Prop. 109 L (2012–2013)

Endringar i inndelingslova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

1.1 Framlegga i proposisjonen

I denne proposisjonen gjer Kommunal- og regionaldepartementet framlegg om endringar i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova).

Departementet føreslår at Kongen skal kunne flytte inntil éin kommune til eit anna fylke, utan å leggje saka fram for Stortinget.

Departementet føreslår at definisjonen av ”deling” i § 3 andre ledd blir endra slik at dette omgrepet omfattar dei tilfella der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke. Alle føresegnene for ”deling” blir dermed gjorde gjeldande for denne prosessen.

Der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke, skal det opprettast ei fellesnemnd. Fylkesmannen skal kalle saman til eit fellesmøte for kommunestyret i den kommunen som skal slutte å eksistere, og kommunestyra i dei kommunane som dei einskilde delane skal leggjast til. Tilsvarande får departementet ansvar for å kalle saman til fellesmøte for fylkestinga.

I proposisjonen føreslår departementet at fellesnemnda òg skal førebu den fireårige økonomiplanen det første året etter samanslåinga, ikkje berre det første budsjettet. Det same gjeld der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke.

Departementet føreslår at medan samanslåinga blir greidd ut, kan staten gjere lovlegkontroll av budsjettet. Det same gjeld medan det blir greidd ut om ein kommune eller eit fylke skal bli delt, og dei einskilde delane skal bli lagde til andre kommunar eller fylke.

Departementet føreslår òg at fellesnemnda kan få fullmakt til å føre vidare deltaking i eit interkommunalt samarbeid om revisjon eller ein avtale med ein annan revisor. Det same gjeld kontrollutvalssekretariatet. Vedtak skjer på bakgrunn av innstilling frå kontrollutvala.

1.2 Vurdering av om det skal vere nødvendig med 2/3 fleirtal for å endre talet på kommunestyrerepresentantar

Den 6. september 2010 sende departementet ut på høyring framlegg om mellom anna å lovfeste eit krav om 2/3 fleirtal for å endre talet på kommunestyrerepresentantar. På bakgrunn av høyringsnotatet kom departementet i Prop. 49 L (2011–2012) med framlegg til endringar i kommunelova. Om framlegget om at endringar i talet på kommunestyrerepresentantar må avgjerast med 2/3 fleirtal, sa departementet at det ville kome tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Eit fleirtal av høyringsinstansane gjekk imot framlegget om at endringar i talet på kommunestyrerepresentantar må avgjerast med 2/3 fleirtal. Departementet meiner det bør leggjast avgjerande vekt på at det var relativt stor motstand mot framlegget, og vil difor ikkje føreslå å innføre eit slikt krav.