Prop. 158 S (2009–2010)

Utbygging og finansiering av fv 469 Hidra fastlandssamband i Flekkefjord kommune i Vest-Agder

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposi­sjon fram forslag om utbygging og finansiering av fv 469 Hidra fastlandssamband, som er ein undersjøisk tunnel mellom Kvellandstrand og Bukkestad i Flekkefjord kommune. Fastlandssambandet erstattar fylkesvegferjesambandet Kvellandstrand–Launes og vil betra kommunikasjonen for dei fastbuande og leggja tilhøva betre til rette for fritidsreiser. Finansier­inga av prosjektet er basert på årlege fylkeskommunale løyvingar med utgangspunkt i innsparte ferjetilskot, ordinære fylkeskommunale midlar, bompengar og lokale tilskot.