønn. Både tingrett, jordskifterett, lensmann, namsfut og politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver, har på nokre område kompetanse til å styre og heimle same slags skjønn. Departementet foreslår endringar i dette, ved at jordskifteretten på nokre område får kompetansen aleine. Dette gjeld område der jordskifteretten har gode føresetnader for å behandle slike saker. Det gjeld saker etter grannegjerdelova, beitelova, enkelte spørsmål knytt til veglova, servituttlova og enkelte avgjerder etter reindriftslova.

I andre tilfelle foreslår departementet ikkje endring når det gjeld parallell kompetanse. Etter reindriftslova § 70 skal både jordskifteretten og tingretten kunne behandle erstatningsskjønn for skade valda av rein. Det gjeld òg avtaleskjønn.

I kapittel 11.4 drøftar departementet spørsmålet om den stadlege avgrensinga av kompetansen jordskifteretten har. Departementet foreslår å ta bort reglar som avgrensar kompetansen jordskifteretten har til eit nærare definert geografisk område (LNFR-område etter plan- og bygningslova).

Kapittel 11.5 gjeld kompetansen til jordskifteretten. Departementet behandlar kompetansen jordskifteretten har i høve til ulike typar skjønn. For skjønn i samband med vernejordskifte, foreslår departementet ei endring slik at kompetansen i jordskifteretten blir utvida til òg å gjelde spørsmålet om det skal ytast erstatning for avgrensingar i råderetten som følgjer av eit vernevedtak. Etter gjeldande reglar er det dei ordinære domstolane som avgjer dette. I særlovene som er nemnde i kapitlet, blir det ikkje gjort endringar i reglane om kva som skal avgjerast. Departementet foreslår likevel endringar når det gjeld kven som skal ta avgjerdene. Som nemnt over tek ein òg bort den stadlege avgrensinga av kompetansen knytt til kompetansen jordskifteretten har. Ut over dette foreslår departementet berre mindre endringar.

I kapittel 11.6 drøftar departementet spørsmålet om å leggje heilt ny skjønnskompetanse til jordskifteretten. Jordskifteretten får etter forslaget kompetanse til å treffe avgjerder etter beitelova.

Departementet behandlar i kapittel 11.7 reglane om saksbehandling. Departementet foreslår at skjønn og andre avgjerder etter andre lover som behandlast i samband med sak for jordskifteretten skal følgje jordskiftelova kapittel 1, 2, 6 og 8 så langt dei høver. I tillegg gjeld § 7-1 andre ledd og § 7-10. Reglane i skjønnsprosesslova skal gjelde der jordskiftelova ikkje har reglar. I tillegg gjeld dei reglane i dei lovene som er nemnde i lovforslaget § 5-3.

Skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak følgjer reglane i skjønnsprosesslova. I kapittel 11.8 drøftar departementet kva for reglar ein bør ha om behandlinga av tvistar om underliggjande rettshøve i saker etter kapittel 5 i lovforslaget, som retten må avgjere.

Proposisjonen kapittel 12 gjeld reglane om saksbehandling (kapittel 6 i lovforslaget). Departementet gjer i kapittel 12.1 greie for hovudprinsippa for reglane om saksbehandling og tilhøvet til tvistelova. Reglane om saksbehandling er ein kombinasjon av reglar i tvistelova, og eigne reglar tilpassa behovet i saker for jordskifteretten. Tilhøvet mellom tvistelova og jordskiftelova er ordna slik at det i lovforslaget § 6-1 er lista opp kva for konkrete kapittel og paragrafar i tvistelova som skal gjelde så langt dei høver. Andre stader i lovforslaget kapittel 6, viser departementet direkte til enkelte av reglane i tvistelova, av omsyn til informasjon. Når det gjeld behandlinga av skjønn, inneber lovforslaget at skjønn som blir behandla i samband med sak for jordskifteretten, følgjer reglane om saksbehandling i jordskiftelova. Det at jordskifte og skjønn følgjer same reglar om saksbehandling i slike «kombinerte saker» forenklar behandlinga. Skjønn som eiga sak skal følgje skjønnsprosesslova, slik at behandlinga blir lik for alle skjønn som ikkje blir behandla i samband med jordskifte. Tilhøvet til tvistelova og skjønnsprosesslova er behandla i kapittel 12.2.

Reglane om saksbehandling byggjer på dei same prosessuelle prinsippa som tvistelova. Dette gjeld mellom anna prinsippa om at retten berre kan byggje avgjerdene på fakta som partane har hatt oppmoding til å uttale seg om (kontradiksjonsprinsippet). Partane skal òg ha rett til å føre bevis direkte for retten. Prosessen byggjer på at sakene skal behandlast på ein effektiv og ikkje for kostbar måte, og at partane skal behandlast likt. Andre grunnleggjande prinsipp er at retten har plikt til å grunngi avgjerdene, og at partane har høve til å få avgjerder overprøvd av høgare rettsinstansar. Lovforslaget byggjer òg på at jordskifterettane er uavhengige domstolar (særdomstolar). Ein grunnleggjande forskjell mellom dei allminnelege domstolane og jordskifterettane, er at jordskifterettane kan behandle saker utan at det er tvist mellom partane. Dette særtrekket ved jordskifterettane blir ført vidare.

Kapittel 12.3 gjeld reglane om saksbehandling i den nye jordskiftelova. Departementet foreslår i lovforslaget kapittel 6 del II (§§ 6-2 til 6-9) reglar om førebuing av saka. Departementet foreslår reglar om forma på og innhaldet i det kravet som skal få ei sak i gang, og reglar om korleis retten skal styre sakene, til dette kontrollen med om vilkåra er oppfylte. Departementet foreslår òg reglar om retten partane har til å fremje merknader til krav om sak, og reglar om den geografiske og saklege avgrensinga som retten gjer av sakene, i tråd med kravet og merknader frå partane. I lovforslaget kapittel 6 del III (§§ 6-10 til 6-13) foreslår departementet reglar om rettsmøte og rettsbøker. Kapittel 6 del IV (§§ 6-14 til 6-20) gjeld generelle reglar om det faktiske grunnlaget for avgjerdene retten skal ta, om bevis, og om plikta retten har til å rettleie partane, om minneleg løysing og rettsmekling. Reglane legg til rette for at minnelege løysingar av saker for jordskifteretten og forlik mellom partane, framleis vil vere eit sentralt trekk ved verksemda i jordskifteretten. Kapittel 12.3 gjeld òg trekking av krav og delvis avslutting av sakene.

Kapittel 12.3 handlar òg om plikta jordskifteretten har til å utarbeide forslag til jordskifteavgjerd og at forslaget til jordskifteavgjerd skal leggjast skriftleg fram for partane. Lovforslaget kapittel 6 del V (§§ 6-21 og 6-22) har reglar om korleis retten utarbeider forslag til avgjerd om jordskifteløysing og fastsetjing av grenser, rettar og anna. Denne høyringa av forslag til avgjerd skil jordskifterettane frå dei allminnelege domstolane. Ved behandlinga av tvist om grenser eller rettar legg lovforslaget til rette for at jordskifteretten kan følgje reglane i tvistelova om saksbehandling (mellom anna med hovudforhandling). I lovforslaget kapittel 6 del VI (§§ 6-23 til 6-29) er det reglar om dei formene for avgjerd som retten gjer bruk av, plikta retten har til å grunngi avgjerdene, og reglar om rettsforlik, frist for iverksetjing av endeleg jordskifteløysing, rettskraft og tvangskraft, og reglar om merking og koordinatfesting av grenser med meir.

Avgjerda av realitetane i ei jordskiftesak er etter lovforslaget ei «jordskifteavgjerd». Dette er ei ny form for avgjerd i høve til gjeldande lov. Skjønn eller andre avgjerder som blir behandla i samband med sak for jordskifteretten etter kapittel 5 i lovforslaget, er òg ei jordskifteavgjerd. Når retten avgjer realitetane i spørsmål om grenser, eigedomsrett, servituttar med meir skal retten seie dom. Avgjerder som gjeld saksbehandlinga er anten orskurd («kjennelse») eller vedtak («beslutning»). Reglane om formene for avgjerd dannar grunnlaget for den vidare behandlinga av sakene i ankeinstansen. Kapittel 12.3 gjeld òg lovforslaget kapittel 6 del VII (§§ 6-30 og 6-31). Departementet foreslår i lovforslaget del VII reglar om at jordskifteretten skal rapportere til matrikkelmyndigheita at det er sett fram krav om sak, og om resultatet av saka. Del VII har òg reglar om tinglysing av avgjerdene.

Kapittel 12.4 omhandlar visse sentrale delar av tvitstelova som ikke blir gjort gjeldande for sakbehandlinga i jordskifterettane. Kapittel 12.5 gjer greie for forslaget om ikkje å føre vidare ordninga med fremjingsvedtak.

Kapittel 13 gjeld sakskostnader og gebyr. Forslaget til reglar går fram av lovforslaget kapittel 7.

Lovforslaget kapittel 7 deler reglane om sakskostnader og gebyr inn i 6 underkapittel. I del I finst reglar om kva for sakskostnader partane til vanleg skal betale til jordskifteretten. Del II inneheld reglar om kva slags gebyr som skal betalast, kven som skal betale gebyr og storleiken på gebyra. I del III finn ein reglane om fordeling av sakskostnader mellom partane. Del IV inneheld reglar for kostnader til rettshjelp (advokat) og anna sakkunnig hjelp. Del V har reglar om kostnader knytte til skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med jordskifte, anke med meir. I del VI er det samla opp andre reglar om sakskostnader som ikkje høver i dei andre underkapitla.

Lovforslaget fører vidare ordninga med sideutgifter. Sideutgifter er behandla i kapittel 13.2.3, og reglane går fram av lovforslaget § 7-1 bokstav g. Sideutgifter ved tiltaks- og vernejordskifte skal framleis berre betalast av den offentlege myndigheita som står bak tiltaket eller vernet.

Partane skal etter lovforslaget framleis betale sakskostnader. Kva som er sakskostnader går fram av lovforslaget § 7-1.

Lovforslaget §§ 7-2 til 7-5 fører vidare reglane om gebyr for sak for jordskifteretten. Gebyra er inngangsgebyr, grenselengdegebyr og partsgebyr. Føresegna om at jordskifteretten kan endre dei samla gebyra dersom arbeidet med saka avvik nemnande frå det vanlege, blir òg ført vidare.

Departementet foreslår å føre vidare regelen om deling av kostnadene partane har. Kostnadene skal delast etter den nytten dei har av saka (§ 7-6). I tiltaks- eller vernejordskifte skal tiltakshavaren eller vernemyndigheita betale sakskostnadene. Jordskifteretten kan leggje sakskostnader knytt til tiltaks- eller vernejordskifte på partar som får netto nytte. Lovforslaget § 7-7 regulerer ansvaret for sakskostnadene når ei sak blir trekt eller avvist, eller krav eller opplysningar kjem for seint. Da skal kostnadene leggjast på den som har valda kostnadene. Utgift som omsynet til berre enkelte eigedommar eller ein part har valda, kan jordskifteretten leggje på vedkommande aleine.

Lovforslaget fører vidare systemet med at skjønnsprosesslova gjeld for skjønn som går som eiga sak for jordskifteretten. Det gjeld òg for reglane om sakskostnader.

Lovforslaget fører òg vidare kostnadsreglane ved dom og rettsforlik i tvist. I begge tilfelle gjeld reglane i tvistelova. Regelen er at ved dom skal parten som vinn, få vederlag for eigne kostnader til advokathjelp i tvisten. Til vanleg vil eit rettsforlik òg avgjere spørsmålet om sakskostnader.

Lovforslaget lovfestar at staten har same ansvar for sakskostnader ved sak for jordskifteretten som ved sak for tingretten (§ 7-15). Etter dette vil det ikkje vere nokon tvil om at partane kan krevje erstatning for det tap som feil frå jordskifteretten har påført dei. Slik sak må reisast for tingretten.

Departementet foreslår å ta bort reglane i gjeldande jordskiftelov § 77 om at retten kan forplikte leigar til å gi eigar vederlag for sakskostnader. Sidan departementet foreslår å avvikle minneleg jordskifte, tek ein òg bort reglane om sakskostnader for denne sakstypen.

I lovforslaget er alle reglar om forskott på sakskostnader samla i ein paragraf (§ 7-13). I det alt vesentlege blir reglane om forskott ført vidare. Dette gjeld òg for reglane om rente på forskott.

Når det gjeld fristen for å betale, inneheld lovforslaget ei harmonisering av lengda på fristen til det som gjeld for tingrettane. Fristen vil til vanleg vere 14 dagar. Dette er ei nedkorting med ein dag. Retten kan setje ein romslegare frist.

Lovforslaget inneheld ein eigen paragraf om kostnadene ved gjenopning (§ 7-12). Med unntak for at gebyret for krav om gjenopning er harmonisert til det som gjeld for gjenopning for tingretten, fører føresegna vidare gjeldande lov. Harmoniseringa fører til ein auke på eitt rettsgebyr (frå fem til seks).

Proposisjonen kapittel 14 gjeld rettsmiddel med vidare (kapittel 8 i lovforslaget). Omgrepet rettsmiddel omfattar både anke og krav om gjenopning. Departementet foreslår i kapittel 14.1 at lagmannsretten skal vere ankeinstans ved avgjerd som jordskifteretten tek. Departementet foreslår i kapittel 14.2 som eit utgangspunkt at ein skal kunne anke avgjerdene jordskifteretten tek. Formene for avgjerd går fram av lovforslaget § 6-23. Ut over dette foreslår departementet å oppheve løysinga med gjennomsyn som går fram av gjeldande jordskiftelov § 72.

Prosessforma ved behandlinga av anke er behandla i kapittel 14.3. Forslaget til regel byggjer på at prosessforma må tilpassast det saka gjeld. Dette er ei naturleg følgje av at jordskifterettane fattar ulike slag avgjerder med ulike krav til prosess i første instans. Departementet foreslår at ei ankesak som gjeld jordskifte skal følgje reglane om saksbehandling i jordskiftelova så langt dei høver. Ved anke over dom, foreslår departementet at reglane i tvistelova skal gjelde. Er det anka over skjønn eller andre avgjerder etter lovforslaget kapittel 5, skal skjønnsprosesslova gjelde. Det kan ankast over fleire typar avgjerder i den same saka. I lovforslaget foreslår departementet at slik anke kan behandlast som ei sak for lagmannsretten dersom førstelagmannen fastset dette. Sjølv om saka blir behandla som éi sak skal prosessreglane under behandlinga følgje den enkelte avgjerda som det er anka over.

Kapittel 14.4 gjeld samansetjinga av lagmannsretten ved behandlinga av anke. Departementet legg til grunn at lagmannsretten bør setjast saman ulikt alt etter kva det er anka over, og etter kompleksiteten i den enkelte ankesaka. Førstelagmannen, meddommarane og jordskiftelagdommaren får særlege roller ved førebuing og behandling av anke. Lovforslaget gir førstelagmannen i oppgåve å fastsetje kven som skal førebu saka, kven som skal vere leiar av retten, samansetjinga av retten, til dette i visse høve òg talet på meddommarar. Dersom det er anka over fleire avgjerder, fastset førstelagmannen òg om dei skal behandlast som éi ankesak.

Lovforslaget legg til grunn at det kan vere meddommar ved behandling av anke. Meddommarane skal hentast frå jordskifteutvala. Talet på meddommarar vil variere alt etter kva saka gjeld. Departementet foreslår likevel ei løysing som er meir fleksibel enn gjeldande løysing. Det kan redusere sakskostnadene for partane om lova opnar for at talet meddommarar i den enkelte saka kan bli færre enn i dag. Retten kan for eksempel i ei jordskiftesak setjast saman med ein meddommar, ein jordskiftelagdommar og ein juridisk dommar.

Lovforslaget legg til rette for at jordskiftelagdommaren kan delta ved behandling av anke og overskjønn i alle saker som er avgjort i jordskifteretten. I nokre saker, for eksempel i jordskiftesaker, fastset lova at jordskiftelagdommaren skal delta, i andre saksfelt, for eksempel ved overskjønn opnar lova for slik deltaking. Fleire høyringsinstansar foreslår at lova bør opne for at retten kan setjast med jordskiftelagdommar òg ved anke over tvist avgjort av tingretten dersom saka gjeld rettshøve knytt til fast eigedom. Departementet er samd i dette, og foreslår ei slik løysing.

Kapittel 14.5 gjeld kva for tidspunkt som gjeld for når ein anke kan fremjast. Departementet foreslår å halde fast ved gjeldande løysing som er at saka må vere avgjort og avslutta før partane kan anke. Med sikte på å leggje til rette for effektiv og smidig avvikling av saka foreslår departementet likevel at lova i noko større grad enn gjeldande lov skal opne for å setje ei avgjerd til «førehands påanke». Avgjerda om dette ligg til jordskifteretten.

Departementets forslag til ankefrist, ankefråsegn og fråfall av anke går fram av kapittel 14.6. Reglane byggjer i hovudsak på reglane i tvistelova. Det er innarbeidd eigne reglar om ankefråsegn som gjeld anke over jordskifteavgjerd.

Departementet foreslår å føre vidare reglane om saksførebuing i jordskifteretten i hovudsak, og dei blir omtala i kapittel 14.7. Departementet foreslår ein ny regel som gjer det tydeleg at avgjerd om avvising eller oppfrisking skal treffast av lagmannsretten, ikkje jordskifteretten.

Kapittel 14.8 gjeld ankesum og silingsmekanismar. Departementet foreslår ein regel om at anken kan avvisast, hevast eller opphevast under saksførebuinga. Departementet foreslår òg ein tilvisingsregel som mellom anna viser at silingsregelen i tvistelova gjeld ved dom. Ved anke over jordskifteavgjerd foreslår departementet at lagmannsretten kan nekte behandling av saka dersom retten finn det klart at anke ikkje ville kunne føre fram.

Prøvinga ankeinstansen skal gjere av avgjerder i jordskifteretten er omtala i kapittel 14.9.

Departementet meiner at det berre er behov for eigne reglar om prøving av jordskifteavgjerd. Departementet foreslår at anke som ikkje fører til nemnande endring kan forkastast etter tvistelova § 29-23 andre ledd. Fører anken til nemnande endring, skal lagmannsretten treffe ny jordskifteavgjerd eller oppheve avgjerda. Når lagmannsretten tek ny avgjerd, kan retten prøve alle sider ved saka uavhengig av kva det er anka over. For å fylle vilkåret om at ingen skal li tap, må retten òg i nokre høve kunne gå ut over dei delane av jordskifteavgjerda som det er anka over.

Departementet foreslår i kapittel 14.10 ein regel som gir lagmannsretten rett til å be jordskifteretten om hjelp til teknisk arbeid.

I nokre høve kan avgjerda i ankeinstansen føre til at saka sendast tilbake for ny behandling i jordskifteretten. Departementet gjer greie for dette i kapittel 14.11. Ut frå prosessøkonomiske omsyn legg departementet opp til at slik retur til første instans berre bør skje unntaksvis.

Departementet foreslår i kapittel 14.12 ein enklare regel enn den ein har i dag om den kompetansen som lagmannsretten har til å setje frist for å setje i verk jordskiftet. Dersom frist ikkje er fastsett av lagmannsretten, kan førstelagmannen etter krav frå ein part fastsetje slik frist.

Det går fram av kapittel 14.13 at anke til Høgsterett følgjer reglane i tvistelova kapittel 29 eller 30. Gjeld anken jordskifteavgjerd, eller skjønn eller andre avgjerder tekne i samband med jordskifteavgjerd, kan det berre ankast over feil i rettsbruken eller feil ved saksbehandlinga.

Departementets forslag til reglar om gjenopning av sak er drøfta i kapittel 14.14. Det er behov for eigne reglar om dette for jordskifteavgjerd. Departementet foreslår å føre vidare regelen som gjeld i dag. Det inneber at den domstolen som gjenopnar saka berre skal gjere dei endringane som trengst for å rette opp mishøvet. Vil endringa ikkje stå i rimeleg høve til det ein kan oppnå ved gjenopninga, bør det vere mogleg å gjere opp endringane heilt eller delvis i pengar eller andre verdiar.

Proposisjonen kapittel 15 gjeld ymse reglar, overgangsreglar og ikraftsetjing (kapittel 9 i lovforslaget). Reglane i lovforslaget kapittel 9 fører vidare fleire reglar i gjeldande jordskiftelov kapittel 12. I proposisjonen kapittel 15.1 blir reglane om handteringa av pengevederlag drøfta. Departementet foreslår reglar som skal hindre at for eksempel panthavarar lir tap (lovforslaget § 9-1). Departementet foreslår òg reglar om overføring av skyldnader som knyter seg til eigedom som er med i jordskifte (lovforslaget § 9-2), om den meldeplikta jordskifteretten har etter kulturminnelova (lovforslaget § 9-3), og den myndigheita jordskifteretten har til å ta avgjerd om fordeling av skogfond (lovforslaget § 9-4).

Straffeføresegna i gjeldande jordskiftelov § 95, som sanksjonerer brot på mellombelse reglar i ei jordskiftesak, blir ikkje ført vidare. Departementet meiner at brot på slike reglar ikkje er alvorlege nok til at dei kan sanksjonerast med straff. I kapittel 15.2 drøftar departementet spørsmål knytt til iverksetjing av lova og behovet for overgangsreglar, (lovforslaget §§ 9-5 og 9-6). Overgangsreglane inneber at saker som er til behandling i jordskifterettane når lova trer i kraft, skal behandlast ferdig etter reglane i gjeldande jordskiftelov. Anke som er innlevert før ikraftsetjinga, men som ikkje er behandla ferdig og avgjort, blir behandla ferdig av lagmannsretten som ankeinstans, og med lagmannsretten sett saman etter den nye lova.

Proposisjonen kapittel 16 gjeld administrative og økonomiske konsekvensar.

Proposisjonen kapittel 17 inneheld spesialmerknader til lovforslaget.

Til forsida