Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 800–882, 2530 Inntektskapittel: 3841, 3842, 3847, 3855, 3856, 3858, 3868

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudprioriteringar

Regjeringa vil føre ein politikk som støttar opp om familiane, reduserer skilnadene i samfunnet og varetek barn sine rettar. Målet er å sikre gode levekår og å gi barn høve til å delta på viktige samfunnsarenaer i oppveksten. Ein godt utforma familiepolitikk legg til rette for gode oppvekstvilkår, betre livskvalitet for den einskilde og deltaking i samfunnslivet. Dette kan gi samfunnsøkonomiske gevinstar, både i dag og i framtida.

Familien er grunnleggjande i livet til barnet. Regjeringa vil arbeide for ein trygg barndom for alle barn og unge. Eit trygt familieliv gir grunnlag for god livskvalitet, helse og utvikling. Det er til det beste for barnet at foreldre som treng det, får støtte i foreldreskapet sitt og hjelp med familiekonfliktar. Førebyggjande arbeid og tidleg innsats er ein viktig del av barnevernsreforma som blei sett i verk 1. januar 2022.

Gir vi barn ein god oppvekst, reduserer vi òg risikoen for utanforskap. Dei får betre føresetnader for å vekse opp til å bli sjølvstendige menneske og til å kunne forme sitt eige liv – til dømes gjennom val av utdanning og ein jobb. Det er fyrst og fremst viktig for den einskilde, men det er òg viktig for samfunnet. Eit berekraftig velferdssamfunn er avhengig av ein rimeleg balanse mellom å bidra og å ta imot velferdstenester.

Dei fleste barn i Noreg har gode oppvekstvilkår. Samstundes er det familiar som lever med vedvarande låg inntekt. Svak økonomi over tid er ei belasting og heng ofte saman med andre levekårsutfordringar. Det pregar livet til barn her og no, men påverkar òg føresetnadene dei har til å delta i samfunnslivet på ein fullverdig måte seinare. Arbeidet regjeringa gjer mot fattigdom, omfattar innsats på tvers av alle velferdsdepartementa. Regjeringa føreslår auka løyvingar til tiltak for å inkludere barn og unge.

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Stortinget vedtok ny barnevernslov våren 2021, og regjeringa føreslår auka løyvingar slik at den nye barnevernslova kan ta til å gjelde 1. januar 2023. Den nye lova skal mellom anna styrkje det førebyggjande arbeidet, medverke til betre barnevernsfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre.

Oppgåvene i barnevernet krev mykje av dei tilsette, i form av både kompetanse og fagleg skjønn. Dei siste åra har fleire rapportar påvist svikt og manglande kvalitet i arbeidet til barnevernet. For å møte desse utfordringane er det sett i verk fleire endringar, som barnevernsreforma og innføring av kompetansekrav i barnevernet. Vellukka iverksetjing av desse endringane føreset mellom anna god styring og leiing i barnevernstenesta og at kommunen har tilgang på verksame hjelpetiltak. Regjeringa føreslår i 2023-budsjettet derfor ytterlegare tiltak for å auke kvaliteten i det kommunale barnevernet og vil også starte arbeidet med ei kvalitetsreform. Auka løyving i 2023 skal gå til å etablere opplæringsprogram om styring og leiing i barnevernet, styrkje tilbodet med kommunale rettleiingsteam og utvide tilbodet av hjelpetiltaket multisystemisk terapi (MST) eller liknande tilbod.

Alle barn skal ha ein trygg heim. Barn og unge som av ulike grunnar ikkje kan bu saman med foreldra sine, skal få eit trygt og godt tilbod frå barnevernet. Høg kvalitet i tilbodet er viktig for å gi kvart einskilt barn god hjelp og omsorg. Fleire rapportar og tilsyn har gjort det tydeleg at det er utfordringar knytt til barnevernsinstitusjonane. Det er særleg krevjande å gi eit godt tilbod til barn med store og samansette utfordringar når det gjeld helse, rus og kriminalitet, samstundes som det er ønskjeleg å ta vare på desse barna innanfor det offentlege tilbodet. Regjeringa vil leggje til rette for auka bruk av ideelle aktørar og reduserte kjøp frå kommersielle aktørar, i tråd med måla i regjeringsplattforma om gradvis å fase ut dei kommersielle aktørane og sikre dei ideelle aktørane langsiktige avtalar med det offentlege. Bufdir har inngått nye, langsiktige og løpande avtalar med ideelle leverandørar, med ein mykje høgare grad av kjøpsgaranti enn tidlegare. Regjeringa føreslår ytterlegare midlar i 2023 for å styrkje tilbodet frå dei ideelle leverandørane. Regjeringa har også sett ned eit utval som skal greie ut og føreslå naudsynte endringar i barnevernsinstitusjonane. Regjeringa føreslår vidare å auke løyvinga til tverrfagleg helsekartlegging av barn som barnevernet meiner bør bu utanfor heimen, slik at dei kan få betre tilpassa tiltak og naudsynt og rett helsehjelp.

Retten til å skipe trus- og livssynssamfunn er ein grunnleggjande del av både religionsfridommen og forsamlingsfridommen og ein føresetnad for eit fritt og demokratisk samfunn. Trus- og livssynssamfunna har ei viktig rolle i å skape fellesskap og velferdssamfunn lokalt. Mange samfunn medverkar til å byggje bru mellom ulike kulturar og er aktive bidragsytarar til det frivillige arbeidet og kulturlivet i heile landet. Regjeringa vil føre ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk som anerkjenner den viktige rolla trus- og livssamfunna speler for einskildmenneske og som samfunnsskapande kraft. Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om livssynet til andre. Når det gjeld kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, føreslår Regjeringa ei auka løyving i 2023.

Forbrukarpolitikken skal styrkje stillinga til forbrukarane, sikre dei gode rettar og eit sterkt vern dersom rettane ikkje blir oppfylte. Forbrukarane skal kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Ved tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

I møte med høgare prisar skal forbrukarane ha eit sterkt forbrukarvern som gir grunnlag for tryggleik og tillit i marknaden. Mellom anna skal opplysingane og informasjonen om prisar og vilkår vere korrekte og forståelege. Forbrukarpolitikken skal òg gjere forbrukarane betre i stand til å ta medvitne val gjennom informasjon om kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester har for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve. Forbrukarane skal få betre føresetnader for eit meir berekraftig forbruk. Ulike tiltak skal motverke at privatpersonar tek opp for mykje gjeld og får gjeldsproblem.

1.1 Familie og oppvekst

Ein godt utforma familie- og oppvekstpolitikk inkluderer alle barnefamiliar, varetek barn sine rettar, gir auka velferd og har gevinstar for heile samfunnet. Gode levekår og høve til å delta i fellesskapen skal fremje tillit mellom innbyggjarane, høg grad av samhandling og ei stabil samfunnsutvikling. Det vil bidra til ein velfungerande økonomi, som familiane og det norske velferdssamfunnet er avhengige av. Eit trygt familieliv gir grunnlag for god livskvalitet, helse og utvikling. Familieordningane skal leggje til rette for at familiar får kvardagen til å gå opp, og for foreldre skal det vere mogleg å kombinere arbeid og familieliv.

Dette har vore viktige tiltak for familiane i 2021 og fyrste halvåret 2022:

  • Ordinær barnetrygd for barn under 6 år er auka med 300 kroner i månaden frå 1. september 2021 og prisjustert frå 1. januar 2022. Satsen er i dag 1 676 kroner i månaden per barn.

  • Regjeringa har fremja lovforslag om endring i sosialtenestelova om at barnetrygda skal haldast utanfor ved utmåling av økonomisk stønad, med verknad frå 1. september 2022. Stortinget har vedteke endringa, som er eit verkemiddel for å betre økonomien til barnefamiliar som får økonomisk stønad.

  • Ei lovendring har gitt foreldre høve til fri utsetjing av foreldrepengar fram til barnet er tre år. Endringa gjeld for barn fødde etter 1. oktober 2021.

  • Ei lovendring skal gi fedrar sjølvstendig rett til uttak av åtte veker med foreldrepengar. Endringa gjeld frå 2. august 2022.

  • Tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge er styrkt med 85 mill. kroner i 2022. Tilskotsordninga blei i tillegg auka med 10 mill. kroner i ei mellombels styrking av utstyrssentralar inneverande år. Ordninga er dermed til saman om lag 565 mill. kroner i 2022.

  • Den nasjonale grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar er styrkt med 8 mill. kroner i 2022.

  • Ei lovendring har gitt Barnesakkunnig kommisjon utvida mandat, slik at dei også skal vurdere rapportar frå sakkunnige i foreldretvistsaker for domstolane. Endringa gjeld frå 15. august 2022.

  • Ei lovendring om å innføre ei 18-årsgrense i Noreg for å anerkjenne ekteskap som er inngått etter utanlandsk rett, er vedteke. Endringa er førebels ikkje sett i verk.

Hovudprioriteringar i 2023

Regjeringa vil gi barn, unge og familiar gode føresetnader til å forme gode liv for seg og sine. Dei fleste norske barn og ungdommar har gode oppvekstvilkår. Ein del barn og unge lever likevel i familiar med utfordringar som pregar livet deira, og som inneber ein risiko for å hamne utanfor på sikt. Barnehage, skule, SFO og sosiale aktivitetar er viktige arenaer i oppveksten til barn og unge.

Samstundes er det i dag fleire barn og unge som ikkje deltek i fritidsaktivitetar. Regjeringa føreslår mellom anna å styrkje utstyrssentralane og ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge i 2023 for å gi fleire barn og unge høve til å delta i aktivitetar på fritida. Regjeringa vil òg prioritere auka bemanning i skule og barnehage i levekårsutsette område og tiltak for å styrkje den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage.

Regjeringa vil forenkle den offentlege støtta til einslege forsørgjarar og føreslår derfor å avvikle særfrådraget til einslege forsørgjarar i skattesystemet og auke den utvida barnetrygda tilsvarande maksimal skatteverdi av frådraget i 2022. Forslaget inneber at einslege forsørgjarar som i dag ikkje får maksimalt skattefrådrag, får ei auka støtte gjennom den utvida barnetrygda.

Barn og unge treng og spør etter kvalitetssikra informasjon, råd, rettleiing og hjelp via digitale flater. Regjeringa har avgjort at ung.no skal vere den primære kanalen staten har for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge på tvers av sektorar og tenestenivå gjennom realiseringa av DigiUng-programmet. Regjeringa føreslår i 2023 midlar til prosjektet «Digital ungdomsportal». Gjennom prosjektet vil navigasjonen og strukturen i ung.no bli bygde på nytt slik at ungdommane blir saumlaust leidde frå informasjon til individuell rettleiing og tenester. Det kan til dømes vere anonyme chattetenester for råd og rettleiing eller timebestilling hos legen.

Mange barn har foreldre som flyttar frå kvarandre, eller foreldre som er i konflikt om til dømes kvar barnet skal bu, om samvær eller om barnebidrag. Det er viktig at foreldre som ikkje bur saman, får hjelp til å samarbeide best mogleg om barnet og til å løyse konfliktar. Familievernet kan gi støtte og hjelp til dei som har vanskar, konfliktar eller kriser i familien.

Vald og overgrep mot barn og vaksne fører til store lidingar for den einskilde og store utgifter for samfunnet. Arbeidet med å førebyggje vald og overgrep krev kontinuerleg innsats frå ei rekkje verksemder og tenester. Målet er òg å gi god hjelp og støtte til valdsutsette.

Barn og unge som blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, har eit særskilt behov for gode offentlege tenester. Det same gjeld andre barn og unge som opplever ulike utfordringar i oppveksten. Dette kan vere barn som veks opp i fattige familiar, eller som har foreldre med andre levekårsutfordringar. Fleire barn og unge får likevel ikkje den hjelpa dei treng. Det er ei utfordring at det ikkje finst systematisk og forskingsbasert kunnskap om individtilpassa og treffsikre tiltak. Det er naudsynt å byggje opp kunnskapsgrunnlaget på feltet, som bidreg til systematikk og likeverdige tiltak i tenestene. Regjeringa føreslår derfor å opprette eit forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge med oppstart i 2023. Eit styrkt kunnskapsgrunnlag på tvers av sektorar skal gi betre tenester som førebyggjer marginalisering og utanforskap.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2023:

  • 96 mill. kroner til å styrkje Tilskot til å inkludere barn og unge. Av desse skal 20 mill. kroner prioriterast til utstyrssentralar.

  • Å avvikle særfrådraget til einslege forsørgjarar i skattesystemet og auke den utvida barnetrygda tilsvarande eit maksimalt frådrag. Satsane for utvida barnetrygd aukar frå 1 054 kroner per månad til 2 016 kroner med verknad frå 1. mars 2023.

  • 10,9 mill. kroner til å utvikle Digital Ungdomsportal.

  • 10 mill. kroner til å etablere eit tverrsektorielt forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge. I tillegg kjem midlar frå budsjetta til Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

  • Oppfølging av utgreiinga til Barnelovutvalet, NOU 2020: 14.

  • 150 mill. kroner til tiltak på feltet psykisk helse- og rus og for helsestasjons- og skulehelsetenesta – Helse- og omsorgsdepartementet.

  • 80 mill. kroner til å auke bemanninga og pedagogtettleiken i barnehagar i levekårsutsette område – Kunnskapsdepartementet.

  • 15 mill. kroner til å auke bemanninga på skular i levekårsutsette område – Kunnskapsdepartementet.

  • Gratis barnehage for 3. barn i barnehagen samtidig, frå 1. august 2023 (20 mill. kroner) – Kunnskapsdepartementet.

  • Maksimalprisen i barnehage blir satt ned til 3000 kroner per månad frå 1. januar 2023 (327 mill. kroner) – Kunnskapsdepartementet

  • 45 mill. kroner i auka tilskot til den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage – Kunnskapsdepartementet.

  • Å auke løyvinga til områdesatsingar med ytterlegare 15 mill. kroner – Kommunal- og distriktsdepartementet.

1.2 Barnevernet

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnevernet skal òg gi foreldre hjelp og støtte til å yte god omsorg for barna sine. Retten barnet har til vern, og prinsippet om det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i norsk rett og i arbeidet til barnevernet. Barnevernet har òg plikt til å vareta og støtte opp om retten barn og foreldre har til familieliv med kvarandre.

Viktige tiltak på barnevernsområdet i 2021 og fyrste halvåret 2022 har vore:

  • Ei ny barnevernslov og arbeidet med å førebu at ny lov tek til å gjelde i 2023, mellom anna å revidere forskriftene til lova. Lova skal bidra til betre barnevernsfagleg arbeid, styrkje rettstryggleiken til barn og foreldre og meir førebygging. Sjå Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven og Innst. 625 L (2020–2021).

  • At ansvarsendringane i barnevernsreforma har blitt iverksette. Reforma skal styrkje ansvaret kommunane har for barnevernet, og føre til at fleire barn og familiar får hjelpa dei treng, på eit tidleg tidspunkt. Sjå Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) og Innst. 354 L (2016–2017).

  • Å føre vidare eit kompetanseløft i barnevernet som skal styrkje føresetnadene for å løyse arbeidsoppgåvene i barnevernet på ein god måte.

  • Betre helsehjelp til barn i barnevernet, mellom anna tok ein heimel til å tilby tverrfagleg helsekartlegging til å gjelde i juni 2022. Sjå Prop. 222 L (2020–2021) Endringer i barnevernloven mv. (tverrfaglig helsekartlegging).

  • Eit digitalt løft for det kommunale barnevernet, gjennom prosjektet DigiBarnevern og innføring av ein nasjonal portal for bekymringsmeldingar.

  • Å setje ned Barnevernsutvalet, som skal vurdere korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i alle ledda av arbeidet barnevernet gjer.

  • Å setje ned eit utval som skal vurdere mandat, målgruppe og måten institusjonstilbodet er innretta på i barnevernet.

Hovudprioriteringar i 2023

Barnevernet gir god hjelp og omsorg til mange familiar og rettar stor merksemd mot behova og rettane til barnet og familien. Samstundes er det likevel utfordringar i tenestetilbodet. Høg kvalitet i tilbodet er viktig for å gi kvart einskilt barn god hjelp og omsorg. I 2023 vil regjeringa arbeide vidare for eit betre barnevern som bidreg til at fleire barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår. Regjeringa føreslår derfor i 2023 ein tiltakspakke for å styrkje arbeidet med å auke kvaliteten i det kommunale barnevernet. Vidare vil regjeringa starte arbeidet med ei kvalitetsreform for både det kommunale og det statlege barnevernet.

Regjeringa har òg starta arbeidet med å gjere barnevernsinstitusjonane betre i stand til å ta vare på barna med dei største og mest samansette behova. Det skal mellom anna bli utvikla eit system for individuell risikovurdering for å gi forsvarlege institusjonstilbod til barn med store og samansette behov. Regjeringa vil vidare styrkje samarbeidet mellom barnevernet og helsetenesta og arbeide for tiltak som kan gi betre helsehjelp til barn i barnevernet.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2023:

  • 37,8 mill. kroner til ny barnevernslov som skal ta til å gjelde 1. januar 2023.

  • 25 mill. kroner til ein tiltakspakke for å styrkje arbeidet med å auke kvaliteten i det kommunale barnevernet. Løyvinga skal gå til å styrkje styring og leiing i kommunalt barnevern, tilbodet med kommunale rettleiingsteam og utvide tilbodet av hjelpetiltaket multisystemisk terapi (MST) eller liknande tilbod.

  • 21 mill. kroner til å utvide tilbodet med helsekartlegging av barn i barnevernet.

  • 10 mill. kroner til å styrkje tilbodet av institusjonsplassar frå ideelle leverandørar.

1.3 Stillinga til forbrukarane

Forbrukarpolitikken skal styrkje stillinga til forbrukarane, sikre dei gode rettar og eit sterkt vern dersom rettane ikkje blir oppfylte. Ofte står forbrukarane overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskap om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen.

I kjøpssituasjonar skal forbrukarane vere i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Forbrukarane skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Dette har vore dei viktigaste tiltaka på forbrukarområdet i 2021 og fyrste halvåret 2022:

  • Løyvinga til marknadsportalar i Forbrukarrådet er styrkt for at straumprisportalen (strømpris.no) skal gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne pris og avtalevilkår i straumavtalar.

  • Marknadsføringslova er endra, slik at annonsørar frå 1. juli 2022 har plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering.

  • Openheitslova, som skal fremje respekten verksemder har for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve og sikre allmenta tilgang til informasjon om kva verksemdene gjer med dette, tok til å gjelde 1. juli 2022.

  • Løyvinga til Forbrukartilsynet er auka for å styrkje arbeidet med å handsame forbrukarklager og følgje opp tilsynet med openheitslova.

  • Hausten 2021 la eit ekspertutval («Reisegarantiutvalet») fram ein rapport med forslag til forbetringar i reisegarantisystemet. Rapporten har vore på høyring. Departementet er i gang med å vurdere korleis rapporten skal følgjast opp.

Det er òg arbeidd med forskriftsendringar som frå hausten 2022 vil styrkje krava om prisopplysingar til forbrukarane i straummarknaden.

Hovudprioriteringar i 2023

Det seinaste året har prisane på basisvarer som straum, mat og drivstoff auka monaleg. Dette skaper utfordringar for mange og særleg for dei som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon frå før. Regjeringa er oppteken av at forbrukarane i møte med dei høgare prisane skal ha eit sterkt forbrukarvern som gir grunnlag for tryggleik og tillit i marknaden. Mellom anna skal opplysingane og informasjonen forbrukarane får om prisar og vilkår, vere korrekte og forståelege.

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane skal kunne ta medvitne val gjennom informasjon om kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester har. Forbrukarane skal mellom anna sikrast betre føresetnader for eit berekraftig forbruk gjennom «Kontaktpunktet for forbrukarmakt i det grøne skiftet», som skal etablerast i Forbrukarrådet. Kontaktpunktet skal samle kunnskapar, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis gjennom å mellom anna informere om produkttestar og spreie gode idear og metodar.

Regjeringa vil gi meir merksemd til den digitale kvardagen til forbrukarane. Handel gjennom digitale medium kan gjere kvardagen til forbrukarane enklare, men òg by på utfordringar. Forbrukarvernet blir mellom anna utfordra av at næringsdrivande handlar med personopplysingar som forbrukarane gir frå seg. Barn og unge er særleg utsette på digitale flater.

Interessene til forbrukarane skal varetakast gjennom eit effektivt og målretta tilsyn med forbrukarvernreglane og eit godt offentleg system for klagehandsaming. Handsamingstida for forbrukarklager skal ned.

Regjeringa vil òg motverke at privatpersonar tek opp for mykje gjeld og får gjeldsproblem. Framleis er det for mange som har gjeld som dei ikkje klarer å betene.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2023:

  • vidare teknisk utvikling og drift av straumprisportalen (strømpris.no), med god datakvalitet

  • vurdere å utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister») med fleire typar gjeld

  • vurdere endringar i gjeldsordningslova som mellom anna kan gjere fleire i stand til å gjennomføre ei gjeldsordning

  • vurdere det digitale forbrukarvernet til barn og unge

1.4 Tru og livssyn

Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis. Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om livssynet til andre. Trus- og livssynssamfunn er viktige for truslivet til mange menneske og verkar ofte som eit lim i samfunnet.

Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Staten set naudsynte rammer for verksemda til kyrkja gjennom lov, men kyrkja skal ha stor grad av fridom til å fastsetje eigne reglar i kyrkjeordninga. Den norske kyrkja blir finansiert gjennom tilskot frå både stat og kommune.

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal om lag svare til det Den norske kyrkja får i tilskot frå stat og kommune per medlem. Eit viktig mål for den offentlege støtta er å anerkjenne og støtte opp under mangfaldet av trus- og livssynssamfunn. Alle trus- og livssynssamfunn som fyller visse vilkår, kan krevje offentleg støtte.

Noreg har ei kristen kulturhistorie som fyrst og fremst kjem til uttrykk gjennom kyrkjene og gravplassane i landet. Nær 1 000 kyrkjer er utpeikte av Riksantikvaren som kulturhistorisk verdifulle, og om lag 700 av dei 2 000 gravplassane i landet ligg omkring ei freda eller listeført kyrkje. Det er derfor eit uttalt mål for trus- og livssynspolitikken at ein må sikre dei kulturhistoriske verdiane som desse kyrkjestadene representerer, og balansere omsynet til bruk og vern. Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, og dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten sin.

Opplysningsvesenets fond har opphav i eigedommar som frå eldre tid låg til det einskilde presteembetet til underhald av presten. Eigedommane fordeler seg mellom prestebustader, jord- og skogeigedommar, festetomter og kontoreigedommar. Spørsmålet om eigedomsretten til fondet har vore omdiskutert sidan 1800-talet, men det er no vedteke at verdiane skal delast mellom staten og Den norske kyrkja i samsvar med Meld. St. 29 (2018–2019) og Stortingets vedtak, jf. Innst. 209 S (2019–2020). Vilkåret for at staten blir eigar av dei verdiane som ikkje blir overførte til kyrkja, er at staten aukar innsatsen for å bevare dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i eit omfang som svarer til verdien av dei eigedelane i fondet som staten blir eigar av. Delingsprosjektet er omtalt nedanfor.

Dei viktigaste tiltaka på trus- og livssynsområdet i 2021 og fyrste halvåret 2022 har vore desse:

  • Lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova), jf. Innst. 208 L (2019–2020), tok til å gjelde 1. januar 2021.

  • Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond blei lagd fram for Stortinget i april 2021, jf. Innst. 623 L (2020–2021). Lova tok til å gjelde 1. januar 2022.

  • Prop. 65 L (2021–2022) Endringar i gravplassloven (teieplikt og arkiv m.m.) blei lagd fram for Stortinget i mars 2022, jf. Innst. 347 L (2021–2022). Lova tok til å gjelde 1. juli 2022.

  • Ei auka satsing på kulturhistorisk viktige kyrkjebygg er godt i gang. Til saman har det dei siste fire åra vore løyvd om lag 200 mill. kroner til bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg.

  • Det har blitt arbeidd med delinga av eigedommane i Opplysningsvesenets fond mellom staten og Den norske kyrkja. Det er mellom anna vedteke at 158 prestebustader og åtte bispebustader skal overførast til Den norske kyrkja.

  • Trussamfunnslova § 6 andre ledd, som fastslår at trus- eller livssynssamfunn som tek imot bidrag frå statar som ikkje respekterer retten til trus- og livssynsfridom, kan nektast tilskot, tok til å gjelde 1. januar 2022. Nærare føresegner er fastsette i trussamfunnsforskrifta.

Hovudprioriteringar i 2023

Regjeringa vil føre vidare eit stabilt rammetilskot til Den norske kyrkja, slik at ho kan halde fram med å vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Regjeringa vil òg føre ein politikk som bidreg til eit livssynsope samfunn, ved at tilskota til trus- og livssynssamfunna blir førte vidare og forvalta effektivt.

Arbeidet med å følgje opp lov om Opplysningsvesenets fond vil ha høg prioritet i åra som kjem. Det gjeld mellom anna å vurdere den framtidige forvaltinga av Opplysningsvesenets fond og berekne den samla verdien av eigedelane staten blir eigar av. Vidare skal det utviklast ein bevaringsstrategi for dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga og modell for korleis staten kan bidra i finansieringa av arbeidet med å setje dei i stand. Innanfor programkategorien er det òg naudsynt å følgje opp og gjere endringar i regelverket på fleire område, mellom anna kriteria for støtta til trus- og livssynssamfunna.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2023:

  • føre vidare arbeidet med å dele eigedommane til Opplysningsvesenets fond mellom staten og Den norske kyrkja

  • setje i stand dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga, i samarbeid med Riksantikvaren, kommunar og kyrkjeeigarar. Løyvinga blir føreslått auka eittårig med 30 mill. kroner.

  • utvikle ein bevaringsstrategi for dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga

  • greie ut endringar i kriteria for støtta til trus- og livssynssamfunn, mellom anna om demokrati og representasjon av kvart kjønn i dei administrative organa som forvaltar offentlege tilskot på vegner av trus- og livssynssamfunna

2 Oversikt over budsjettforslaget

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

Administrasjon

800

Barne- og familiedepartementet

163 692

165 318

211 480

27,9

Sum kategori 11.00163 692165 318211 48027,9

Familie og oppvekst

840

Tiltak mot vald og overgrep

291 700

302 674

307 154

1,5

841

Samliv og konfliktløysing

42 207

27 224

700 557

2473,3

842

Familievern

623 854

658 033

659 320

0,2

843

Adopsjonsstønad

5 443

8 500

9 500

11,8

844

Kontantstøtte

1 417 247

1 333 770

1 216 510

-8,8

845

Barnetrygd

17 350 885

18 169 991

19 300 000

6,2

846

Familie- og oppveksttiltak

988 741

1 022 480

1 026 545

0,4

847

EUs ungdomsprogram

11 307

15 966

16 081

0,7

848

Barneombodet

23 065

22 699

23 092

1,7

Sum kategori 11.1020 754 44921 561 33723 258 7597,9

Barnevernet

853

Barneverns- og helsenemndene

241 226

240 143

243 331

1,3

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 182 188

388 516

387 550

-0,2

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 244 490

7 208 926

7 021 769

-2,6

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

92 219

121 994

122 986

0,8

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

596 572

631 951

634 558

0,4

Sum kategori 11.209 356 6958 591 5308 410 194-2,1

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

109 576

109 153

116 166

6,4

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

11 264

11 264

15 583

38,3

865

Forbrukarpolitiske tiltak

70 368

17 655

18 152

2,8

868

Forbrukartilsynet

120 230

124 640

128 388

3,0

Sum kategori 11.30311 438262 712278 2895,9

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

880

Den norske kyrkja

2 365 123

2 434 616

2 506 265

2,9

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

877 251

967 749

1 038 539

7,3

882

Kyrkjebygg og gravplassar

65 202

74 027

181 154

144,7

Sum kategori 11.503 307 5763 476 3923 725 9587,2

Sum programområde 1133 893 85034 057 28935 884 6805,4

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530

Foreldrepengar

23 259 380

23 161 100

26 091 000

12,7

Sum kategori 28.5023 259 38023 161 10026 091 00012,7

Sum programområde 2823 259 38023 161 10026 091 00012,7

Sum utgifter

57 153 230

57 218 389

61 975 680

8,3

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

Familie og oppvekst

3841

Samliv og konfliktløysing

215 381

100,0

3842

Familievern

767

804

828

3,0

3847

EUs ungdomsprogram

4 400

5 964

5 964

0,0

Sum kategori 11.105 1676 768222 1733182,7

Barnevernet

3853

Barneverns- og helsenemndene

530

0,0

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 430 420

2 481 339

2 574 236

3,7

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

94 942

118 426

121 979

3,0

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

6 157

528

544

3,0

Sum kategori 11.201 532 0492 600 2932 696 7593,7

Forbrukarpolitikk

3868

Forbrukartilsynet

6 321

2 552

2 629

3,0

Sum kategori 11.306 3212 5522 6293,0

Sum programområde 111 543 5372 609 6132 921 56112,0

Sum inntekter

1 543 537

2 609 613

2 921 561

12,0

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

8 685 942

9 018 931

8 997 330

-0,2

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

6 187

8 070

2 000

-75,2

50–89

Overføringar til andre

48 461 101

48 191 388

52 976 350

9,9

Sum under departementet

57 153 230

57 218 389

61 975 680

8,3

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Barne- og familiedepartementet i 2023 kan

overskride løyvinga under

mot tilsvarande meirinntekt under

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 847 post 01

kap. 3847 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 02

Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.

Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter er tekne med i utrekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.

3 Oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Barne- og familiedepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen (2021–2022) og alle oppmodings- og utgreiingsvedtak frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen ved handsaminga av Meld. St. 4 (2021–2022), jf. Innst. 141 S (2021–2022), meinte at ikkje var utkvitterte.

I tabellen nedanfor står det om departementet reknar med at rapporteringa om oppmodingsvedtaket er avslutta, eller om departementet òg vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettforslaget neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2021–2022

244

rapport om midlertidig lov om tilpasninger i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda

Ja

2021–2022

404

offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging

Nei

2021–2022

592

krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga

Nei

2021–2022

620

utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Nei

2020–2021

48

forbod mot søskenbarnekteskap

Nei

2020–2021

396

§ 6 andre ledd i trussamfunnslova

Ja

2020–2021

445

involvere foreldre når barn gjer lovbrot

Nei

2020–2021

714

strengare reaksjonar mot samværshindring

Nei

2020–2021

715

justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring

Nei

2020–2021

918

obligatorisk prisinformasjon på straum

Nei

2020–2021

919

endring av straumavtale

Ja

2020–2021

920

prisinformasjon om straumavtalen

Ja

2020–2021

954

fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering

Nei

2020–2021

972

eigendel for mat i krisesentera

Nei

2020–2021

1124

tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera

Nei

2020–2021

1195

krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar

Nei

2020–2021

1197

ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak

Nei

2020–2021

1198

alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova

Nei

2020–2021

1201

oppfølging av tilrådingane frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet

Nei

2019–2020

498

forbod mot etter-skule-tilbod for barn med overnatting

Nei

2019–2020

500

oppdeling av Opplysningsvesenets fond

Nei

2019–2020

501

Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over

Nei

2019–2020

502

utbetring av verneverdige kyrkjebygg

Nei

2019–2020

637

FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Nei

2016–2017

491

evaluering av felles foreldreansvar

Nei

2016–2017

606

politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn

Nei

2016–2017

790

oppfølging av adopterte og familiane deira

Ja

2015–2016

744

best mogleg oppfølging for å sikre ein god oppvekst for adopterte barn

Ja

2015–2016

745

pålagde barnevernstiltak under svangerskap

Ja

Stortingssesjon (2021–2022)

Rapport om midlertidig lov om tilpasninger i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda

Vedtak 244, 17. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om på egnet vis, innen utgangen av mai, rapportere til Stortinget om hvordan den midlertidige loven har blitt anvendt og hvilke erfaringer partene har med bruken av unntaksbestemmelsene, hvilke konsekvenser anvendelsen har hatt, herunder i hvilket omfang fylkesnemndene har anvendt unntaksbestemmelsene, og hvor mange barn som er flyttet til annen institusjon.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 40 L (2021–2022) Midlertidig lov om tilpassingar i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvensar av utbruddet av covid-19, jf. Innst. 84 L (2021–2022).

Ei utgreiing til Stortinget om erfaringar med midlertidig lov om tilpasninger i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvenser av utbruddet av covid-19 er teken inn i Prop. 86 L (2021–2022) Endringer i barnevernsloven mv. (krav om politiattest ved ansettelser i barne-, ungdoms- og familieetaten mv.). Proposisjonen er handsama av Stortinget, jf. Innst. 391 L (2021–2022). Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging

Vedtak 404, 3. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede at det offentlige skal ha en plikt til å tilby tverrfaglig helsekartlegging når kommunen ber om dette, og raskt komme tilbake til Stortinget på egnet vis.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 222 L (2020–2021) Endringer i barnevernloven mv. (tverrfaglig helsekartlegging), jf. Innst. 166 L (2021–2022).

Bufdir og Helsedirektoratet har gjennomført eit prosjekt med utprøving av tverrfagleg helsekartlegging. Utprøvingsprosjektet blei ferdig i september 2022. Direktorata skal, basert på utprøvinga, levere utkast til nasjonale, faglege retningslinjer for kartleggingane. Når dei faglege retningslinjene ligg føre tidleg i 2023, vil det vere mogleg å setje i gang ei utgreiing av ei offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging. Departementet understrekar at ei offentleg plikt føreset at tilbodet om helsekartlegging er dimensjonert for målgruppa, som på årsbasis er på om lag 2 000 barn. Ein slik auke i kapasiteten vil ta tid å byggje opp og vil vere avhengig av både budsjetta i åra som kjem, og tilgangen på kvalifiserte fagfolk til teama. For 2023 føreslår regjeringa å løyve 21 mill. kroner til ei ytterlegare utviding av tilbodet, sjå nærare omtale under programkategori 11.20. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga

Vedtak 592, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen se til at krisesentertilbudet til den samiske urbefolkningen bedres, og orientere Stortinget på egnet vis.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok. 8: 135 S (2021–2022) , jf. Innst. 339 S (2021–2022).

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har sidan nedlegginga av krisesentertilbodet i Karasjok vore i tett dialog med Karasjok kommune for å få oppretta tilbodet på ny. Kommunen har fått prosjektmidlar frå direktoratet for å greie ut og etablere ei løysing for eit varig krise- og incestsentertilbod tilpassa den samiske befolkninga. Det har òg vore møte mellom Barne- og familiedepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet og kommunane i det samiske forvaltingsområdet, Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nasjonalt samisk kompetansesenter for kommunalt og statleg barnevern, familievern og krisesentertilbod og Sametinget i april i år for å kartleggje utfordringar og drøfte løysingar.

Karasjok kommune har gitt KPMG i oppdrag å greie ut ei løysing. KPMG skal levere ein rapport med forslag til løysingar hausten 2022. Målet er å etablere eit tilbod fyrste halvåret 2023. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Vedtak 620, 31. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utvide Gjeldsregisteret slik at det inneholder alle typer gjeld, både med og uten sikkerhet. Regjeringen må samtidig gjøre grundige utredninger som sikrer personvernet, og vurdere om enkelte typer gjeld av den grunn ikke skal innlemmes.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å ta sosialt ansvar og hjelpe folk med gjeldsproblem gjennom ei styrking og utviding av gjeldsregisteret, jf. Dok. 8:203 S (2021–2022), jf. Innst. 361 S (2021–2022).

Departementet sende ei sak om å utvide ordninga for gjeldsinformasjon med ulike former for pantesikra gjeld (mellom anna bustad- og bilgjeld) på høyring sommaren 2022. Ei slik endring kan gjerast i forskrift. Ei forskriftsendring kan tidlegast ta til å gjelde i 2023. Departementet vil seinare komme tilbake med ei ny sak om ytterlegare utviding av gjeldsinformasjonsordninga med anna gjeld. Dette krev ei lovendring og vil på vanleg måte bli lagd fram for Stortinget i form av ein lovproposisjon.

Stortingssesjon (2020–2021)

Forbod mot søskenbarnekteskap

Vedtak 48, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen legge frem et lovforslag om å forby søskenbarnekteskap.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 66 L (2019–2020) Endringer i straffeloven mv. (avvergingsplikt, utenomrettslig tvangsekteskap, diskrimineringsvern, skyting mot politiet mv.), jf. Innst. 41 L (2020–2021) og Lovvedtak 13 (2020–2021).

Barne- og familiedepartementet vurderte at det i samband med oppfølginga av oppmodingsvedtaket er naudsynt å vurdere dei menneskerettslege implikasjonane av eit forbod før det blir gjort vidare utgreiingar. Barne- og familiedepartementet bad derfor Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) om å greie ut det menneskerettslege handlingsrommet som gjeld for det vidare arbeidet med oppfølginga av vedtaket. NIM leverte ei utgreiing 8. april 2022, som departementet vil leggje til grunn i det vidare arbeidet. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

§ 6 andre ledd i trussamfunnslova

Vedtak 396, 17. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen sørge for at trossamfunnsloven § 6 andre ledd trer i kraft snarest og senest 1. april 2021.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2020–2021) for Barne- og familiedepartementet, jf. Innst. 14 S (2020–2021).

Det har vore naudsynt med ei større utgreiing og høyring, noko som gjorde at det ikkje var mogleg å setje trussamfunnslova § 6 andre ledd i kraft innan 1. april 2021. Trussamfunnslova § 6 andre ledd tok til å gjelde 1. januar 2022. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Involvere foreldre når barn gjer lovbrot

Vedtak 445, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan foreldre i større grad kan involveres og ansvarliggjøres for gjentatte lovbrudd som er begått av deres barn som er under den kriminelle lavalder, og fremme forslag om dette.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om tiltak mot ungdoms- og gjengkriminalitet, jf. Dok. 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021).

Barnevernet kan vere ein viktig bidragsytar for å involvere og hjelpe foreldre til barn som gjentekne gonger bryt lova. Oppfølging av vedtaket fordrar vurderingar med utgangspunkt i både justissektoren og barnevernet. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å greie ut korleis vedtaket kan bli følgt opp best mogleg. Utgreiinga skal skje i dialog med Politidirektoratet. Fristen for oppdraget er ved utgangen av 2022. Departementet vil med utgangspunkt i utgreiinga til Bufdir på eigna vis komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.

Strengare reaksjonar mot samværshindring

Vedtak 714, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede strengere reaksjoner som kan motvirke samværshindring.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværshindring, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).

Departementet arbeider med å følgje opp NOU 2020: 14 Ny barnelov, med sikte på å leggje fram ein lovproposisjon i 2024. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å sjå nærare på fleire spørsmål på dette området, også korleis økonomi speler inn i saker om samvær og samværshindring. Bufdir har i september 2022 sendt over ein rapport som omtaler kompleksiteten på feltet, utfordringar og forslag til tiltak. Bufdir føreslår mellom anna samarbeidstiltak, som å utarbeide felles rettleiing for samarbeid i familievern, barnevern og domstol. Bufdir føreslår òg felles kompetansetiltak hos familievernet, barnevernet og domstol. I tillegg er det forslag om å utarbeide eit løp for saker der det er stans i samvær for dei som er i kontakt med familievernet. Bufdir har òg sett på moglege tiltak for å redusere økonomi som ein konfliktdrivar mellom foreldra og på endringar i måten NAV handterer sakene. Departementet vil vurdere tilrådingane frå Bufdir i det vidare arbeidet i samband med mellom anna oppfølginga av NOU 2020:14.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring

Vedtak 715, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede om det er behov for å gjøre justeringer i barnebidragsreglene for å sikre at økonomi ikke blir en drivende faktor for samværshindring.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværshindring, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).

Departementet arbeider med å følgje opp NOU 2020: 14 Ny barnelov med sikte på å leggje fram ein lovproposisjon i 2024. Departementet ser oppfølginga av dette vedtaket i samanheng med oppfølginga av vedtak nr. 714 av 9. mars 2021, sjå omtale under dette vedtaket.

Under debatten i Stortinget ved handsaminga av representantforslaget blei det sagt at departementet ville sjå på kva som kan gjerast innanfor bidragsregelverket vi har i dag, for å førebyggje at økonomi blir ein drivande faktor for samværshindring. Dette arbeidet er avslutta. NAV vil framover i større grad enn i dag vise saker til domstolane for rettsleg avklaring der foreldrekonflikten er særleg fastlåst. Samstundes kan det fastsetjast eit mellombels bidragsvedtak som sikrar at barnet blir forsørgt. NAV skal òg føre vidare praksisen med å vente med å gjere vedtak om barnebidrag når det er usemje om samværet og ei rettsleg avgjerd om samvær ikkje er langt unna. Sjå òg omtale under programkategori 11.10.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Obligatorisk prisinformasjon på straum

Vedtak nr. 918, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre en ny obligatorisk prisinformasjon/enhetspris på strøm, slik at forbruker enkelt kan sammenligne priser på tvers av alle avtaletyper, og dermed sikre at forbrukerne kan ta informerte valg.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om forenkling av straummarknaden, jf. Dok. 8:126 S (2020–2021) og Innst. 394 S (2020–2021).

Departementet hadde våren 2022 ei høyring av endringar i prisopplysingsforskrifta der obligatorisk prisinformasjon var eit tema. Departementet arbeider vidare med å vurdere korleis obligatorisk prisinformasjon kan bli utforma i samråd med Olje- og energidepartementet og Reguleringsmyndigheita for energi (RME). Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna vis om oppfølging av vedtaket.

Endring av straumavtale

Vedtak nr. 919, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre krav om at strømselskapene ved endring av avtale skal opplyse strømkundene i god tid og gjennom tydelig merket informasjon.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om forenkling av straummarknaden, jf. Dok. 8:126 S (2020–2021) og Innst. 394 S (2020–2021).

Departementet hadde våren 2022 ei høyring av endringar i prisopplysingsforskrifta der endringar i straumavtalar var eit tema. Endringar i prisopplysingsforskrifta som skjerper krava til å opplyse om endringar i straumavtalane til forbrukarane, vil gjelde frå hausten 2022.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Prisinformasjon om straumavtalen

Vedtak nr. 920, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre obligatorisk informasjon om hvor lenge prisen på en strømavtale minimum varer. Denne prisinformasjonen skal opplyses om på strømregningen og ved alt salg og all markedsføring av strøm.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om forenkling av straummarknaden, jf. Dok. 8:126 S (2020–2021) og Innst. 394 S (2020–2021).

Departementet hadde våren 2022 ei høyring av endringar i prisopplysingsforskrifta der endringar i straumavtalar var eit tema. Endringar i prisopplysingsforskrifta som skjerper krava til prisinformasjon, vil gjelde frå hausten 2022.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering

Vedtak nr. 954, 20. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som gir kommunene bedre virkemidler til å hindre fritidsaktiviteter for barn og unge som kan bidra til radikalisering eller være i strid med barns rettigheter eller likestillings- og diskrimineringsloven, herunder:
  • en forpliktende samfunnskontrakt for integrering i samarbeid med tros- og livssynssamfunnenes organisasjoner

  • mulighet til å kartlegge og føre tilsyn med fritidsaktiviteter for barn og unge som omfatter religiøs undervisning.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å gje kommunen ein klar lovheimel til å hindre organisasjonar og trussamfunn i å drive klart integreringshemjande aktivitet, jf. Dok. 8:135 S (2020–2021) og Innst. 406 S (2020–2021).

Departementet ser oppfølginga av dette vedtaket i samanheng med oppfølginga av vedtak 498 av 14. april 2020, om eit forbod mot faste etter-skule-tilbod for barn med overnatting. Det er påbyrja eit samarbeid med fleire departement for å greie ut moglege verkemiddel og tiltak. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaka på eigna vis.

Eigendel for mat i krisesentera

Vedtak nr. 972, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gå gjennom lov om kommunale krisesentertilbud og legge opp til at det ikke tas egenandel for mat fra den enkelte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt og gratis krisesentertilbod for valdsutsette, jf. Dok. 8:134 S (2020–2021) og Innst. 427 S (2020–2021).

Krisesenterlova fastset at krisesentertilbodet skal vere gratis. I førearbeida til lova går det fram at det ikkje skal krevjast betaling for opphaldet, med unntak av eventuelle utgifter til mat til kostpris. Det er ulik praksis for korleis krisesentera organiserer mat og måltid. Dei fleste sentera legg opp til at bebuarane kjøper og lagar mat sjølve. Nokre få krisesenter dekkjer maten, slik at bebuarane ikkje har nokon matutgifter under opphaldet, eller dei opererer med ein eigendel for matutgifter. Departementet tek sikte på å leggje fram eit høyringsnotat med forslag til endringar i krisesenterlova. I dette arbeidet skal bruken av eigendelar bli greidd ut. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera

Vedtak nr. 1124, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at òg personer i aktiv rus har tilgang til et krisesentertilbud med ansatte som har tverrfaglig kompetanse på rus og vold, enten i tilknytning til eksisterende krisesentre eller som selvstendig tilbud.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ei førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet, jf. Dok. 8:119 S (2020–2021) og Innst. 578 S (2020–2021).

Krisesenterstatistikken til Bufdir viser at sju krisesenter for kvinner og åtte senter for menn ikkje gir tilbod om opphald til utsette med ein kjend rusproblematikk. I tillegg er det personar i aktiv rus som ikkje oppsøkjer krisesentera. Departementet er i gang med eit utviklingsarbeid om krisesentertilbodet der kvalitetsutfordringar i tilbodet bli drøfta, mellom anna tilbodet til personar i aktiv rus. Sjå omtale under Programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Dette arbeidet skal sjåast i samanheng med stortingsmeldinga om førebyggings- og behandlingsreforma på rusfeltet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar

Vedtak nr. 1195, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om autorisasjon for de som skal jobbe med omsorgsovertakelser.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I arbeidet med Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov vurderte departementet innføring av ei autorisasjonsordning i barnevernet. Med bakgrunn i ei utgreiing frå Bufdir fann departementet at innføring av kompetansekrav og endringar i masterutdanningane, med auka vekt på praksisnærleik og relevans og betre tilgang til rettleidd praksis under studia, vil vere meir treffsikre og eigna tiltak for å auke tilliten til barnevernet og sørgje for at dei tilsette har tilstrekkeleg og naudsynt kompetanse.

Vedtaket frå Stortinget peiker på ei autorisasjonsordning for dei som arbeider med omsorgsovertakingar, og er eit meir avgrensa forslag enn det som tidlegare er greidd ut. Departementet endra i desember 2021 mandatet til Barnevernsutvalet som skal vurdere tiltak for å styrkje rettstryggleiken i barnevernet, med eit punkt om at utvalet skal greie ut «ordninger for offentlig godkjenning av personell, herunder […] autorisasjon for de i barnevernet som skal jobbe med omsorgsovertakelse […]». Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. mars 2023. Departementet vil etter dette vurdere forslaga frå utvalet og vil på eigna vis komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.

Ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak

Vedtak nr. 1197, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om å innføre en ordning med annenhåndsvurdering av akutt-/hastevedtak.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Departementet viser til at Barnevernsutvalet skal vurdere tiltak for å styrkje rettstryggleiken i barnevernet. Utvalet skal mellom anna vurdere behovet for, og eventuelt føreslå endringar av, system og organisatoriske løysingar for kvalitetssikring av avgjerdsgrunnlaget til barnevernstenesta, vurderingar og avgjerder i alle typar tvangssaker. Dette omfattar òg akuttsaker. Utvalet skal levere utgreiinga si våren 2023. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis etter at utvalet har lagt fram innstillinga si.

Alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova

Vedtak nr. 1198, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen arbeide videre med å finne et alternativt begrep til atferdsbegrepet i barnevernsloven.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I arbeidet med Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov vurderte departementet omgrepet åtferd og alternativ til det. Departementet føreslo ingen endringar fordi det var vanskeleg å finne eit nytt omgrep som er tilstrekkeleg presist til å heimle inngripande tiltak om tvang. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å arbeide vidare med dette spørsmålet. Som fyrste del av oppfølginga av vedtaket er omgrepet «atferdsinstitusjon» erstatta med omgrepa «barnevernsinstitusjon» eller «institusjon» i ny barnevernslov, jf. Prop. 86 L (2021–2022) og Innst. 391 L (2021–2022). Departementet vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Oppfølging av tilrådingar frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet

Vedtak nr. 1201, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen følge opp rettsikkerhetsutvalgets anbefalinger på barnevernsområdet uten ubegrunnet opphold.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval, Barnevernsutvalet, som skal vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet. Utvalet skal levere tilrådingane sine våren 2023. Etter at utvalet har levert rapporten sin, vil departementet utan ugrunna opphald komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av tilrådingane frå utvalet.

Stortingssesjon (2019–2020)

Forbod mot faste etter-skule-tilbod for barn med overnatting

Vedtak 498, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer med sikte på å forby faste etter-skole-tilbud med overnatting over lengre tid for å forhindre segregering, parallellsamfunn, negativ sosial kontroll eller radikalisering.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 130 L (2019–2020) Lov om tros- og livssynssamfunn, jf. Innst. 208 S (2019–2020).

Departementet har med bistand frå fleire departement gjort ei førebels utgreiing om dei menneskerettslege spørsmåla, mellom anna om retten til privatliv, retten til å skipe foreiningar og retten til trus- og livssynsfridom. Departementet vil i det vidare arbeidet greie ut moglege verkemiddel for å hindre fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering eller vere i strid med rettane til barn eller likestillings- og diskrimineringslova, jf. oppfølginga av vedtak 954 av 20. mai 2021 om fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Oppdeling av Opplysningsvesenets fond

Vedtak nr. 500, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen i arbeidet med oppdelingen av Opplysningsvesenets fond ivareta følgende:
  • 1. Staten og kirken skal være likeverdige parter i prosessen som skal avklare hvilke bygninger kirken skal overta, og det legges til grunn at staten kommer til enighet med Den norske kirke om dette.

  • 2. Kirkens verdier skilles ut først, deretter bør staten gjøre egne vurderinger av forvaltning av de verdier som ligger igjen i fondet.

  • 3. Betingelsen for delingen av fondet er at staten øker sin innsats for bevaring av de kulturhistorisk viktige kirkebyggene i et omfang som svarer til de verdiene som staten blir eier av på et bestemt tidspunkt. Når eiendelene i Opplysningsvesenets fond er endelig fordelt mellom staten og kirken, må det gjøres beregning av den reelle verdien. Den reelle verdien skal komme de kulturhistorisk viktige kirkebyggene til gode ved istandsetting og sikring av kirkene. Statens økte innsats for bevaring av kirkene må over tid minst svare til denne verdien (inflasjonsjustert).

  • 4. Statens økte innsats overfor kirkebyggene skal ikke avløse kommunenes økonomiske ansvar for kirkebyggene eller komme til erstatning for andre tiltak eller ordninger som finnes på området.

  • 5. I samråd med kirkelige instanser, antikvariske myndigheter mfl. igangsettes arbeidet med bevaringsprogrammer for ulike kategorier av kulturhistorisk viktige kirkebygg, for eksempel ved å kategorisere kirkebyggene etter alder, verneverdi eller vedlikeholdstilstand.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Den 14. juni 2021 vedtok Stortinget ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond og Innst. 623 L (2020–2021). Lova følgjer opp Innst. 209 S (2019–2020) og skal leggje det rettslege grunnlaget for deling av Opplysningsvesenets fond mellom Den norske kyrkja og staten, i samsvar med stortingsvedtaka. I proposisjonen blir det lagt til grunn at Den norske kyrkja og staten er likeverdige partar i delingsarbeidet. For punkt 1 er det etablert eit eige prosjekt for arbeidet som følgje av dei kriteria for deling som blei lagde til grunn i Meld. St. 29 (2018–2019), og som seinare er følgde opp i Prop. 144 L (2020–2021). Partane har overlevert ein samla rapport med tilrådingane sine til departementet, og det er no bestemt at i underkant av 170 eigedommar skal overførast, i all hovudsak prestebustader. For nokre av eigedommane er der tilknytte føresetnader for overføringa, jf. Meld. St. 29 (2018–2019). I tillegg skal det overførast i overkant av 190 tomter som er kyrkjegrunn, gravplassareal og parkeringsareal. Desse eigedommane blir overførte til dei einskilde sokna som kyrkjeeigar. Sjå omtale under vedtak nr. 501 under for oppfølging av punkt 2. Punkt 3 om berekning av verdiar staten blir eigar av, vil bli gjort med bakgrunn i tal for rekneskapen for 2022 og vil liggje føre våren 2023. Punkt 4 og 5 blir dekte av omtalen av vedtak 502 under. Status for arbeidet med deling av Opplysningsvesenets fond er nærare omtalt under programkategori 11.50.

Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over

Vedtak nr. 501, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med sak om fondseiendommene staten overtar etter at Opplysningsvesenets fond er oppdelt. Det bes om at regjeringen belyser spørsmål som angår det statlige fondets formål, dets samfunnsansvar, organisering, vilkår for salg av eiendommer, sikkerhetsspørsmål ved eventuelle salg til utenlandske aktører samt andre forhold som er av betydning for forvaltningen av det gjenværende fondet staten overtar.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Den 14. juni 2021 vedtok Stortinget ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond og Innst. 623 L (2020–2021). Lova legg det rettslege grunnlaget for å dele Opplysningsvesenets fond mellom Den norske kyrkja og staten. Frå 1. januar 2023 blir staten eigar av dei delane av fondet som ikkje blir overførte til kyrkja. Sjå omtale under vedtak nr. 500 av 14. april 2020 om status for delinga av verdiane. Departementet vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget om dei spørsmåla som vedtak nr. 501 omhandlar, etter at fondet er delt.

Utbetring av verneverdige kyrkjebygg

Vedtak nr. 502, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for utbedring av verneverdige kirkebygg.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Barne- og familiedepartementet har saman med Klima- og miljødepartementet gitt Riksantikvaren i samarbeid med Den norske kyrkja i oppdrag å utarbeide utkast til framtidige verneprogram og -strategiar for istandsetjing av verneverdige kyrkjebygg. Fyrste delrapport blei levert departementa 15. juni 2022. Riksantikvaren tilrår ein modell med ein overordna strategi med tre underliggjande verneprogram for ulike typar kyrkjer. Desse programma vil få fire felles tverrgåande innsatsområde med mål om vern, kunnskaps- og kompetansebygging, formidling og engasjement. Ei samla tilråding vil bli oversend departementa 1. desember 2022. Tilrådinga må sjåast i samanheng med anna arbeid i samband med delinga av Opplysningsvesenets fond, jf. nærare omtale under oppmodingsvedtak nr. 500 og 501 av 14. april 2020. Departementet vil orientere Stortinget om den endelege utforminga av verneprogram og -strategiar på eigna måte seinare.

FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Vedtak 637, 28. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at forslagene til ny barnevernlov og ny barnelov er i tråd med FNs barnekonvensjons prinsipper om barns rett til informasjon, til å bli hørt, beslutninger til barnets beste og barns rett til privatliv.»

Vedtaket blei gjort i samband med orienteringa om situasjonen i barnevernet som barne- og familieministeren la fram for Stortinget 26. mai 2020.

Barnelovutvalet leverte utgreiinga NOU 2020: 14 Ny barnelov 4. desember 2020. Utgreiinga blei send på høyring med høyringsfrist 1. mai 2021. Departementet arbeider no med å følgje opp høyringa med sikte på å leggje fram ein lovproposisjon i 2024 og vil i dette arbeidet på vanleg måte ta omsyn til menneskerettane, irekna barnekonvensjonen.

Departementet har lagt fram forslag til ny barnevernslov i Prop. 133 L (2020–2021). Lova blei vedteken av Stortinget 9. juni 2021. Ny barnevernslov inneheld fleire endringar som styrkjer barn sine rettar, og lova er i tråd med FN-konvensjonen om barnerettane. Det grunnleggjande omsynet for barnevernet skal vere det beste for barnet, og dette er framheva i ei ny overordna føresegn i barnevernslova. Andre grunnleggjande rettar og prinsipp er òg tekne inn i lova, slik som retten barn har til omsorg og vern, og retten til familieliv. Departementet reknar den delen av vedtaket som gjeld ny barnevernslov, som følgd opp.

Stortingssesjon (2016–2017)

Evaluering av felles foreldreansvar

Vedtak nr. 491, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere felles foreldreansvar fra fødsel, etter at loven har virket tre år.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Lovendringa om felles foreldreansvar tok til å gjelde 1. januar 2020. Evalueringa skal skje etter at lovendringa har verka i tre år, og departementet vurderer no korleis evalueringa kan gjennomførast frå 2023. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.

Politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn

Vedtak nr. 606, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for å kreve politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, men som ikke faller inn under særlovgivningen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017).

Departementet gav Bufdir i oppdrag å vurdere behovet for å krevje politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, og som det i dag ikkje finst heimel til å krevje politiattest for i spesiallovgivinga eller politiregisterforskrifta. Etter at departementet hadde fått utgreiinga frå direktoratet, blei det sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som skulle vurdere behovet for å krevje politiattest for nye grupper på tvers av sektorar. Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i januar 2019, og rapporten blei send på høyring. Høyringsfristen var 31. oktober 2019. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.

Oppfølging av adopterte og familiane deira

Vedtak nr. 790, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for oppfølging av adopterte og familiene i tråd med Haagkonvensjonen artikkel 9, der en modell som den danske kan vurderes som ett alternativ, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–2017) Lov om adopsjon, jf. Innst. 359 L (2016–2017).

Departementet vil sjå oppmodingsvedtaket i samanheng med vedtak nr. 744 av 31. mai 2016.

Folkehelseinstituttet har kartlagt behovet for mellom anna oppfølging av adopterte og adoptivfamiliar. Undersøkinga Folkehelseinstituttet har gjort, syner at mange adopterte og familiane deira har behov for oppfølging etter adopsjon. Departementet har gjennomført eit innspelsmøte med adopsjonsorganisasjonane og -miljøa. Med bakgrunn i dette har departementet vurdert tiltak for å følgje opp vedtaket. Dette gjeld frå 2023 kurs for adoptivforeldre og hjelp til adopterte ved søk etter biologiske foreldre.

Departementet reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Stortingssesjon (2015–2016)

Best mogleg oppfølging for å sikre ein god oppvekst for adopterte barn

Vedtak nr. 744, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen se på tiltak som kan gjøres for hvordan adopterte barn kan få best mulig oppfølging for å sikre en god oppvekst.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 (2015–2016).

Departementet har sett vedtaket i samanheng med oppmodingsvedtak nr. 790 av 7. juni 2017. Sjå omtale av oppfølging under det vedtaket.

Departementet reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Pålagde barnevernstiltak under svangerskap

Vedtak nr. 745, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere om òg pålagte tiltak kan settes inn uten samtykke under svangerskap for å sørge for tidlig hjelp og forebygge omsorgssvikt for nyfødte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

Bufdir har tidlegare gitt Høgskulen i Innlandet i oppdrag å greie ut om ansvaret og oppgåver barnevernet har når det gjeld det ufødde livet. Utgreiinga blei levert i mars 2021, og Bufdir har arbeidd med saka etter det. Høgskulen tilrår at barnevernstiltak til gravide framleis bør vere frivillige, og at eventuelle tiltak ved bruk av tvang og makt bør varetakast av andre sektorar og etter anna lovverk. Departementet er samd i at barnevernstiltak til gravide framleis bør vere frivillige. Tvang frå barnevernet er eit dårleg utgangspunkt for å hjelpe gravide og sikre barna gode framtidige omsorgsvilkår. Etter vurderinga til departementet bør det derfor ikkje bli opna for at barnevernet skal kunne påleggje hjelpetiltak overfor gravide. Ansvaret det offentlege har for det ufødde liv, bør i hovudsak framleis liggje til helse- og omsorgssektoren.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Til forsida