Prop. 127 L (2012–2013)

Endringar i jordlova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Departementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag til endringar i jordlova § 12 som gjeld deling av eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk. Departementet foreslår òg ei endring i jordlova § 2 som blant anna gjeld virkeområdet for delingsføresegna.

Innhaldet i gjeldande delingsforbod er stort sett det same som da regelen vart innført i 1955. Departementet meiner at lova må leggje til rette for ei enklare vurdering av delingssøknader enn ho gjer i dag. Behovet for endring er særleg til stades ved frådeling av areal som skal brukast til tilleggsjord, og frådeling av tomter med eller utan bygningar som skal brukast til bustadformål. Forslaga til endringar har som mål å gjere det lettare å dele frå til bustadformål og tilleggsjord for på den måten å leggje til rette for auka busetjing i distrikta og harmonisering av eigedoms- og bruksstrukturen. Behovet for endringar går fram av kapittel 4.

For å sikre og samle ressursane som grunnlag for landbruksdrift for nåverande og framtidige eigarar, meiner departementet det framleis er behov for ei delingsføresegn. Departementet foreslår å endre gjeldande regel slik at samtykke til deling kan tillatast dersom det ikkje går ut over dei interessene delingsføresegna skal verne. Forslaget dreier merksemda i delingssakene bort frå ein forbodstanke. Forslaget går fram av kapittel 5.1.

Det er framheva i Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken Velkommen til bords at landet har knapt med areal som kan nyttast til matproduksjon. Det er derfor viktig med eit sterkt jordvern for å sikre desse areala til vidare matproduksjon. Sjølv om departementet meiner det bør verte enklare å dele frå, bør delinga ikkje kome i strid med målsetjinga om å redusere nedbygginga av dyrka og dyrkbar jord. Departementet foreslår derfor å styrke jordvernomsynet i delingsføresegna slik at samtykke til deling ikkje kan givast utan at det er gitt samtykke til omdisponering etter jordlova § 9 dersom søknaden om deling gjeld eit formål som inneber omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord. Forslaget går fram av forslag til nytt andre ledd i jordlova § 12 som er drøfta i kapittel 5.2.

For å leggje til rette for ei enklare vurdering av delingssøknaden, foreslår departementet å fjerne vilkåra om at deling berre kan givast dersom det anten ligg føre ”samfunnsinteresser av stor vekt” eller dersom deling er ”forsvarleg ut frå avkastinga” på eigedomen. Sjå omtale av gjeldande rett i kapittel 3.2. Departementet foreslår å erstatte vilkåra med ein regel om kva for omsyn kommunen skal leggje vekt på ved vurderinga av ein søknad om deling. Forslaget inneber at kommunen skal ta utgangspunkt i kva som er ein tenleg variert bruksstruktur. Ved denne vurderinga skal kommunen mellom anna leggje vekt på omsynet til vern av arealressursane, om delinga fører til ei driftsmessig god løysing og om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper. Forslaget går fram av forslag til nytt tredje ledd i jordlova § 12 som er drøfta i kapittel 5.3 og 5.4.

Forslaga til endringar byggjer på at delingsføresegna skal tene landbruksinteressene. Departementet meiner at delingsføresegna som eit utgangspunkt ikkje skal leggje til rette for gjennomføring av for eksempel etablering av idrettsanlegg, industritiltak eller andre tiltak som ikkje kan reknast som landbruksverksemd. I slike høve bør arealbruksendringa skje gjennom planbehandling etter plan- og bygningslova.

Departementet foreslår likevel eit nytt fjerde ledd der det går fram at sjølv om det ikkje ligg til rette for å gi samtykke til deling etter nytt tredje ledd, kan samtykke givast dersom deling vil vareta omsynet til busetjinga i området. Forslaget er drøfta i kapittel 5.5.

Departementet foreslår dessutan ei endring i jordlova § 2 tredje ledd slik at føresegnene i jordlova § 12 ikkje vil gjelde dersom energi- eller vassdragsmyndigheita har gitt samtykke til eit tiltak etter energilova § 3-1 tredje ledd eller eit anlegg for produksjon av energi etter energilova, vannressurslova eller vassdragsreguleringslova. Forslaget går fram av kapittel 5.6.

Ut over dei endringane som er nemnde ovanfor, foreslår departementet ein heimel for å gi forskrift om høve til frådeling av mindre areal i samband med grensejustering etter matrikkellova. Forslaget går fram av nytt niande ledd i jordlova § 12, og er drøfta i kapittel 5.7.

Forslaga vil føre til eit enklare regelverk og ei enklare forvalting.

Til forsida