Prop. 99 L (2011–2012)

Endringar i helseregisterlova mv. (etablering av Norsk helsearkiv m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 2010 vart det avgjort at det skal etablerast eit nasjonalt helsearkiv med formål å sikra forsvarleg oppbevaring og tilgjengeleggjering av eldre, bevaringsverdige pasientarkiv frå spesialisthelsetenesta, jf. Prop. 1 S (2009–2010). Den nye verksemda, kalla Norsk helsearkiv, vil bli organisert som ei eiga eining innanfor det statlege Arkivverket.

Det er behov for eit sektorspesifikt regelverk som tek opp i seg dei utfordringane som gjer seg gjeldande i samband med bevaring av arkivmateriale frå spesialisthelsetenesta. Denne proposisjonen handlar i første rekkje om lovendringar som er nødvendige i samband med etableringa av Norsk helsearkiv. Det er først og fremst i helselovgjevinga at det krevst visse endringar, mens arkivlova i hovudsak kan stå uendra.

Norsk helsearkiv skal etter føresetnadene ta hand om pasientdokumentasjon frå spesialisthelsetenesta. Lovforslaga får dermed ikkje noko å seia for den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Det følgjer allereie av den generelle arkivlovgjevinga at den bevaringsverdige delen av arkivmaterialet frå dei offentlege verksemdene i spesialisthelsetenesta skal takast vare på for ettertida, anten av verksemda sjølv eller ein offentleg arkivinstitusjon. Det nødvendige lovgrunnlaget for å fastsetja nærmare reglar om bevaring av pasientdokumentasjon i den offentlege delen av spesialisthelsetenesta er også på plass gjennom arkivlova. Dei plikter som må leggjast på private arkivskaparar i samband med etablering av Norsk helsearkiv, kan derimot ikkje heimlast i arkivlova. Dette gjeld plikt til langtidsbevaring og seinare avlevering av pasientarkiv til Norsk helsearkiv og til å skilja ut for kassasjon den delen av arkivmaterialet som det ikkje er verdt å ta vare på. I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om å påleggja private arkivskaparar i spesialisthelsetenesta slike plikter. Det blir også foreslått ein heimel for å regulera desse pliktene nærmare i forskrift.

Den pasientdokumentasjonen som etter føresetnadene skal avleverast til Norsk helsearkiv, må lagrast systematisk slik at opplysningar om kvar enkelt kan finnast igjen. Dette inneber at samlinga av pasientdokumentasjon hos Norsk Helsearkiv vil falla inn under definisjonen av helseregister i helseregisterlova. Eit sentralt helseregister, som samlinga av pasientdokumentasjon vil vera, må ha heimel i lov. I proposisjonen blir det gjort framlegg om ein heimel for dette registeret og for å gi nærmare reglar om registeret i forskrift. I det følgjande blir nemninga Helsearkivregisteret brukt når det er dette registeret det blir referert til.

I proposisjonen omtaler vi også nokre lovendringar av meir pedagogisk, harmoniserande og teknisk karakter, mellom anna ei oppdatering av føresegna i arkivlova som reknar opp kva institusjonar Arkivverket består av. Det blir òg gjort greie for eit framlegg om ein ny § 62 a i helsepersonellova. Etter denne paragrafen vil Statens helsetilsyn få fullmakt til å påleggja helsepersonell å levera inn pasientjournalarkiva sine til Fylkesmannen eller Norsk helsearkiv ved tilbakekall og suspensjon av autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning.

Under stortingsbehandlinga av Innst. 338 S (2009–2010) frå kontroll- og konstitusjonskomitéen varsla helse- og omsorgsministeren eit lovforslag som presiserer korleis ein skal forstå kravet i helseregisterlova § 8 tredje ledd om at direkte personidentifiserande kjenneteikn skal lagrast i kryptert form i sentrale helseregister. I proposisjonen blir det presisert korleis dette kravet er å forstå. Vidare blir det gjort framlegg om å flytta kravet frå helseregisterlova § 8 til § 16. Den sistnemnde paragrafen regulerer det ansvaret den databehandlingsansvarlege og databehandlarane har for at informasjonstryggleiken er tilfredsstillande når helseopplysningar blir behandla.

Til forsida