Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon og forsking

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon og forsking ligg i hovudsak lønns- og driftsutgifter til departementet og løyvinga til Noregs forskingsråd. Oppgåver og prioriteringar i Barne- og familiedepartementet (BFD) følgjer av politikken og måla innanfor områda familie, oppvekst- og levekår for barn og unge, barnevern, forbrukarpolitikk og tru og livssyn. Dei ulike fagområda er nærare omtalte under programkategoriane lenger att i proposisjonen.

Resultatrapport, strategiar og tiltak

Departementet hadde 153 tilsette per 31. desember 2024.

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Administrasjonen skal leggje til rette for ein kunnskapsbasert og samordna politikk for sektoren. Departementet skal òg vere ein tydeleg etatsstyrar og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte.

BFD koordinerer arbeidet med kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU) – i tillegg deltek Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Føremålet er å samordne politikkutvikling og tenester til utsette barn og unge betre. På direktoratsnivå er 13 etatar, tilsyn og institutt samla i Etatssamarbeidet for utsette barn og unge, som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) koordinerer.

BFD har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap innanfor heile politikkområdet til departementet. Eit skiftande trusselbilete krev kontinuerleg arbeid med forståing og tilpassing av risikoar. I 2025 kom Noregs fyrste nasjonale tryggleiksstrategi. Departementet medverkar gjennom ein aktiv barne-, ungdoms-, og familiepolitikk. Fellesskap, opplæring og trening i demokratiske verdiar er ein grunnpilar i eit motstandsdyktig samfunn. Evne til å formidle rett informasjon til barn og unge og ha god dialog med trus- og livssynssamfunna er også viktig.

Departementet og sektor har vore med i og hatt ansvaret for tryggleiks- og beredskapsøvingar med andre sektorar i 2025. For å følgje opp dei overordna måla og prioriterte områda vil departementet og verksemdene i 2026 halde fram med arbeidet med analysar av risiko og sårbarheit, krise- og beredskapsplanar, øvingar og evalueringar. Departementet vil òg prioritere arbeidet med å følgje opp Nasjonal sikkerhetsstrategi.

Målet for arbeidet med digitalisering er å få til god tenesteutvikling på sektorområda til BFD. Ny nasjonal digitaliseringsstrategi, Framtidens digitale Norge (2024–2030), set rammene for korleis departementet og verksemdene følgjer opp digitaliseringsarbeid framover. Departementet har for tida særskilt merksemd på korleis verksemdene arbeider med deling og gjenbruk av data og kunstig intelligens.

Det er store utviklingsprosjekt av fagsystem både i barnevernet og familievernet som skal gi betre statistikk, data og styringsinformasjon og mogleggjere auka deling av data for effektivisering og betre samhandling mellom aktørane i tenesteytinga.

Innan forbrukarområdet er det stor merksemd på korleis kunstig intelligens utfordrar tradisjonelt forbrukarvern, i tillegg til korleis kunstig intelligens kan brukast som verktøy til å drive meir effektivt og betre tilsynsarbeid.

Med utrullinga av Digital gravferdsmelding får etterlatne høve til å gjere dei mest sentrale vala etter eit dødsfall digitalt, og informasjonen blir delt trygt med andre aktørar.

Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn vart lansert i juni 2025. Meldinga viser retning for oppvekstpolitikken i åra som kjem, der det digitale utgjer ein stadig større del. Meldinga er sentral for å følgje opp målet i nasjonal digitaliseringsstrategi om å sikre omsynet til barn og unge i all digitalisering.

Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor. Departementet fører vidare målet om å redusere husleigeutgifter som staten har i den private leigemarknaden. Dette er innarbeidd i budsjettforslaget. Det er òg lagt opp til andre justeringar for å finansiere gjennomføringa av høgt prioriterte tiltak.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

800

Barne- og familiedepartementet

233 054

237 646

243 553

2,5

Sum kategori 11.00

233 054

237 646

243 553

2,5

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Driftsutgifter

169 399

172 520

182 114

21

Spesielle driftsutgifter

10 834

12 626

10 939

50

Noregs forskingsråd

52 821

70

Noregs forskingsråd, kan overførast

52 500

50 500

Sum kap. 800

233 054

237 646

243 553

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter for departementet.

BFD føreslår å auke løyvinga med 0,72 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under driftsbudsjettet til Statsministerens kontor. Endringa gjeld overføring av midlar til tenestereisene til den politisk leiinga. BFD føreslår vidare å redusere løyvinga med 17 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1605, post 01, under Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet. Endringa gjeld overføring av ressursar til Statens innkjøpssenter.

For å sikre rett postbruk er 2 mill. kroner flytta til posten frå post 21. Midlane gjeld i hovudsak flytting av midlar til IKT, tryggleik og beredskap. BFD føreslår òg å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner tilsvarande eitt årsverk i departementet for å betre drifta.

Departementet føreslår ei løyving på 182,1 mill. kroner i 2026.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

BFD føreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 800, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 10,9 mill. kroner i 2026.

Post 70 Noregs forskingsråd, kan overførast

Løyvinga dekkjer tildelinga til Noregs forskingsråd. Noregs forskingsråd er eit forvaltingsorgan som ligg under Kunnskapsdepartementet.

Stortinget har slutta seg til at Forskingsrådet frå og med 2025 skal bruttobudsjetterast med tilsegnsfullmakter, jf. Innst. 12 S (2023–2024). Løyvingsforslaget er sett med utgangspunkt i overslag på kontante utbetalingar i det aktuelle budsjettåret. Løyvinga gjeld overslag på utbetalingar av tidlegare gitte tilsegner og utbetaling av nye tilsegner gitt i budsjettåret. Beløpet for tilsegnsfullmakt svarer til det samla beløpet for tidlegare inngåtte forpliktingar og nye tilsegner som kjem til utbetaling etter budsjettåret.

Midlane skal medverke til eit godt og heilskapleg kunnskapsgrunnlag om utsette barn og unge og til tiltak som er med på å førebyggje utanforskap og marginalisering. Midlane skal særleg rettast inn mot forsking på effekten av førebyggjande arbeid, tiltak og tenester for barn, unge og familiar.

Midlane på posten skal òg gå til forskings- og innovasjonssatsinga om utsette barn og unge som vart etablert i 2023. Satsinga er eit samarbeid mellom fleire departement. BFD bidreg med 16 mill. kroner årleg til forskings- og innovasjonssatsinga, men Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet bidreg òg med midlar i satsinga. Sjå nærare omtale av programmet i omtalen av Forsking og utvikling i del III. Sjå òg nærare omtale i budsjettproposisjonane til Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 50,5 mill. kroner i 2026.

I tråd med den nye bruttomodellen skal midlar som Stortinget har løyvd til Forskingsrådet i tidlegare år, også stillast til disposisjon for Forskingsrådet, jf. kap. 10 i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet. Dette skjer gjennom at likviditeten i nettomodellen har blitt dregen inn til statskassen i 2024 og inngår i løyvinga for 2025 for midlar som er venta å komme til kontant utbetaling i 2025. Resterande midlar inngår i tilsegnsfullmakta og blir utbetalte i seinare år. 15,3 mill. kroner av tilsegnsramma for 2026 er ubrukte midlar frå tilsegnsfullmakta i 2025. Dette vil føre til auka løyving samanlikna med nullvekst i ein periode framover. Sjå forslag til tilsegnsfullmakt i 2026 på 167,2 mill. kroner knytt til løyvinga.

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Familien er grunnleggjande i livet til barn, og ein trygg og god oppvekst er viktig for utviklinga, livskvaliteten og helsa til barna og dessutan for det seinare vaksenlivet deira. Foreldreansvaret inneber ei plikt til å gi barnet omsorg, omtanke, forsørging og ei forsvarleg oppdraging. Familie- og oppvekstpolitikken har som mål å støtte opp om livsvilkåra til barnefamiliane og oppvekstvilkåra til barn og unge og dessutan å støtte foreldra i pliktene deira. Ein godt utforma familie- og oppvekstpolitikk inkluderer alle barnefamiliar, gir auka velferd og tryggleik for den einskilde og gjer det mogleg for barn og unge å delta i fellesskapet. Ein familie- og oppvekstpolitikk som sikrar barnefamiliar, støttar opp om tilknyting til arbeidslivet og betrar høvet til å kombinere omsorg for barn med eit aktivt arbeidsliv, kan gi vinstar for heile samfunnet no og på sikt.

Det norske velferdssamfunnet og levekåra for barnefamiliar føreset ein velfungerande økonomi. Familiepolitikken skal støtte opp om arbeidslinja og gjere det mogleg å kombinere familieliv og arbeidsliv, slik at flest mogleg foreldre kan forsørgje familien sin sjølv og ta del i den inntekts- og velstandsauken arbeid gir. Høg arbeidsdeltaking er òg naudsynt for å halde ved lag ein sunn økonomi med ein velferdsstat som gir alle eit tryggingsnett. Det er òg naudsynt for at tenester og økonomisk støtte til barnefamiliar skal kunne finansierast og haldast ved lag over tid. Overføringsordningane til barnefamiliar skal medverke til trygge økonomiske rammer og støtte opp om forsørginga av barn. Å styrkje dei universelle ordningane, som auka barnetrygd og billegare barnehage, har vore viktige prioriteringar og medverkar til å betre økonomien for barnefamiliar.

Familie- og oppvekstpolitikken skal støtte opp om at alle barn har høve til å utvikle seg, uavhengig av bakgrunnen sin. Å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar og organisasjonar er viktig for levekåra deira, for å oppfylle retten deira til deltaking og for å førebyggje utanforskap og einsemd.

Regjeringa vil i 2026 føre vidare ein politikk som støttar opp om familiane, reduserer skilnadene i samfunnet, tek hand om barn sine rettar og gir barn og unge høve til å delta i fritidsaktivitetar, uavhengig av økonomien i familien. Arbeidet med å førebyggje vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar skal halde fram. Det er vidare eit mål at barn og unge får ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst.

Prioriteringar på familie- og oppvekstområdet i 2026

Barnehage, skule, SFO, fritidsaktivitetar og nabolaget er viktige arenaer i oppveksten til barn og unge og bidreg til at dei får like høve til å delta i samfunnet, uavhengig av familiebakgrunn. I 2025 la regjeringa fram Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. Målet er at alle barn får ein god start på livet, at dei får gode oppvekstvilkår, og at dei får utvikle seg, lære, meistre og skape seg eit godt liv, uavhengig av sosial bakgrunn. I 2026 vil regjeringa halde fram arbeidet med å følgje opp tiltaka som er skildra i meldinga. Eit av desse tiltaka er å leggje om nokre av dei eksisterande tilskotsordningane og etablere ei tverrsektoriell tilskotsordning for heilskapleg og førebyggjande innsats i kommunane retta mot barn og unge. Regjeringa føreslår å leggje inn 519,8 mill. kroner i ordninga frå andre øyremerkte tilskotsordningar i 2026. Eit anna tiltak er å setje i gang systematiske utprøvingar av politikk på fleire område, slik at politikken som blir innført, er verksam og har ønskt resultat. Mellom anna føreslår regjeringa å prioritere midlar i 2026 for å setje i gang eit arbeid med å prøve ut effektive tiltak for å styrkje inkludering i fritidsaktivitetar.

Utvalet som granskar internasjonale adopsjonar til Noreg, skal greie ut om systemet for adopsjonar har vore forsvarleg. Utvalet leverte ein delrapport i januar 2025 og leverer den endelege NOU-en sin i juni 2026. Regjeringa har dei siste åra fått på plass og vidareutvikla fleire nye etteradopsjonstiltak. Tiltaka skal sørgje for at adopterte og familiane deira skal få tilbod om råd og rettleiing i etterkant av adopsjonen.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med eit forslag til ei ny lov om familieverntenesta. Ny lov skal mellom anna tydeleggjere kva føremål familievernet har, og kva for oppgåver og målgruppe tenesta har. Regjeringa er vidare i gang med implementeringa av ny barnelov, som Stortinget vedtok 16. juni 2025, jf. Prop. 117 L (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova). Mellom anna må det på plass ei ny forskrift om mekling. Regjeringa vil i samband med dette også starte arbeidet med å greie ut oppfølging av oppmodingsvedtak 514, 515 og 516 av 18. mars 2025 om betre beskyttelse av barn mot vald og overgrep ved samvær og oppmodingsvedtak 1007 til 1016 frå 11. juni 2025 knytt til ny barnelov, sjå omtale i del I.

Vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar er eit vedvarande samfunns- og folkehelseproblem. Vald skaper utryggleik, kan gi helseutfordringar, tap av velferd og avgrensar livsutfaldinga og høvet til ei aktiv samfunnsdeltaking. Vald må avdekkjast tidleg, slik at utsette får naudsynt hjelp og vern. Regjeringa vil i 2026 følgje opp tiltak i opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar (2024–2028).

Barn som blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, treng gode offentlege tenester. Fleire barn får likevel ikkje den hjelpa dei treng. Regjeringa har i 2025 etablert ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn for drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn. Våren 2025 fremja BFD forslag til lov som regulerer rammene for ordninga, jf. Prop. 141 L (2024–2025) Lov om undersøkelser av offentlige virksomheters arbeid i saker om drap, vold, overgrep og omsorgssvikt mot barn (barnevoldsundersøkelsesloven). I 2025 vart det sett av 10 mill. kroner til ordninga. Det er behov for å auke løyvinga i 2026 når ordninga er i full drift.

Sjølv om det generelt sett er lågare førekomst av kriminalitet blant barn og unge no enn for 25 år sidan, er regjeringa uroa for utviklinga av barne- og ungdomskriminalitet. Etter ein nedgang på starten av 2000-talet har det sidan 2016 og fram til 2023 vore ein auke i registrert kriminalitet blant barn og unge, spesielt for dei under 15 år. Frå 2023 til 2024 har det vore ein liten nedgang, men det står att å sjå om det er ein vedvarande trend. Ei lita gruppe unge står for mykje av auken i perioden, særleg innan alvorlege lovbrot som vald og mishandling. Ein stor del av dei unge som gjer alvorlege og gjentakande lovbrot, er gutar med innvandrarbakgrunn, dei har ofte samansette utfordringar og lever i familiar og område med store levekårsutfordringar. Ein rapport frå Oslo politidistrikt viser at ein stor del av dei ungdommane som står bak alvorleg og gjentakande kriminalitet, opplever vald i heimen og omsorgssvikt.

Regjeringa har prioritert til saman 90 mill. kroner i 2026 til å forsterke innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet. Midlane vil i hovudsak bli nytta til tilskot til implementering av ein-til-ein-oppfølging i ti utvalde kommunar for å styrkje innsats for barn og unge som har gjort seg skuldig i kriminelle handlingar, eller som ein er alvorleg uroa for. Målet er at kvart enkelt barn og ungdom, og familiane deira, skal følgjast tett opp. Behov og utfordringar skal kartleggjast, relevante aktørar koplast på, og tiltaka som blir tekne i bruk, skal vere målretta og kunnskapsbaserte. Målretta oppfølging av personar med risiko for å hamne i kriminalitet, og tiltak på individnivå, skal bidra til å førebyggje kriminalitet og hindre at barn og unge som alt har gjort seg skuldige i kriminalitet, gjer nye lovbrot. Tiltaket skal tilby skreddarsydd innsats og tett oppfølging av einskilde barn og -ungdommar og familiane deira. Arbeidet skal koordinerast og følgjast opp av dedikerte personar, og det skal utarbeidast eit konkret løp for kvar einskild av ungdommane. Innsatsen skal leggje til rette for samarbeid mellom ulike tenester og tilbod i nærmiljøet, til dømes skule, familie, fritid og barnevern. Tiltaket skal arbeide for at den einskilde skal kunne delta i meiningsfulle fritidsaktivitetar, få hjelp til deltids-/sommarjobb og få ekstra støtte for å skape varig tilknyting til skule og utdanning. Midlane blir delte ut til kommunane med dei største utfordringane med barne- og ungdomskriminalitet som eit øyremerkt tilskot, der kommunen står relativt fritt til å prioritere bruken innanfor føremålet. Tilskota blir tildelt etter søknad frå dei aktuelle kommunane og innanfor fastsette kriterium. Av midlane er det føreslått 8 mill. kroner til evaluering av arbeidet med ein-til-ein-oppfølging, samt til etablering av eit forskingsprogram om barne- og ungdomskriminalitet. Det blir òg sett av 5 mill. kroner til relevante fagetatar for å gi kompetanse- og rettleiingsstøtte til kommunane.

Offera for barne- og ungdomskriminalitet er som oftast andre barn og unge. Handlingane kan få store konsekvensar for offera, deira pårørande og for nærmiljøet. Sjølv om regjeringa legg inn atskilleg med tiltak for å hjelpe dei som allereie utøver kriminalitet, er den viktigaste innsatsen å komme inn med tiltak tidleg i livet til barna – og også involvere og hjelpe familiane. Den langsiktige og breie førebygginga av barne- og ungdomskriminalitet heng saman med arbeidet med å gi alle betre høve og unngå utanforskap. Sjå òg omtale av tiltak i barnevernet for barn som gjer seg skuldige i gjenteken eller alvorleg kriminalitet, under programkategori 11.20.

Regjeringa presenterte planane for eit samfunnsoppdrag for å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv i Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. I 2023 og 2024 har arbeidet vore i ein innleiande fase, og det er utarbeidd mål, delmål og organisering. I 2025 vart samfunnsoppdraget formelt sett i gang. Samfunnsoppdraget har ein visjon om «Ingen barn og unge utanfor». Det overordna målet er ein stor reduksjon i utanforskap blant barn og unge innan 2035. Regjeringa har mellom anna invitert kommunar, fylkeskommunar, frivilligheit, partane i arbeidslivet, forskingsinstitusjonar med fleire til ein felles innsats for inkludering. Sjå ytterlegare omtale av langtidsplanen i del III Forsking og utvikling.

Mål

Barn har særlege rettar, og omsynet til barna og rettstryggleiken deira skal takast hand om. Det er ein eigenverdi at barn og unge får erfaring med å delta i samfunnet og får medverke. Departementet vil halde fram som pådrivar overfor andre departement og relevante aktørar for å styrkje barn sine rettar.

Dei fleste barn og unge i Noreg har gode oppvekstvilkår, men ein del barn og unge lever med utfordringar som verkar inn på livet deira. Nokre barn og unge har auka risiko for utanforskap fordi dei er særskilt sårbare, til dømes på grunn av situasjonen i familien. Dårlege oppvekstvilkår har konsekvensar for barna her og no, men kan òg auke risikoen for å hamne utanfor på sikt. Utanforskap er vanskeleg for den einskilde, men gir òg høge kostnader for samfunnet, til dømes gjennom lågare arbeidsdeltaking. Ei av kjerneoppgåvene for Barne- og familiedepartementet er å arbeide for treffsikre og effektive tiltak som motverkar vanskelege oppvekstvilkår og utanforskap. Dette krev innsats på tvers av sektorar og god samhandling i kvar sak. BFD har eit særskilt ansvar for samarbeidet mellom departementa og leier den tverrdepartementale kjernegruppa om utsette barn og unge. Eit høgt prioritert område er arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet.

Foreldre kan oppleve utfordringar med å utøve foreldrerolla si på ein måte som er til det beste for barnet, og kan trenge støtte frå det offentlege. Det skal leggjast til rette for at konfliktar og utfordringar kan handterast før dei veks til alvorlege problem som rammar barnet. Å styrkje foreldre i foreldrerolla kan betre oppvekstvilkåra til barna. Foreldre og barn kan ha ulike behov. Det er viktig at tenestene kan gi eit tidleg, tilpassa og samordna tilbod.

BFD har for 2026 desse måla på området familie og oppvekst:

Mål

  • Barn får medverke, og barn sine rettar blir betre varetekne.

  • Gode oppvekstvilkår som motverkar risiko for utanforskap blant barn og unge

  • Foreldre får tidleg hjelp til å gi god omsorg og løyse konfliktar.

Måla er nærare omtalte under overskriftene «Barnet sine rettar og ordningar for medverknad», «Oppvekstvilkåra for barn og unge» og «Foreldrestøtte og førebygging av familiekonfliktar».

Resultatrapport og strategiar

I denne delen blir det gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2024 og fyrste halvåret i 2025, og for planlagde tiltak i 2026.

Familieordningane

Familiar med barn har plikter og kostnader som andre samfunnsgrupper ikkje har, samstundes som heile samfunnet er tent med at barn kjem til, og at dei har ein god oppvekst.

Dei ulike overføringsordningane til barnefamiliane er utbetalingar til forsørgjarar og tener fleire føremål. Ordningane kompenserer familiane for delar av utgiftene dei har til barna, dette gjeld til dømes barnetrygda. Foreldrepengeordninga sikrar at foreldre ikkje mistar inntekt medan dei er heime med heilt små barn. Familieordningane har til felles at dei medverkar til å tryggje dei økonomiske rammene rundt familien og skal hjelpe til med å gi barn og foreldre tilstrekkeleg gode økonomiske levekår.

Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) forvaltar størstedelen av budsjettet til BFD gjennom ytingane foreldrepengar, barnetrygd, kontantstøtte, eingongsstønad ved fødsel og adopsjon og bidragsforskott. I tillegg forvaltar Nav ordninga med offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag. Departementet vil i 2026 følgje med på forvaltinga av dei ulike ordningane og medverke til god forvalting av desse.

Nedanfor gjer departementet greie for barnetrygd, kontantstøtte og regelverket for barnebidrag. Foreldrepengeordninga, eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon og forskoteringsordninga er nærare omtalte under programkategori 28.50.

Barnetrygd

Barnetrygd er ei månadleg utbetaling til foreldre med barn under 18 år. Barnetrygda skal kompensere familiane for nokre av utgiftene dei har til barna, og er midlar som familien kan disponere sjølv. Ordninga er universell, skattefri og eit gode for alle barnefamiliar. Barnetrygda bidreg til omfordeling mellom innbyggjarar med og utan barn. Midlane er samstundes særleg viktige for mottakarar med ein svak privatøkonomi og kan hjelpe fleire familiar og barn ut av fattigdom.

Barnetrygda er auka atskilleg under denne regjeringsperioden. Skilnaden i barnetrygd for barn under og over seks år er jamna ut, og barnetrygda per barn er igjen éin og same sats, uavhengig av alderen til barnet. Under regjeringsperioden har barnetrygda for dei yngste barna auka frå 1 676 kroner i månaden til 1 968 kroner i månaden og for dei eldste barna frå 1 054 kroner i månaden til 1 968 kroner i månaden. Stortinget har vidare gjeninnført eit tillegg i barnetrygda på 500 kroner per månad til stønadsmottakarar busette i Finnmark, Nord-Troms (Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord) og på Svalbard frå 1. oktober 2025. Dette svarer til 6 000 kroner per barn per år. Tillegget skal fremje busetjing i nordområda for barnefamiliar.

Figur 4.1 Utvikling i månadleg sats for ordinær barnetrygd

Figur 4.1 Utvikling i månadleg sats for ordinær barnetrygd

Det er òg innført ein særskild auke i barnetrygda til einslege forsørgjarar. Frå 2023 auka den årlege utbetalinga av utvida barnetrygd med 5 000 kroner. Same året vart særfrådraget til einslege forsørgjarar i skattesystemet avvikla og den utvida barnetrygda auka tilsvarande verdien av eit maksimalt frådrag. Å leggje om støtta til einslege frå særfrådrag til utvida barnetrygd er ei forenkling, og dette innebar ei betring for einslege utan inntekt.

Statistisk sentralbyrå har peikt på at auken i barnetrygda dei siste åra har medverka til ein nedgang i delen barn frå familiar med vedvarande låg inntekt frå 2020 til 2023.1

Einslege forsørgjarar med (i) utvida barnetrygd, (ii) full overgangsstønad, og som (iii) har barn under tre år, har rett til eit småbarnstillegg i barnetrygda. Småbarnstillegget blir lagt til den månadlege utbetalinga av barnetrygd og er på 696 kroner, det vil seie 8 352 kroner per år. Småbarnstillegget blir utbetalt per mottakar, og ikkje per barn. På grunn av endringar i overgangsstønaden til einsleg mor eller far er det venta at talet på mottakarar av småbarnstillegget vil gå ned dei neste åra. For nærare omtale av overgangsstønaden sjå Prop. 1 S (2025–2026) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Samanlikna med nabolanda våre tok Noreg i 2023 og 2024 imot ein stor del fordrivne frå Ukraina. Som eitt av fleire tiltak for å jamne ut innkomsten til Noreg til eit nivå meir på linje med nabolanda våre er det ved lov 25. juni 2024 nr. 53 om Endringer i barnetrygdloven og midlertidige endringer i lovverket som følge av ankomst av fordrevne fra Ukraina (videreføring m.m.) endra i barnetrygdlova frå 1. juli 2024, jf. Prop. 72 L (2023–2024) og Innst. 430 L (2023–2024). Etter endringane er føresegna i barnetrygdlova om etterbetaling av barnetrygd i opptil tre år oppheva og erstatta av ein ny regel om etterbetaling i opptil tre månader.

Regjeringa føreslår å føre vidare satsane i barnetrygda med uendra nivå i 2026. Oversikt over talet på mottakarar er gitt under kap. 845, post 70.

Kontantstøtte

Regjeringa vil føre vidare retten til kontantstøtte for dei yngste barna. Kontantstøtte er ei økonomisk yting som er tilgjengeleg for familiar med barn i alderen 13 til og med 19 månader. Utbetalinga krev at barnet ikkje nyttar fulltids barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot til. Ytinga er slik også ein stønad til barnefamiliar som sjølve vil yte omsorga for dei minste eittåringane.

Frå 1. august 2024 vart kontantstøttelova endra slik at familiar kan få kontantstøtte for barn til og med 19 månader, i staden for 23 månader som det var før. Ein kontantstøtteperiode for barn frå og med 13 til og med 19 månader sikrar at alle familiar anten har krav på barnehageplass eller kontantstøtte.

Endringa i kontantstøttelova frå 1. august 2024 innebar konsekvensar som ikkje var tilsikta. Regjeringa føreslo ei retting av endringa i Prop. 29 L (2024–2025) ved å reversere endringane for når kontantstøtte kjem til utbetaling, og når utbetalinga opphøyrer. Endringane tok til å gjelde 1. januar 2025.

Regjeringa føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nivå i 2026. Dette er omtalt under kap. 844, post 70.

Barnebidrag

Alle barn har rett til å bli forsørgde av foreldra sine. Forsørgjarplikta og plikta til å dekkje utgiftene til utdanning gjeld uavhengig av om foreldra bur saman med barnet eller ikkje. Den av foreldra som ikkje bur saman med barnet, oppfyller forsørgjarplikta si ved å betale faste månadlege barnebidrag til barnet. Fram til barnet er 18 år, vil den forelderen barnet bur saman med, forvalte barnebidraget på vegner av barnet.

Foreldre kan i utgangspunktet sjølve avtale kor stort barnebidraget skal vere. Dei kan òg be det offentlege ved Nav om å fastsetje barnebidraget. Det er eit mål at flest mogleg foreldre skal inngå privat avtale om barnebidrag. Private avtalar kan vere betre tilpassa dei individuelle behova den einskilde familien har.

Tal frå AVdir viser ein klar nedgang i delte familiar som nyttar det offentlege tilbodet frå Nav om fastsetjing av barnebidrag frå 2011 til 2022, og samstundes viser tala ein auke i delen private avtalar. Om lag 28 prosent hadde i 2022 bidragssak gjennom Nav, medan talet var 43 prosent i 2011. Direktoratet er av den oppfatninga at nedgangen heng saman med at stadig fleire vel delt bustad for barna ved samlivsbrot.

I absolutte tal viser den sist oppdaterte statistikken frå Nav om offentlege fastsette barnebidrag at det per 31. mars 2024 totalt var 46 627 bidragspliktige og 51 243 bidragsmottakarar som nytta seg av tenestene til Nav til formidling av barnebidrag. Det vart i same tidsrommet utbetalt barnebidrag og/eller forskott på bidrag frå det offentlege for 70 174 barn. Det er 1 117 færre barn enn i mars 2023 og 37 746 færre barn enn i mars 2015.

Ordninga med bidragsforskott sikrar midlar til forsørginga av barnet når den forelderen som ikkje bur saman med barnet, av ulike grunnar ikkje betaler barnebidrag. For nærare omtale av bidragsforskottsordninga, sjå programkategori 28.50.

Familieordningane og EØS-avtalen

EØS-avtalen er den mest omfattande internasjonale avtalen som Noreg er ein del av, og inneber ei rekkje rettar og plikter. Avtalen skal mellom anna sikre fri rørsle av arbeidstakarar i ein felles europeisk arbeidsmarknad og koordinerer i tillegg trygderettar som foreldrepengar, barnetrygd og kontantstøtte.

Det nasjonale regelverket vårt og praksisen vår på trygdeområdet skal vere tilpassa og i tråd med EØS-retten. Regjeringa ønskjer å finne gode løysingar for dette. Det er òg ønskjeleg å ta omsyn til ein rimeleg bruk av norske velferdsordningar og til berekrafta i det norske velferdssystemet.

Det er dei siste par åra gjennomført fleire endringar i praktiseringa av EØS-regelverket i forvaltinga Arbeids- og velferdsetaten gjer av familieordningane. I 2023 vart praksisen endra slik

  • at ein forelder som bur saman med barnet i eit anna EØS-land, får ein sjølvstendig rett til barnetrygd, utvida barnetrygd og kontantstøtte dersom han eller ho oppfyller vilkåra for ytinga, og føresett at barnet «i hovudsak [blir] forsørg[d]» av ein forelder som har Noreg som lovvalsland

  • at foreldre som aldri har budd saman, også er omfatta av føresegnene til trygdeforordninga om familieytingar

  • at småbarnstillegget i barnetrygda blir rekna som ei familieyting etter trygdeforordninga

Det er òg i 2024 gjennomført endringar i foreldrepengeordninga for å sikre at norsk rett er i samsvar med krava i direktiv (EU) 2019/1158 om balanse mellom arbeidsliv og familieliv for foreldre og omsorgspersonar, jf. Prop. 85 LS (2023–2024) Endringer i folketrygdloven (styrking av fedres rett til foreldrepenger) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 74/2024 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2019/1158 om balanse mellom arbeidsliv og familieliv for foreldre og omsorgspersoner og om oppheving av rådsdirektiv 2010/18/EU og Innst. 356 S (2023–2024). Sjå omtale under programkategori 28.50 for meir om desse endringane i foreldrepengeordninga.

Barnet sine rettar og ordningar for medverknad

Barn har særskilde rettar etter Grunnlova og barnekonvensjonen. Barn har rett til å bli høyrde i alt som handlar om dei, og dei er avhengige av at andre tek vare på dei og sikrar interessene deira utan eigennytte. Barndommen legg grunnlaget for vaksenlivet og har følgjer for nye generasjonar. Ved handlingar og i avgjerder som gjeld barn, skal kva som er det beste for barnet, vurderast særskilt og vere eit grunnleggjande omsyn. Det offentlege pliktar såleis å vurdere om tiltak gjeld barn eller kan få konsekvensar for barn. Den som har ansvar for tiltaket, må syte for å vurdere barn sine rettar som ein del av sakshandsaminga.

Meininga til barna kan bidra til å kaste lys over konsekvensar av tiltak for barn og klargjere kva som er det beste for barna det gjeld. At barn blir involverte, er ein verdi i seg sjølv, og det gir barn erfaring med deltaking i samfunnet. Departementet vil halde fram med å ivareta barn sine rettar, mellom anna i samarbeidet med andre departement og direktorat.

Departementet har fastsett dette målet for barn sine rettar:

  • Barn får medverke, og barn sine rettar blir betre varetekne.

Ny barnelov har eit innleiande kapittel om barn sine grunnleggjande rettar. Kapittelet omfattar barnet sitt beste, barnet sin rett til medverknad, barnet sin rett til omsorg, utvikling og vern mot vald, barnet sin rett til ikkje å bli diskriminert og barnet sin rett til familieliv. Barnelova inneheld òg andre endringar som styrkjer barn sine rettar, som ei ny føresegn om barn sitt personvern, rett til ein eigen samtale med meklar, og at aldersgrensa for å melde seg inn og ut av foreiningar blir senka frå 15 til 12 år. Sjå nærare omtale av ny barnelov under.

Departementet har det koordinerande ansvaret for barnekonvensjonen. Noreg leverte sin 7. rapport til FNs barnekomité i juni 2024, og i mai 2025 vart Noreg høyrt av komiteen om korleis vi oppfyller konvensjonen. Fleire departement var involverte i det førebuande arbeidet og deltok under høyringa. Komiteen har i etterkant sendt Noreg tilrådingane sine, og dei ulike departementa vil vurdere korleis desse skal følgjast opp.

Ordningar for at barn og unge får medverke

At barn og unge får medverke i saker som gjeld dei, er ein viktig føresetnad for god politikkutforming og tenesteutvikling for barn og unge. Å leggje til rette for medverknad bidreg òg til at barn og unge tek samfunnsansvar. Retten til medverknad er teken inn i Grunnlova, og barnekonvensjonen pålegg staten å sikre at barn får uttale seg om alle tilhøve som gjeld barnet.

Bufdir har eit særskilt ansvar for å auke medvitet om barnekonvensjonen og korleis han kan nyttast for å styrkje deltakinga til barn og unge i ulike sektorar og på ulike forvaltingsnivå. Dei følgjer òg opp arbeidet med å gjere barnekonvensjonen kjend ute i tenestene i kommunane.

Regjeringa ønskjer meir søkjelys på at det skal vere mogleg for barn og unge å delta og påverke samfunnet og samfunnsutviklinga. Bufdir arrangerer i samarbeid med KS og Frivillighet Norge regionale nettverkssamlingar og møteplassar for ungdomsråd, kommunar og frivillige organisasjonar. Ungdomskonferansen, som Bufdir arrangerer, er ein nasjonal nettverkskonferanse for medlemmer frå ungdomsråda og dei som jobbar med og for ungdom i kommunane. Bufdir arrangerte Ungdomskonferansen i 2025 i samarbeid med Kvam herad og ungdomsrådet deira.

Den femårige satsinga på Ung medverknad for betre oppvekstvilkår (tidlegare omtalt som Oppvekstsamarbeidet) har hatt som mål å styrkje ung medverknad i arbeidet til kommunane med å fremje gode oppvekstvilkår. Som del av dette har Rambøll, på oppdrag frå Bufdir, utarbeidd ein rapport som presenterer funn frå ei kartlegging av ungdomsmedverknad på systemnivå. Rapporten peiker mellom anna på at det har blitt fleire medverknadsorgan og det er meir reell ungdomsmedverknad. Medverknadsorgana i statleg regi ber likevel preg av sektorvise tankesett og tilsvarande organisering. Mange kommunar har etablert eit ungdomsråd, men ungdomsråda har ifølgje rapporten moderat påverknad i kommunane og fylkeskommunane.

For å styrkje arbeidet kommunane gjer med medverknad, jobbar Bufdir òg med å forbetre regionale strukturar. Statsforvaltarane er viktige samarbeidspartnarar i dette arbeidet, og Bufdir har derfor inngått eit samarbeid med statsforvaltarane i Nordland, Troms og Finnmark.

Regjeringa vil tydeleggjere og vidareutvikle oppdraget Bufdir har som nasjonalt kompetansemiljø for barn og unge sin medverknad på systemnivå. Dette krev samarbeid, innsats og god forankring mellom etatar. Departementet vil føre vidare arbeidet i 2026.

Oppvekstvilkåra til barn og unge

Dei fleste barna i Noreg veks opp i trygge familiar med gode oppvekstvilkår. Foreldra er dei viktigaste personane til å ta hand om interessene og behova til barna. God omsorg, oppfølging i barnehage og skule, og å delta i fritidsaktivitetar er investeringar som er viktige for oppvekstvilkåra til barn og unge her og no, og som har vinstar langt fram i tid.

Barn som blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, har eit særskilt behov for god oppfølging og gode offentlege tenester. Det same gjeld andre barn som opplever ulike utfordringar når dei veks opp. Dette kan vere barn som veks opp i fattige familiar, eller som har foreldre med andre levekårsutfordringar. Dårlege oppvekstvilkår gjer det vanskeleg for barna det gjeld, og gir auka risiko for å falle utanfor arbeids- og samfunnslivet som vaksne. Dette fører òg til store kostnader for samfunnet, mellom anna gjennom tapt verdiskaping og velferd.

Å gi barn og unge gode oppvekstvilkår krev innsats og samarbeid på tvers av sektorar og tenester. Eit godt kunnskapsgrunnlag er naudsynt for å kunne utvikle treffsikre tiltak.

Departementet har derfor fastsett dette målet for arbeidet retta mot utsette barn og unge:

  • Gode oppvekstvilkår som motverkar risiko for utanforskap blant barn og unge

Betre samarbeid for utsette barn og unge

Familiar med barn som treng det, skal kunne få samansett hjelp frå fleire tenester. Nokre familiar har større behov enn andre. Fleire barn og føresette opplever at tenester ikkje snakkar saman, og at tenestene ikkje tilbyr det som dei opplever at dei treng.

Fleire offentlege utgreiingar, tilsyn og forsking syner at dei ulike velferdstenestene i mange saker ikkje samarbeider godt nok. Dei viser til at dette handlar om manglande struktur og systematikk, manglande oppfølging og svak koordinering av samarbeidet mellom tenestene. Utfordringane kjem særleg til syne i grenseflatene mellom tenestene og når ingen opplever at dei har eit tydeleg ansvar. Betre samordning skal førebyggje at barn og unge fell mellom to stolar og ikkje får dei tenestene dei treng.

Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for samarbeid på tvers av sektorane og samordning av tenestene i kommunane, slik at utsette barn og unge og familiane deira får eit samordna tenestetilbod.

Departementa etablerte i 2021 «Kjernegruppe for utsette barn og unge» (KUBU), samansett av sju departement. Kjernegrupper er ei organisering og arbeidsform for departementa, med mål om å skape system for betre samarbeid mellom departementa på særlege utfordrande samfunnsområde. Føremålet er å samordne politikkutviklinga og tenestene til utsette barn og unge betre. Det er etablert ein tilsvarande struktur på direktoratsnivå der 13 underliggjande etatar inngår (etatssamarbeidet). Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som leier denne. KUBU har i 2024 og 2025 særleg arbeidd med å koordinere innsatsen til departementa for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet, mellom anna gjennom tiltaket ein-til-ein-oppfølging. Etatssamarbeidet under KUBU har fått i oppdrag å vurdere ansvaret kommunane har for det breie førebyggjande arbeidet.

For at tiltak retta mot utsette barn og unge skal vere effektive og treffsikre, er ein avhengig av eit godt kunnskapsgrunnlag og at kunnskapen blir teken i bruk i utdanningar, tenester og politikk. I 2021 fekk BFD overlevert BarnUnge21-strategien som inneheldt tilrådingar om tiltak for ein målretta og koordinert nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon for utsette barn og unge. Sjå omtale av BarnUnge21 og arbeid for eit styrkt kunnskapsgrunnlag i del III Forsking og utvikling.

Tverrsektorielt tilskot til førebyggjande tiltak for barn og unge

Barn og unge er eit av regjeringa sine viktigaste satsingsområde. I Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn la regjeringa fram ein samla politikk for å sikre gode oppvekstvilkår og like moglegheiter for barn og unge, frå dei viktige 1 000 første dagane, gjennom barndom og ungdomstid og inn i vaksenlivet. Eitt av tiltaka i meldinga var å ta sikte på å etablere ei tverrsektoriell ordning med programfinansiering.

For mange barn og unge som har behov for hjelp frå fleire tenester, får ikkje eit tilstrekkeleg tilbod. I dag finst det mange statlege tilskot til kommunesektoren som rettar seg mot barn og unge, med ulike føremål innanfor forskjellige sektorar og tenester. Kommunesektoren, statsforvaltaren og brukarar av ulike tenester har over lengre tid peikt på at statens styring av oppvekstsektoren er fragmentert, og at sektorisert styring hindrar god bruk av ressursar på tvers av tenester. Ei omlegging av dagens finansiering vil gi kommunane større moglegheit til å sjå ressursar og behov i samanheng og på tvers av sektorar, slik at det blir enklare for kommunen å setje inn tiltak der behova er størst.

Regjeringa føreslår å etablere ei tilskotsordning for heilskapleg og førebyggjande innsats i kommunane retta mot barn og unge, gjennom å samle tilskot som tidlegare har vore øyremerkte eit bestemt tiltak eller område, til éi overordna tilskotsordning. Målet med ordninga er å leggje til rette for gode oppvekstvilkår og førebyggje at barn og unge fell utanfor. Tilskotsordninga vil leggje til rette for meir tverrfaglege tenester og tilbod til kommande og nye familiar, barn og unge. Ordninga skal bidra til å nå regjeringa si ambisjon om eit heilskapleg og godt tilbod frå dei viktige 1000 første dagane, gjennom barndom og ungdomstid og inn i vaksenlivet. Omlegginga er i tråd med tillitsreforma sine intensjonar og skal bidra til innovasjon i offentleg sektor og til nye måtar å jobbe på. Omlegginga bygger mellom anna på erfaringane frå pilot for programfinansiering i 0-24 samarbeidet og er ein viktig satsing for å nå måla i regjeringa sitt målretta samfunnsoppdrag om å inkludere barn og unge. I 2026 vil ordninga vere på 519,8 mill. kroner, sjå kap. 846, post 63. Tiltaka som kommunane prioriterer gjennom ordninga, skal ha utsette barn og unge som ein del av målgruppa, men kan òg omfatte førebyggjande, universelle tiltak retta mot alle barn og unge.

Avvikling av Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge

Målet med tilskotsordninga er å setje kommunane i betre stand til å oppdage og følgje opp utsette barn gjennom å utvikle og implementere kommunale samhandlingsmodellar. Mange kommunar har allereie fått tilskot over ordninga. I 2024 starta som planlagt ei gradvis nedtrapping av ordninga fordi ho har verka over fleire år og søknadstilgangen og behovet for ordninga derfor er mindre. Løyvinga i 2024 og 2025 vart nytta overfor kommunane som skal implementere ein allereie utvikla modell. Det vart i 2024 tildelt 7,5 mill. kroner til 15 kommunar gjennom ordninga. Løyvinga vart redusert ytterlegare i 2025.

Tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn blir som planlagt avvikla frå og med 2026, sjå omtale under kap. 846, post 62.

Førebygging av barne- og ungdomskriminalitet

Det er lågare førekomst av barne- og ungdomskriminalitet i Noreg no enn for 25 år sidan, og dei fleste barn gjer ikkje kriminelle handlingar. Likevel ser vi, etter ein nedgang frå tidleg 2000-tal fram til 2016, no ein auke i den registrerte barne- og ungdomskriminaliteten fram til 2023. Mellom 2023 til 2024 har det igjen vore ein liten nedgang, men det står att å sjå om det er ein vedvarande trend. Tal frå Ungdata om regelbrota til ungdommane samsvarer til ei viss grad med trenden for registrert kriminalitet, og mykje tyder på at det er brot på ein trend som har halde fram sidan tusenårsskiftet.

Figur 4.2 Talet på sikta personar per 1 000 innbyggjarar etter alder

Figur 4.2 Talet på sikta personar per 1 000 innbyggjarar etter alder

Siktingar i aldersgruppa 5–14 år kan ikkje samanliknast med siktingar i andre aldersgrupper. Sjå meir informasjon om statistikken på SSB sine nettsider.

Kjelde: SSB, 2024

Kriminalitet skaper utryggleik og har store konsekvensar for enkeltpersonar og for samfunnet. Det er derfor ei viktig prioritering for regjeringa å førebyggje kriminalitet så tidleg som mogleg og stoppe utviklinga. Ein ser mellom anna at ei stadig yngre gruppe med barn står bak gjenteken og alvorleg kriminalitet. Regjeringa er uroa for denne utviklinga.

Det er mange og samansette årsaker som påverkar risikoen for å hamne i kriminalitet. Viktige faktorar er oppdragarstilen til foreldra, førekomst av konfliktar i familien, skuleproblem eller omgang med kriminelle venner. Unge med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte både i familiar med låg inntekt og i den registrerte kriminaliteten, både som utøvarar og som utsette for kriminalitet. Barn og unge som gjer kriminelle handlingar, har i gjennomsnitt dårlegare oppvekstvilkår enn andre barn og unge. Dette heng saman med at desse gruppene møter fleire utfordringar som aukar sannsynet for kriminell åtferd.

Riksrevisjonen har gjennomført ein forvaltingsrevisjon av innsatsen frå styresmaktene mot barne- og ungdomskriminalitet (Dokument 3:15 (2024–2025)), som vart send til Stortinget i juni 2025. Riksrevisjonen skriv i rapporten sin mellom anna at det manglar stabile organisatoriske rammer og fleksibilitet i det kommunale førebyggjande arbeidet, og at det er fare for at hjelpeapparatet ikkje kjem i posisjon til å kunne gi rett hjelp til rett tid. Det blir vidare peikt på at det manglar ei felles forståing av roller og ansvar i det førebyggjande arbeidet på kommunalt nivå, noko som gjer at dette arbeidet blir meir krevjande og mindre effektivt enn det treng å vere.

Etatssamarbeidet har fått i oppdrag å vurdere ansvaret kommunane har for det breie førebyggjande arbeidet. I desember 2024 leverte etatane eit kunnskapsgrunnlag som viser at det er stor variasjon i korleis kommunane forstår og utøver det førebyggjande ansvaret sitt, og at ein del kommunar har utfordringar med det førebyggjande arbeidet. Utfordringane knyter seg mellom anna til at kommunane har ulik forståing av kva førebygging er på tvers av nivå og tenester i kommunane.

Etatane leverte ein plan med tiltak som skal bidra til å løyse utfordringane og støtte kommunane i det breie førebyggjande arbeidet. Nokre av tiltaka blir avslutta i 2026, andre i 2027. Regjeringa vil byggje vidare på det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og vil hausten 2025 gi etatssamarbeidet eit tilleggsoppdrag. Dette skal omfatte ei vurdering av roller og ansvarstilhøve i førebygginga av barne- og ungdomskriminalitet og forslag til tiltak som kan styrkje arbeidet kommunane gjer på dette området. Justis- og beredskapsdepartementet har sett ned ei ekspertgruppe som skal greie ut betre tverretatleg samarbeid og informasjonsdeling på individnivå, mellom anna i førebygginga av barne- og ungdomskriminalitet. Sjå òg omtale av tiltak i barnevernet for barn som gjer seg skuldige i gjenteken eller alvorleg kriminalitet, under programkategori 11.20.

Regjeringa har utarbeidd Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn for å styrkje den breie og førebyggjande innsatsen og gi alle dei same høva og hindre utanforskap. Dette er ein viktig innsats i arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Men vi treng òg meir spissa tiltak og innsatsar. I revidert nasjonalbudsjett 2025 er det løyvd midlar til Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim for ein-til-ein-oppfølging av ungdom som gjer, eller står i fare for å gjere, gjentekne og alvorlege kriminelle handlingar. Oslo kommune har våren 2025 lansert Oslo-modellen, som byggjer på erfaringane frå Grorud-modellen. Dette er eit vellukka døme på tett samarbeid mellom politi og bydel i oppfølginga av ungdom med høg risiko for kriminalitet. Regjeringa føreslår å leggje til rette for at fleire byar som har særlege utfordringar med barne- og ungdomskriminalitet, kan sette i gang ein-til-ein-oppfølging.

Ein-til-ein-oppfølging inneber skreddarsydd innsats og tett oppfølging av enkeltbarn og familiane deira, i samarbeid med skule, fritidstilbod, barnevern, Nav og andre tenester i nærmiljøet. Dette tiltaket kan bidra til å styrkje det tverrsektorielle arbeidet i kommunane og vere til inspirasjon for andre kommunar som ønskjer ei meir strukturert tilnærming til førebygging av barne- og ungdomskriminalitet. I 2026 blir arbeidet føreslått ytterlegare styrkt, og i tillegg til Oslo, Bergen Trondheim og Stavanger blir òg kommunane Kristiansand, Skien, Drammen, Sandefjord, Lørenskog og Lillestrøm øyremerkte midlar. Den totale løyvinga til tiltaket i 2026 er føreslått til 90 mill. kroner, inkludert midlar til forsking og fagetatane.

I 2025 vart det vidare det løyvd midlar til ei rekkje kommunar med utfordringar knytte til barne- og ungdomskriminalitet, mellom anna til foreldrestøttande tiltak som implementering og vidareutvikling av foreldrerådsmodellen. Løyvinga blir ført vidare i 2026. Det er òg løyvd midlar over budsjettet til Kunnskapsdepartementet til beredskapsteam ved skular i fleire byar.

Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn

I dag veks barn opp med skjermbruk, teknologi og dei store teknologiselskapa som ein del av kvardagen. Norske barn er blant dei største brukarane av internett i Europa. 91 prosent av barn mellom 9 og 12 år bruker sosiale medium, og dei fleste får ein brukarkonto før dei fyller 13.2

I juni 2025 la regjeringa fram Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn. Barn og unge skal ha ein aktiv, deltakande og trygg oppvekst i ei digital verd. Meldinga syner politikken til regjeringa for å verne barn mot skadeleg bruk, ta hand om barn sine rettar og for å samordne innsatsen til styresmaktene. Regjeringa vil setje foreldre og vaksne som arbeider med foreldre og barn, betre i stand til å ta vare på person- og forbrukarvernet til barna, høvet dei har til deltaking og samhøyrsle og retten dei har til vern mot overgrep, mobbing og skadeleg bruk og innhald. Dei store teknologiselskapa kan ha utfordrande forretningsmodellar, til dømes med tanke på personvern, marknadsføring, algoritmestyrt innhald og reklame og design som skaper avhengigheit. Regjeringa har derfor òg sendt på høyring lovforslag om aldersgrense for sosiale medium og lovforslag om auka aldersgrense for samtykke til handsaming av personopplysingar i personopplysingslova.

Barn sine rettar blir utfordra av den teknologiske utviklinga. Mellom anna har barn eit særskilt forbrukarvern. Digitaliseringa utfordrar dette vernet. Sjå nærare omtale av forbrukarvernet til barn i programkategori 11.30. I 2021 offentleggjorde FN sin barnekomité ein generell kommentar, nr. 25, som omhandlar rettane barn har i det digitale samfunnet. Kommentaren går mellom anna ut på at alle sektorar må sørgje for at barn sine rettar i det digitale miljøet blir respekterte, beskytta og varetekne. For å styrkje forskinga på feltet er det løyvd midlar til EU Kids Online.

Regjeringa avgjorde i 2022 at ung.no skal vere den primære kanalen staten har for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge på tvers av sektorar og tenestenivå. Ung.no skal vere ein brukarvennleg inngangsport til informasjon av høg kvalitet og hjelpetenester drivne av det offentlege på tvers av sektorar. Det er Bufdir som driv nettstaden ung.no, som samarbeider med mange andre offentlege tenester og etatar, til dømes Helsedirektoratet.

Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet utviklar i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet DigiUng og ung.no vidare. I 2024 resulterte arbeidet med å etablere ein felles drifts-, finansierings- og forvaltingsmodell i at det vart oppretta ein varig struktur for samarbeidet i Bufdir. DigiUng er no etablert på både strategisk og operativt nivå. Det tverrsektorielle samarbeidet har allereie skapt vinstar i form av at fleire verksemder når ut med informasjon til målgruppa, og nye tenester er blitt tilgjengelege via ung.no. Samarbeidet gjennom den nye strukturen blir vidareført i 2026.

Arbeidet med å vidareutvikle ung.no til éin felles tverrsektoriell inngang til offentlege digitale informasjons-, rettleiings- og hjelpetenester for ungdom held fram. I 2025 har ein byrja å arbeide med mellom anna integrasjonar og risikofaktorar knytte til bruk av teknologi, til dømes video og kunstig intelligens. Alle verksemder i DigiUng-samarbeidet skal få tilgang til å lage kvalitetssikra innhald på ung.no innanfor eigne fagområde. Dette arbeidet blir vidareført i 2026.

Barn som veks opp i fattige familiar

Ein oppvekst i fattigdom er ein av fleire faktorar som gir auka risiko for dårlege oppvekstvilkår og utanforskap. Låg kjøpekraft og få økonomiske ressursar kan redusere høvet foreldra har til å dekkje utgifter som er naudsynte og viktige for utviklinga til barn. Dette gjeld til dømes utgifter til barnehage, SFO og fritidsaktivitetar. Ein pressa økonomisk situasjon kan òg påverke barna negativt gjennom auka stress i familien. Familiar i utanforskap og med vedvarande låg inntekt har oftare enn andre samansette utfordringar. Dette er tilhøve som gir auka risiko for at barna kan falle utanfor arbeids- og samfunnsliv som vaksne. Det er bra for den einskilde og for samfunnet at flest mogleg er rusta for arbeidslivet. Det er stor mangel på arbeidskraftsressursar til å løyse viktige oppgåver i samfunnet og grenser for kor mange som kan stå utanfor arbeidslivet. Dei samfunnsøkonomiske kostnadene av at barn veks opp i utanforskap eller fattigdom, kan med andre ord vere store.

Ein indikator for kor mange barn som veks opp i familiar med risiko for fattigdom, er delen barn som lever i hushald med ei inntekt under 60 prosent av medianinntekta over ein periode på tre år. SSB definerer denne gruppa som barn i familiar med vedvarande låg inntekt. Frå starten av 2000-talet og fram til 2019 var det ein auke i delen barn som bur i familiar med vedvarande låg inntekt. SSB peiker på at ei viktig årsak til auken er at fleire barnefamiliar kom til Noreg som flyktningar i denne perioden. SSB finn òg at overføringane til hushald med låge yrkesinntekter, som er avhengige av atskilleg med overføringar, utvikla seg svakare enn inntektene elles i samfunnet i den same perioden.

Figur 4.3 Barn i hushald med vedvarande låginntekt, 2006–2023. Prosent og tal

Figur 4.3 Barn i hushald med vedvarande låginntekt, 2006–2023. Prosent og tal

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I 2023 vaks 9,9 prosent av barn i Noreg opp i ein familie med vedvarande låg inntekt, mot 7,7 prosent i 2010. Det er samstundes ein nedgang på 1,8 prosentpoeng sidan 2020. Auka barnetrygd, butid og yrkesdeltaking blant innvandrarar er tre medverkande årsaker til nedgangen. 6 av 10 barn i låginntektsgruppa har innvandrarbakgrunn, medan barn med innvandrarbakgrunn utgjer 2 av 10 av barnepopulasjonen.

Som følgje av krigen i Ukraina har Noreg dei siste åra teke imot mange barnefamiliar og andre fordrivne. Barnefamiliar med kort butid i Noreg er særskilt utsette for fattigdom, og for denne gruppa er det naudsynt med treffsikre tiltak som bidreg til at foreldra kjem raskt ut i arbeid. Dei fordrivne barnefamiliane frå Ukraina er samstundes ikkje fanga opp av dei siste låginntektstala, ettersom dei ikkje har budd i Noreg i heile treårsperioden frå 2021 til 2023. Tal på delen barn i familiar med årleg låginntekt viser derimot ein auke i tala frå 2022 til 2023. Dersom ein held barn frå Ukraina utanfor målinga, kjem det til syne som ein nedgang i tala på barn i familiar med årleg låginntekt i denne isolerte perioden.

Det er fleire tilhøve som syner at låginntektsmålet ikkje åleine bør leggjast til grunn for politikktiltak. Målet fangar til dømes ikkje opp dei positive verknadene som rimelegare barnehage og gratis deltidsplass i SFO har for økonomien til barnefamiliar. Dei synleggjer heller ikkje korleis auka levekostnader frå 2022 og fram til dag har påverka økonomien til familiar i nedre del av inntektsfordelinga. I 2023 kom SSB, på oppdrag frå Bufdir, med tilrådingar til indikatorar som kan supplere det noverande låginntektsmålet som mål på fattigdom. I 2025 har Bufdir fått i oppdrag å utvikle supplerande indikatorar på barn som lever i fattige familiar, med utgangspunkt i rapporten frå SSB. Føremålet er etter kvart å ta i bruk fleire indikatorar som kan synleggjere fattigdomsutviklinga i Noreg og effektar av politikktiltak.

Tillit mellom menneske og til offentlege institusjonar er viktig for å kunne halde ved lag eit berekraftig velferdssamfunn. Dersom den økonomiske ulikskapen blir for stor, kan tilliten bli utfordra. I Noreg ser familieinntekt ut til spele ei mindre rolle for høva som barn har til å delta i utdanning og arbeid når dei veks opp, samanlikna med andre land. Samstundes er det analysar som tyder på at den sosiale mobiliteten blant dei lågaste inntektsgruppene har gått noko ned over tid. Det vil seie at risikoen for at barn og unge som veks opp i familiar i dei lågaste inntektsgruppene, blir verande i den same gruppa når dei blir vaksne, har auka. I tillegg til å utfordre tilliten i samfunnet kan fråværet av like høve til å delta i utdanning og arbeidsliv føre til at ein går glipp av framtidig arbeidskraft.

Regjeringa arbeider for å betre oppvekstvilkåra til barn som veks opp i fattige familiar, og motverke at fattigdom går i arv. Dette krev kunnskap om kva for tiltak som er effektive for å nå dei to måla, og at desse tiltaka blir prioriterte. Arbeid er den viktigaste kjelda til inntekt og velferd og sikrar at ein får ta del i inntektsutviklinga i samfunnet. Tiltak som legg til rette for at fleire kjem i arbeid, er òg viktige for integreringa. I dag er arbeidsdeltakinga særleg låg blant kvinner med bakgrunn som flyktningar. Foreldre som står utanfor arbeidsmarknaden over lang tid, har ofte samansette utfordringar, og mange treng heilskapleg og tilpassa hjelp. Foreldra kan til dømes trenge helsehjelp, kompetansetiltak, språkopplæring eller foreldrestøtte. I mange tilfelle vil inntektssikring gjennom kontantytingar derfor vere utilstrekkeleg, og politikkutviklinga må ta omsyn til dette.

Samstundes er det naudsynt at dei foreldra som av ulike årsaker ikkje kan arbeide, også kan gi barna sine ein trygg og god oppvekst med høve til å delta i samfunnet. Dette kan gjerast anten ved å auke inntekta til familiane som står utanfor arbeidsmarknaden, eller ved å redusere utgifter som barnefamiliar har. Auka kontantytingar vil kunne svekkje insentiva foreldre har til å arbeide, noko som kan gi lågare inntekter på sikt. Tiltak som reduserer utgiftene til familiane, kan rettast direkte mot tiltak som har positive konsekvensar for barna, og som bidreg til å motverke at fattigdom går i arv.

Det trengst betre kunnskap om effektar av tiltak med mål om å redusere og førebyggje at barn veks opp i fattigdom. Det er ønskjeleg at fleire forskingsmiljø og disiplinar forskar på dette over tid. I perioden 2023–2026 gjennomfører SSB, i samarbeid med Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) og Folkehelseinstituttet (FHI), eit fleirårig forskingsprosjekt om barn i fattige familiar. Bufdir er oppdragsgivar for prosjektet, som har bakgrunn i eit oppdrag frå departementet. SSB leverte fyrste delrapport i mars 2025 som handlar om drivkrefter bak utviklinga i fattigdom blant barnefamiliar. Rapporten viser at høg innvandring har vore ein viktig drivar bak auken i tala på barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt i perioden 2010–2022. I tillegg finn SSB at overføringane til familiar med låge yrkesinntekter i gjennomsnitt har utvikla seg svakare enn inntektene elles i samfunnet.

Innsatsen til regjeringa for barn i fattige familiar

God omsorg, deltaking i barnehage, skule og fritidsaktivitetar er viktige for barna her og no og kan gi store samfunnsøkonomiske vinstar på sikt. Foreldra er dei viktigaste personane i livet til barna, og det er foreldra sitt ansvar å sørgje for trygge rammer for barna. Det offentlege bidreg samstundes til at behova og dei særskilde rettane barna har, blir tekne hand om. Arbeidet regjeringa gjer for barn i fattige familiar, omfattar i dag innsats på tvers av mange ulike departement, sektorar og forvaltingsnivå.

I 2022 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar som vurderte korleis innsatsen bør prioriterast for å styrkje oppvekstvilkåra til barna på kort sikt og førebyggje framtidig fattigdom. Ekspertgruppa vurderte korleis delen og talet på barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt, kan reduserast på ein treffsikker måte. Ekspertgruppa leverte utgreiinga si i oktober 2023. Basert på endra utrekningar frå SSB kom det ei tilleggsvurdering frå ekspertgruppa 27. juni 2024. Regjeringa nyttar vurderingane frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar i den vidare innsatsen for å motverke og førebyggje fattigdom blant barnefamiliar.

Like muligheter i oppveksten. Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier vart vidareført i 2024. I januar 2025 leverte Bufdir sluttrapportering på oppfølginga av tiltaka i vidareføringa av strategien.

Nedanfor følgjer ein omtale av dei viktigaste tiltaka til regjeringa for barn som veks opp i fattige familiar. For innsatsen til regjeringa for å gi barn og unge høve til å delta i fritidsaktivitetar, sjå «Deltaking for alle barn og unge».

Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn

Våren 2025 la regjeringa fram Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. Meldinga peiker ut vidare retning for å redusere sosiale skilnader og bidra til like høve for barn og unge. Meldinga er eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet.

Hovudmåla i meldinga er at alle barn og unge får ein god start på livet, at dei får gode oppvekstvilkår, og at dei får utvikle seg, lære, meistre og skape seg eit godt liv, uavhengig av sosial bakgrunn. Meldinga løftar fram fem innsatsområde: arbeid og økonomisk tryggleik, ein god start på livet, like høve gjennom utdanningsløpet, på fritidsarenaer og inn i arbeidslivet, styrkje laget rundt barn og unge og meir kunnskap og samarbeid.

Førebyggingsperspektivet står sentralt i meldinga og handlar om forsterka innsats for å skape og halde ved lag gode oppvekstvilkår for alle barn. Dette inkluderer tiltak som regjeringa har iverksett for å styrkje det universelle tenestetilbodet for barn og unge og tryggje økonomien til familiane, som rimelegare barnehage, gratis kjernetid i SFO til og med 3. trinn, auka barnetrygd og auka bustøtte. Meldinga har òg eit tydeleg kommuneperspektiv, som framhevar arbeidet i kommunane med å skape inkluderande arenaer og gi kvalitet og samanheng i tenestene. Dei statlege verkemidla må sjåast i samanheng på tvers av sektorane, slik at kommunane får betre vilkår for å gi eit samordna og heilskapleg tenestetilbod.

Meldinga tek for seg kor mykje familien og dei fyrste 1000 dagane av livet til barnet har å seie. Gode og tverrfaglege tenester i fødsels- og barselomsorga og helsestasjons- og skulehelsetenesta, og gode og tilgjengelege barnehagar, blir særleg løfta fram. Tiltak omfattar også tilgjengeleg foreldrestøtte og oppfølging av familiar som treng det. Vidare er eit godt skulemiljø og ein meir praktisk skule sentralt for at fleire skal meistre og få høve til vidare utdanning og arbeid. Betre tilgang til fritidsaktivitetar for alle og eit samarbeid mellom skule/SFO og idretts- og kulturaktivitetar er også viktige tiltak for å gi barn og unge betre høve på viktige oppvekstarenaer. Stortingsmeldinga løftar vidare fram innsatsen for å styrkje laget rundt barnet, tverrsektoriell leiarutvikling og tverrsektorielt tilskot til førebyggjande tiltak for barn og unge som tiltak. Regjeringa vil styrkje innsatsen for å få fleire unge i arbeid og utdanning gjennom eit ungdomsløft. Meldinga omtaler også innsatsen for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet.

Økonomisk støtte til barnefamiliane

Dei store overføringsordningane til barnefamiliane omfattar foreldrepengar, eingongsstønad, barnetrygd og kontantstøtte og er på til saman 61 mrd. kroner. Ordningane påverkar korleis familiane innrettar livet sitt, påverkar arbeidstilbodet og norsk økonomi. Barnetrygda er auka atskilleg under denne regjeringsperioden, især for barn over 6 år og for einslege forsørgjarar, noko som er særleg viktig for låginntektsfamiliar. Ordningane tryggjer og betrar det økonomiske handlingsrommet i familiane og kan nyttast til barna eller til andre behov familiane har. For nærare omtale av foreldrepengar, eingongsstønad, barnetrygd og kontantstøtte, sjå «Familieordningane» og programkategori 28.50.

Under ansvarsområdet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet er det gjennomført fleire endringar i inntektssikringsordningane dei siste åra som òg verkar inn på barnefamiliar.

Frå 1. juli 2022 er regelen om at summen av uføretrygd og barnetillegg ikkje kan utgjere meir enn 95 prosent av inntekta før mottakarane vart uføre, avvikla. Frå 2024 påverkar ikkje lenger barn sine eigne inntekter eller barnepensjon barnetillegga for mottakarar av arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad. Barnetillegga for arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad og dagpengar er igjen auka frå 1. januar 2025 og utgjer 37 kroner per barn per dag. Minstesatsane for arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad vart oppjusterte frå 1. juli 2024.

Dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp vart auka med 10 prosent frå 1. juli 2023. Dette omfatta òg satsane for livsopphald til barn. Forbruksforskningsinstituttet SIFO har på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet utarbeidd ein rapport om grunnlaget for dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp. Regjeringa føreslår fleire justeringar i dei rettleiande satsane i lys av det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget. Det blir mellom anna føreslått å auke dei rettleiande satsane for økonomisk stønad, i hovudsak til familiar med barn. Det blir samstundes føreslått å fjerne føresegna i sosialtenestelova § 18 om at ved vurdering av søknad om økonomisk stønad til familiar skal barnetrygd ikkje bli teken med. For nærare omtale, sjå Prop. 1 S (2025–2026) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Barnehage, skule og SFO

Barnehage og skule er viktige tenester for barn, som i tillegg til å ha andre mål er viktige arenaer for inkludering. God utdanning gir sjølvstende og høve til å forsørgje seg sjølv og er eit verktøy for sosial mobilitet og utjamning.

Regjeringa ønskjer å halde foreldrebetalinga for barnehage låg og ha gode moderasjonsordningar. Frå 1. august 2025 er maksimalprisen i barnehage redusert til 1 200 kroner per månad. For dei som bur i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6, er maksimalprisen redusert til 700 kroner. I statsbudsjettet for 2026 føreslår regjeringa å føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå.

Regjeringa vil føre vidare ordninga med gratis barnehage frå tredje barn i familien som går i barnehage samstundes med søsken, og gratis barnehage for alle barn i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms.

Regjeringa vil føre vidare moderasjonsordninga med redusert foreldrebetaling, som inneber at ingen skal betale meir enn 6 prosent av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Regjeringa fører også vidare ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt.

Det er føreslått å løyve 216,6 mill. kroner i 2026 til å auke pedagogtettleiken og grunnbemanninga i barnehagar i levekårsutsette område. Minoritetsspråklege barn er overrepresenterte blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt. Det er vidare føreslått å løyve 150,3 mill. kroner til tiltak for å styrkje språkutviklinga blant minoritetsspråklege barn i barnehage.

Regjeringa føreslår å løyve 15,5 mill. kroner til å auke bemanninga på skular i levekårsutsette område i 2026.

Butilhøve og områdesatsingar

Ein trygg og god bustad er eit grunnleggjande behov og er viktig for oppvekstvilkåra til barn og unge. Utfordringar som hyppig flytting og det å bu trongt påverkar både familiane det gjeld, og kan skape utfordringar i nærmiljøa.

Barnefamiliar er ei prioritert målgruppe i fleire bustadsosiale verkemiddel, mellom anna startlånordninga. Regjeringa føreslår å føre vidare låneramma til Husbanken frå saldert budsjett for 2025 på 32 mrd. kroner i 2026, der startlån har høgaste prioritet. I 2024 gjekk 60 prosent av alle startlån til barnefamiliar, totalt 11,9 mrd. kroner.

Bustøtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barnefamiliar og andre husstandar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart bustøtta styrkt gjennom fleire tiltak. Det vart mellom anna vedteke at inntekta til heimebuande 18- og 19-åringar ikkje skal telje med når bustøtta til ein husstand blir utrekna. Dette gjeld frå og med oktober 2024, og Stortinget vedtok å føre vidare desse tiltaka i statsbudsjettet for 2025. Dette gir heimebuande 18- og 19-åringar høvet til å opparbeide seg arbeidserfaring utan at det går ut over bustøtteutbetalinga for husstanden.

I enkelte byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane avtalebaserte samarbeid om felles ekstra innsats, kalla områdesatsingar. I denne stortingsperioden har regjeringa utvida talet på kommunar med avtalar om områdesatsingar frå 4 til 14 kommunar. Barn og unge i fattige familiar er ei prioritert målgruppe i slike områdesatsingar. Regjeringa føreslår å føre vidare løyvingar til områdesatsingar i 2026.

Sosial ulikskap i helse

Dei økonomiske, kulturelle og sosiale ressursane til foreldra har mykje å seie for helsa og oppveksten til barna og høvet dei har for å utvikle eit godt liv vidare i vaksenlivet. Regjeringa la fram ei stortingsmelding om folkehelse våren 2023, jf. Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga. Å jamne ut sosiale helseskilnader er eit hovudmål i folkehelsepolitikken. Tiltak skal innrettast slik at tiltaka verkar best for dei som treng det mest, men samstundes vere bra for alle. Regjeringa held fram med satsinga på Folkehelseprogrammet i kommunane, der barn og unge er ei prioritert målgruppe.

Helsedirektoratet utarbeider i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Folkehelseinstituttet oppvekstprofilar for kommunane som gir oversikt over ulike tilhøve som kan seie noko om situasjonen til barn og unge, og som kan brukast for å fremje levekåra deira, mellom anna i plan- og utviklingsarbeid i kommunane.

Regjeringa la i 2023 fram Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse. Målet med planen er at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at dei som treng psykisk helsehjelp, skal få god og lett tilgjengeleg hjelp. Planen omfattar heile befolkninga og har særleg barn og unge i fokus.

I oppfølginga av planen skal det utviklast ein kompetansepakke og læringsmateriell til bruk i det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring i skulen, slik at barn og unge mellom anna kan lære meir om psykisk helse og kva som styrkjer denne. I 2025 vart det mellom anna løyvd midlar til å styrkje lågterskeltilbod for psykisk helse og rus i kommunane og til eigenandelsfritak for pasientar i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til og med fylte 25 år. Regjeringa føreslår 140 mill. kroner til tiltak innan psykisk helse i 2026. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Arbeid, inkludering og velferd

Arbeids- og velferdspolitikken er viktig i innsatsen mot fattigdom. Arbeids- og velferdspolitikken skal leggje til rette for at flest mogleg kan forsørgje seg sjølv gjennom arbeid. Deltaking på arbeidsmarknaden bidreg til å styrkje oppvekstvilkåra til barna og levekåra i familien. Innsatsen for å få fleire i arbeid er derfor viktig for å motverke at låg inntekt og levekårsutfordringar går i arv. For å ta hand om og styrkje barneperspektivet i arbeids- og velferdsforvaltinga (Nav) er det sett i gang fleire tiltak, mellom anna opplæring og utvikling av kompetansemateriell til bruk i Nav-kontora. Det er utarbeidd ei rettleiing for Nav-tilsette om når og korleis arbeids- og velferdsforvaltinga skal vurdere det beste for barnet. Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn vil regjeringa prøve ut ulike modellar for ei familiekoordinatorrolle i Nav-kontora. For nærare omtale, sjå Prop. 1 S (2025–2026) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Om lag seks av ti barn i hushald med vedvarande låg inntekt har innvandrarbakgrunn. God integrering er viktig for at foreldre kan delta i arbeid og komme ut av fattigdom. Kvalifisering til den norske arbeidsmarknaden, norskopplæring og motarbeiding av diskriminerande barrierar legg til rette for at fleire foreldre med innvandrarbakgrunn får varig tilknyting til arbeidslivet. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid. For å få endå fleire innvandrarkvinner i jobb føreslår regjeringa å auke løyvinga til Jobbsjansen med 23 mill. kroner i 2026. Integreringslova legg til rette for at fleire nykomne flyktningar kan ta vidaregåande opplæring innanfor rammene av introduksjonsprogrammet. Lova set òg tydelege krav til opplæring i norskkunnskapar. Vidare er det gjort ei rekkje tiltak for å styrkje kvalifiseringstilbodet for fordrivne frå Ukraina. Det er òg innført minstekrav for omfanget av arbeidsretta innhald i introduksjonsprogrammet, og i mars 2024 vart det etablert eit nasjonalt tilbod om digital norskopplæring. Dette vil mellom anna gjere det enklare å kombinere arbeid med norskopplæring.

Ungdomsløftet er den samla innsatsen frå regjeringa for å få fleire unge som står utanfor arbeidslivet, inn i jobb. Det samlar alle arbeidsretta tiltak som allereie er i gang, eller som kjem, for at unge skal få jobberfaring og komme i arbeid. Ungdomsgarantien frå 2023 skal sikre at unge med behov for arbeidsretta bistand får tidleg, tett og tilpassa oppfølging frå ein fast kontaktperson i Nav heilt fram til dei kjem i arbeid. Frå hausten 2025 blir det sett i gang eit forsøk med eit arbeidsretta ungdomsprogram. Unge som treng hjelp for å komme i jobb, skal få tilbod om å delta i eit program med ei inntekt som ikkje er knytt til at dei har ein diagnose, men at dei deltek i arbeidsretta aktivitet. For 2026 føreslår regjeringa 172 mill. kroner til ungdomsprogrammet.

Vidare føreslår regjeringa å etablere eit rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, primært for unge som står utanfor arbeid og utdanning. Det blir føreslått ei løyving på 125,5 mill. kroner.

Regjeringa føreslår også ein jobbpakke på 220 mill. kroner. Fleire av tiltaka i denne er retta mot unge, mellom anna forsøk med «Eit enklare Nav», som det blir føreslått å løyve 17 mill. kroner til. Tiltaket inneber at dei noverande inntektssikringsordningane i Nav (med unntak av sosialhjelp) skal kunne bli erstatta av éi yting for aldersgruppa 18–29 år. Ytinga skal ikkje setje krav til nedsett helse, og det er den unge i møte med arbeidsmarknaden som er i fokus. Vidare blir det føreslått å løyve 15 mill. kroner til tettare samarbeid mellom Nav og arbeidsgivarar for å få unge raskare i jobb. Også auka løyving til Jobbsjansen er ein del av denne pakken. Vidare føreslår regjeringa å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak med 69 mill. kroner, inkludert personellressursar i Arbeids- og velferdsetaten, for å få fleire i arbeid. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Deltaking for alle barn og unge

Ein viktig del av oppveksten til barn og unge er å delta i fritidsaktivitetar. Gjennom å delta opplever barn og unge samkjensle og meistring, som er viktig for ein god oppvekst. Deltakinga i fritidsaktivitetar er noko redusert over tid, spesielt blant dei eldste barna. Tal frå Ungdata i 2024 viste likevel for fyrste gong på fleire år ein auke i deltakinga til norske ungdommar i organiserte fritidsaktivitetar, ei utvikling som har halde fram i 2025. Samstundes veit vi at nokre barn og unge framleis deltek mindre i slike aktivitetar enn andre, og at deltakinga har samanheng med den økonomiske og sosiale bakgrunnen til foreldra.3 Det kan òg vere andre årsaker til at barn og unge ikkje deltek, til dømes funksjonsnedsetjing eller kulturelle faktorar.

Retten barn har til kvile, fritid og leik og til å ta del i kunst og kulturliv, er forankra i barnekonvensjonen artikkel 31. Konvensjonen uttrykkjer barn sine heilt eigne rettar og er ein del av norsk lov. Deltaking i fritidsaktivitetar er ein reiskap i arbeidet med å førebyggje utanforskap. Regjeringa arbeider for å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitetar. Vi veit samstundes for lite om kva slags tiltak som faktisk fungerer for at fleire skal bli inkluderte. Ekspertgruppa om barn i fattige familiar (Rege-gruppa) tilrådde derfor i rapporten sin frå 2023 at det blir prøvd ut effektive tiltak for inkludering i fritidsaktivitetar. Regjeringa ønskjer å vere sikre på at tiltak som blir innførte, har effekt, og varsla i Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn at ein tek sikte på å systematisk prøve ut inkluderingstiltak på fritidsfeltet, i tråd med forslaga frå Rege-gruppa. Regjeringa føreslår å prioritere midlar for å setje i gang dette arbeidet i 2026.

I tillegg til innsatsane som blir omtalte nedanfor, har regjeringa lansert «Alle inkludert!» Handlingsplan for deltaking i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar 2024–2026. Planen inneheld tiltak som skal bidra til å redusere kostnader, utvikle fleire tilbod, styrkje samarbeid og medverknad og dessutan dele kunnskap og spreie informasjon om gode døme.

Frå 2023 har regjeringa trappa opp innsatsen for å inkludere endå fleire barn og unge i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar. Det er mellom anna etablert ei målretta tilskotsordning for idrettslag i område med mange barn frå låginntektsfamiliar. I 2025 er ordninga styrkt til 150 millionar kroner og gjord permanent. I tillegg har departementet fleire målretta ordningar for å inkludere fleire barn og unge i fritidsaktivitetar, som Inkludering i idrettslag, Inkludering i kulturliv og Fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne.

Fritidserklæringa

Regjeringa har i 2024 og 2025 halde fram med arbeidet sitt med Fritidserklæringa, som er ein intensjonsavtale mellom frivilligheita, regjeringa og KS. Erklæringa byggjer på artikkel 31 i FNs konvensjon om barnerettane. Fritidserklæringa slår fast at alle barn skal ha rett til å delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med andre, og legg med dette rammene for arbeidet til regjeringa for å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar.

Tilskot til å inkludere barn og unge

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge har høve til meistring og deltaking i samfunnet. På denne måten skal ordninga dempe konsekvensar ved fattigdom, men òg bidra til å førebyggje framtidig utanforskap.

Ordninga inneheld tolv ulike aktivitetstypar retta mot utsette barn og unge og omfattar mellom anna tilskot til kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar, lokale fritidskassar, opne møteplassar (fritidsklubbar og ungdomshus m.m.), aktivitetsguidar, sommar- og deltidsjobbar for ungdom og ungdomslosar som skal hjelpe unge med å fullføre utdanningsløp. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om tilskot til dei fleste aktivitetstypane.

I 2024 vart ordninga styrkt med 50 mill. kroner til om lag 758 mill. kroner. Auken vart prioritert til lokale fritidskassar. Av dei nye søknadene som inneheldt søknad om tilskot til lokale fritidskassar, fekk 76 av 79 tilskot frå Bufdir. Av tildelinga i 2024 gjekk om lag 380 mill. kroner til fleirårige prosjekt som vart innvilga gjennom tilskotsordninga i 2022 og 2023. Om lag 378 mill. kroner vart tildelt nye søknader, og det vart innvilga tilskot til 819 nye søknader i 2024. I 2024 vart det nytta mest tilskot til kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar, opne møteplassar og utstyrssentralar.

I 2025 vart ordninga nominelt vidareført. Det vart gitt tilskot til 682 nye søknader, og 294 kommunar fekk tilskot til minst éin søknad i 2025. 286 av desse søknadene bidreg til å nå målet med Fritidserklæringa. Den største delen av midlane frå tilskotsordninga vart tildelt frivillige organisasjonar. Vidare vart det innsendt og innvilga flest søknader om tilskot til kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar.

I 2024 gjennomførte Rambøll ei mindre evaluering av aktivitetstypen Lokal fritidskasse. Evalueringa, som er basert på vurderingar frå tilskotsmottakarane, tyder på at ordninga i stor grad bidreg til å inkludere fleire barn og unge i fritidsaktivitetar. I 2025–2026 evaluerer Oslo Economics, på oppdrag frå Bufdir, heile tilskotsordninga. Evalueringa skal sjå på både måloppnåinga og forvaltinga av ordninga.

Regjeringa legg opp til å overføre delar av tilskotsordninga som går til kommunane, til ei føreslått tverrsektoriell tilskotsordning til kommunane for førebyggjande tiltak til barn og unge i 2027. Føremålet med omlegginga er å auke det lokale handlingsrommet og høvet kommunane har til å sjå ressursar og behov i samanheng og på tvers av sektorar. Frå 2029 er det lagt opp til at heile tilskotet til kommunane blir overført til den nye ordninga. Som ein del av omlegginga vil departementet òg vurdere delen av tilskotet som i dag går til frivillige organisasjonar og private aktørar. For nærare omtale av omlegginga og den nye tilskotsordninga, sjå kap. 846, post 63.

Fritidsklubbar og andre opne møteplassar

Fritidsklubbtilbodet i kommunane speler ei sentral rolle i fritida til barn og unge. I dag kan aktørar søkje støtte gjennom tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge.

På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet lanserte NTNU Samfunnsforskning i 2023 ein rapport om rammevilkåra for fritidsklubbane. Rapporten tilrår fleire tiltak for å styrkje feltet og peiker på låg status i kommunane som ein barriere for samarbeid og utvikling. Samstundes viser rapporten at god forankring i kommunale planar kan styrkje tilbodet.

I St. Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn vart det varsla at regjeringa vil bidra til eit kvalitetsløft for fritidsklubbar og andre opne møteplassar for barn og unge. Dette skal skje gjennom å utarbeide ei kommunal rettleiing, vurdere den statlege finansieringa av tenesta i samanheng med evalueringa av dagens tilskotsordning for inkludering av barn og unge og gjennom ei utgreiing om organiseringa av og rolla til ikkje-kommunale fritidsklubbar. Regjeringa vil følgje opp desse tiltaka i 2026.

Støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane

Det blir løyvd midlar til barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom den nasjonale og internasjonale grunnstøtta. Dette er midlar som går til nasjonalleddet i barne- og ungdomsorganisasjonane og andre organisasjonar med eit barne- og ungdomsarbeid. Ordninga gir ein føreseieleg situasjon for drifta til organisasjonane og sørgjer for eit breitt spekter av tilbod der barn og unge kan delta. Forskrifta som regulerer ordninga, vart revidert i 2022 og sørgjer for ei forenkling for brukarar og forvaltarar av ordninga. Tilskotsåret 2024 var fyrste året denne reviderte forskrifta gjaldt. For at overgangen til ny forskrift skulle bli meir føreseieleg for organisasjonane, vart det etablert ei overgangsordning for tilskotsåra 2024 og 2025.

I overkant av 207 mill. kroner vart utbetalt som tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane og til paraplyorganisasjonane på feltet i 2024. Midlane går til nasjonal og internasjonal grunnstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonane og til nasjonal og internasjonal driftsstøtte til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. 98 organisasjonar fekk nasjonal grunnstøtte, noko som er det høgaste talet på organisasjonar som har fått tilskot i eit tilskotsår. 30 organisasjonar fekk internasjonal grunnstøtte.

I budsjettet for 2025 er det sett av i underkant av 214 mill. kroner til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane og til paraplyorganisasjonane på feltet. I 2026 føreslår regjeringa å auke driftstilskotet til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede med 4 mill. kroner.

I tillegg har Kultur- og likestillingsdepartementet fleire tilskotsordningar som betrar dei økonomiske rammene for frivillige organisasjonar. Den største av desse ordningane er kompensasjonsordninga for meirverdiavgift til frivillige organisasjonar, som sikrar frivilligheita føreseieleg finansiering og fleksibilitet. I 2024 var den samla ramma 2,7 mrd. kroner, og nærare 25 000 lag og foreiningar får støtte gjennom ordninga.

Barnelova

Regjeringa la fram Prop. 117 L (2024–2025) i vår. Lovforslaget inneber ei ny barnelov som er oppdatert i tråd med samfunnsutviklinga. Den nye lova rettar seg etter og balanserer menneskerettane. Det er særleg lagt vekt på omsynet til det beste for barnet, barn sin rett til medverknad, barn sin rett til beskyttelse og barnet sin rett til å bevare sitt familieliv med begge foreldre. Den nye lova gir også foreldra eit meir likestilt utgangspunkt når dei ved samlivsbrot skal inngå avtale om korleis dei framover skal organisere familielivet med barna. I tillegg tek den nye lova fleire grep for å førebyggje og løyse konflikt. Nye reglar krev god informasjon til foreldre og meklarar, og det må på plass nye forskrifter, irekna meklingsforskrift, før lova kan tre i kraft. Stortinget vedtok lovforslaget 16. juni 2025 og gjorde fleire oppmodingsvedtak, sjå omtale i del I.

Arbeid med implementeringa av ny barnelov må sjåast i samanheng med arbeidet med ny lov om familievernet og oppfølging av fleire oppmodingsvedtak frå Stortinget knytt til ny barnelov. Departementet vil i det vidare arbeidet sjå både på regelverk og praksis og på samanhengar og samvirke mellom lover og instansar. Mellom anna skal departementet sjå på korleis det går an å fange opp saker betre i familievernet der barn og unge risikerer tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, og få desse handterte i domstolen, barnevern eller politi – alt etter tilhøva i kvar sak.

Departementet har hatt på høyring ei utgreiing om samordning mellom barnelova og barnevernslova i saker der barn og foreldre er involverte i både foreldretvistsak og i sak om omsorgsovertaking. Det kan òg vere saker der eit barn er under omsorga til barnevernet og dødsfall fører til at ingen har foreldreansvaret for barnet. Departementet vil også sjå på slike saker i lys av aktuelle oppmodingsvedtak. Det trengst meir og betre kunnskap om kva foreldre har konfliktar om, både ved mekling i familievernet og i foreldretvistar for domstolen. Det gjeld både korleis sakene blir handsama, og kva som er resultatet av handsaminga. Dette gjeld særleg tilfelle med vald eller overgrep og tilfelle der bustad og samvær ikkje blir gjennomførte som avtalt eller fastsett. Departementet vil arbeide med å få meir kunnskap om dette.

Barnelovutvalet føreslo i NOU 2020: 14 Ny barnelov nokre mindre endringar i bidragsreglane. Stortinget har i oppmodingsvedtak nr. 715 (2020–2021), sjå omtale i del I, bede regjeringa greie ut om det er naudsynt å justere i barnebidragsreglane for å sikre at økonomi ikkje blir ein drivande faktor for samværshindring. Departementet har ikkje føreslått endringar i bidragsreglane i ny barnelov, sidan vurderinga til departementet er at det trengst ein større gjennomgang av gjeldande regelverk for å svare ut oppmodingsvedtaket.

Foreldrestøttande arbeid

Eit trygt familieliv er viktig for helsa, livskvaliteten og utviklinga til barn. Det er foreldra som har hovudansvar for oppdraginga av og utviklinga til barna. Dei pliktar å ta hand om barnet sine grunnleggjande rettar og gi barnet omsorg, kjærleik, forsørging og ei oppdraging med respekt for eigenverdet til barnet. Desse prinsippa følgjer mellom anna av barnekonvensjonen og Grunnlova. Omsorgsplikta til foreldra følgjer òg av barnelova. Foreldra kan i periodar ha større eller mindre utfordringar av ulik art. Når foreldra har utfordringar, som høgt konfliktnivå, kan dette ha alvorlege, negative konsekvensar for barnet. Det er derfor til det beste for barnet at foreldre som treng det, får hjelp med utfordringar og konfliktar og dessutan støtte i foreldrerolla, slik at dei kan oppfylle foreldreansvaret sitt og vere gode omsorgspersonar for barna sine.

Staten yter eigna støtte til foreldra ved behov. Tiltak som støttar foreldra, har som føremål å betre oppvekstvilkåra til barn. Slike tiltak kan ha stor verknad for helsa, livskvaliteten og utviklinga til barn og foreldre. Foreldrestøtte er viktige verkemiddel for å styrkje det førebyggjande arbeidet kommunane gjer, og den tidlege innsatsen deira som del av barnevernsreforma.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Foreldre får tidleg hjelp til å gi god omsorg og løyse konfliktar.

Foreldrestøttande arbeid, inkludert samlivstiltak, kan bidra til å førebyggje at utfordringar i familielivet veks til alvorlege problem som rammar barnet. Det er eit mål at alle kommunar skal tilby kunnskapsbaserte samlivs- og foreldrestøttande tiltak, at tilbodet skal vere likeverdig, og at samarbeidet mellom ulike tenester skal styrkjast. Bufdir skal bidra til å støtte kommunane i arbeidet med å styrkje det breie førebyggjande foreldrestøttande arbeidet. Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane stimulerer til aktivitet og kvalitet i det foreldrestøttande arbeidet. I 2024 var løyvinga til tilskotsordninga på 55,2 mill. kroner. Det vart tildelt tilskot til 177 tiltak, inkludert fleirårige tiltak. 56 av desse tiltaka var nye, og det vart tildelt tilskot til 16 kommunar som ikkje tidlegare hadde fått tilskot.

Tilskotsordninga er vidareført med 53,2 mill. kroner i 2025. Det er indikasjonar på at kommunane som har fått tilskot, samla sett har auka bruken av kunnskapsbaserte foreldrestøttande tilbod dei siste åra. Ordninga skal støtte opp om barnevernsreforma, irekna å styrkje førebygging og tidleg innsats, og nå ut til alle samfunnsgrupper. Foreldrestøttande tiltak medverkar til å førebyggje vald, overgrep og omsorgssvikt, og tilskotsordninga er eit viktig verkemiddel for kommunane for å gjere slike tiltak tilgjengelege for foreldre i sin kommune. Ei undersøking gjennomført av Rambøll for å kartleggje statusen for foreldrestøttande tiltak i norske kommunar vart avslutta i mai 2025. Kartlegginga viser at det har vore ei positiv utvikling i arbeidet kommunane gjer med foreldrestøttande arbeid, og at dette er eit viktig førebyggjande tiltak.

Regjeringa legg opp til å overføre delar av tilskotsordninga til ei tverrsektoriell tilskotsordning til kommunane for førebyggjande tiltak til barn og unge i 2027. Føremålet med omlegginga er å auke det lokale handlingsrommet og høvet kommunane har til å sjå ressursar og behov i samanheng og på tvers av sektorar. Frå 2029 er det lagt opp til at heile tilskotet vil bli overført til den nye ordninga. Foreldrestøttande tiltak i kommunane vil då falle bort som tilskotsordning. For nærare omtale av omlegginga og den nye ordninga, sjå kap. 846, post 63.

Det finst ein nettressurs for foreldrestøttande tiltak, retta mot tilsette fagpersonar i kommunane og andre som har foreldre som målgruppe.4 I 2024 og 2025 er ressursen utvikla med materiale om barn sin digitale oppvekst, som ledd i å styrkje foreldre og vaksne som arbeider med den digitale kompetansen til foreldre og barn. Dette er ei oppfølging av den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst, Rett på nett, og Handlingsplan for trygg digital oppvekst.

Foreldrehverdag.no er ein inngangsport til digital kvalitetssikra informasjon for foreldre, drifta av Bufdir. Nettsida gir foreldre lett tilgang til informasjon, av høg kvalitet, til hjelp og støtte i foreldrerolla. I 2024 har Bufdir konsentrert innsatsen om å produsere innhald og å gjere nettsida endå betre kjend. I arbeidet med Foreldrehverdag.no har det òg blitt sett søkjelys på den digitale kompetansen til foreldre. Det er utvikla eigne foreldrestøtteressursar for fyrstegongsforeldre, for foreldre med ungdom, for foreldre som har gått gjennom samlivsbrot, og for fyrstegongsgravide i vanskelege livssituasjonar.

Familievernet

Familieverntenesta har familierelasjonar som si spesialverksemd og skal gi hjelp til familiar som opplever vanskar, konflikt eller kriser i familien. Familievernet har ansvar for lovfesta mekling ved samlivsbrot for foreldre med felles barn under 16 år og for foreldre som vil reise sak for domstolen om felles barn, og vidare ansvar for eit breitt klinisk tilbod til familiar. Familievernet hjelper familiane med å handtere utfordringar og å finne løysingar, og familievernet kan fange opp tilfelle der det er risiko for barn. Familievernet kan bidra til betre oppvekstvilkår for barn.

Over 50 000 familiar fekk tilbod om mekling eller terapi i familievernet i 2024. Meklingssakene blir prioriterte. Talet på lovfesta mekling i samband med samlivsbrot og foreldretvistar har vore relativt stabilt dei siste fem åra, med om lag 17 000 nye meklingssaker i familievernet årleg. I tillegg blir det gjennomført om lag 4 000 meklingar hos eksterne meklarar.

Bufdir melder om at kompleksiteten i sakene i familievernet aukar. Om lag 6 000 foreldrepar har i 2024 nytta seg av tilbodet om meir enn ein time mekling. Dette utgjer om lag 40 prosent av alle som avslutta mekling i familievernet i 2024.

I 2024 vart 19 prosent av alle barn over sju år og som hadde foreldre som var til mekling i familievernet, høyrde i mekling. For at fleire av barna skal delta i mekling, har det dei siste åra vore stor merksemd rundt å styrkje kompetansen til familievernet i å snakke med barn. Bufdir vil i 2025 og 2026 halde fram med det langsiktige arbeidet med å gi god informasjon til foreldre og barn om samlivsbrot og særleg om tilbodet til barn. Barnet får i ny barnelov ei tydelegare stemme i samband med mekling. Barnet får også rett til ein eigen samtale med meklar.

Tenesta melder om kapasitetsutfordringar. Dei melder at dette har fleire årsaker, mellom anna fleire som tek kontakt eller blir tilviste frå andre tenester, meir komplekse saker og utfordringar knytte til oppmøte til avtalar.

Timeavtalar som blir endra på kort varsel, eller der brukarane ikkje møter opp, er ei utfordring for effektiviteten i tenesta. Det trengst tiltak som kan bidra til betre frammøte og til at timar som blir ledige, kan nyttast til andre som har behov for tenesta. Det blir lagt opp til å innføre gebyr for timeavtalar som ikkje blir nytta eller endra på kort varsel, frå 1. januar 2027, sjå nærare omtale under kap. 842, post 21. Departementet vil fram mot innføringa vurdere nivå og måte å innrette gebyret på nærare.

Det noverande sakshandsamingssystemet for familievernet (FADO) byggjer på utdatert teknologi. Det er høg risiko for driftsstans, og systemet verkar seint og på ein måte som gir redusert effektivitet for tilsette og kan gå ut over sakshandsaminga, informasjonstryggleiken og personvernet til brukarane. I 2026 er det er naudsynt å prioritere midlar til modernisering av FADO, slik at risikoen for informasjonstryggleiksbrot, driftsavbrot og systemfeil blir redusert. Prosjektet er planlagt starta i 2026 og å halde fram over 3 år. Moderniseringa vil indirekte påverke barn, unge og familiar som får tenestene til familievernet, ved at tenestene får høgare kvalitet og blir meir likeverdige. Familievernet er i ein pressa ressurssituasjon, og med ei meir effektiv og brukarvennleg teknologisk plattform vil dei tilsette i familievernet også kunne bruke meir tid på direkte arbeid med barn, unge og familiar og dermed betre kunne komme behova deira i møte. Departementet føreslår 13 mill. kroner samla til systemutvikling av ei gebyrløysing i familievernet og modernisering av sakshandsamingssystemet i 2026.

Familievernet kjem ofte i kontakt med familiar der ein eller fleire medlemmer utøver vald eller blir utsette for vald. Kunnskap om vald og overgrep må derfor vere ein del av grunnkompetansen til alle tilsette. Bufdir har gjennom fleire år arbeidd for å styrkje grunnkompetansen om vald i familievernet. I 2024 publiserte NOVA ein studie av valdsarbeidet i familievernet, på oppdrag frå Bufdir. NOVA fann at fagutviklinga på valdsfeltet har ført til generelt større merksemd, betre kompetanse og gode verktøy i arbeidet med vald i familievernet.

Det har vore ein auke frå 2023 til 2024 i talet på meklingssaker der Bufdir rapporterer om vald. Meklar i familievernet har registrert valdsproblematikk i 15 prosent av alle meklingssaker. I sakene der foreldre fekk mekling ut frå førehandsvurdering om høg konflikt eller risiko, vart det registrert valdsproblematikk i 37 prosent av sakene. Departementet har bede Bufdir halde departementet godt orientert om korleis tenesta handterer tilfelle der det blir avdekt vald. For arbeidet med å fange opp og handtere saker i familievern og mekling der barn og unge risikerer å leve under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, sjå omtale over av ny barnelov.

Ekteskapslova

Nye reglar i ekteskapslova om anerkjenning av ekteskap inngått etter utanlandsk rett og om forbod mot ekteskap mellom nære slektningar (søskenbarnekteskap) tok til å gjelde 1. januar 2025.

Adopsjon

Adopsjon er ein måte å stifte familie på som inneber at nye rettslege band mellom barn og foreldre blir etablerte, samstundes som banda til den opphavlege familien blir avslutta. Adopsjon er inngripande for dei det gjeld, og har livslange verknader. Dei overordna måla med adopsjonsprosessane er å sikre at adopsjonar er trygge og går føre seg på ein forsvarleg måte, og at adopterte og familiane deira får god oppfølging både før og etter adopsjonen. Departementet har bede Bufdir sørgje for god informasjon til dei involverte og ha nær dialog med adopsjonsorganisasjonen.

Adopsjon er særskilt regulert internasjonalt gjennom barnekonvensjonen og Haagkonvensjonen 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar. Bufdir skal som forvaltar av lova sikre at praksis etter adopsjonslova er godt i samsvar med konvensjonsforpliktingar og menneskerettane, og samstundes sikre lik handsaming ved vurdering av løyve og enkeltsaker. I 2024 vart 24 barn adopterte til Noreg.

Regjeringa sette i 2023 ned eit offentleg utval som skal granske internasjonale adopsjonar til Noreg. Eit overordna føremål med arbeidet er å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske tilhøve i samband med adopsjonar frå utlandet til Noreg. Utvalet leverte ein delrapport i januar 2025 og skal levere den endelege rapporten sin i juni 2026.

Adopsjonsfeltet har blitt prioritert og styrkt dei siste åra. Departementet fekk i januar 2024 ei tilråding frå Bufdir om å stanse utanlandsadopsjonar mellombels medan granskingsutvalet arbeider. Regjeringa valde å ikkje innføre ein generell mellombels stans, men følgde opp den alternative tilrådinga til Bufdir om å innføre risikoreduserande tiltak på adopsjonsfeltet. Eit tiltak er at Bufdir i 2025 har teke over oppgåva med å godkjenne alle nye tildelingar til Noreg og kontrollere dokumentasjonen i desse sakene. Oppgåva hadde fram til då vore delegert til adopsjonsorganisasjonane. Bufdir har vidare stramma inn krava til dokumentasjon i adopsjonssaker for å sørgje for rettstryggleiken til barna det gjeld.

På grunn av den gradvise nedgangen i adopsjonstala har dei tre adopsjonsorganisasjonane meldt om økonomiske vanskar i fleire år. I 2024 og i 2025 vart organisasjonane tildelte ekstra driftsstøtte for å sikre ei minstedrift. To av organisasjonane vedtok å avvikle adopsjonsverksemda i 2025. I 2026 vil departementet derfor berre løyve driftsstøtte til éin organisasjon.

Nye etteradopsjonstiltak kom på plass i 2023 og 2024 og ligg til Bufetat region aust. Ei kompetanseteneste skal rettleie individuelt om tenestetilbodet etter adopsjon, gi fagstøtte om adopsjonsspesifikke problemstillingar til andre tenester, gi samtalestøtte til adopterte over 16 år og gi bistand til søk etter biologisk opphav. Sidan 2024 har region aust tilbode kurs for adoptivforeldre etter at adopsjonen er gjennomført, der målet er å gi foreldra god foreldrestøtte, rettleiing og høve til å danne nettverk. På sikt vil eit tilbod til adopterte barn og ungdommar også inngå. Direktoratet har rapportert at det er god tilstrøyming til tiltaka, og at tilbakemeldingane så langt er gode. Etteradopsjonstiltaka er utvikla for å møte dei særskilde utfordringane som adopterte og familiane deira kan ha.

Vald og overgrep

Sjølv om dei fleste barn og unge ikkje er utsette for vald og overgrep, er det mange barn som har opplevd fleire former for vald og overgrep. Nokre barn ser òg andre i familien bli utsette for vald.5 Regjeringa er uroleg over at omfanget av vald og overgrep i samfunnet er vedvarande høgt. Drapsoversikta til politiet viser at 2024 var året med det høgaste talet drap i nære relasjonar dei siste ti åra. Heile 24 av 37 drepne personar vart drepne av nokon dei hadde ein nær relasjon til. Majoriteten av offera var kvinner. Bak kvart partnardrap ligg ofte år med vald, truslar og frykt.

Å leve med vald i familien er ein alvorleg trussel mot helsa til barn og gir dårlege oppvekstvilkår. I mange tilfelle blir vald og overgrep mot barn avdekte seint. Sjølv om det ikkje er noko direkte samvirke mellom det å bli utsett for vald som barn og bruk av vald i vaksen alder, er det forsking som peiker i denne retninga. Dette understrekar kor viktig det er å verne barna frå vald.

Retten barn har til vern mot vald, overgrep og omsorgssvikt, er ein grunnleggjande menneskerett og følgjer av ei rekkje lover og konvensjonar som gjeld i Noreg. Både Verdshelseorganisasjonen og Europarådets komité for barn sine rettar tilrår bruk av foreldrestøttande tiltak for å førebyggje vald.6

Statlege styresmakter har eit ansvar for å førebyggje vald og overgrep og å hjelpe dei som blir utsette for dette. Arbeidet omfattar ansvaret til fleire departement. BFD har ansvar for å koordinere innsatsen mot vald og overgrep mot barn, men har òg ansvaret for fleire av hjelpetiltaka retta mot både vaksne og barn. BFD har ansvar for familieverntenesta, som mellom anna møter foreldre og barn i samband med mekling eller terapi, og for barnevernet som skal sikre naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som treng det. Vald kan vere tema for samtalar, eller det blir fanga opp undervegs. Sjå nærare omtale ovanfor under «Familievernet».

Det viktigaste er å hindre at vald mot barn og vald i nære relasjonar skjer. Effektiv førebygging kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Det kan òg spare einskildindivid og samfunnet for store kostnader – både menneskelege og økonomiske.

Regjeringa prioriterer arbeidet mot vald og overgrep høgt, mellom anna gjennom å følgje opp gjeldande handlingsplanar på feltet. Stortinget vedtok i mai 2024 Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) – Trygghet for alle. Opptrappingsplanen legg til rette for meir målretta førebygging, betre hjelp og vern av utsette og meir effektiv straffeforfølging og oppfølging av utøvarar. For å oppnå dette skal politikken vere meir heilskapleg og samordna. I 2024 vart det etablert eit fast samarbeid mellom direktorata for å sørgje for god samordning av innsatsen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Bufdir leier arbeidet saman med Sekretariatet for konfliktråda. Oppfølging av tiltak i opptrappingsplanen står sentralt i dette samarbeidet.

Som ledd i oppfølginga av opptrappingsplanen etablerte regjeringa hausten 2024 ein kommisjon for partnardrap, og Prop. 30 L (2024–2025) Lov om Statens kommisjon for partnerdrap vart vedteken av Stortinget våren 2025. Føremålet er å bidra til auka fenomenkunnskap om partnardrap og partnarvald i offentleg verksemd og til å identifisere forbetringspunkt i førebygginga av partnardrap og partnarvald gjennom undersøkingar av arbeidet til offentlege instansar i saker forut for partnardrap og partnarvald med dødsfølgje.

Regjeringa har i 2025 òg etablert ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn om drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn. Ein lovproposisjon vart fremja våren 2025 med forslag til regulering av ordninga, jf. Prop. 141 L (2024–2025). Undersøkingsordninga vil vere i full drift frå 2026, sjå omtale under kap. 840, post 21. Føremålet med ordninga er å bidra til å identifisere systemsvikt og lærings- og forbetringspunkt i arbeidet til offentlege verksemder for å førebyggje drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn gjennom undersøkingar av arbeidet til verksemder i slike saker.

Arbeidet med oppfølginga av opptrappingsplanen held fram i 2026.

Regjeringa intensiverer òg innsatsen mot negativ sosial kontroll og la i mai 2025 fram ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald (2025–2028). Ei rekkje tiltak i planen skal styrkje rettsvernet til personar som blir utsette for dette.

Krisesentertilbodet

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å sørgje for eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Statsforvaltarane fører tilsyn med korleis kommunane følgjer opp pliktene etter krisesenterlova. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik og gir råd og rettleiing til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Det finst 43 krisesentertilbod. Det er kommunane som finansierer drifta av sentera.

Talet på brukarar av krisesentertilbodet, både butilbodet og dagtilbodet, har auka i 2024 samanlikna med 2023 og 2022. Statistikken seier ikkje noko om årsaka til at det er fleire som har brukt tilbodet. Det budde 2 130 kvinner og 210 menn på krisesentera i 2024, og 61 prosent av dei hadde innvandrarbakgrunn. 3 399 kvinner og 328 menn nytta dagtilbodet på sentera. 1 704 barn oppheldt seg på sentera i 2024. Dei var i snitt 7 år, og eit opphald varte i snitt i 29 døgn, eitt døgn lenger enn gjennomsnittet i 2023. 197 av barna hadde budd på krisesenter ein eller fleire gonger før. Ved 69 prosent av opphalda var det i framkant oppretta kontakt med minst ein annan instans, normalt barnevernet.

Den 16. juni 2025 vedtok Stortinget endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) og Innst. 439 L (2024–2025). Endringane gjer det tydelegare i lova at kommunen har plikt til å sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte butilbodet ved krisesenteret. Dei særskilde rettane til samar, som skal takast vare på i krisesentertilbodet, er no lovfesta, med mål om å gi eit betre krisesentertilbod til samiske kvinner, menn og barn. Vidare er det i lova blitt tydeleggjort at oppfølginga i reetableringsfasen skal skje i samarbeid med andre delar av tenesteapparatet. I tillegg er det teke inn ei ny føresegn om tilgangen til å handsame personopplysingar i krisesentertilbodet, og ei ny føresegn om oppslag mot Folkeregisteret og tilgang til teiepliktige opplysingar.

Det vart i 2025 etablert ei tilskotsordning for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet forvaltar ordninga.

Andre tilbod

Barne- og familiedepartementet gir òg tilskot til fleire hjelpetilbod eller behandlingstilbod til valdsutsette eller til dei som utøver vald.

Departementet gir tilskot til drift av sentera mot incest og seksuelle overgrep / NOK.-sentera. Dette er eit lågterskeltilbod der personar som er utsette for seksuelle overgrep, og pårørande kan få råd, støtte og rettleiing. Det er til saman 21 senter og eitt ressurssenter mot valdtekt. I 2024 var det 3 824 personar som brukte sentera, som er ein auke frå 3 637 personar i 2023. Regjeringa vil vurdere tiltak for at sentera når betre ut til befolkninga generelt og til innvandrarbefolkninga spesielt.

Departementet gir tilskot til stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor. Målet for tilskotet er å drifte eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og familiane deira. Ved inngangen til 2025 var det 15 ATV-tilbod i Noreg. Til saman 2 522 klientar fekk behandling i 2024, inkludert 249 barn som fekk behandling eller informasjonssamtalar. Brukarundersøkingar syner at brukarane er godt nøgde med tilbodet dei får.

Vidare gir departementet tilskot til drift av Stine Sofie Senteret, eit nasjonalt kurs- og meistringssenter for valds- og overgrepsutsette barn og unge mellom 0 og 18 år, deira trygge omsorgspersonar og søsken. Senteret har kapasitet til å tilby om lag 500 barn eit kursopphald per år. I 2024 har 518 barn og 393 omsorgspersonar hatt eit opphald ved senteret. Dette utgjer 265 familiar. Tilskotet til Stine Sofie Senteret har blitt evaluert av Fafo i 2023–2024.7 Evalueringa konkluderer med at senteret møter behovet til målgruppa for tryggleik, emosjonell støtte, meistring og fellesskap. Erfaringane til deltakarane med tilbodet er i all hovudsak positive. Evalueringa konkluderer òg med at driftstilskotet blir forvalta i tråd med målsetjingane.

Departementet gir i tillegg tilskot til ei rekkje hjelpetelefonar for valdsutsette og deira pårørande. Sjå òg postomtalen for nærare omtale av desse.

Barne- og familiedepartementet gir òg tilskot til fleire kunnskaps- og kompetansesenter på feltet. Dette gjeld til dømes tilskot til Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK), Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) og dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane).

Tilskot til tiltak mot vald og overgrep

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Tilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er, eller har vore, utsette for vald eller seksuelle overgrep.

Tilskotsordninga på posten vart ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2024 mellombels auka med 5 mill. kroner for at fleire gode prosjekt skulle få tilskot gjennom ordninga. Som ein del av tiltakspakka mot vald i nære relasjonar i Revidert nasjonalbudsjett 2024 vart fleire av dei namngitte driftstilskota også styrkte. Denne auken på 8 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2024 vart ført vidare i 2025.

Mange har søkt om tilskot, og i 2024 vart det gitt tilskot på om lag 22 mill. kroner gjennom ordninga som vart lyst ut. Landsforeningen mot seksuelle overgrep (LMSO) fekk driftstilskot. Fleire krisesenter, kommunar og nokre frivillige organisasjonar fekk prosjekttilskot gjennom denne utlysinga. I 2025 er det lyst ut 11,9 mill. kroner i søkbare midlar gjennom ordninga.

Rapporteringane syner at eitt eller fleire av måla for ordninga er nådd. Mellom anna har tilskotsordninga i 2024 særleg støtta aktivitetar for å vidareutvikle krisesentertilbodet for utsette grupper, tiltak for å auke meistringsevne og livskvalitet for barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep, og tiltak innretta mot familievald.

Fleire organisasjonar får i 2025 namngitte driftstilskot over same kapittel og post, mellom anna Krisesentersekretariatet og nokre tiltak mot tvangsekteskap. I tillegg er det gitt tilskot til VO-linja, til Foreldresupport, hjelpetelefonen til Mental Helse, og andre ulike hjelpetelefonar.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

840

Tiltak mot vald og overgrep

339 008

374 043

390 157

4,3

841

Samliv og konfliktløysing

26 498

30 071

31 153

3,6

842

Familievern

686 595

724 072

761 946

5,2

843

Adopsjonsstønad

3 563

6 228

4 300

-31,0

844

Kontantstøtte

1 005 514

719 100

724 569

0,8

845

Barnetrygd

25 628 748

28 687 000

29 700 000

3,5

846

Familie- og oppveksttiltak

1 159 441

1 126 342

1 749 119

55,3

847

EUs ungdomsprogram

17 487

17 450

18 023

3,3

848

Barneombodet

24 458

25 040

25 843

3,2

Sum kategori 11.10

28 891 312

31 709 346

33 405 110

5,3

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

3841

Samliv og konfliktløysing

27 693

26 259

28 240

7,5

3842

Familievern

757

898

930

3,6

3847

EUs ungdomsprogram

7 252

5 964

5 964

0,0

Sum kategori 11.10

35 702

33 121

35 134

6,1

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

570 595

602 550

645 071

7,1

50–89

Overføringar til andre

28 320 717

31 106 796

32 760 039

5,3

Sum kategori 11.10

28 891 312

31 709 346

33 405 110

5,3

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

19 008

27 044

30 518

60

Tilskot til oppgradering av krisesenterbygg

20 000

20 740

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

122 026

128 057

132 795

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og post 61 og kap. 858, post 01

158 742

158 219

163 915

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn

39 232

40 723

42 189

Sum kap. 840

339 008

374 043

390 157

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

Midlane på posten blir nytta til å finansiere prosjekt og tiltak i arbeidet mot vald og overgrep og til arbeidet med foreldrestøtte. Løyvinga blir mellom anna nytta til å finansiere tiltak i Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) Trygghet for alle, jf. Prop. 36 S (2023–2024). Posten dekkjer òg ei undersøkingsordning for saker som gjeld vald, overgrep og grov omsorgssvikt mot barn, som er etablert i Statens helsetilsyn. I 2025 vart det sett av 10 mill. kroner til ordninga. Departementet føreslår å auke løyvinga til Statens helsetilsyn med 2,5 mill. kroner i 2026 fordi undersøkingsordninga får heilårseffekt. I tillegg er det føreslått ein auke på 2,5 mill. kroner på kap. 1520, post 01, under Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet for å finansiere den nye meldeplikta til statsforvaltaren etter forslag til ny barnevaldsundersøkingslov, jf. Prop. 141 L (2024–2025).

Departementet føreslår på denne bakgrunn ei løyving på 30,5 mill. kroner i 2026.

Post 60 Tilskot til oppgradering av krisesenterbygg

Tilskotsordning til oppgradering av krisesenterbygg vart etablert i 2025 for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Bufdir forvaltar ordninga. Hovudelementa for ordninga er omtalte under.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målgruppa for krisesentertilbodet er kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar og som har behov for rådgiving eller eit trygt og mellombels butilbod. Målet med tilskotsordninga er å stimulere kommunane til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Tilskotet skal finansiere kostnader ved renovering, tilpassing og utskifting av ueigna bygningar og krisesenterlokale. Den statlege tilskotsordninga avløyser ikkje det økonomiske ansvaret kommunane har for krisesentertilbodet.

Måloppnåinga til tilskotsordninga blir vurdert ut frå om fleire krisesenterbygg er betre eigna til føremålet.

Tildelingskriterium

Tilskotet kan berre tildelast til kommunar. Samarbeider fleire kommunar om eit krisesenter, skal kommunen der senteret er lokalisert, søkje om tilskot og stå som ansvarleg for søknaden.

Tilskotet dekkjer inntil 50 prosent av kostnadene til kommunen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå tilskotsmottakarane. Tilskot som ikkje er brukte ved utløpet av prosjektperioden, og midlar brukte i strid med føresetnadene for tildelinga skal betalast tilbake til tilskotsforvaltaren. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Tilskotsordninga blir evaluert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga. Departementet føreslår ei løyving på 20,7 mill. kroner i 2026.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 21 incestsenter og 1 valdtektssenter. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med tilskotsordninga er å gi utsette for incest, seksuelle overgrep og valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet og som er godt tilgjengeleg. Ein skal nå målet gjennom å sikre drifta av sentera i landet mot incest og seksuelle overgrep og ressurssenter mot valdtekt.

Tildelingskriterium

Tilskota blir tildelte etter søknad. Rundskrivet frå Bufdir stiller nærare krav til kommunane som kan søkje om tilskot.

Finansieringa er delt mellom stat og kommune. Kommunane, helseføretaket og fylkeskommunen skal til saman dekkje minst 20 prosent av driftsutgiftene, og staten dekkjer inntil 80 prosent. Prosjekttilskot og andre tilskot som ikkje er knytte til ordinær drift, blir ikkje rekna med når det statlege tilskotet skal fastsetjast. Departementet fastset årleg ei ramme for ein auke i tilskotet.

Oppfølging og kontroll

Incestsentera og valdtektssenteret skal utarbeide årsrapportar og statistikk for verksemda. Vertskommunen for det einskilde incestsenteret eller valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og ha ansvar for økonomiforvaltinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene.

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga. Departementet føreslår ei løyving på 132,8 mill. kroner i 2026.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61, og kap. 858, post 01

Løyvinga dekkjer tilskot til stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor. Målet for tilskotet er å drifte eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og familiane deira. Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til ATV også i 2026.

Løyvinga har vidare dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane). Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til desse også i 2026. Målet for tilskotet til NKVTS er å styrkje forsking, utviklingsarbeid, kunnskapsformidling og kompetanseutvikling på valds- og traumefeltet. Målgruppa for verksemda til NKVTS er tenesteutøvarar, leiarar og avgjerdstakarar i det offentlege tenesteapparatet. Målet for tilskotet til RVTS-ane er å bidra til førebygging av vald, seksuelle overgrep, traume, sjølvmord og redusere negative helsekonsekvensar og sosiale konsekvensar for utsette, utøvarar, pårørande og etterlatne. RVTS-ane skal bidra til auka kompetanse og kvalitetsutvikling i tenestene. Hovudmålgruppa for arbeidet til RVTS-ane er det offentlege tenesteapparatet.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til Krisesentersekretariatet til drift av Valds- og overgrepslinja, til Incestsenteret i Vestfold til drift av Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte, til Oslo Røde Kors til telefonen om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald og til Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF). Målet for tilskota er å gi informasjon, rettleiing og eventuell oppfølging til dei som er utsette for ulike former for vald og overgrep.

Vidare føreslår departementet å gi tilskot til Foreldresupport, telefon- og chattetenesta Mental Helse tilbyr for foreldre. Målet med tilskotet er å gi støtte, informasjon og rettleiing til foreldre og omsorgspersonar som treng det.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Løyvinga blir òg nytta til tilskotsordninga Tilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Krisesentera kan òg søkje om midlar til å vidareutvikle tilbodet til særleg utsette grupper. Krisesentersekretariatet har tidlegare vore namngitt som mottakar på posten. For 2026 blir det lagt opp til at dei kan søkje om tilskot frå tilskotsordninga på ordinær måte. Midlane på posten dekkjer i tillegg utgifter til personalressursar i samband med handsaminga av tilskotsordninga, jf. stikkordet «kan nyttast under kap. 858, post 01». Ein del av tilskotsordninga går òg til kommunane, jf. stikkordet «kan nyttast under post 61». Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med tilskotsordninga er å bidra til å førebyggje og motverke vald og overgrep i nære relasjonar og ta vare på valdsutsette vaksne og barn. Ordninga skal bidra til at måla i handlingsplanane til regjeringa mot vald og overgrep blir nådde. Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om, eller i kor stor grad, tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga og kriterium for måloppnåing.

Tildelingskriterium

Tilskot kan tildelast til frivillige organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i Einingsregisteret på søknadstidspunktet, og kommunar og interkommunale samarbeid. Det kan søkjast om tilskot til drift og prosjekt. Det kan søkjast om tilskot for inntil tre år, med atterhald om samtykke frå Stortinget. Midlane blir utbetalte for eitt år om gongen. Krisesenter kan søkje om midlar til å vidareutvikle tilbodet til særleg utsette grupper valdsutsette, som valdsutsette med problematikk knytt til rus, alvorlege psykiske lidingar eller funksjonsnedsetjing, og til utvikling/tilrettelegging av krisesentertilbodet til den samiske befolkninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Det er Bufdir som forvaltar ordninga på vegner av Barne- og familiedepartementet. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Nærare rammer for ordninga er fastsette i forskrift.

Departementet føreslår ei løyving på 163,9 mill. kroner i 2026.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. Løyvinga er nytta til å gi tilskot til Stine Sofies Stiftelse til drift av Stine Sofie Senteret, jf. Innst. 14 S (2017–2018). Midlane dekkjer også ettervern for barn som har hatt opphald på senteret.

Stine Sofie Senteret er eit nasjonalt kurs- og meistringssenter for valds- og overgrepsutsette barn og unge mellom 0 og 18 år, deira trygge omsorgspersonar og søsken. Senteret tilbyr eit gratis opphald på seks dagar og gjeld alle uansett kvar ein bur i landet.

Målet er at deltakarane i eit trygt miljø skal få oppleve glede og få ny kunnskap. Barna skal oppleve meistring, relasjonar mellom barn og omsorgspersonane deira skal styrkjast, og barn skal få oppleve positive møte med andre barn med like erfaringar. Målet er òg at omsorgspersonane skal bli ei meir aktiv støtte for barnet. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot må vurderast på bakgrunn av søknader frå Stine Sofies Stiftelse.

Departementet føreslår ei løyving på 42,2 mill. kroner i 2026.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

15 999

17 144

17 761

22

Opplæring, forsking, utvikling m.m.

5 782

6 698

6 939

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

4 717

6 229

6 453

Sum kap. 841

26 498

30 071

31 153

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter dei same satsane som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 17,8 mill. kroner i 2026.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving i meklarkorpset. Løyvinga kan vidare nyttast til å følgje opp meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonflikt- og risikosaker og kompetansen deira på å samtale med barn.

Midlane under posten kan òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen for å heve kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova og til arbeid med å få meir og betre kunnskap om desse sakene i domstolen, irekna kunnskap om kva foreldre reiser sak om, korleis sakene blir handsama, og kva som er resultatet av handsaminga. Midlane kan vidare nyttast til kompetanseheving ved domstolane når det gjeld betre praksis og samhandling med familievernet og andre tenester i slike saker etter føresegnene i barnelova. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak knytte til samliv og konfliktløysing.

Departementet føreslår ei løyving på 6,9 mill. kroner i 2026.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analysar som utanriksstasjonane, domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet har rekvirert ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap. Analysane blir gjennomførte ved Oslo universitetssjukehus.

Departementet føreslår ei løyving på 6,5 mill. kroner i 2026.

Kap. 3841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Gebyrinntekter for fastsetjing av bidrag

27 693

26 259

28 240

Sum kap. 3841

27 693

26 259

28 240

Post 01 Gebyrinntekter for fastsetjing bidrag

Partane i bidragssaker skal betale gebyr ved offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag når inntekta deira overstig ei fastsett grense. Gebyret utgjer eit rettsgebyr for kvar av partane. Rettsgebyret blir regulert årleg. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Det har vore ein auke i ilegging av gebyr. BFD føreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 28,2 mill. kroner i 2026.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

411 934

423 279

437 625

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

22 008

25 316

38 927

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

252 653

275 477

285 394

Sum kap. 842

686 595

724 072

761 946

Bufetat har forvaltingsansvaret for familieverntenesta i dei fem regionane. Bufdir forvaltar den faglege og administrative leiinga og drifta av familievernet, som består av både statlege og ikkje-statlege familievernkontor. Familieverntenesta har familierelaterte problem som fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparatet og publikum. Familievernkontora skal òg samarbeide med andre tenesteytarar i einskildsaker dersom samarbeid er naudsynt for å gi eit heilskapleg og samordna tilbod.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak og administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytte til familievernet.

Vidare dekkjer løyvinga drifta av og utviklingsoppgåver knytte til Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) for det kommunale og statlege barnevernet, familievernet og krisesenter.

For å sikre rett postbruk for rekrutteringsutgifter føreslår BFD å auke løyvinga på posten med 0,25 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858, post 01. Sjå nærare omtale under kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 437,6 mill. kroner i 2026.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, kunnskap- og utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Posten kan òg nyttast til andre tiltak for å utvikle tilbodet til familieverntenesta og samarbeid med andre tenester mv.

Gebyr for å ikkje møte til avtalte timar / sein flytting er eit insentiv til å møte opp eller gi beskjed innan rimeleg tid, slik at tidene kan tildelast andre. Dette vil utnytte kapasiteten i tenesta betre og gi raskare hjelp til brukarar. Med mål om å kunne innføre gebyr frå 1. januar 2027 føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 2 mill. kroner til systemutvikling av ei gebyrløysing i familievernet.

Det noverande sakshandsamingssystemet for familievernet (FADO) er gammalt og byggjer på utdatert teknologi. Det er høg risiko for tregleik og driftsstans, som gir redusert effektivitet for tilsette, og som kan påverke rettstryggleiken til brukarane. I 2026 føreslår departementet å auke løyvinga med 11 mill. kroner til utvikling av FADO.

Departementet føreslår ei løyving på 38,9 mill. kroner i 2026.

Post 70 Tilskot til familieverntenesta til kyrkja m.m., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak.

Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern. Tilskotet skal bidra til administrasjon, utvikling og leiing sentralt i Stiftelsen Kirkens Familievern. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern blir utmålt på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 285,4 mill. kroner i 2026.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Diverse inntekter

757

898

930

Sum kap. 3842

757

898

930

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene er diverse kursinntekter med meir. Departementet føreslår ei løyving på 0,9 mill. kroner i 2026.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

3 563

6 228

4 300

Sum kap. 843

3 563

6 228

4 300

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adopsjon av barn frå utlandet blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir.

Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg då dei fekk omsorga for barnet, og då adopsjonen vart gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få stønad dersom barnet har komme til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet då dei fekk omsorga for barnet.

Adopsjonsstønaden er sett tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda som gjeld frå 1. mai 2025. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2026, og gjeld for heile kalenderåret. Talet på adopsjonar som ligg til grunn for løyvinga, er usikkert og lågare enn tidlegare. Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner. Overslaget legg til grunn at det vil vere om lag 30 adopsjonar i 2026.

Departementet føreslår ei løyving på 4,3 mill. kroner i 2026.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

70

Tilskot, overslagsløyving

1 005 514

719 100

724 600

Sum kap. 844

1 005 514

719 100

724 600

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar kontantstøtta.

Målet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn medan dei er små. Ordninga gir familiane auka økonomisk handlingsrom til å velje alternative omsorgsformer til barnehage.

Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova, men kontantstøtte blir som hovudregel ytt for barn mellom 13 og 19 månader som er busette i Noreg, og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass det blir ytt offentleg driftstilskot til.

Løyvinga er føreslått redusert med 21 mill. kroner som følgje av redusert makspris i barnehagar frå og med 1. august 2025.

Departementet føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nivå. Forslag til satsar for 2026 står i tabell 4.1.

Departementet føreslår ei løyving på 724,6 mill. kroner i 2026.

Tabell 4.1 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2026 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage (timar per veke)

Kontantstøtte i prosent av full sats

Kontantstøtte per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

7 500

Til og med 8 timar

80

6 000

Frå 9 til og med 16 timar

60

4 500

Frå 17 til og med 24 timar

40

3 000

Frå 25 til og med 32 timar

20

1 500

33 timar eller meir

0

0

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

70

Tilskot, overslagsløyving

25 628 748

28 687 000

29 700 000

Sum kap. 845

25 628 748

28 687 000

29 700 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar barnetrygda.

Måloppnåinga for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova, og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova, men barnetrygd blir som hovudregel ytt for barn under 18 år som er busette i Noreg.

Budsjettforslaget byggjer på nye prognosar for talet på barn med rett til barnetrygd, talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) og talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn på null til tre år. Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga frå SSB.

Eit tillegg i barnetrygda på 500 kroner per barn per månad til stønadsmottakarar busette i Finnmark, Svalbard og Nord-Troms (Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord) er innført frå 1. oktober 2025. Dette svarer til 6 000 kroner per barn per år. Tillegget er rekna til å gi meirutgifter på 103 mill. kroner i heilårsverknad i 2026.

Departementet føreslår å føre vidare satsane i barnetrygda med uendra nivå. Forslaget til satsar for 2026 står i tabell 4.2.

Departementet føreslår ei løyving på 29 700 mill. kroner i 2026.

Tabell 4.2 Forslag til satsar for barnetrygd (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd til barn 0–18 år

1 968

23 616

Utvida barnetrygd til einsleg mor eller far for barn 0–18 år

2 516

30 192

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

696

8 352

Tillegg til stønadsmottakarar i Finnmark, Svalbard og Nord-Troms (Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord)

500

6 000

Tabell 4.3 Talet på barn med barnetrygd i 2024. Prognosar for 2025 og 2026

Gjennomsnitt 2024

Gjennomsnitt 20251

Gjennomsnitt 2026

Barn med barnetrygd

1 104 551

1 097 820

1 090 306

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.4 Talet på stønadsmottakarar i 2024. Prognosar for 2025 og 2026

Gjennomsnitt 2024

Gjennomsnitt 2025

Gjennomsnitt 2026

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

– eitt barn

304 377

302 522

300 451

– to barn

274 217

272 546

270 681

– tre barn

76 103

75 639

75 121

– fire barn

11 549

11 479

11 400

– fem eller fleire barn

2 719

2 702

2 684

Sum stønadsmottakarar

668 965

664 888

660 337

Stønadsmottakarar med utvida stønad

125 410

127 919

130 478

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

1 065

950

847

Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 62 og post 71

49 202

45 857

59 183

22

Forsking

8 493

16 799

61

Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

204 068

758 299

758 356

62

Utvikling i kommunane

118 206

79 547

153 020

63

Tverrsektorielt tilskot til førebyggande tiltak for barn og unge

519 796

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

201 318

209 420

220 959

71

Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 og 62

575 493

12 364

8 229

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m.

11 154

12 362

12 777

Sum kap. 846

1 159 441

1 126 342

1 749 119

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 62 og post 71

Posten dekkjer utgifter til førebyggjande tiltak og forskings- og utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet. Posten blir òg nytta til evaluering og oppfølging av tilskotsordningane på familie- og oppvekstområdet, til arbeidet med barn og unge sin medverknad og til arbeidet med digital ungdomsportal. Posten dekkjer òg midlar til etteradopsjonstiltak.

Vidare blir posten nytta til å finansiere offentlege utval og ekspertgrupper. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak på familie- og oppvekstområdet.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 5 mill. kroner i samband med innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet (ein-til-ein-oppfølging), sjå nærare omtale av ordninga under kap. 846, post 62. Auken skal nyttast til relevante fagetatar som vil få i oppdrag å kunne støtte kommunane i implementeringa av eit oppfølgingsløp.

Vidare føreslår departementet å auke løyvinga med 6,7 mill. kroner på posten for å finansiere arbeidet med ei systematisk utprøving av inkluderingstiltak på fritidsfeltet. I tillegg er det sett av midlar på posten til å utvikle vidare og tydeleggjere arbeidet med barn og unge sin medverknad gjennom kompetansemiljøet i Bufdir og til oppfølging av fritidsklubbfeltet.

Til saman føreslår departementet ei løyving på 59,2 mill. kroner i 2026.

Post 22 Forsking, kan overførast

Løyvinga under denne posten skal nyttast til forsking innanfor familie, oppvekst- og levekår for barn og unge. Av løyvinga skal 2 mill. kroner nyttast til EU Kids Online-undersøkinga i regi av Universitetet i Oslo. Føremålet med undersøkinga er å auke kunnskapen om barn og foreldre sin bruk av internett og ny nettbasert teknologi.

Løyvinga er føreslått auka med 8 mill. kroner for å styrkje forskinga om kriminalitet blant barn og unge. For at tiltaka mot barne- og ungdomskriminalitet skal vere målretta, er det mellom anna naudsynt med ny kunnskap om omfang og årsaker til barne- og ungdomskriminalitet og om kva for verkemiddel som er effektive for å førebyggje slik kriminalitet.

Departementet føreslår ei løyving på 16,8 mill. kroner i 2026. Det blir føreslått å gi posten stikkordet «kan overførast» på grunn av uvisse om framdrifta i forskingsprosjekt.

Post 61 Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

Løyvinga under denne posten blir nytta til tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge. Tilskotsordninga på posten har auka atskilleg over tid, frå 554,5 mill. kroner i 2022 til 758,4 mill. kroner i 2026. Ordninga har desse hovudelementa:

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til å utvikle opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge opp til 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om, eller i kor stor grad, tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga. Søkjarar kan få fleirårige tilskot frå ordninga, med atterhald om budsjettvedtak i Stortinget.

Tildelingskriterium

Tilskot kan tildelast offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar. Bydelane i Oslo blir sidestilte med kommunar i regelverket. Aktørane kan søkje om ulike aktivitets- eller tiltakstypar som bidreg til å nå målet med tilskotsordninga. Vidare kan kommunar og fylkeskommunar søkje om tilskot til å tilsetje «ungdomslosar», personar som skal følgje opp ungdom i utdanningsløp. Kommunar kan søkje om tilskot til tiltak som skal bidra til auka koordinering og samarbeid mellom aktørane som bidreg i arbeidet med målgruppa. Private aktørar som søkjer om tilskot, må vere registrerte i Einingsregisteret.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå tilskotsmottakarane. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag for 2026

Løyvinga på posten har i 2025 vore nytta til namngitte tilskot til Blå Kors-tiltaket Barnas Stasjon, Norges Røde Kors-tiltaket Ferie for alle, ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT og stiftelsen BUA, som i dag tilbyr fleire tenester som utstyrssentralar kan nytte mot at dei betaler ei årsavgift til stiftelsen. Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til desse tiltaka i 2026.

Målet med tilskotet til Røde Kors-tiltaket Ferie for alle er å gi barn, unge og familiar eit gratis ferietilbod i skuleferiane. Målet med tilskotet til Blå Kors-tiltaket Barnas stasjon er å gi eit tilbod til barn og foreldre som bidreg til gode oppvekstvilkår og styrkjer omsorgsevna til foreldra. Målet med tilskotet til FRI – barn og familie, som Kirkens Bymisjon driv, er at barn av innsette ved fengsla i skal få delta i sosiale samanhengar som til dømes ferie- og fritidsaktivitetar. Målet med tilskotet til MOT er å motverke mobbing, utanforskap og psykiske vanskar blant barn og unge. Målet med tilskotet til ferietiltak i regi av DNT er å gi fleire barn og unge gode ferieopplevingar. Målet med tilskotet til BUA er å bidra til at BUA kan holde årsavgifta til utstyrssentralane låge, slik at fleire utstyrssentralar kan nytte tenestene til BUA. Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Tilskotsforvaltar og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår i 2026 å føre vidare løyvinga på same nominelle nivå med ei løyving på 758,4 mill. kroner.

Regjeringa legg opp til å overføre delar av tilskotsordninga som går til kommunane, til Tverrsektorielt tilskot til førebyggjande tiltak for barn og unge i 2027, jf. omtale under kap. 846, ny post 63. Frå 2029 er det lagt opp til at heile tilskotet til kommunane blir overført til den nye ordninga.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Løyvinga dekkjer tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane, tilskot til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande arbeid og tilskot til ein-til-ein-oppfølging i samband med innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet.

Tilskotsordninga for foreldrestøttande tiltak i kommunane

Ordninga har desse hovudelementa:

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane har som mål å styrkje foreldre i foreldrerolla, bidra til at foreldre blir gode omsorgspersonar for barna sine, og førebyggje at barn blir utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Målgruppa for tiltaka som får støtte gjennom ordninga, er foreldre med barn i alderen 0 til 18 år.

Tilskotsordninga skal stimulere kommunane til å setje i verk foreldrestøttande tiltak. Tiltaka skal hjelpe foreldre med å skape trygge rammer for oppveksten til barna og utviklinga i familien ved at dei blir medvitne om kva behov barna har, og får hjelp til å møte desse behova på ein god måte. Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om, og i kor stor grad, målet blir nådd, ut frå desse kriteria:

  • Gjennomført kunnskapsbasert foreldrestøttande rettleiing

  • Gjennomført samlivskurs «Godt samliv»

  • Gjennomført foreldrestøttande lågterskeltiltak

  • Talet på foreldre som er nådde med tiltak

  • Talet på barn og unge som er indirekte nådde ved foreldra si deltaking i tiltak

Tildelingskriterium

Ordninga er retta mot alle kommunane i landet og bydelar i Oslo kommune. Tiltak kan gjennomførast i samarbeid med familievernkontor, statlege instansar, frivillige organisasjonar og verksemder som er registrerte i Frivillighetsregisteret og/eller andre kommunar.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar frå kommunane. Bufdir og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Regjeringa legg opp til å overføre delar av tilskotsordninga til Tverrsektorielt tilskot til førebyggjande tiltak for barn og unge i 2027, jf. omtale under kap. 846, post 63. Frå 2029 er det lagt opp til at heile tilskotet blir overført til den nye ordninga.

Tilskot til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande arbeid

I statsbudsjettet for 2025 vart det løyvd 20 mill. kroner i tilskot til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande arbeid i Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim og Drammen. Regjeringa føreslår å føre vidare tilskota i 2026. Målet med tilskota er å gi støtte til foreldre med ungdom som viser teikn til risikofylt åtferd, slik at dei kan ta hand om foreldreansvaret sitt og gi god omsorg. Målgruppa er ungdom mellom 12 og 18 år og familiane deira. Tiltaka skal i hovudsak vere på eit selektivt nivå, det vil seie retta mot dei med risikofylt åtferd, men dette utelukkar ikkje tiltak på andre nivå dersom det bidreg til å nå primærmålgruppa. Tiltaka skal primært vere forankra utanfor barnevernstenesta. Kommunane kan ta i bruk og vidareutvikle familieråd etter modell frå Kristiansand og Modum kommune. Midlane må sjåast i samanheng med, og koordinerast med, andre kriminalitetsførebyggjande tiltak. Tilskot blir vurdert på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane. Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå kommunane. Bufdir og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll for å sikre at tilskotsmidlane blir nytta i tråd med føresetnadene. Det skal setjast i gang ei ekstern evaluering av arbeidet.

Tilskot til ein-til-ein-oppfølging – barne- og ungdomskriminalitet

Tilskotet skal bidra til ein forsterka innsats og tiltak retta mot barn og unge og familiane deira i kommunar med særskilde utfordringar med barne- og ungdomskriminalitet. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2025 vart det løyvd 12 mill. kroner til Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 77 mill. kroner, inkludert vidareføring av midlane frå revidert nasjonalbudsjett. Tilskotet blir føreslått tildelt til Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim, Stavanger, Skien, Drammen, Sandefjord, Lørenskog og Lillestrøm.

Midlane skal bidra til tett individuell oppfølging både i skule og på fritida og til at kommunale tenester som barnevern, Nav, flyktningtenesta, psykisk helsetenester og skule med meir kan setje inn naudsynte individuelle tiltak. Målgruppa er barn og unge som har gjort seg skuldig i kriminalitet, eller som ein er alvorleg uroa for. Den totale ramma for tiltaket er 90 mill. kronar, der 77 mill. kroner blir fordelte til dei ti kommunane. 5 mill. kroner skal gå til kompetansestøtte til å implementere ordninga og 8 mill. kroner til forsking om barne- og ungdomskriminalitet og om verkemiddel som er effektive for å førebyggje slik kriminalitet, sjå omtale kap. 846, postane 21 og 22.

Tilskot blir vurdert på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane. Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå kommunane. Bufdir og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll for å sikre at tilskotsmidlane blir nytta i tråd med føresetnadene. Det skal setjast i gang ei ekstern evaluering av arbeidet.

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Det har tidlegare vore sett av midlar på posten til tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn for å styrkje det utviklande og førebyggjande arbeidet kommunane gjer. Ordninga har verka over fleire år. Dette inneber at mange kommunar no har fått prosjekttilskot frå ordninga for å utvikle samhandlingsmodellar, og at behovet for ordninga er mindre. Etter ei nedtrapping i seinare budsjettår føreslår departementet no å avvikle ordninga i 2026. Løyvinga på posten blir derfor redusert med 6,22 mill. kroner i 2026. Reduksjonen blir mellom anna nytta til å finansiere overføringar til andre departement omtalte under.

BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner mot tilsvarande auke på Helse- og omsorgsdepartementet sitt kap. 701, post 21. Midlane skal finansiere utvikling, forvalting, drift og vedlikehald av tenesta Enklare tilgang til informasjon (ETI). ETI er ein tverrsektoriell informasjonsassistent som presenterer relevant informasjon frå fleire offentlege kjelder til familiar og tenesteytarar til barn med samansette behov.

BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 2,5 mill. kroner mot tilsvarande auke på Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet sitt kap. 1520, post 01, for å finansiere den nye meldeplikta til statsforvaltaren i tråd med forslag i Prop. 141 L (2024–2025) Lov om undersøkelser av offentlige virksomheters arbeid i saker om drap, vold, overgrep og omsorgssvikt mot barn (barnevoldsundersøkelsesloven).

Regjeringa vil setje i gang eit målretta samfunnsoppdrag for inkludering av barn og unge. Som ein del av arbeidet skal det etablerast ei innsatsgruppe for inkludering, som skal vere den operative delen av organiseringa. Noregs forskingsråd skal leie innsatsgruppa. Meirutgiftene ved å etablere ei innsatsgruppe er rekna til 3,5 mill. kroner. Dei involverte departementa skal bidra med 0,7 mill. kroner kvar. BFD føreslår derfor å overføre 0,7 mill. kroner frå posten til kap. 285, post 21 under Kunnskapsdepartementet.

BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 0,125 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 1620, post 01 under Finansdepartementet, for å delfinansiere eit rettleiingsmiljø for forsøk i offentleg forvalting i Statistisk sentralbyrå.

Departementet føreslår ei samla løyving på 153 mill. kroner i 2026.

Post 63 Tverrsektorielt tilskot til førebyggjande tiltak for barn og unge

Regjeringa føreslår å opprette ei tilskotsordning til kommunar for førebyggjande tiltak til barn og unge. Målet er å gi barn og unge gode oppvekstvilkår og førebyggje at barn og unge fell utanfor, ved å støtte kommunane i det heilskaplege og førebyggjande arbeidet deira retta mot barn og unge på tvers av ulike sektorar og tenesteområde. Barne- og familiedepartementet har hovudansvaret for ordninga, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Omlegging frå eksisterande tilskotsordningar

Ordninga inneber ei gradvis omlegging frå eksisterande tilskotsordningar frå fleire sektorar retta mot barn og unge til ei felles tverrsektoriell tilskotsordning med fleirårig finansiering. Frå 2026 vil det inngå midlar frå Tilskot til styrking og vidareutvikling av helsestasjon- og skulehelsetenesta under Helse- og omsorgsdepartementet og Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn og Tilskot til tiltak for å styrkje den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage, begge under Kunnskapsdepartementet. I tillegg vil det inngå eit sektorbidrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Frå 2027 tek regjeringa sikte på at det i tillegg vil inngå midlar frå delen av Tilskot til å inkludere barn og unge som i dag blir tildelt kommunane, og frå tilskotsordninga for Foreldrestøttande tiltak i kommunane under Barne- og familiedepartementet.

Ordninga skal trappast opp i perioden 2026–2028, og regjeringa legg opp til at dei nemnde tilskotsordningane vil falle bort i løpet av denne perioden. Tilskot til styrking og vidareutvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta og tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn vert foreslått overført i sin heilskap til den nye ordninga frå og med 2026. For Tilskot til å inkludere barn og unge er det berre lagt opp til at det er delen av ordninga som blir tildelt kommunane, som skal inn i den nye ordninga. Regjeringa vil òg vurdere om andre tilskotsordningar på sikt skal leggjast inn i den nye ordninga, og dette vil sjåast i samanheng med det overordna arbeidet med innlemming av øyremerkte tilskot i rammetilskotet for kommunesektoren. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet forvaltar tilskotsordninga i tett samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet.

Regjeringa føreslår desse hovudelementa for ordninga:

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med ordninga er å leggje til rette for gode oppvekstvilkår og førebyggje at barn og unge fell utanfor. Tilskotsordninga skal støtte opp under det førebyggjande arbeidet frå kommunane og bidra til målretta og heilskapleg innsats, på tvers av ulike sektorar.

Hovudmålgruppa er barn og unge. Tiltaka skal ha utsette barn og unge som ein del av målgruppa, men kan òg omfatte førebyggjande, universelle tiltak retta mot alle barn og unge. Måloppnåinga til tiltaka skal vurderast ut frå om, eller i kor stor grad, kommunane som får tilskot, har utvikla og gjennomført tiltak som støttar opp under målet med ordninga.

Tildelingskriterium

Kommunar kan søke om tilskott frå ordninga. Tilskotet skal nyttast til tiltak og prosjekt som støttar opp under måla for ordninga. Kommunane skal sjølv bestemme kva tiltak de finne best egna for barn, unge og deira familiar i sin kommune. Tiltaka retta mot målgruppa kan både vere universelle eller spissa tiltak. Det blir lagt opp til at kommunane kan få fleirårige tilskot, med atterhald om det årlege budsjettvedtaket frå Stortinget.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering frå tilskotsmottakarane. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Tilskotsordninga skal evaluerast og justeringar vil bli vurdert som følgje av evalueringa.

Budsjettforslag for 2026

Regjeringa føreslår å løyve 519,8 mill. kroner på posten i 2026 mot ein reduksjon på 75,4 mill. kroner på kap. 231, post 63, 25,3 mill. kroner på kap. 231, post 66, 415 mill. kroner på kap. 760, post 61 og 4 mill. kroner på kap. 621, post 70. Den samla løyvinga til den tverrsektorielle tilskotsordninga er 524,7 mill. kroner, jf. at 4,9 mill. kroner er lagde til kap. 858, post 01, for å dekkje meirutgifter til forvalting av tilskotsordninga.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Tilskotsordninga til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er regulert i ei forskrift som BFD har fastsett. Midlane blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BFD er klageinstans for vedtak som Fordelingsutvalet har gjort. Hovudelementa i ordninga er omtalte under.

Mål og kriterium for måloppnåing

Føremålet er å leggje til rette for at barn og ungdom skal kunne delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sørgje for at dei held fram med å vere ein arena for medverknad og demokrati. Måloppnåinga blir vurdert med utgangspunkt i kor mange poeng som blir gitt organisasjonane som kjem inn under ordninga. Poenga blir rekna ut etter talet på medlemmer, lokallag, talet på kurs, styresamansetjing m.m. i grunnlagsåret.

Kriterium for tildeling

Tilskot kan innvilgast til frivillige landsomfattande organisasjonar som på søknadstidspunktet mellom anna

  • kan vise til at organisasjonen arbeider for barn og ungdom med spørsmål som gjeld barn og ungdom, og har barn og ungdom som deltakarar i aktivitetane sine

  • har vedtekter som ikkje skaper hinder for full deltaking for barn og ungdom frå alle samfunnsgrupper, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, nedsett funksjonsevne eller seksuell orientering

  • sikrar at medlemmer under 15 år også har arenaer der dei kan fremje synspunkta sine eller øve påverknad over arbeidet i organisasjonen

Tilskot blir ikkje gitt til organisasjonar med føremål som tener utanforståande kommersielle interesser, eller som er i strid med norsk lovgiving. Departementet viser og til kriteria for tildeling slik dei går fram av § 4-1 i forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner.

Oppfølging og kontroll

Kravet til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner og instruks for Fordelingsutvalet. Departementet og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Driftstilskot til paraplyorganisasjonane

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til drift av nasjonalt arbeid. Tilskota skal leggje til rette for barn og ungdom si deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonar og fritidsklubbar. Organisasjonane skal òg jobbe for at barn og unge engasjerer seg, og bidra til å sikre organisasjonane og fritidsklubbane som arena for medverknad og demokrati.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at tilskota skal nyttast i tråd med omtalen her og dei vilkåra og kriteria som tilskotsforvaltaren gir i eigne tilskotsbrev. Om tilskotsmottakaren når målet med tilskotet, blir vurdert på bakgrunn av rapportering. Tilskotsforvaltaren og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir utmålt på bakgrunn av søknad. Departementet føreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner til driftstilskot til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede.

Tilskotet Mangfald og inkludering

Midlar til tilskotet Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er mottakar av tilskotet. LNU får tilskotet med den føresetnaden at dei fordeler det vidare til ulike prosjekt. Tilskotet skal stimulere barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø til å setje søkjelys på mangfald, haldningar og deltaking. Målet med tilskotet er å gi barn og ungdom høve til å vise at mangfald er eit positivt element i samfunnet. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad. Departementet føreslår å føre videre ordninga i 2026.

Løyvinga på posten har vore nytta til drift og vidareutvikling av portalen LNU har for utlån av lokale som skal gi barne- og ungdomsorganisasjonar enklare tilgang på lokale til aktiviteten sin. Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til dette i 2026.

Departementet føreslår totalt ei løyving på 221 mill. kroner i 2026.

Post 71 Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 og post 62

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysingsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet og rettane til barn og ungdom.

Det er i 2025 gitt tilskot til Ungdom mot Vold, Norges Røde Kors-tiltaket Kors På Halsen, Barnevakten og Blå Kors-tiltaket SnakkOmPsyken. Departementet føreslår at det også blir gitt tilskot til desse organisasjonane i 2026. Målet for tilskota er at organisasjonane skal gi informasjon og rettleiing og utføre ulike former for utviklings- og opplysingsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og unge. Målgruppa er barn og unge og andre aktørar og fagmiljø som jobbar eller er i kontakt med barn og unge.

Det er i 2025 òg gitt tilskot til driftsstøtte for adopsjonsorganisasjonene Adopsjonsforum, InorAdopt og Verdens Barn. I 2025 vart det løyvd 3 mill. kroner til ekstra driftsstøtte til InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. Auken var eittårig, og departementet føreslår derfor å redusere løyvinga i 2026 med 3 mill. kroner. Vidare føreslår departementet å redusere løyvinga med 1,7 mill. kroner som følgje av at to av organisasjonane, InorAdopt og Verdens Barn, har vedteke å avvikle adopsjonsaktiviteten innan utgangen av 2025. Det er såleis berre aktuelt å utmåle tilskot til Adopsjonsforum eller etterfølgjande organisasjon i 2026. Målet med tilskotet er å gi driftsstøtte og midlar til informasjons- og etterarbeid.

Vidare er det gitt tilskot til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS), på posten. BFD føreslår å flytte 0,26 mill. kroner frå kap. 846, post 79, til posten som gjeld tilskot til Technical Assistance Program, i regi av Haagkonferansen for internasjonal privatrett (ICATAP), som eit bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet. Det er fornuftig at midlane til dei to internasjonale organisasjonane blir vurderte samla. Løyvinga på posten er derfor auka med 0,26 mill. kroner.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at tilskota skal nyttast i tråd med omtalen her og dei vilkåra og kriteria som tilskotsforvaltaren gir i eigne tilskotsbrev. Om tilskotsmottakaren når målet med tilskotet, blir vurdert på bakgrunn av rapportering. Tilskotsforvaltaren og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 8,2 mill. kroner i 2026.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m.

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane kan søkje på tilskotsordninga om grunnstønad til internasjonalt arbeid. Det er Fordelingsutvalet som forvaltar tilskotet.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet for ordninga er å støtte og fremje internasjonalt ungdomsarbeid og internasjonalt samarbeid på ungdomsfeltet. Måloppnåinga blir vurdert på grunnlag av poenggivande aktivitet av internasjonal karakter.

Tildelingskriterium

Organisasjonane får poeng mellom anna for å delta på internasjonale møte, seminar, konferansar, studiereiser og delegasjonsreiser utanfor Noreg og for utanlandsk deltaking på internasjonale aktivitetar i Noreg som organisasjonen sjølv arrangerer.

Oppfølging og kontroll

Kravet til revisjon, rapport og kontroll av internasjonal grunnstønad er regulert av forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner og instruks for Fordelingsutvalet. Departementet og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan vidare søkje om tilskot til internasjonalt samarbeid og idéutveksling. Tilskota skal leggje til rette for at barn og ungdom kan delta i internasjonalt samarbeid, engasjement og idéutveksling.

Posten dekkjer òg det norske bidraget til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF). Målet for tilskotet er å bidra til å støtte opp om arbeidet Europarådet gjer for ungdom.

Posten dekkjer vidare kostnader til barne- og ungdomssamarbeid i Barentsrådet. Det norske Barentssekretariatet får tilskot for å fremje fleirnasjonalt ungdomssamarbeid i Barentsregionen. Målgruppa for tilskotet er ungdom i Barentsregionen.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriteriet for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Posten kan òg nyttast til at departementet deltek i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Departementet føreslår å redusere kap. 846, post 79, med 0,26 mill. kroner og auke løyvinga tilsvarande på kap. 846, post 71. Sjå omtale under kap. 846, post 71.

Vidare føreslår departementet å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner for å dekkje meirutgifter til det norske bidraget til det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF).

Departementet føreslår ei løyving på 12,8 mill. kroner i 2026.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Driftsutgifter, kan overførast

17 487

17 450

18 023

Sum kap. 847

17 487

17 450

18 023

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og andre driftsutgifter ved det nasjonale kontoret som forvaltar ungdomsdelen av EU-programmet for ungdom, utdanning og opplæring, Erasmus+. Løyvinga må sjåast i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 18 mill. kroner i 2026.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Tilskot frå Europakommisjonen

7 252

5 964

5 964

Sum kap. 3847

7 252

5 964

5 964

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innanfor ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+. Sjå nærare omtale på kap. 847, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 6 mill. kroner i 2026.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Driftsutgifter

24 458

25 040

25 843

Sum kap. 848

24 458

25 040

25 843

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for barnerettane. Dei har som oppgåve å fremje interessene til barn overfor det offentlege og det private og skal følgje med på utviklinga i oppvekstkåra til barn.

Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om interessene til barn, blir følgd, og at norsk rett samsvarer med pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettane. Ombodet skal på eige initiativ, eller som høyringsinstans, sikre interessene til barn i samband med planlegging og utgreiing på alle område, føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barna, og følgje med på om endringane er gode for barn.

Barneombodet skal òg fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Vidare skal ombodet følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om barnerettane og tiltaka barn har behov for.

Barneombodslova ligg til grunn for arbeidet deira. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og er fagleg uavhengig.

Resultatrapport

Det vart utnemnd nytt barneombod i 2024. Hausten 2024 vart derfor i stor grad nytta til arbeidet med ein ny og oppdatert strategi for verksemda, i tillegg til løpande førespurnader og høyringar.

Hausten 2024 leverte Barneombodet sin supplerande rapport til FNs komité for barnerettane. Rapporten var eit supplement til den rapporten staten sjølv hadde utarbeidd og sendt til barnekomiteen i mai 2024.

Barneombodet arbeider for å få fram barn sine perspektiv om kva som er viktig for barn i Noreg. I juni 2025 lanserte dei rapporten Barnebarometeret. Han er resultatet av ei spørjeundersøking Barneombodet sende ut til 9- og 12-åringar over heile landet. Om lag 1 400 barn svarte på spørsmåla. Rapporten vil bli nytta i arbeidet Barneombodet gjer på ulike fagfelt.

Barneombodet har også bidrege med høyringsinnspel til høyringsnotat frå det offentlege og i lovarbeidet til Stortinget på ulike område. Dette gjeld særleg arbeidet med ny barnelov, endring av barnevernslova, ny forvaltingslov, endringar i krisesenterlova og arbeidet med del 2 av rusreforma.

Barneombodet har arbeidd vidare for at styresmaktene skal gjere betre konsekvensvurdering av barnerettane ved statlege tiltak. Det er grunnlovfesta at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle avgjerder som har følgjer for barn. For at dei som arbeider med avgjerder retta mot barn, skal få auka kunnskap og større høve til å ta dette grunnleggjande omsynet, har Barneombodet utvikla eit e-læringsverktøy som ligg tilgjengeleg på nettsidene deira.

Barneombodet nyttar fire arbeidsmetodar i arbeidet sitt:

  • overvaking for å hente inn informasjon frå ulike område om tilstanden til barnerettane. På bakgrunn av dette lagar ombodet rapportar og annan skriftleg dokumentasjon til bruk overfor politiske styresmakter og samfunnet elles.

  • påverknad for å gi informasjon om kva Barneombodet meiner i faglege spørsmål

  • opplæring for å bidra til at mellom anna andre offentlege styresmakter har naudsynt kunnskap om barnekonvensjonen

  • rettleiing for å bidra til at privatpersonar, fortrinnsvis barn og unge, skal få informasjon om rettane sine

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Barneombodet. Departementet føreslår ei løyving på 25,8 mill. kroner i 2026.

Programkategori 11.20 Barnevern

Hovudinnhald og prioriteringar

Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp, omsorg og vern. I samhandling med andre kommunale og statlege tenester, som helsetenester, sosiale tenester, barnehage og skule, skal barnevernet bidra til trygge oppvekstvilkår for barn og unge. Barnevernet har plikt til å støtte opp om retten barn og foreldre har til familieliv med kvarandre, og skal gi hjelp og støtte til foreldre slik at dei kan yte god omsorg for barna sine.

Det kommunale barnevernet har ansvar for å gå gjennom bekymringsmeldingar, gjere undersøkingar, gjere vedtak om frivillige tiltak og akuttvedtak, førebu saker for handsaming i Barneverns- og helsenemnda og dessutan følgje opp barn som bur utanfor heimen. Barneverns- og helsenemnda gjer vedtak om tvang etter barnevernslova, etter at barnevernstenesta har lagt saka fram for nemnda.

Det statlege barnevernet ved Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) skal yte bistand til kommunar dersom eit barn treng eit omsorgstilbod utanfor heimen og kommunen ikkje finn ein eigna fosterheim i slekta eller i det nære nettverket til barnet. I tillegg har Bufetat ansvar for å etablere og drifte barnevernsinstitusjonar og tilbyr spesialiserte hjelpetiltak som kommunane kan nytte for spesifikke målgrupper barn. Barne- og familieetaten i Oslo har eit tilsvarande ansvar i Oslo kommune som Bufetat har elles i landet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er fagdirektorat for kommunalt og statleg barnevern.

Mange barn og foreldre uttaler at dei er nøgde med hjelpa dei får frå barnevernet. Det er likevel slik at barnevernet ikkje har klart å gi alle barn den hjelpa dei treng. Tilstanden og utfordringane i kommunalt barnevern er godt dokumentert i NOU 2023: 7 Trygg barndom. Gjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet. Tilstanden og utfordringane på institusjonsområdet er omtalte i NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen – Barnevernsinstitusjoner som har barnas tillit. Regjeringa har fått gjennomført ein ekstern områdegjennomgang av det statlege institusjonsbarnevernet. Føremålet med gjennomgangen var å identifisere og tilrå tiltak som kunne bidra til effektiv ressursbruk og avgrense utgiftsveksten i institusjonsbarnevernet. Utfordringar i kommunalt og statleg barnevern er òg tema i Dokument 3:10 (2024–2025) Riksrevisjonens undersøkelse av årsaker til utfordringer i barnevernet.

Det er dei siste åra sett i gang ei rekkje tiltak for å forbetre kvaliteten på sakshandsaming og tiltak, og for å styrkje rettstryggleiken til barn og foreldre. Kompetansesatsinga (2018–2024) har gitt dei tilsette i kommunalt barnevern auka kompetanse gjennom å delta på vidareutdanningar, opplæringsprogram og lokale utviklingsprosjekt. Vidare har det vore sett i verk tiltak for å styrkje leiarkompetansen i barnevernet. Nye verktøy skal bidra til eit kvalitetsløft i undersøkings- og hjelpetiltaksarbeidet. God kartlegging av behova til barnet og familien i tillegg til rett hjelp kan hindre meir inngripande tiltak. Det er likevel store variasjonar i kor langt kommunane har komme når det gjeld å arbeide systematisk med undersøkingar, hjelpetiltak og lokal utvikling i barnevernet. Det vil derfor kunne ta noka tid før ein kan sjå resultat av tiltak som har vore sett i verk dei siste åra. Barnevernsbarometeret til Bufdir frå 2024 viser elles at eit fleirtal av dei tilsette i barnevernet synes at dei er kompetente, engasjerte og motiverte, noko som gir eit godt grunnlag for forbetringsarbeid.

Departementet har over tid jobba for at det statlege barnevernet skal ha eit tilstrekkeleg dimensjonert tiltaksapparat. Det er prioritert monaleg med midlar til å heve kapasiteten og kvaliteten på institusjonstilbodet, og for å oppfylle bistandsplikta til Bufetat. Det vart i 2024 sett i gang eit arbeid for gradvis omstilling av institusjonstilbodet til ein meir fleksibel institusjonsmodell, som både kan handtere fleire målgrupper og endringar i behovet til barna. Det er i 2025 etablert fire pilotar i fire av regionane til Bufetat. Helseteam, tverrfagleg kartlegging og samarbeid med skule skal støtte opp under desse pilotane. I tillegg er det etablert ein femte pilot: eit forsterka institusjonstilbod for barn med store og samansette behov, inkludert barn som står bak gjentakande eller alvorleg kriminalitet.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å styrkje kvaliteten på sakshandsaminga, prosessane og tiltaka i barnevernet. Det vil i 2026 vere ei prioritert oppgåve å følgje opp lovendringar og forslaga omtalt i Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet). Stortinget handsama proposisjonen 11. juni 2025, jf. Innst. 524 L (2024–2025). Regjeringa har mellom anna varsla ein ny overordna kompetansemodell for det kommunale barnevernet, der kompetansetiltaka skal bli tilpassa lokale behov og leggje betre til rette for fagleg utvikling gjennom heile yrkeslivet.

Det er òg ei prioritert oppgåve for regjeringa å følgje opp tiltak som medverkar til betre rammer for fosterheimar. Regjeringa vil prioritere tiltak som skal bidra til at barn får eit godt og rett institusjonstilbod. Hovudprioriteringane på institusjonsområdet framover er å etterleve bistandsplikta og ha god kostnadskontroll. Dette inneber oppfølging av områdegjennomgangen av det statlege institusjonsbarnevernet, av tilrådingar frå ekspertutvalet som i 2025 har sett på organiseringa av det statlege barnevernet, og av kvalitetsløftet med ei ny retning for institusjonstilbodet. Sjå nærare omtale under overskrifta «Institusjonar».

Vidare vil regjeringa styrkje retten barn har til medverknad, og rettsstillinga deira i barnevernssaker. I Prop. 83 L (2024–2025) er det varsla ei evaluering av dagens reglar for medverknad frå barn og vurdering av tiltak for meir barnevennlege prosessar i barnevernssaker. I tillegg vil departementet følgje opp oppmodinga frå Stortinget om å fremje lovendringsforslag som gir barn frå 12 år partsrettar i barnevernssaker frå 1. januar 2028, jf. Innst. 524 L (2024–2025). Sjå nærare omtale om oppmodingsvedtaket i del I.

Riksrevisjonen gir i Dok 3:10 (2024–2025) Riksrevisjonens undersøkelse av årsaker til utfordringer i barnevernet fleire tilrådingar knytte til kvalitetsutfordringar på institusjonsområdet og i barnevernstenestene. Då Stortinget handsama Dok. 3: 10 (2024–2025), var det særleg merksemd på løyvingar knytte til bistandsplikt og kapasitet og at departementet følgjer opp effektar av tiltak som er sette i gang, jf. Innst. 442 S (2024–2025). Fleire av lovendringane og tiltaka i kvalitetsløftet er i samsvar med tilrådingane frå Riksrevisjonen.

BFD har desse måla på barnevernsområdet for 2026:

Mål

  • Barn og foreldre skal få hjelpetiltak tilpassa deira behov og som bidreg til positiv endring. Tilbodet skal vere likeverdig i heile landet.

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit tilbod som fremjar ro, tryggleik, tillit, positiv utvikling, og som tek vare på relasjonane til barnet.

  • Barnevernet skal arbeide kunnskapsbasert og tillitsskapande i møte med barn, familiar og andre tenester.

  • Rettstryggleiken til barn og foreldre skal varetakast i alle fasar av barnevernssaka.

Målet om hjelpetiltak er nærare omtalt under overskrifta «Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet». Målet for tiltak utanfor heimen er nærare omtalt under overskrifta «Tiltak utanfor heimen». Målet om arbeidet i barnevernet er omtalt under «Kvalitetsutvikling i barnevernet», medan målet om rettstryggleik er omtalt under «Rettstryggleik i barnevernet».

Resultatrapport og strategiar

Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet

Tidleg innsats

Kommunane har ei lang rekkje universelle tenester retta mot barn og familiar, til dømes barnehage, grunnskule, skulefritidsordning, helsestasjon, skulehelseteneste og ulike kultur- og fritidstilbod. Eit godt utbygd oppveksttilbod, der dei ulike tenestene samarbeider godt, og der ansvaret til kvar av tenestene er tydeleg, kan gi familiar hjelp som medverkar til å førebyggje behov for barnevernstiltak eller andre spesialiserte hjelpetenester. Å gi barnefamiliar sosial og økonomisk tryggleik er òg viktig for å skape gode oppvekstvilkår i familiar. Kommunestyret skal vedta ein plan for det førebyggjande arbeidet, jf. barnevernslova § 15-1.

Barnevernsreforma som tok til å gjelde i 2022, har som mål at fleire utsette barn og familiar skal få den hjelpa dei treng, på eit tidleg tidspunkt, og at tenestetilbodet skal vere tilpassa lokale behov. Reforma har gitt kommunane auka fagleg og økonomisk ansvar, noko som skal bidra til å styrkje høvet og insentiva kommunane har til heilskapleg førebygging og tidleg innsats. Menon Economics evaluerer reforma i samarbeid med NTNU Samfunnsforskning, og det blir levert årlege delrapportar fram til leveranse av endeleg sluttrapport i 2027.

Det går fram av delrapporten frå 2024 at mange kommunar rapporterer om betre samarbeid, auka kompetanse og betre tilgang til hjelpetiltak. Samstundes strever kommunane med å gi barn rett hjelp til rett tid. Det er store variasjonar mellom kommunar når det gjeld i kva grad dei har vedteke førebyggjande planar, og om dei har komme i gang med det førebyggjande arbeidet. Evalueringa peiker mellom anna på eit behov for at kommunane får betre rettleiing om førebyggjande arbeid, og at styresmaktene bør følgje med på utviklinga i kommunane, spesielt om det oppstår store skilnader i kor mykje barnevernet deltek i førebyggjande arbeid.

Kommunane skal få betre rettleiing om det førebyggjande arbeidet. Etatssamarbeidet for utsette barn og unge har fått i oppdrag å vurdere ansvaret kommunane har for det breie, førebyggjande arbeidet. I desember 2024 leverte etatane eit kunnskapsgrunnlag. Bufdir følgjer opp utviklinga av reforma på vegner av BFD. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Med barnevernsreforma vart eigendelane kommunane betaler for spesialiserte fosterheimar tilbydde av Bufetat, og for barnevernsinstitusjonar, auka. Det vart innført ei overgangsordning som inneber at kommunane betaler lågare eigendelar for plassar i spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar som starta før 2022. Overgangsordninga blir avslutta frå og med 1. januar 2026. Kommunane betaler dermed full eigendel for alle plasseringar i spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar frå og med 2026. Kommunane vil bli kompenserte for dette gjennom ein auke i rammetilskotet for 2026 på 151,6 mill. kroner. Etter dette vil barnevernsreforma vere fullfinansiert. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Tidleg innsats og å gi barn og familiar rett hjelp krev at tenestene samarbeider. Nye føresegner om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan, som inkluderer helse- og omsorgstenestelova, barnevernslova, opplæringslova, barnehagelova og lov om arbeids- og velferdsforvaltningen (Nav-lova), kom 1. august 2022. Dei nye samarbeidsreglane, og ei rettleiing til reglane, tydeleggjer forpliktinga tenestene har til å samarbeide. NTNU Samfunnsforskning skal i perioden 2022–2027 undersøkje korleis dei nye føresegnene blir følgde opp i praksis. Det går elles fram av ein delrapport frå mars 2025 at lovendringane og rettleiinga er godt kjende i sektoren, men at ressursutfordringar kan vere til hinder for å samordne seg og å samarbeide.

Hjelpetiltak

Førebyggingsansvaret til det kommunale barnevernet er i hovudsak knytt til ansvaret for å setje inn hjelpetiltak overfor barn og familiar der det er ein risiko for omsorgssvikt og at barnet utviklar alvorlege problem. Nokre hjelpetiltak kan vere direkte knytte til barnet, medan andre rettar seg mot foreldra. Ofte er det naudsynt med fleire tiltak for å hjelpe barnet og familien på best mogleg måte. Barn kan òg bu utanfor heimen som eit frivillig hjelpetiltak. Bufetat kan tilby spesialiserte hjelpetiltak og utgreiing av barn opp til 6 år ved senter for foreldre og barn.

Det er store variasjonar i kor langt kommunane og barnevernstenestene har komme i arbeidet med å utvikle hjelpetiltak, og hjelpetiltaka er ikkje alltid godt nok tilpassa behova til barn og foreldre. Mange tenester strever med å byggje opp tilstrekkeleg kompetanse og ressurskrevjande tiltak åleine, og særleg gjeld dette for sakstypar som opptrer sjeldan eller er særleg samansette. Trass i at barn har rett til å medverke, opplever mange at dei ikkje blir tilstrekkeleg lytta til, og at dei har lite innverknad på avgjerdene som blir tekne om livet deira.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn og foreldre skal få hjelpetiltak tilpassa deira behov og som bidreg til positiv endring. Tilbodet skal vere likeverdig i heile landet.

Under gjer departementet greie for oppnådde resultat i 2024, fyrste halvdelen av 2025 og for strategiar og planlagde tiltak i 2026 som medverkar til måloppnåing.

Kommunane etterspør i stor grad kvalitets- og kompetanseheving knytt til undersøkings- og hjelpetiltaksarbeidet, og barnevernstenestene treng bistand til å implementere ny kunnskap og nye faglege digitale verktøy. Bufdir har samarbeidd med kommunar, brukarorganisasjonar og relevante forskingsmiljø om å utvikle eit heilskapleg rammeverk for korleis dei kommunale barnevernstenestene skal kunne gi systematisk og god hjelp til barn og familiar. Regjeringa vil gi kommunane betre opplæring og fagleg støtte til å gjennomføre kartleggingar og setje i verk rett hjelpetiltak i tråd med ønska og behova til barn, unge og familiane. Opplæringa vil bruke ulike verktøy som Barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK) og Grunnmodell for hjelpetiltak. BFK er eit nasjonalt rammeverk som gir sakshandsamarane støtte i arbeidet med barnevernssaker, både fagleg og juridisk. Ved årskiftet 2024–2025 hadde over 200 tenester skaffa seg eit fagsystem der BFK er lagt inn. Dei fleste barnevernstenestene har dermed tilgang til BFK direkte i fagsystemet sitt. I 2026 vil fleire kommunar få hjelp til å bruke BFK i det daglege arbeidet.

Resultat frå utprøvinga av grunnmodellen for hjelpetiltak tyder på at modellen kjem til å bli eit viktig bidrag for eit meir likeverdig og ressurseffektivt tilbod om hjelpetiltak og eit bidrag til at familiar og barn vil kunne få god hjelp der dei bur. I 2025 har Bufdir jobba med korleis modellen kan bli implementert i tenester med ulike føresetnader for å handtere nye tiltak og endringar. Arbeidet held fram i 2026.

Bufetat tilbyr òg spesialiserte statlege hjelpetiltak i heimen. Tiltaka er retta mot barn og unge med samansette og utfordrande vanskar, der det er risiko for at barnet blir plassert utanfor heimen. Eit slikt tiltak er Multisystemisk terapi (MST). Tiltaket er retta mot familiar med ungdom 12–18 år som har alvorlege utfordringar med til dømes kriminalitet eller rusmisbruk, fysisk eller verbal aggresjon, hærverk og skulefråvær. Familien får intensiv familiebasert behandling i heimen, der foreldra mellom anna får hjelp til å endre foreldrepraksis. Det vart i 2025 løyvd 26 mill. kroner til å utvide MST-tilbodet i Bufetat med to nye team og til å byggje opp eit MST-tilbod i Oslo kommune, som ein del av satsinga mot barne- og ungdomskriminalitet.

Bufetat tilbyr òg støtte til kommunar som ønskjer å setje i verk familierettleiing i familiar med barn frå 3 til 12 år med bruk av metoden Parent Management Training – Oregon (PMTO). I 2024 hadde til saman 168 kommunar høve til å tilby PMTO til barn og familiar. Dette var ein auke samanlikna med 2023 då PMTO var tilgjengeleg i 154 kommunar. Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) og regionane til Bufetat arbeider aktivt saman med Bufdir om vidare planar for korleis tilbodet om spesialiserte statlege hjelpetiltak kan bli utvida til fleire kommunar som ønskjer å ta det i bruk i åra som kjem. Bufdir skal samstundes sørgje for ei meir systematisk oversikt over behovet for statlege hjelpetiltak.

Tiltak i barnevernet for barn med gjenteken eller alvorleg kriminalitet

Barne- og ungdomskriminalitet er eit høgt prioritert område for regjeringa. Frå 2016 til 2023 var det ein jamn auke i talet på sikta personar under 18 år og særleg blant barn under 15 år. SSB-statistikk frå 2024, støtta av statistikk frå kriminalomsorga, viser likevel at frå 2023–2024 har kriminaliteten gått noko ned, særleg blant dei yngste. Det står att å sjå om dette er ein vedvarande trend. Sjølv om det er snakk om eit avgrensa tal barn, er det særleg urovekkjande at barn under 15 år står bak alvorlege lovbrot. Det gir barna dårlege livsutsikter, og dei skaper utryggleik for andre – ofte andre barn – og for nærmiljøet. Særleg urovekkjande er utviklinga hos ei lita gruppe ungdommar med store og samansette behov.

Ansvaret for samfunnsvernet ligg i hovudsak til justissektoren. Helsesektoren kan gjere vedtak om tvungen helsehjelp som er heimla i omsynet til samfunnstryggleiken. I det førebyggjande arbeidet kan barnevernet mellom anna bidra med tilbod om Multisystemisk terapi (MST), gjennom oppfølging av ungdom i fosterheimar og arbeid med ungdommar i institusjonane. For å førebyggje og hindre at barn og unge blir involverte i kriminalitet, er det naudsynt med ein brei og godt koordinert innsats på tvers av sektorar, inkludert barnevernet. Samstundes må vi sikre at dei barna som allereie er involverte i kriminelle handlingar, får naudsynt oppfølging for å komme seg ut av kriminaliteten. Barna skal ikkje bli straffa som vaksne, men barnevernet åleine har ikkje alltid dei rette verkemidla til å hjelpe barna til å komme seg ut av kriminaliteten. Det er derfor avgjerande å finne gode løysingar som gir barn og unge eit alternativ til kriminalitet og ein reell sjanse til ein ny start. Regjeringa sette hausten 2024 ned ei ekspertgruppe som har greidd ut tiltak som kan setjast i verk overfor unge som gjer seg skuldig i gjenteken og alvorleg kriminalitet. Arbeidet til ekspertgruppa har hatt som mål å finne løysingar og tiltak som kan hjelpe barn som gjer seg skuldig i gjenteken eller alvorleg kriminalitet, ut av ein kriminell løpebane. Ekspertgruppa overrekte ein rapport til Justis- og beredskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet, med 20 forslag til tiltak, 13. mars 2025. Departementa har starta eit arbeid med følgje opp rapporten.

I vente på ekspertutgreiinga blei det i 2025 løyvd 20 mill. kroner til å prøve ut ein pilot i ein eksisterande barnevernsinstitusjon som tek imot barn som utset utviklinga si for alvorleg fare, med eit større innslag av tverrfaglege team knytte til barnet. Piloten opna i mars 2025. Vidare vart det løyvd midlar til å utvide tilbodet om MST retta mot desse ungdommane, jf. nærare omtale av tilbodet under overskrifta «Hjelpetiltak». Midlane skal nyttast til å forsterke MST-tilbodet i Oslo, Lillestrøm, Romerike, Nord-Trøndelag og Kristiansand.

Dei ansvarlege departementa samordnar, prioriterer og tilpassar innsatsar og tiltak for målgruppa gjennom den tverrdepartementale kjernegruppa for barn og unge (KUBU). På direktoratsnivå er 13 etatar, tilsyn og institutt samla i etatssamarbeidet for utsette barn og unge, som Bufdir koordinerer. Direktorata har sett i gang arbeid og levert konkrete resultat i oppfølginga av problematikken. Samarbeidet skal gi betre samanheng i tenestene, tydelegare føringar og betre støtte til kommunane og meir effektiv samhandling mellom statlege aktørar. Sjå nærare omtale av arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Tiltak utanfor heimen

Det er ikkje alltid at hjelpetiltaka barnevernet set inn i heimen, er tilstrekkelege for å gi barn ein forsvarleg omsorgssituasjon. Når barn i slike tilfelle ikkje kan bu heime, treng dei for ein kortare eller lengre periode eit tilbod utanfor heimen. I dag er det fosterheim og barnevernsinstitusjon som er dei mest aktuelle tilboda i slike tilfelle.

Bufetat skal, på oppmoding frå kommunen, hjelpe barnevernstenesta med å finne eit tilbod for barnet når det må flytte ut av heimen. For dei fleste er det eit mål å finne ein plass i nærmiljøet til barnet. Bufetat har plikt til å hjelpe barnevernstenesta med å finne ein eigna fosterheim, beredskapsheim eller ein institusjonsplass til barnet når kommunen ber om ein slik plass. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det til saman var 11 869 barn og unge i alderen 0–24 år som budde i ulike tiltak utanfor heimen ved utgangen av 2024. Av desse var 8 918 barn under 18 år. Dei fleste som bur i tiltak utanfor heimen, bur i fosterheimar. Ved utgangen av 2024 budde 9 251 barn og unge i ein fosterheim, medan 1 006 barn og unge budde i ein barnevernsinstitusjon. I tillegg budde 1 599 unge i eit kommunalt butiltak.

Barn som flyttar til ein fosterheim eller institusjon, har ofte samansette og store utfordringar og treng mykje omsorg, tryggleik og utviklingsstøtte. Dei har ofte hatt det vanskeleg over lang tid. Vonde livserfaringar kan ha fått konsekvensar for den psykiske og fysiske helsa deira, og påverkar korleis dei meistrar livet sitt. Men barna har òg evner og ressursar. Dei har som andre barn eit sterkt ønske om å ha ein normal kvardag der dei får utvikle seg og brukt ressursane sine, og der behova deira blir tekne hand om. Mange barn får den hjelpa, omsorga, utviklingstøtta og stabiliteten dei treng når dei flyttar til ein fosterheim eller barnevernsinstitusjon.

Barnevernet lukkast likevel ikkje alltid med å gi barn god nok hjelp og eit føreseieleg og stabilt omsorgstilbod. Det kan til dømes komme av at behova til barna ikkje alltid er godt nok kjende når det blir gjort vedtak om flytting til fosterheim eller institusjon, og at målsetjinga for opphaldet er uklar. Det er utfordringar med å gi barn og unge, og særleg dei med store hjelpebehov knytt til fysisk og psykisk helse, den hjelpa dei treng. Mange barn ventar lenge på tiltak, og mange opplever fleire flyttingar og brot i viktige relasjonar. Bufetat har over tid hatt vanskar med å oppfylle bistandsplikta for fosterheimar og institusjonsplassar.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit tilbod som fremjar ro, tryggleik, tillit, positiv utvikling, og som tek vare på relasjonane til barnet.

Under gjer departementet greie for oppnådde resultat i 2024 og fyrste halvdelen 2025 og for strategiar og planlagde tiltak i 2026 som medverkar til måloppnåing.

Kartlegging av barn

Både nasjonale og internasjonale studiar viser at det er større helseutfordringar hos barn og unge som får hjelpetiltak i heimen, og barn som bur i fosterheim eller institusjon, enn hos barnebefolkninga elles. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet har derfor over tid samarbeidd om ei helsesatsing i barnevernet for saman å bidra til eit forbetra tilbod til barn og unge i barnevernet. Det er eit mål at retten til helsehjelp blir etterlevd, og at dei kan få naudsynt hjelp.

Nasjonalt forløp for barnevern – kartlegging og utgreiing av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus inneheld rutinar for eit strukturert samarbeid mellom barnevernstenestene og helsetenestene. Rutinane for forløpet skildrar ansvar, oppgåver og samarbeid mellom ulike aktørar. Vidare skildrar forløpet korleis tenestene best kan samarbeide om tidleg kartlegging og utgreiing av barn i barnevernet. Målet er å sikre at barn og unge som får hjelp frå barnevernet, tidleg får naudsynt helsehjelp når det er behov for det. Bufdir og Helsedirektoratet samarbeider om å implementere forløpet i alle kommunane i landet og i helse- og omsorgstenestene. I november 2024 vart det gjennomført ein erfaringskonferanse, og det er utarbeidd opplærings- og informasjonsmateriell som støtte til implementeringa i tenestene. Implementeringa held fram i 2026. Sintef er i gang med ei følgjeevaluering av arbeidet med det nasjonale forløpet for barnevern, som skal vare til 2027. Dette inngår i den samla evalueringa av helsesatsinga i barnevernet.

Eit anna viktig tiltak er tverrfagleg helsekartlegging. Denne kartlegginga skal bidra til å identifisere hjelpe- og helsebehov hos barn som ikkje kan bu hos foreldra sine. Målet er at barn som blir flytta ut av heimen, skal få god og rett hjelp, som òg medverkar til eit meir stabilt tiltak og reduserer risikoen for at barna må flytte fleire gonger. Kartlegginga føreset faglege bidrag frå helsepersonell.

Regjeringa vil endre måten å innrette tverrfagleg helsekartlegging på for å nå målet om at alle barn som flyttar ut av heimen, skal bli kartlagde. Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet) omtaler ein ny modell for tverrfagleg kartlegging. Modellen har eit todelt og likestilt føremål: å dekkje behovet barnevernstenesta har for informasjon, og å sikre barnet naudsynt helsehjelp og eit samanhengande hjelpetilbod. Kartlegginga skal vere samansett av ei barnevernsfagleg kartlegging og ei helsekartlegging. Ansvaret for å gjennomføre helsedelen av kartlegginga skal leggjast til spesialisthelsetenesta og ikkje lenger vere eit sakkunnig oppdrag i Bufetat. Det blir lagt opp til auka bruk av ordinære helsetenester. Dette vil bidra til ein meir saumlaus overgang mellom helsekartlegging og vidare helsehjelp og til at barna raskare får den oppfølginga dei treng. Den nye måten å innrette dette på skal gjere det mogleg å kartleggje fleire barn enn i dag. Kartlegginga skal gi barnevernstenesta og nye omsorgspersonar tilstrekkeleg informasjon om barnet sine styrkar og behov, slik at barnet får tilpassa omsorg og oppfølging utanfor heimen. Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har fått i felles oppdrag å skildre dei overordna rammene for ny modell og samla organisering av tverrfagleg kartlegging.

Fosterheimar

Det føretrekte alternativet for dei fleste barna som ikkje kan bu heime, er at dei skal få bu i ein fosterheim. Hovudmålet er at barn skal ha ein trygg og stabil heim som gir høve til utvikling, tilhøyrsle, ro, føreseielege rammer og oppleving av god omsorg. Det er ei stor utfordring å rekruttere nok fosterheimar. Dette gjer at nokre barn blir buande i ein uavklart situasjon lenger enn det som er ønskjeleg, før dei får ein fosterheim. Ved utgangen av 2024 var det 331 barn som venta på fosterheim etter ønskt dato for innflytting i Bufetats regioner. Talet auka atskilleg i løpet av 2023 og 2024. Mellom utgangen av 2022 og utgangen av 2024 auka talet med 92 prosent. I tillegg kjem barn som ventar på fosterheim i Oslo kommune. Mange av barna har ei stor og samansett problembelasting, og mange av barna har allereie ein lang historikk i barnevernet.

Det er utfordrande å nå målsetjinga om at barn skal få fosterheim med same kulturelle, språklege og religiøse bakgrunn som dei har sjølve. Kommunane lukkast i varierande grad med å finne fosterheimar i barnet sin familie eller nære nettverk. På nasjonalt nivå er det likevel ei positiv utvikling der delen fosterheimar som er i familie eller nære nettverk, er aukande, frå 27 prosent i 2018 til over 33 prosent ved utgangen av 2024.

Om lag to av tre barn bur i ein fosterheim utanfor kommunen dei kjem frå. For nokre barn kan det vere rett å få ein fosterheim med avstand frå familien eller eit ugunstig miljø, og for nokre kan fosterheim innanfor familie eller nære nettverk i ein annan kommune vere positivt. Departementet meiner likevel at talet på barn som opplever brot og utilsikta flyttingar, og barn som må flytte vekk frå nærmiljøet sitt, er for høgt. Det er eit mål at barnet kan bu i ein stabil fosterheim i familien sin eller det nære nettverket sitt og fortrinnsvis i nærmiljøet sitt.

I Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i varsla regjeringa ei rekkje tiltak som skal medverke til å rekruttere og halde på fleire fosterheimar, og at barn som treng det, skal få ein fosterheim i eller i nærleiken av oppvekstmiljøet sitt. I statsbudsjettet for 2025 vart det løyvd til saman 50 mill. kroner til å auke kvaliteten i fosterheimstilbodet. Løyvinga blir vidareført i 2026. Målet med løyvinga er å styrkje oppfølginga kommunane gjer av fosterheimar. Tiltaket omfattar mellom anna å utvikle nye fag-, tiltak- og tenestestøttetilbod til kommunane frå Bufetat. Tilbodet skal bidra til auka likskap ved at kommunar som ønskjer bistand til fosterheimsarbeidet sitt, kan få støtte frå Bufetat.

Departementet har greidd ut bistandsplikt for spesialiserte fosterheimar og vurdert andre tiltak for å gjere spesialiserte fosterheimar tilgjengelege i alle regionar, i tråd med merknad frå fleirtalet i Innst. 110 S (2024–2025) jf. Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i.

Spesialiserte fosterheimar er i dag eit statleg tiltak for barn med eit særskilt hjelpebehov. Desse fosterheimane er kjenneteikna av føreseielege økonomiske og faglege rammer, med mellom anna frikjøp av fosterforeldra og god tilgang til fagleg støtte. I 2023 vart det gitt ei auka løyving til nye spesialiserte fosterheimar. Det har vist seg vanskeleg å rekruttere spesialiserte fosterheimar. Heller ikkje private aktørar har vore i stand til å levere eigna, spesialiserte fosterheimar som dekkjer behovet til Bufetat. Det har derfor vore eit mindreforbruk av dei løyvde midlane til satsinga.

Regjeringa legg til grunn at ein spesialisert fosterheim vil vere eit betre alternativ for fleire barn enn dei som får tilbodet i dag. Regjeringa ønskjer derfor å betre tilgangen på fosterheimar for barn med behov som blir best dekte i ein spesialisert fosterheim. Regjeringa føreslår å prioritere 9 mill. kroner av løyvinga til eit statleg-kommunalt pilotprosjekt. Målet er å kunne gi fleire barn eit tilbod tilsvarande det barn i statlege spesialiserte fosterheimar får.

I pilotprosjektet skal kommunar og Bufetat inngå i eit samarbeid om fosterheimar for barn med omfattande og komplekse behov og som treng langvarig og tilpassa omsorg og oppfølging. Dette er den same målgruppa som dei statlege spesialiserte fosterheimane har. Fosterheimane vil ha avtale med kommunane, der det blir føresett at fosterforeldra får tilpassa og føreseielege økonomiske vilkår frå kommunen. Kommunen vil ha avtale med Bufetat om konkrete, faglege bidrag inn i oppfølginga av kvar enkelt heim. Fosterheimen blir på denne måten kommunal, men med samanliknbare økonomiske og faglege rammer som ein statleg spesialisert fosterheim. Regjeringa legg til grunn at det for det einskilde barnet ikkje har noko å seie om heimen er statleg eller kommunal, så lenge det faglege tilbodet er tilnærma likt.

Regjeringa meiner bistandsplikt for statlege, spesialiserte fosterheimar er eit ueigna verkemiddel for å få fleire slike fosterheimar. Det har generelt vore vanskeleg å rekruttere eigna fosterheimar. Dette gjeld òg spesialiserte fosterheimar, anten det er staten eller private aktørar som rekrutterer. Det er ikkje haldepunkt for at ei bistandsplikt i seg sjølv vil gi auka tilgang. Bistandsplikta, i kombinasjon med vedvarande mangel på fosterheimar, vil truleg medverke til auka prisar for spesialiserte fosterheimar rekrutterte av private aktørar. Det kan føre til at kostnadene aukar for barnevernet, utan at tilbodet blir betre.

For å bidra til at fleire barn som treng omfattande oppfølging, kan bu i nærmiljøet sitt og likevel få eit spesialisert tilbod, har regjeringa sett i verk tiltak for at fleire kommunale fosterheimar skal få tilbod om fleire element av den same tilrettelegginga og oppfølginga som dei statlege fosterheimane har. Det styrkte støttetilbodet til kommunane som Bufetat held på å utvikle, i tillegg til pilotprosjektet med forpliktande statleg-kommunalt samarbeid om fosterheimar, er viktige steg i denne retninga. Regjeringa meiner desse tiltaka er betre eigna til å møte utfordringane på fosterheimsområdet enn å innføre bistandsplikt for statlege fosterheimar.

For å leggje til rette for samhandling mellom kommunar om rekruttering og oppfølging av fosterheimar vart tilskotet til dei kommunale læringsnettverka styrkt med 3,5 mill. kroner i statsbudsjettet for 2025. Løyvinga blir vidareført i budsjettet for 2026. Deling av kunnskap og erfaring i desse nettverka har vore inngang til fleire interkommunale samarbeid. Læringsnettverka kan særleg vere nyttige for små barnevernstenester og der avstandar kan gjere det krevjande å følgje opp fosterheimane. Det inneber at regjeringa har innretta auken til å gjelde fleire prosjekt i dei nordlegaste fylka.

Regjeringa meiner det bør satsast meir på å bruke familieråd som metode for å rekruttere fosterheimar i familie og nære nettverk. Tilbodet om familieråd i Bufetat blir ført vidare, men regjeringa vil òg stimulere til at fleire kommunar gjer bruk av familieråd og liknande metodar i eigen regi. Familieråd og liknande metodar kan òg vere nyttige for andre føremål, slik som når det er fare for brot i ein fosterheim eller usemje mellom fosterforeldre og barnevernstenesta. I statsbudsjettet for 2025 vart det sett av 3 mill. kroner til tiltak for å stimulere til auka bruk av familieråd i kommunane. Løyvinga blir vidareført i budsjettet for 2026.

Stortinget har ved handsaming av Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet) slutta seg til lovforslaga frå departementet som gjeld fosterheimar. Plikta barnevernstenesta har til å gi fosterforeldre godtgjersle og utgiftsdekking, er teken inn i lova. I tillegg er det vedteke at fosterforeldre som heilt eller delvis ikkje kan ha anna arbeid ved sida av fosterheimsoppdraget, skal kompenserast for manglande opptening av tenestepensjon. I 2025 er det gitt ei løyving på 63,5 mill. kroner til kompensasjon til frikjøpte fosterforeldre for manglande opptening av tenestepensjon. Løyvinga blir føreslått vidareført med heilårsverknad på 131,4 mill. kroner frå 2026.

Det er vidare endra i barnevernslova slik at fosterforeldre og institusjonen der barnet bur, kan ta dei avgjerdene på vegner av barnet som i dag følgjer av avgjerdsmyndet til barnevernstenesta. Føremålet er å gjere det enklare for fosterforeldra i kvardagen, og gi barnet rammer som så langt som mogleg liknar dei andre barn har. Tilsvarande endringar er òg tekne inn i barnehagelova, opplæringslova, privatskolelova og pasient- og brukarrettslova når det gjeld oppfølging på skole og barnehage og oppfølging av barnet sitt behov for helsehjelp. Det har samstundes blitt framheva at omsorga skal utøvast i samarbeid med barnevernstenesta, og at vesentlege spørsmål skal avklarast med barnevernstenesta. Det er òg innført ein rett for fosterforeldre til å klage på vedtak om flytting mellom tiltak etter ei omsorgsovertaking. Det er føreslått ei løyving på 0,1 mill. kroner til kommunane til dette.

I tillegg er det vedteke ei lovendring for å auke stabiliteten for barn som skal bu lenge i fosterheim. For desse barna skal barnevernstenesta kunne fremje sak for nemnda om varig opphald i fosterheim.

Institusjonar

Barnevernsinstitusjonane skal gi omsorg, utviklingsstøtte og vern, med utgangspunkt i behova og ressursane til det einskilde barnet. Målgruppa er barn og unge som opplever samansette og omfattande utfordringar i livet, og som ikkje får dekt behova sine gjennom hjelpetiltak eller i ein fosterheim. Barn kan bu i barnevernsinstitusjon som eit frivillig hjelpetiltak, på grunnlag av ei omsorgsovertaking eller på grunnlag av at dei utset utviklinga si for alvorleg fare.

Frå utgangen av 2019 til utgangen av 2021 var det ein nedgang på gjennomsnittleg 100 barn i barnevernsinstitusjonar. Denne utviklinga snudde i 2022 og inn i 2023. Ved utgangen av 2024 var det samla 1 006 barn med opphald i barnevernsinstitusjonar i regi av Bufetat og Barne- og familieetaten i Oslo. I 2023 og 2024 var det særleg ein auke i etterspurnaden etter akutt- og rusplassar og plassar for barn med dei største behova.

Mange barn får god hjelp i barnevernsinstitusjonar og har dyktige fagpersonar rundt seg som jobbar for å gi dei eit best mogleg tilbod. Fleire rapportar dei siste åra har likevel peikt på utfordringar innan institusjonsområdet. Rapportane viser at mange barn i barnevernsinstitusjon ikkje får eit heilskapleg, føreseieleg og tilpassa omsorgs- og hjelpetilbod. Rapportane finn at institusjonane ikkje er godt nok rusta til å møte dei samansette behova barna har, og at det er uklar ansvarsdeling og manglande hjelp frå andre tenester. Det har vore utfordrande for Bufetat å oppfylle bistandsplikta.

Det er sett i gang fleire større prosessar som skal medverke til at barn får eit godt og rett institusjonstilbod og -opphald innanfor fastsette budsjettrammer. Under gjer departementet greie for særskilde utfordringar, tiltak, strategiar og satsingar på institusjonsområdet. Oppfølging av områdegjennomgangen og Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet), med ei ny retning for institusjonstilbodet, blir saman med dei overordna måla om å oppfylle bistandsplikta og ha god kostnadskontroll hovudprioriteringane på institusjonsområdet framover.

I barnevernslova er statsforvaltaren pålagd oppgåver som å føre tilsyn med barnevernsinstitusjonane og barna som har opphald på institusjon. Ressurssituasjonen hos statsforvaltarane har mellom anna gjort at dei ikkje har hatt kapasitet til å gjennomføre alle dei lovpålagde tilsyna i barnevernet. Kvaliteten på tilsyna har òg vore under press. Regjeringa føreslår å styrkje løyvinga til statsforvaltarane med 18 mill. kroner. Sjå òg kap. 1520, post 01, i Prop. 1 S (2025–2026) for Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet.

Ei ny retning for institusjonstilbodet

Det overordna målet til Barnevernsinstitusjonsutvalet var å vurdere kva slags oppgåver, rammer og omfang det framtidige institusjonsbarnevernet skal ha, jf. NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen – Barnevernsinstitusjoner som har barnas tillit. Innspela departementet fekk til høyringa av NOU 2023: 24, viste brei semje om utfordringsbiletet og den samla retninga i tilrådingane. Det var særleg tydeleg støtte til å gå bort frå sterkt differensierte institusjonar og heller utvikle eit tilbod som i større grad tilpassar seg dei kartlagde behova og ressursane til det einskilde barnet. Tilbodet skal vere fleksibelt, slik at barna i størst mogleg grad kan få hjelp der dei er, utan å måtte flytte gjentekne gonger.

Våren 2024 la regjeringa på bakgrunn av tilrådingar i NOU 2023: 24 fram strategien Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud. Strategien stakar ut ein ny tverrdepartemental kurs for det langsiktige arbeidet med å gi god og samordna hjelp til barna som treng institusjonstilbod, og er følgd opp i kvalitetsløftet, jf. Prop. 83 L (2024–2025) som vart fremja våren 2025. Kvalitetsløftet inneheldt ei rekkje overordna tiltak og mål for institusjonsområdet. Blant desse er gradvis omstilling av tilbodet til meir fleksible institusjonar som kan gi eit trygt, stabilt og tilpassa tilbod til barn med ulike behov, styrkt tilgang til helsehjelp for barn på institusjon og at spesialisthelsetenesta skal ha ansvaret for spesialisert rusbehandling.

Departementet har gitt Bufdir styringssignal om at vidareutviklinga av institusjonstilbodet, innanfor gjeldande økonomiske rammer og prioriteringar, skal skje i tråd med politikken som er teikna opp i kvalitetsløftet. Det inneber at nye institusjonar skal lokaliserast med mål om i stor grad å dekkje regionale behov og unngå eit geografisk skeivt tilbod. Gjennom større einingar, med ulike, mindre avdelingar, skal kvar institusjon kunne ta hand om ulike behov og dei ulike funksjonane i forløpet til eit barn utan at barnet må flytte. Tverrfagleg kartlegging skal liggje til grunn for ei tenleg og forsvarleg gruppesamansetjing. Personalgruppene skal ha ein storleik og samla kompetanse som gjer dei i stand til å dekkje behova i avdelingar med ulike funksjonar og stor breidd i det faglege arbeidet. Institusjonane skal, gjennom ei høveleg lokalisering, sikre god tilgang på kompetent personell og leggje til rette for effektive samarbeidsrelasjonar med viktige samarbeidspartnarar for mellom anna å sikre god tilgang til helseteam og andre tenester frå sjukehus.

Stortinget løyvde 57,7 mill. kroner i 2025 til å prøve ut ein ny måte å innrette institusjonstilbodet, i tråd med institusjonsstrategien og tiltaka i kvalitetsløftet for barnevernet. Det er lagt opp til heilårleg drift frå 2026, og regjeringa føreslår derfor å auke løyvinga til piloten med 16,6 mill. kroner. Det er etablert fire pilotar i fire av regionane til Bufetat. Føremålet med alle pilotane er å prøve ut institusjonar som er tilstrekkeleg fleksible til å gi eit tilpassa og føreseieleg tilbod til alle barn i målgruppa for barnevernsinstitusjon. Tilbodet skal leggje til rette for at barna får vere i ro og slepp å flytte gjentekne gonger. Pilotane skal gi ny kunnskap om korleis ei ny og meir fleksibel innretning kan bidra til auka stabilitet for barna, betre helsehjelp og til betre kompetanse hos dei tilsette. Pilotane vil bli evaluerte undervegs, og erfaringane vil vere viktige for å utvikle institusjonsområdet vidare.

Helsehjelp til barn i institusjon

Mange barn i barnevernsinstitusjon treng mykje helsehjelp. Regjeringa har derfor styrkt samarbeidet mellom Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet for å sikre betre og meir tilgjengeleg helsehjelp til barn som bur på barnevernsinstitusjon. Tverrfagleg kartlegging før innflytting skal sikre kunnskap om behova og ressursane til barnet og leggje grunnlag for tilpassa oppfølging, helsehjelp og god gruppesamansetjing.

For å støtte opp under den nye innretninga av institusjonstilbodet, der institusjonane i større grad kan møte breidde i behova til barn utan at dei må flytte, og for å betre helsehjelpa, har regjeringa som mål at alle institusjonar skal vere knytte til eit ambulant helseteam frå spesialisthelsetenesta. Dei regionale helseføretaka planlegg å etablere slike team i alle helseregionar, med mål om avtalar med Bufetat innan utgangen av 2026. Ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) vart det gjort følgjande oppmodingsvedtak: «Stortinget ber regjeringa så snart som mogleg syte for at alle barnevernsinstitusjonar er knytte til eit helseteam.» Regjeringa føreslår derfor å løyve 40 mill. kroner til føremålet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Utprøvinga av to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar blir avslutta frå 2025, og institusjonane blir omstilte til ordinære barnevernsinstitusjonar. Erfaringa frå utprøvinga vil inngå i vidare utvikling av institusjonstilbodet. Midlar til helsepersonell ved desse institusjonane blir omdisponerte til å styrkje helseteam i dei aktuelle regionane. Sjå omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Både barnevernet og spesialisthelsetenesta har i dag eit ansvar for barn med omfattande rusmiddelproblem. Barnevernet gir eit miljøterapeutisk døgntilbod i barnevernsinstitusjon, medan spesialisthelsetenesta hovudsakleg tilbyr poliklinisk og ambulant helsehjelp. Regjeringa vil at spesialisthelsetenesta på sikt skal ha eit heilskapleg og forpliktande ansvar for å sørgje for spesialisert rusbehandling til barn under 18 år. Barnevernet skal framleis gi omsorg og utviklingsstøtte, men når det er etablert eit fagleg forsvarleg tilbod i helsetenesta, skal Bufetat ikkje lenger tilby rusbehandling.

Oppfølging av skulegang og bruk av individuell plan

Regjeringa har som mål at alle barn som bur på institusjon, skal få eit skuletilbod som fremjar meistring og betre framtidshøve. Berre 11 prosent av barna med institusjonstiltak har fullført vidaregåande opplæring ved fylte 21 år, og ved fylte 25 år er delen berre 20 prosent. Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil samarbeide om tiltak i 2026 for at barn og unge på barnevernsinstitusjonar skal lukkast betre på skulen. Det er eit mål å styrkje bruken av individuell plan (IP) for barna. Fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylle rettane etter opplæringslova for barn på barnevernsinstitusjon. IP for barnet skal gi fylkeskommunen den informasjonen som er naudsynt for å leggje til rette opplæringstilbodet på ein god måte. Det skal bli utarbeidd konkret rettleiing til korleis skule og PP-teneste kan involverast i arbeidet med IP for barn i barnevernsinstitusjon. Det blir òg sett i gang arbeid med å kartleggje tilboda fylkeskommunane har til barn på institusjon som har behov for noko anna enn dei ordinære tilboda frå fylkeskommunen, og vurdere kva slags tilbod desse barna treng.

Endringar i reglane om rettar og bruk av tvang

Stortinget har ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) slutta seg til lovforslag om endringar i barnevernslova som skal bidra til at barn og unge som bur på institusjon, skal få forsvarleg omsorg og vern, samstundes som rettstryggleiken deira blir teken hand om. Det er mellom anna vedteke ei lovendring som presiserer at institusjonen har plikt til å verne barn som bur på institusjon, og barnet sin rett til forsvarleg omsorg og vern.

Vidare er det vedteke å tydeleggjere handlingsrommet dei tilsette på institusjon har til å setje grenser for barn som bur på institusjon. Høvet til å bruke fysisk makt i tilfelle det er strengt naudsynt for å verne barnet frå alvorleg skade på liv og helse, er òg tydeleggjort. For å bidra til betre digitalt vern for barn og unge som bur på institusjon, er det noverande forbodet mot å føre kontroll med korrespondansen til barnet oppheva. Samstundes er det lovfesta at institusjonen i særskilde tilfelle kan gjere vedtak om innsyn i kommunikasjonen til barnet. For å styrkje rettstryggleiken til barnet er det lovfesta at både institusjonen og statsforvaltaren skal vurdere det samla omfanget av avgrensingar og inngrep overfor barn som bur på institusjon. Endringane gir meirutgifter for statlege, kommunale og private institusjonar og for statsforvaltaren. Til saman er det føreslått å løyve 4,8 mill. kroner til å implementere og følgje opp tiltaket, der 2,3 mill. kroner blir løyvd til statsforvaltaren over Digitaliserings- og forvaltingsdepartementets kap. 1520, post 01. Det blir teke sikte på at lovendringane trer i kraft 1. januar 2027, og i forkant vil midlane bli nytta til førebuing av arbeidet.

Det er varsla i lovproposisjonen om kvalitetsløftet i barnevernet at departementet vil greie ut eit heilskapleg lovforslag for å gi barn på institusjon betre vern, uavhengig av om barnet er i institusjon på grunn av handlemåten sin eller på grunn av omsorgssituasjonen sin. Arbeidet må sjåast i samanheng med forslag frå ekspertgruppa som har sett på tiltak som kan setjast i verk overfor unge som gjer seg skuldig i gjenteken og alvorleg kriminalitet.

Varetaking av bistandsplikta, kostnadskontroll og kapasitet i tilbodet

Sidan slutten av 2022 har utviklinga i talet på barn som treng å bu på institusjon, og dei individuelle behova dei har for tiltak, gjort det utfordrande for Bufetat å oppfylle bistandsplikta på institusjonsområdet. Dette er òg situasjonen i fyrste halvdelen av 2025, sjølv om dei rapporterte avvika er redusert atskilleg. Manglande fleksibilitet og kapasitet i tilbodet fører til at kommunane ikkje alltid får det tilbodet dei spør etter og som barna treng. I 2024 var det 188 tilfelle der regionane til Bufetat vurderte at dei ikkje gav kommunane eit tilbod om institusjonsplass innan rimeleg tid, ein auke frå 141 i 2023. Ved utgangen av fyrste halvåret i 2025 var det 43 slike tilfelle, mot 118 på same tida i fjor. Det blir òg rapportert at avvika i mindre grad enn tidlegare har alvorlege konsekvensar. Bufdir har sidan sommaren 2023 arbeidd planmessig med tiltak i etaten for betre å vareta bistandsplikta. Hovudsvaret på utfordringane er likevel å nytte kapasiteten betre og å auke kapasiteten både i det statlege og det private tilbodet av institusjonsplassar.

Parallelt med utfordringane knytte til å oppfylle bistandsplikta har kostnadene i institusjonsbarnevernet auka atskilleg dei seinare åra. Behovet for å oppfylle bistandsplikta, samstundes som ressursane blir brukte på ein effektiv måte og med betre kostnadskontroll, er den største utfordringa på institusjonsområdet på kort og mellomlang sikt. På bakgrunn av dette skal Bufdir innrette innkjøpa sine på fagleg grunnlag for å oppnå mest mogleg føremålstenlege og kostnadseffektive tenester. Vidare oppbygging av statleg kapasitet skal prioriterast. Regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar. Det er òg behov for private kommersielle aktørar i statleg barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet. Behovet for privat kapasitet òg på lang sikt er formidla tydeleg til leverandørane og Bufdir, og skal takast omsyn til i dialogen direktoratet har med marknaden, og i dei konkrete anskaffingane.

Det er løyvd om lag 425 mill. kroner til arbeidet med å styrkje og omstille tilbodet i perioden 2022–2025. Det er etablert fleire behandlingsplassar i Bufetat, og plassar har blitt forsterka og omstilte. Kapasitetsutnyttinga i Bufetat sine institusjonar er auka. Styrkingane har skjedd ved å auke bemanninga, etablere støtteteam og oppgradere eksisterande institusjonsbygg, mellom anna med betre brannvern. Midlane har òg blitt nytta til å styrkje det ideelle tilbodet. Frå 2021 til utgangen av 2024 har talet på ideelle plassar auka frå 199 til 239, avtalane er langsiktige og dei fleste med garanti for kjøp. Det er òg inngått nye avtalar med kommersielle leverandørar. Talet på kommersielle plassar er 127 ved utgangen av 2024, etter at det i nokre år har vore ein del lågare. Frå utfordringane med bistandsplikta starta ved utgangen av 2022, og til utgangen av 2024 er summen av statlege plassar og private plassar med og utan garanti for betaling totalt sett auka med 71 institusjonsplassar. Det er viktig for regjeringa at kapasiteten i det samla tilbodet til ein kvar tid er tilstrekkeleg til å ta seg av barna.

Samstundes som det dei siste åra har vore utfordringar med å oppfylle bistandsplikta, har det òg vore ein krevjande budsjettsituasjon og markant utgiftsvekst i det statlege barnevernet. Det er løyvd om lag 1 mrd. kroner varig til Bufetat i perioden 2022-2025, for å dekkje utgiftsvekst, i hovudsak grunna auka prisar, fleire einskilde kjøp og auka løyving til private rammeavtalar, for å vareta bistandsplikta, og sikre langsiktig kapasitetsbygging. For 2026 føreslår regjeringa å auke løyvinga med 534 mill. kroner, i hovudsak som følgje av fleire barn og dyrare einskilde kjøp.

Gjennomgang av styring og organisering av det statlege institusjonsbarnevernet

Det vart i 2024 gjennomført ein områdegjennomgang av det statlege institusjonsbarnevernet. Over tid har kostnadene til barnevernet auka, sjølv om talet på barn i institusjon har blitt redusert. Dei siste åra har vore prega av manglande føreseieleghet og kontroll med dei auka kostnadene. Samtidig har Bufetat hatt utfordringar med å oppfylle bistandsplikten, og enkelte barn har blitt ståande utan tiltak dei har krav på. Det var Deloitte og Oslo Economics som utførte områdegjennomgangen som gir eit kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet med innretning, finansiering og organisering av det statlege tilbodet av institusjonstiltak. Fleire av tilrådingane i områdegjennomgangen er i tråd med tilrådingane i NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen. Regjeringa prioriterer arbeidet med oppfølginga av områdegjenomgangen høgt, og for fleire av tilrådingane har Bufdir allereie sett i verk tiltak. Eit fåtal av tilrådingane krev vidare utgreiingar.

Områdegjennomgangen tilrår langsiktig, føreseieleg og meir likestilt bruk av private leverandørar. Regjeringa vil framleis leggje vekt på at Bufetat skal innrette anskaffingane sine for mest mogleg føremålstenlege og kostnadseffektive tenester. I tillegg reviderer Bufdir den noverande strategien med omsyn til kva slags tenester Bufetat skal drifte sjølv, og kva tenester som skal kjøpast i marknaden, og korleis dei kjøpte tenestene skal bli skaffa, styrte og forvalta. Ein ny langtidsplan for utvikling av kapasitet i institusjonsbarnevernet skal erstatte den tidlegare forsyningsstrategien. Planen vil gi eit grunnlag for å dimensjonere statleg og privat kapasitet og skal ferdigstillast innan utgangen av året.

Områdegjennomgangen tilrår vidare fleire faglege og organisatoriske endringar i innrettinga av tilbodet, inkludert meir fleksible institusjonar, at det blir vurdert om einskilde grupper av barn bør ha ein viss type tilbod, og tydelegare fagleg styring. Mål for ny innretting av institusjonstilbodet er gjort greie for i strategien Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud og i kvalitetsløftet for barnevernet, som vart fremja i Prop. 83 L (2024–2025) våren 2025. BFD følgjer opp fleire tiltak knytte til meir fleksible institusjonar, inkludert pilotane som er omtalte under overskrifta «Ei ny retning for institusjonstilbodet». Samstundes har Bufdir kartlagt høve til å samorganisere eksisterande institusjonseiningar. BFD har òg gitt Bufdir eit oppdrag om å vurdere organiseringa av tilbodet til barna med dei mest omfattande og samansette behova. Dette inkluderer ei fagleg vurdering av målet om at gruppa barn og unge med mest omfattande behov og gruppa barn i akutte situasjonar i større grad skal bli tekne hand om i statlege institusjonar.

BFD skal vidare greie ut korleis fleire barn kan bli tekne hand om i kommunane, og kva som kan gjerast for å få til betre overgangar mellom institusjon og kommunale tiltak. Bufdir jobbar òg med å utvikle eit felles fagleg rammeverk for miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjonar, som skal kunne takast i bruk frå 2026.

Områdegjennomgangen tilrår òg tiltak for betre styring, inkludert betre prognosar og styringsinformasjon, og økonomisk normering av tilbodet. Bufdir har starta arbeidet med å betre samle inn og ta i bruk av styringsinformasjon og er i gang med tiltak for betre risikostyring. Bufdir jobbar samstundes med tiltak som vil gi betre økonomistyring og kostnadskontroll, og som kan førebyggje vidare utgiftsvekst. Tiltaka inkluderer økonomisk normering, i samanheng med fagleg normering, og ny budsjettmodell for fordeling av ressursar i Bufetat. Bufdir jobbar òg med å utvikle og standardisere prognosearbeidet på tvers av regionane i Bufetat.

Regjeringa utnemnde i desember 2024 eit ekspertutval som skulle sjå på organiseringa av det statlege barnevernet. Utvalet har hatt som oppgåve å føreslå organisasjonsmodellar som sikrar føremålseffektiv styring og god forvalting av det statlege barnevernet, effektive tenester for barna, og som gjer tydeleg rolla Bufdir har som fagleg premissleverandør for institusjonsbarnevernet. Utvalet fekk òg i oppgåve å vurdere tiltak som kan forbetre og forsterke samhandlinga mellom Barne- og familieetaten i Oslo kommune og det statlege barnevernet (Bufetat). Ekspertutvalet leverte rapporten sin 1. oktober 2025.

Finansiering av barnevernet i Oslo kommune

Under handsaminga av Prop. 4 S (2024–2025), jf. Innst. 57 S (2024–2025), kom denne fleirtalsmerknaden frå familie- og kulturkomiteen:

«Flertallet viser til at Oslo kommunes barnevern finansieres gjennom tildeling over Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett. Flertallet ber regjeringen i samarbeid med Oslo kommune gå gjennom dagens finansieringsordninger for barnevernet i Oslo kommune, for å sikre at barnevernet i Oslo blir finansiert på en likeverdig måte med de andre barneverntjenester i landet, og tiltak for å sikre et forbedret og forsterket samarbeid mellom BFE og det statlige barnevernet (Bufetat)

Departementet har gjennomgått den gjeldande statlege finansieringsordninga for andrelinjebarnevernet i Oslo kommune. I samband med arbeidet har departementet hatt dialog med og innhenta innspel frå Oslo kommune. I 2004 overtok staten det ansvaret fylkeskommunane tidlegare hadde for barnevernet. Ansvaret Oslo kommune har for desse oppgåvene, vart likevel vidareført og blir finansiert over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet, som særskild fordeling i rammetilskotet til fylkeskommunane. Dette ansvaret gjeld andrelinja i barnevernet, som Bufetat har ansvar for elles i landet. Fyrstelinja i barnevernet, den kommunale barnevernstenesta, blir i hovudsak finansiert av dei frie inntektene til kommunane. Dette gjeld òg for Oslo.

Etter ei heilskapleg vurdering vil departementet ikkje føreslå å endre på dagens statlege finansiering no. Departementet held fram dialogen med Oslo kommune. Oslo kommune har ansvaret for alle tenestene i barnevernet, inkludert det økonomiske ansvaret. Det vil seie at Oslo kommune, på same måten som staten, må finansiere endra behov i andrelinjebarnevernet gjennom økonomiske prioriteringar innanfor det samla budsjettet sitt. Å endre tilskotet frå staten til Oslo på bakgrunn av tilhøve som ikkje følgjer av endringar i objektive kriterium eller i lovpålagde oppgåver, vil ikkje vere i tråd med prinsippa for statleg styring og finansiering av kommunesektoren.

Tilskotet til Oslo vart rekna ut på reformtidspunktet, og skal ikkje nødvendigvis fullt ut reflektere den faktiske kostnaden ved Oslos andrelinjebarnevern i dag. Det er tilhøve som taler for at oppgåva kostar både meir og mindre for Oslo enn kommunen får i tilskot. Til dømes har Oslo ein vesentleg lågare del barn i tiltak utanfor heimen enn gjennomsnittet for resten av landet. På den andre sida går det fram av områdegjennomgangen av statleg barnevern at òg Oslo har opplevd auka priser på tiltak frå private leverandørar, som inneber at Oslo har nokre av dei same utfordringane som har gitt utgiftsauke hos Bufetat. Likevel blir utgiftene til andrelinja påverka av ei rekkje tilhøve som Oslo sjølv påverkar innanfor rammene av barnevernslova, til dømes korleis barnevernet i Oslo er organisert. Gitt at kommunen har ansvaret for oppgåva, bør staten vere atterhalden med å ta stilling til rett ressursbruk og organisering ut over det som følgjer av lova.

Oslo kommune har ei anna vurdering og meiner at auka løyvingar til Bufetat tidlegare år burde ført til ein auke i tilskotet Oslo kommune får til å finansiere barnevernet. Oslo kommune peiker òg på at Oslo ikkje er kompensert for veksten i barnepopulasjonen fram til 2016. Frå og med 2016 blir tilskotet justert for dette. Å etterkompensere for vekst i barnepopulasjonen før 2016 vil etter vurderinga til departementet utgjere ei etterberekning av endringane i finansieringsordninga og vil ikkje vere i tråd med prinsippa for finansiering av kommunesektoren.

Ekspertutvalet som ser på organiseringa av det statlege barnevernet, fekk òg i oppgåve å vurdere tiltak som kan forbetre og forsterke samhandlinga mellom Barne- og familieetaten i Oslo kommune og det statlege barnevernet (Bufetat). Ekspertutvalet leverte rapporten sin 1. oktober 2025.

Kommunalt butiltak med døgnbemanning

Stortinget slutta seg ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) til forslaget frå departementet om rammer for ein ny type kommunalt forankra tiltak i barnevernet. Kommunale butiltak kan vere eigna for ungdom med ulik grad av problembelasting og der det blir vurdert at tiltaket er betre for ungdommen enn fosterheim eller institusjon. Fleire tiltak i kommunal regi i heimkommunen til ungdommane vil gi fleire høvet til å vekse opp i nærmiljøet sitt. Det kan òg førebyggje behovet for meir inngripande institusjonstiltak. Reglane for tiltaket tek utgangspunkt i krava som gjeld for barnevernsinstitusjonar, mellom anna krav om statleg godkjenning og jamleg tilsyn. Regjeringa føreslår å løyve 1,8 mill. kroner til statsforvaltaren for å føre tilsyn med kommunale butiltak over kap. 1520, post 01, sjå Prop. 1 S (2025–2026) for Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet. Det blir teke sikte på at lovendringa trer i kraft 1. januar 2027, og i forkant vil midlane bli nytta til førebuing, planlegging og utforming av tilsyna.

Omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år som søkjer vern etter utlendingslova, skal i asylsøkjarfasen få tilbod om opphald i eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar i regi av Bufetat. Tilbodet gjeld frå barnet blir overført frå utlendingsstyresmaktene til Bufetat, og fram til barnet får opphald og blir busett i ein kommune eller forlèt Noreg. Omsorgssentera følgjer dei same krava til kvalitet i tilbodet som ordinære barnevernsinstitusjonar. Det er utlendingsstyresmaktene som har ansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år. Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar som treng opphald i eit omsorgssenter, varierer frå år til år og er vanskeleg å føreseie. I løpet av 2024 kom det 127 nye barn til statlege og private omsorgssenter. Ved utgangen av 2024 budde det 180 barn i omsorgssenter. Dei siste åra har det vore ein auke i butida i omsorgssentera, mellom anna som følgje av at sjølve busetjinga tek lengre tid enn før.

Oppdaterte prognosar frå Beregningsgruppen for utlendingsforvaltningen (BGU) viser at det i 2026 i gjennomsnitt vil vere 128 barn i omsorgssentera. Dette er ein reduksjon på 70 barn samanlikna med behovet lagt til grunn for saldert budsjett 2025. I nokre tilfelle vil det vere behov for forsterkingar knytte til einskilde barn. Det har òg vore tilfelle der det blir sett inn ekstra bemanning på ein plass for å ta hand om einskilde barn særskilt. Det er derfor venta å vere eit behov for i gjennomsnitt 132 plasser i omsorgssentera i 2026. For å dekkje behova i barnegruppa føreslår regjeringa å løyve 453,9 mill. kroner til drift av statlege og private omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar.

Ansvaret for tenestetilbodet til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er delt mellom fleire sektorar og forvaltingsnivå, inkludert fylkeskommunar og kommunar. Det trengst ein gjennomgang av situasjonen for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar i dei ulike fasane etter at dei kjem til Noreg. Dette gjeld mellom anna oppfølging og tenestetilbod, ansvarstilhøve og roller, regelverk, informasjon og informasjonsdeling. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet(IMDi), Utlendingsdirektoratet(UDI), Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet(Bufdir), Helsedirektoratet(Hdir) og Utdanningsdirektoratet(Udir) fekk i juli 2025 eit felles oppdrag om å identifisere dei sentrale utfordringane som gjeld einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, i tillegg til å komme med forslag til vidare oppfølging og aktuelle tiltak. IMDi leier arbeidet. Fristen for arbeidet er 1. desember 2025.

Kvalitetsutvikling i barnevernet

Barnevernet gjer vedtak og set i verk tiltak som har svært mykje å seie for barn og familiar. Mange barn og foreldre er nøgde med hjelpa dei får. Barnevernsbarometeret til Bufdir frå 2024, som byggjer på eigenrapportering frå leiarar og tilsette i barnevernet, viser at mange tilsette i barnevernet opplever at dei er engasjerte, kompetente og motiverte for jobben. Samstundes har tilsyn funne utfordringar i kvaliteten på vedtaka og prosessar i barnevernet. Undersøkingar viser dessutan at ein del av befolkninga har låg tillit til barnevernet. Dette gjeld særleg blant personar med etnisk minoritetsbakgrunn. I dei barnevernstenestene der det sviktar, er det ofte mangelfull tilrettelegging for barn sin medverknad, svak framdrift i undersøkingar og utilstrekkeleg dokumentasjon av faglege vurderingar. I tillegg manglar det viktig kompetanse for å handtere krevjande og alvorlege saker. Tilsyn frå statsforvaltaren har avdekt svakheiter i styring og leiing. Samstundes svekkjer høg gjennomstrøyming av tilsette kontinuiteten og stabiliteten i tenesta. Manglande merksemd på å byggje gode relasjonar tidleg i ei sak kan føre til kommunikasjonsproblem mellom barnevernstenesta og foreldre og aukar risikoen for misforståingar og feil vedtak. Det er sett i verk fleire tiltak for å løyse utfordringane, men måloppnåinga er varierande. Ei årsak kan vere at dei kommunale tenestene har ulike føresetnader for å gjennomføre tiltak. Det er naudsynt å styrkje rettstryggleiken for barn og familiar og å utvikle og heve kvaliteten på sakshandsaminga, avgjerdsprosessane og tenestetilbodet i barnevernet.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barnevernet skal arbeide kunnskapsbasert og tillitsskapande i møte med barn, familiar og andre tenester.

Under gjer departementet greie for oppnådde resultat i 2024 og fyrste halvdelen 2025 og for strategiar og planlagde tiltak i 2026 som medverkar til måloppnåing.

Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet

Bufdir har gjennom dei siste åra sett i verk fleire tiltak for å styrkje kompetansen blant tilsette og sikre betre tenester for barn og familiar. Kompetansestrategien for det kommunale barnevernet (2018–2024) har vore sentral. Tiltaka i strategien har vore etterspurde blant dei tilsette og blir opplevde som nyttige. Tiltaka har òg styrkt rutinar og arbeidsformer internt i barnevernstenestene og kommunane og dessutan ført til auka samarbeid om kompetanse- og fagutvikling på tvers av tenester og kommunar. Det har samstundes blitt vist til at det er krevjande for mange kommunar å leggje til rette for at tilsette kan prioritere deltaking, utan at det går ut over kapasiteten i barnevernstenestene. Det er òg krevjande å leggje til rette for at auka kompetanse blir teken i bruk i tenestene på lang sikt, og i nokre kommunar har kompetansearbeidet hatt lite effekt.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å styrkje kompetansen i barnevernet. Målet er at barn og familiar blir møtte av stabile fagmiljø med god kapasitet, erfaring og kompetanse, uavhengig av kvar i landet dei bur. Stortinget vedtok då dei handsama Prop. 83 L (2024–2025), å avgrense kompetansekravet om mastergrad til leiarar og avløysarar. Endringa inneber at kommunane får større fleksibilitet i rekrutteringa av personell, og fleire tilhøve som utdanningsnivå, at ein er personleg eigna, og erfaringskompetanse kan få vekt. Regjeringa føreslår å kompensere kommunane for kompetansekrav for leiar og avløysar med 14,2 mill. kroner i 2026. Regjeringa har varsla ein ny overordna kompetansemodell for det kommunale barnevernet, der ein større del av kompetanseutviklinga kan skje etter at ein har starta i jobben. Dette skal sikre ei tettare kopling mellom studium og praksis og gi betre høve til å spisse innsatsen mot lokale kompetansebehov i kvar av barnevernstenestene. Den nye kompetansemodellen for barnevernet vil innehalde fleire element:

  • Dialog med universitets- og høgskulesektoren og dei sosialfaglege utdanningane om kva slags kompetanse framtidige tilsette i barnevernet treng

  • Opplæring og rettleiing av nytilsette, slik at det blir ein god overgang mellom utdanning og jobb

  • Tilgang på kompetansetiltak gjennom heile yrkesløpet, slik at tilsette får godt høve til fagleg oppdatering, fordjuping og spesialisering

  • Tiltak for å styrkje leiarkompetansen i barnevernet for å sørgje for systematisk forbetringsarbeid og kvalitetsutvikling i tenestene

  • Tilgang på rettleiing og bistand i arbeidet med saker som krev spesiell kompetanse og erfaring, slik at kvaliteten blir sikra i krevjande barnevernssaker

Det vidare arbeidet med kompetansemodellen vil òg omfatte ei vurdering av kva slags ansvar og roller ulike aktørar skal ha for å støtte opp om kompetanseheving og bruk av ny kunnskap i barnevernstenestene.

Bufdir har sett i gang eit arbeid med å kartleggje kompetansebehovet i barnevernet, som grunnlag for å omstille eksisterande opplæringsprogram og utvikle nye tilbod. Målet er å utvikle ein breiare portefølje av tematiske etterutdanningstilbod som kommunane kan bruke i kompetansearbeidet. Det blir lagt opp til ein desentralisert kompetansemodell der kommunane kan planleggje kompetanseutvikling ut frå eigen kapasitet og eigne utviklingsbehov. Bufdir arbeider vidare med å utvikle nye tilbod i 2026. Det er òg eit mål at opplæring og kompetansetiltak skal knytast nærare til utvikling av konkrete tenester og tiltak i barnevernstenestene. Det blir sett i gang eit arbeid med å greie ut behovet for ei ordning for å gi kommunar bistand i krevjande barnevernssaker og greie ut korleis ei slik ordning eventuelt kan bli organisert og innretta. Det skal vidare bli gitt betre informasjon om rettleiingsressursar som allereie finst, og som kommunane kan nytte seg av.

Tilbodet om vidareutdanning som er etablert gjennom kompetansestrategien, blir ført vidare. I 2026 føreslår regjeringa å auke løyvinga til tilskot som skal dekkje vikarutgifter og andre kostnader knytte til vidareutdanning, med 9,7 mill. kroner. Målet er å gi betre vilkår for å frigjere tid til kompetanseheving og støtte fleire typar utdanningsløp. Dette vil inkludere vidareutdanning i barnevernsleiing. Det kan òg inkludere barnevernsfaglege mastergradar. Tilskotet blir vurdert etter talet på studiepoeng per år. Bufdir vil oppdatere regelverket for ordninga i tråd med dette.

Regjeringa har i 2025 sett i gang ei utprøving av rettleidd fyrsteår i enkelte kommunar. Tiltaket skal styrkje kompetansen til nytilsette med lita erfaring frå barnevernet og bidra til at nytilsette får tett oppfølging. I ei undersøking blant tilsette gjennomført av Bufdir i 2022 sa 56 prosent av tilsette at ei sentral årsak til gjennomstrøyminga er at nyutdanna er for dårleg førebudde på kva jobben inneber. I tillegg peiker 60 prosent på mangelfulle rutinar for debrifing og rettleiing som ein viktig grunn. I pilotprosjektet får deltakarkommunane støtte til å bruke eit strukturert rettleiingsprogram som dekkjer både faglege og praktiske sider ved arbeidet. Bufdir leier pilotprosjektet. I 2026 vil Bufdir òg utvikle digitale ressursar for å spreie kunnskap om rettleiing av tilsette i barnevernstenester og institusjonar, særleg retta mot dei som har rettleiingsoppgåver.

Bemanning, leiing og utvikling av det kommunale barnevernet

Tilstrekkeleg bemanning, høg kompetanse og kontinuitet i fagmiljøa er avgjerande for at barn og unge i barnevernet skal få den hjelpa dei treng. Talet på årsverk i det kommunale barnevernet har auka. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det var 6 903 årsverk i 2024. Dette er ein auke på 89 frå 2023, og det er nesten dobbelt så mange årsverk i barnevernstenestene i dag samanlikna med 2010. Samstundes har veksten i talet på saker vore lågare, noko som har ført til færre saker per årsverk. Delen av dei tilsette som sluttar i barnevernstenesta frå eit år til det neste, har vore på om lag 20 prosent over fleire år, men tal frå KS viser ein nedgang til 17 prosent frå 2023 til 2024. Trass den kraftige auken i stillingar seier mange tilsette at høg arbeidsbelasting framleis er eit problem. I Barnevernsbarometeret for 2024 oppgjer 35 prosent av dei tilsette at dei svært ofte eller alltid har for mykje å gjere.

Regjeringa meiner at betre leiing og styring av barnevernstenesta er ein føresetnad for å heve kvaliteten i tenestetilbodet og sørgje for betre arbeidsdeling og stabilitet i personellet. Det er derfor utvikla ei heilskapleg satsing med tiltak for å møte utfordringane som er avdekte over tid. Det er Bufdir som administrerer satsinga, som består av fleire tiltak. Det er etablert to samlingsbaserte etterutdanningstilbod: eitt om internkontroll og risikostyring av barnevernstenesta og eitt om praktisk leiarskap, personaloppfølging og strategisk endringsarbeid. Tilbodet om vidareutdanning i barnevernsleiing har blitt styrkt og dekkjer i dag nær 70 studieplassar. Det har òg blitt etablert interkommunale barnevernsleiarnettverk, der barnevernsleiarar frå ulike kommunar er med. Føremålet er å etablere ein arena for leiarutvikling, mellom anna gjennom å styrkje kollegastøtte og erfarings- og kunnskapsdeling. Det er statsforvaltarane som følgjer opp nettverka.

Dei førebelse erfaringane frå desse tilboda er gode. Tiltaka har hatt høg deltaking både i 2024 og 2025, og tilbakemeldingane på innhaldet har vore positive. Fleire direktorat samarbeider òg om å utvikle eit eige program som skal styrkje tverrsektoriell leiing i oppvekstfeltet i kommunane. Tilbodet skal prøvast ut i eit utval kommunar frå 2026–2027. Bufdir har vidare utvikla ein leiarmodul i fagsystema som barnevernstenestene nyttar, som gir støtte og fagleg rettleiing til leiarar.

Det blir òg gjennomført fleire tiltak retta mot styringa til kommunane av barnevernstenesta. Statsforvaltarane arrangerer dialogmøte mellom statsforvaltaren, leiinga i kommunen og barnevernet for å auke innsikta om barnevernet og kvalitetsutfordringar i tenestene. Deltakarkommunar blir prioriterte og valde ut på bakgrunn av risikoanalysane og analysane av sårbarheit statsforvaltaren har gjort. Kommunar med store utfordringar i barnevernet kan òg få tilbod frå eigne rettleiingsteam. Dette er eit toårig tilbod der to eksterne rettleiarar kan hjelpe kommune- og barnevernsleiinga i utviklinga av og forbetringa av leiingspraksis og tenestetilbodet i kommunen. Evalueringa av tiltaka dialogmøte og rettleiingsteam har vist positive erfaringar, til dømes færre lovbrot, auka bemanning og redusert sjukefråvær i nokre tenester. Begge tiltaka blir vidareførte i 2026.

Interkommunalt samarbeid kan òg medverke til sterkare fagmiljø og høgare kvalitet i det kommunale barnevernet. Statsforvaltarane har i oppgåve å etablere og leggje til rette for læringsnettverk for kompetanse- og tenesteutvikling i barnevernet. Statsforvaltaren forvaltar midlar til felles utviklingsarbeid. Følgjeevalueringa av Kompetansestrategien for det kommunale barnevernet (2018–2024) fann at læringsnettverka er eit godt tiltak for å drive utviklingsarbeid i tenestene. Det er estimert at opp mot 95 prosent av kommunale barnevernstenester har etablert fagfellesskap med andre barnevernstenester gjennom tiltaket. Evalueringa viser samstundes at det krev mykje innsats frå både kommunane sjølve og statsforvaltaren. For små kommunar kan det vere krevjande fordi det er mindre kapasitet til utviklingsarbeid og tenestene er meir sårbare ved fråvær.

Regjeringa vil vidareutvikle dei kommunale læringsnettverka. Det skal leggjast meir vekt på å stimulere til utviklingsprosjekt der kommunane samarbeider om å etablere felles tenester og tiltak til barn og familiar. Det finst gode døme på at kommunar har lukkast godt i å jobbe på denne måten, til dømes gjennom felles barnevernsvakt, fosterheimstenester og samarbeid om hjelpetiltak.

Betre styringsinformasjon og digitale løysingar

For å kunne setje i verk målretta tiltak for å møte utfordringane knytte til kvaliteten på sakshandsaminga og tenestetilbodet i barnevernet trengst det både betre, meir presis og meir tilgjengeleg styringsinformasjon. Dette gjeld mellom anna rapportering om alvorlege hendingar og utvikling av statistikk og analysar av barnevernet.

Departementet har sett i gang fleire tiltak for å møte utfordringsbiletet. Bufdir har greidd ut kva slags styringsinformasjon direktoratet bør ha tilgjengeleg i rollene som etatsstyrar og fagdirektorat. Direktoratet må mellom anna ha tilstrekkeleg informasjon til å fange opp uønskte utviklingstrekk og svikt både på system- og individnivå. Blant dei viktigaste tiltaka for betre styringsinformasjon er Barnevernsbarometeret, utviklinga av fagsystemet for det statlege barnevernet (BiRK) og koplinga mellom BiRK og eit nasjonalt barnevernsregister. Ein heimel for eit nasjonalt barnevernsregister vart elles vedteken av Stortinget då dei handsama Prop. 83 L (2024–2025). Eit nasjonalt register vil gjere at det blir handsama meir personopplysingar. Forslaget inneber ei tydeleg regulering av grunnlaget for å utvikle statistikk og analysar om barnevernet.

Bufdir la fram spørjeundersøkinga Barnevernsbarometeret for fyrste gong i 2025. Barometeret er eit sett med faste spørjeundersøkingar til tilsette og leiarar i barneverntenestene og barneverninstitusjonane. Bufdir har òg sett i gang ein gjennomgang av innhaldet i rapporteringa kommunane gjer til Statistisk sentralbyrå (SSB), for å sørgje for at rapporteringa inneheld viktig informasjon om det noverande tilbodet. Målet er at dei fyrste endringane blir sette i verk frå 2026. Tiltaka vil gi eit betre grunnlag for styring av barnevernssektoren. Ei viktig oppgåve for Bufdir i 2026 vil vere å sørgje for at informasjon basert på dei nye kjeldene er lett tilgjengeleg for mellom anna kommunar, institusjonseigarar og statsforvaltarar.

Gode digitale løysingar gjer det enklare å samle, analysere og dele informasjon, noko som kan bidra til betre og meir effektive tenester for barn og familiar. Barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK) vart utvikla som ein viktig del av det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern for å gi sakshandsamarar direkte tilgang til støtte i arbeidsprosessar, oppdaterte juridiske tekstar og generell rettleiing. Sommaren 2025 hadde om lag 330 kommunar teke i bruk nytt fagsystem. Desse kommunane har dermed fått tilgang til BFK gjennom fagsystemet sitt. Bufdir vil styrkje innsatsen sin for å gi kommunane opplæring i bruk av BFK frå 2026. Det er òg starta eit arbeid med å vidareutvikle dei digitale løysingane som er utvikla for kommunalt barnevern, til bruk i det statlege barnevernet.

Manglar i dagens systemstøtte og dei utfordringane det fører med seg for dei tilsette, mellom anna i samhandlinga mellom aktørane i andrelinjebarnevernet, har konsekvensar for kvaliteten i tilbodet barn og unge får, og utfordrar rettstryggleiken til barn og familiar. I 2025 auka Stortinget løyvinga til det statlege barnevernet med 28 mill. kroner for å modernisere fagsystemet for det statlege barnevernet og det digitale systemet for samhandling mellom kommunar, Bufetat og private tenesteleverandørar. Arbeidet inkluderer å utvikle kvalitetsstøtte for det statlege barnevernet og eit system for styringsinformasjon og analysedata. Venteleg styrkjer dette arbeidet kvaliteten og rettstryggleiken i vurderingar, gir betre statistikk og styringsinformasjon i barnevernssektoren og reduserer risikoen for driftsavbrot og systemfeil.

Rettstryggleik i barnevernet

Barnevernslova byggjer mellom anna på prinsippet om at barn og foreldre har rett til familieliv, og dei fleste barnevernstiltaka blir gitt som frivillige hjelpetiltak i heimen. Samstundes gir lova høve til inngripande tvangstiltak, noko som stiller høge krav til rettstryggleik og korrekte avgjerdsprosessar. For at rettstryggleiken skal takast vare på, er det avgjerande at barna får medverke i prosessen, at sakshandsaminga er basert på solid kunnskap, at avgjerdene er godt grunngitt, og at dei kan bli etterprøvde.

Statsforvaltarane har i 2024–2025 fått eit aukande tal tilsynssaker særleg innan helse og barnevern. Desse er prioriterte og handsama på den måten som i størst mogleg grad bidreg til auka kvalitet og tryggleik. Statsforvaltaren gjorde ein landsomfattande tilsynsaktivitet med undersøkingsarbeid i barnevernet i 2024, der barnevernstenestene gjennomfører eigenkontrollar med omsyn til kvalitet og forbetring. Statsforvaltarane førte òg tilsyn med meldeplikta til barnevernet etter ei rettleiing som Helsetilsynet og Utdanningsdirektoratet har samarbeidd om.

I tillegg til tilsynsrapportar viser forsking, dommar og brukarundersøkingar at det ikkje alltid er sørgd tilstrekkeleg for rettstryggleiken. Noreg har sidan 2015 gjentekne gonger blitt dømt i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) for brot på retten til familieliv. Det er derfor naudsynt å styrkje kvaliteten på arbeidet i barnevernet.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Rettstryggleiken til barn og foreldre skal takast vare på i alle fasar av barnevernssaka.

Under greier departementet ut om oppnådde resultat i 2024 og fyrste halvdelen 2025 og for strategiar og planlagde tiltak i 2026 som medverkar til å nå målet.

Kvalitetsløftet – lovendringar

Stortinget slutta seg til forslaga til endringar i barnevernslova som Barne- og familiedepartementet la fram våren 2025 i Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet), jf. Innst. 524 L (2024–2025) og Lovvedtak 125 (2024–2025). Proposisjonen er ei oppfølging av Hurdalsplattforma. Kvalitetsløftet byggjer mellom anna på tilrådingar i NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid og i NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen – Barnevernsinstitusjoner som har barnas tillit.

Lovforslaga gjeld tre hovudområde: auka kvalitet og handlingsrom i kommunalt barnevern, betre rettstryggleik for barn og foreldre når barn må flytte ut av heimen, og betre tilbod til barn på barnevernsinstitusjon. Fleire av lovforslaga er omtalte under «Tiltak utanfor heimen» og «Kvalitetsutvikling i barnevernet» i denne proposisjonen. Dette gjeld mellom anna lovendringar som skal gi fosterforeldre betre føresetnader for å ta hand om omsorga for barna, endringar i reglane om rettar og inngrep som skal gi tilsette i barnevernsinstitusjonar betre føresetnader for å oppfylle barna sin rett til omsorg og vern, ein ny heimel for kommunale butiltak med døgnbemanning som skal gi fleire barn som ikkje kan bu heime, høvet til å halde fram med å bu i nærmiljøet sitt, og endringar i krav til kompetanse for tilsette i barnevernstenesta og i barnevernsinstitusjonane.

Det er vedteke lovendringar som skal gi betre oppfølging av foreldra etter ei omsorgsovertaking, og ei plikt for barnevernstenesta til å tilby oppfølging når barn flyttar tilbake til foreldra etter ei omsorgsovertaking. Det er òg vedteke endringar som gir barn under 15 år rett til å klage på vedtak om flytting, og ein ny heimel for barnevernstenesta til mellombels å stanse skadeleg samvær. For å gjere det mogleg for barn som er adopterte, å halde kontakt med søsken er det vedteke at Barneverns- og helsenemnda kan fastsetje at det skal vere besøkskontakt med søsken dersom dette er til det beste for barnet.

Kvalitetsløftet endrar òg einskilde omgrep i lova. Målet er at lova skal bruke omgrep som barn og foreldre kan kjenne seg att i, og unngå stigmatisering. Eit viktig døme er at omgrepet «alvorlege åtferdsvanskar» er erstatta med «utset utviklinga si for alvorleg fare».

Det er vidare vedteke ei informasjonsplikt der barnevernstenesta skal informere statsforvaltaren om dødsfall, livstruande hendingar og seksuelle overgrep. Informasjonsplikta gjeld barn som bur i fosterheim, på institusjon eller i eit butiltak med døgnbemanning. Plikta skal bidra til at tilsynet raskt og systematisk blir informert om hendingar i barnevernssektoren med svært høg alvorsgrad og alvorlege utfall.

Departementet tek sikte på at dei fleste lovendringane skal gjelde frå 1. januar 2026, og føreslår å kompensere kommunar, Bufetat og statsforvaltaren med til saman 98,2 mill. kroner. Summen inkluderer høgare godtgjering til frikjøpte fosterforeldre, tiltenkt pensjonssparing. For å sikre at dei nye reglane blir rett forstått og praktisert, vil departementet følgje opp at det blir utarbeidd godt informasjons- og rettleiingsmateriell. Departementet vil òg gjennomføre naudsynte forskriftsendringar.

Medverknad i barnevernet

Ei ny forskrift om retten barn har til medverknad, tok til å gjelde frå 1. januar 2024. Bufdir har hatt i oppdrag å implementere desse nye reglane. Barn si deltaking og medverknaden deira i saker i barneverns- og helsenemndene har òg vore prioriterte i 2024 og 2025. Sentraleininga for Barneverns- og helsenemnda har utarbeidd ei rettleiing for nemndleiarar som mellom anna gir informasjon om tilrettelegging for meir barnevennlege prosessar og felles rettleiing for avgjerda til nemnda om å innvilge yngre barn partsrettar, for å medverke til meir einskapleg praksis.

Då Stortinget handsama Prop. 83 L (2024–2025) slutta det seg til fleire forslag som skal styrkje barn sin medverknad ytterlegare, jf. Innst. 524 L (2024–2025). Det er mellom anna vedteke å gi barn rett til å klage på vedtak som inneber at barnet må flytte. Det er òg vedteke å tydeleggjere i lova at statsforvaltaren skal handsame tilsynsklager frå barn og foreldre. Departementet vil halde fram arbeidet med å styrkje medverknaden til barn i barnevernssaker. I Prop. 83 L (2024–2025) er det varsla ei vurdering av tiltak for meir barnevennlege prosessar i barnevernssaker. I tillegg vil departementet følgje opp oppmodinga frå Stortinget om å fremje lovendringsforslag som gir barn frå 12 år partsrettar i barnevernssaker frå 1. januar 2028, jf. Innst. 524 L (2024–2025).

Det er framleis ei målsetjing at familieråd skal styrkjast i alle tenesteområde. Familieråd styrkjer medverknaden frå barn og foreldre og bidreg til å gi informasjon, mobilisere ressursar og skape openheit om innsats og ansvarsfordeling. Familieråd i akuttsituasjonar kan førebyggje akuttopphald utanfor heimen og medverkar til at desse situasjonane blir handterte meir skånsamt. Talet på familieråd aukar jamt nasjonalt, likevel varierer aktiviteten i kommunane. Bufdir skal framover følgje med på bruken av familieråd i akutte situasjonar og på institusjon og arbeide for å jamne ut stor variasjon i bruken av dette. I statsbudsjettet for 2025 vart det sett av 3 mill. kroner til tiltak for å stimulere til auka bruk av familieråd i kommunane. Løyvinga blir vidareført i budsjettet for 2026.

Departementet fører vidare ordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet i 2026. Desse ordningane skal mellom anna føre til auka medverknad for barn og unge og familiane deira som er, eller kan komme, i kontakt med barnevernet. I 2024 vart det innvilga 13 søknader med totalt 18,4 mill. kroner gjennom tilskotsordninga til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet. Det blir føreslått ein mindre reduksjon i den sistnemnde ordninga i 2026.

Saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD)

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har sidan 2015 kommunisert 50 barnevernsklager mot Noreg. Seks av desse er ikkje ferdig handsama av EMD. Hittil har Noreg har blitt dømt for brot på retten til familieliv etter EMK artikkel 8 i 23 saker. Samstundes har EMD konstatert ikkje-krenking eller avvist saka som openbert grunnlaus i meir enn 40 saker. Ein del av desse har ikkje vore kommuniserte av EMD. Noreg leverer òg handlingsplanar til Ministerkomiteen i Europarådet om oppfølginga av dommane frå EMD. Sist gong var i desember 2024, med ei oppdatering i juni 2025.

Rett praksis knytt til målsetjinga om gjenforeining mellom barn og foreldre og samvær etter ei omsorgsovertaking står sentralt i dommane frå EMD, og Høgsterett har vidare tolka føringane frå EMD. Den nye barnevernslova og den nye retningslinja frå Bufdir om fastsetjing av samvær i barnevernssaker har òg klargjort rammene og bidrege til naudsynt endring av praksis.

Både statistikk over samvær og nyare forsking tyder på at det er eit aukande medvit når det gjeld å vurdere samvær etter ei omsorgsovertaking og å arbeide for at barn og foreldre blir førte saman att. Samværet og arbeidet med gjenforeining må likevel alltid ta utgangspunkt i omsynet til det beste for barnet og må vurderast konkret i kvart tilfelle. Det er frå ulike hald, mellom anna frå Barnevernsutvalet, uttrykt ei uro over om endringane i samvær i nokon grad kan føre til at barn har samvær som ikkje er bra for dei.

Stortinget har ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) slutta seg til fleire forslag og endringar knytte til samvær, jf. Innst. 524 L (2024–2025) og Lovvedtak 125 (2024–2025). Mellom anna er det no lovfesta ein rett for barnevernstenesta til å stanse samvær mellombels der samværet vil vere til skade for barnet. Det er òg varsla at regjeringa vil vurdere om regelverket godt nok tek omsyn til det beste for barna, og om barn blir tilstrekkeleg beskytta mot skadeleg samvær. Regjeringa skal greie ut om barnevernslova bør ha ei ordning for barn som har sterk motstand mot samvær, jf. Stortingets vedtak 440 – sjå omtale i del I.

Forslag om utreiseforbod for barn som kan bli utsette for skadelege opphald i utlandet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i Prop. 159 (2024–2025) Endringer i barnevernsloven, straffeloven, passloven og ID-kortloven (utreiseforbud ved fare for skadelige utenlandsopphold mv.) lagt fram forslag om endringar i barnevernslova om utreiseforbod for barn som kan bli utsette for skadelege opphald i utlandet. Målet er å styrkje rettstryggleiken til barna og hindre at barn blir utsette for alvorleg omsorgssvikt i utlandet. Forslaga er ei oppfølging av forslag i NOU 2024: 13 Lov og frihet. Negativ sosial kontroll, æresrelatert vold, tvangsekteskap, kjønnslemlestelse, psykisk vold og skadelige utenlandsopphold – juridiske problemstillinger og forslag til regelverksendringer.

Sakkunnige i barnevernssaker

Stortinget har ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) slutta seg til å lovfeste at departementet kan føre oversikt over barnefaglege sakkunnige. Gjeldande oversikt/register er ikkje lovregulert. Ei lovfesting vil styrkje det formelle rammeverket for bruk av sakkunnige i barnevernet i tillegg til å gi eit handsamingsgrunnlag for å kunne føre ei slik oversikt. Departementet kan fastsetje nærare føresegner om innhaldet i og forvaltinga av oversikta i forskrift. Bufdir har i 2025 inngått ein avtale med Universitetet i Oslo om å tilby eit utdanningstilbod for sakkunnige som tek på seg oppdrag etter barnevernslova og barnelova. Tilbodet vil erstatte det noverande utdanningsprogrammet som Norsk psykologforening tilbyr ut 2025. Det blir lagt opp til at det nye utdanningsprogrammet kan starte opp i 2026.

Barneverns- og helsenemnda

At barn skal få delta og medverke i saker i barneverns- og helsenemndene, har vore prioritert i 2024 og 2025. Særleg gjeld dette medverknad frå dei yngste barna og tilrettelegging for barnevennlege prosessar. Det er i 2024 blitt jobba vidare med openheit om arbeidet i nemndene og om samfunnsoppdraget. Alle retningslinjer og rettleiingar for sakshandsaming er lagde ut på nettsidene til Barneverns- og helsenemnda. Fleire vedtak er lagde ut på Lovdata i anonymisert form. Barneverns- og helsenemnda har òg jobba for å leggje til rette for å effektivt avvikle saker og saksstyring. Det blir gjennomført ei evaluering av ordninga med samtaleprosess i 2024-2025. Evalueringa skal mellom anna gi kunnskap om korleis omsynet til det beste for barnet og rettstryggleiken blir tekne hand om.

Arbeid med deltakinga og rettane til barn og med barnevennlege prosessar blir vidareført i 2026. Dette kan sjåast i samanheng med at regjeringa i Prop. 83 L (2024–2025) har varsla ei vurdering av tiltak for meir barnevennlege prosessar. Dette vil òg omfatte Barneverns- og helsenemnda. Det skal framleis bli jobba med aktiv saksstyring og digitalisering av sakshandsaminga for effektiv ressursutnytting. I 2026 skal merksemda òg vere retta mot openheit og tillit. Departementet vil samarbeide med Barneverns- og helsenemnda om å vurdere resultata frå evalueringa av samtaleprosess.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

853

Barneverns- og helsenemndene

263 868

264 464

272 602

3,1

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

387 358

546 751

562 832

2,9

855

Statleg forvalting av barnevernet

8 872 172

9 067 988

9 932 250

9,5

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

535 652

567 564

453 873

-20,0

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

678 117

696 691

721 559

3,6

Sum kategori 11.20

10 737 167

11 143 458

11 943 116

7,2

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

3853

Barneverns- og helsenemndene

320

850

881

3,6

3855

Statleg forvalting av barnevernet

2 662 035

2 697 943

3 088 617

14,5

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

281 118

280 083

236 558

-15,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

9 781

590

611

3,6

Sum kategori 11.20

2 953 254

2 979 466

3 326 667

11,7

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

10 465 605

10 747 944

11 516 341

7,1

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

2 180

30 261

31 320

3,5

50–89

Overføringar til andre

269 382

365 253

395 455

8,3

Sum kategori 11.20

10 737 167

11 143 458

11 943 116

7,2

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

299 431

286 353

242 908

-15,2

50–89

Overføringar frå andre

2 653 823

2 693 113

3 083 759

14,5

Sum kategori 11.20

2 953 254

2 979 466

3 326 667

11,7

Kap. 853 Barneverns- og helsenemndene

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Driftsutgifter

263 868

264 464

272 602

Sum kap. 853

263 868

264 464

272 602

Ansvarsområdet til verksemda

Barneverns- og helsenemndene er uavhengige, upartiske domstolsliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernslova. Over 90 prosent av sakene i nemndene er tvangssaker etter barnevernslova, inkludert pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking av barn og vedtak om opphald på institusjon for ungdommar som utset utviklinga si for alvorleg fare. Etter helse- og omsorgstenestelova gjer nemndene tvangsvedtak for vaksne rusavhengige og for gravide rusavhengige. Nemndene avgjer òg klager på kommunale vedtak om bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemndene spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer driftsutgifter i dei tolv nemndene og Sentraleininga for Barneverns- og helsenemnda og sakskostnader ved handsaming av saker.

Departementet føreslår ei løyving på 272,6 mill. kroner i 2026.

Kap. 3853 Barneverns- og helsenemndene

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Diverse inntekter

320

850

881

Sum kap. 3853

320

850

881

Post 01 Diverse inntekter

Løyvinga på posten er i hovudsak knytt til tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå konferansar og refusjon frå fylkeskommunar for arbeid utført i samband med eksamensgjennomføring.

Departementet føreslår ei løyving på 0,9 mill. kroner i 2026.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

21

Spesielle driftsutgifter

51 105

55 765

56 448

22

Barnesakkunnig kommisjon

13 755

13 855

14 354

23

Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

50 936

81 617

65 255

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

2 180

30 261

31 320

61

Utvikling i kommunane, kan nyttast under post 72

68 125

152 882

203 719

62

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

28 364

30 370

71

Utvikling og opplysingsarbeid m.m.

41 613

42 476

40 477

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

131 280

139 525

151 259

Sum kap. 854

387 358

546 751

562 832

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til utviklingstiltak, i hovudsak tidsavgrensa prosjekt på barnevernsområdet. Dette inkluderer utgifter til oppfølging av kvalitetsløftet i barnevernet.

Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av tvisteløysingsnemnda for barnevernet, arbeidet til statsforvaltaren med fosterheimsrekruttering og refusjon av barnevernsutgifter Svalbard har for tiltak på fastlandet.

Departementet føreslår at Bufetat ikkje lenger skal krevje eigendelar for barn frå Svalbard i tiltaka deira på fastlandet. Dette er venta å effektivisere sakshandsaminga, og sidan eigendelane uansett blir fullt ut refunderte, er tiltaket provenynøytralt. BFD føreslår på denne bakgrunn å redusere avsetninga for refusjonane for kap. 854, post 21, med 1,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3855, post 60.

Departementet føreslår ei løyving på 56,5 mill. kroner i 2026.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal vurdere kvaliteten på rapportar frå sakkunnige i foreldretvistsaker og barnevernssaker, anten det er barnevernstenesta, Barneverns- og helsenemnda, domstolane eller dei private partane som har bestilt dei.

Departementet føreslår ei løyving på 14,4 mill. kroner i 2026.

Post 23 Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

Posten dekkjer utgifter til kompetansehevingstiltak for barnevernet. Posten dekkjer mellom anna utgifter til vidareutdanningar, opplæringsprogram, kommunale rettleiingsteam og dialogmøte statsforvaltaren har med kommunane om utfordringane i barnevernet. Løyvinga skal òg dekkje utgifter statsforvaltarane har ved å følgje opp tiltak, leggje til rette for samarbeid i kommunale læringsnettverk og forvalte midlar til utviklingsprosjekt i desse nettverka, jf. omtale under kap. 854, post 61.

I 2025 vart det sett i gang eit forsøk med rettleidd fyrsteår i det kommunale barnevernet. Ein del av midlane er planlagt utbetalte som stimuleringstilskot til barnevernstenester som deltek i forsøksordninga. For at midlane kan bli nytta til tilskot til kommunar som deltek i forsøksordninga, blir løyvinga derfor føreslått redusert med 1,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 61.

Løyvinga på posten vart i 2025 auka med 18 mill. kroner til oppbygging av tilbodet for det spesialiserte hjelpetiltaket Multisystemisk terapi (MST) i Bufetat. Auken skulle òg gå til kvalitetssikring i Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) og i Nasjonal eining for behandlingstiltak i Bufetat. Dette er ein del av satsinga mot ungdomskriminalitet, sjå òg omtale av tilbodet i Oslo under kap. 854, post 61. For å sikre rett postbruk føreslår BFD å redusere kap. 854, post 23, med 18 mill. kroner mot ein auke på 2,6 mill. kroner på kap. 854, post 72, til NUBU og 15,4 mill. kroner på kap. 855, post 01, til Bufetat.

Departementet føreslår ei løyving på 65,3 mill. kroner i 2026.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til digitaliseringsprosjekt i det statlege barnevernet. Løyvinga blir i hovudsak nytta til innkjøp av IKT-løysingar og -utstyr og til innleige av eksterne ressursar, men kan òg bli nytta til arbeid Bufdir gjer sjølv i prosjekta.

Løyvinga dekkjer utgifter til eit prosjekt for å modernisere fagsystemet for det statlege barnevernet. Dette inneber òg å utvikle løysingane frå DigiBarnevern til bruk i statleg barnevern, etablere eit trygt digitalt system for samhandling mellom aktørane i barnevernet og utvikle system for betre tilgang på styringsinformasjon og analysedata.

Departementet føreslår ei løyving på 31,3 mill. kroner i 2026.

Post 61 Utvikling i kommunane, kan nyttast under post 72

Posten dekkjer tilskot til utviklingsprosjekt, kompetanseheving og andre tiltak i regi av kommunane. Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barnevernet og til utviklingsarbeid i kommunale læringsnettverk.

Departementet fører vidare midlar til å spreie og implementere Grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet. Grunnmodellen for hjelpetiltak skal gi grunnlaget for ei heilskapleg tilnærming til hjelpetiltaksarbeidet. Bufdir gir tilskot til barnevernstenestene Narvik, Harstad, Haugesund og Utsira, Øvre Telemark, Midt-Telemark, Vest-Telemark, Lørenskog, Aurskog-Høland og Nordstrand bydel i Oslo for å implementere modellen.

I 2025 vart løyvinga auka med 8 mill. kroner til tilskot til oppbygging av MST-tilbodet i Oslo kommune, som ein del av satsinga mot ungdomskriminalitet. For tilbodet i andre delar av landet, sjå òg omtale under kap. 854, post 23. For å sikre rett postbruk føreslår BFD å redusere kap. 854, post 61, med 1,5 mill. kroner, mot ein auke på 1,3 mill. kroner på kap. 854, post 72, og 0,2 mill. kroner på kap. 855, post 01.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til Alarmtelefonen for barn og unge, driven av Kristiansand kommune. Målet for tilskotet er at Alarmtelefonen for barn og unge skal vere ein døgnopen, gratis alarmtelefon for barn og unge som er utsette for ulike former for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Tilbodet er ein del av akuttilbodet til kommunane for utsette barn og unge.

Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til å organisere den årlege landskonferansen mellom barnevernsvakter og politi i 2026. Målet for tilskotet er at konferansen skal fremje samarbeid mellom politi og barnevernsvakter. Landsnettverket for barnevernsvaktene og politidistrikta er saman ansvarlege for arrangementet.

Løyvinga dekkjer òg tilskot til Oslo kommune til tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet. For å sikre rett postbruk føreslår BFD å auke kap. 854, post 61, med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 855, post 01.

Det skal setjast i gang eit pilotprosjekt for eit samarbeid mellom Bufetat og kommunar om nokre fosterheimar tiltenkte barn med omfattande og komplekse behov og som treng langvarig og tilpassa omsorg og oppfølging. Kommunar som deltek i pilotprosjektet, vil få prosjektstøtte for å delta. Det blir føreslått å auke løyvinga på posten med 2,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 855, post 01. Sjå fullstendig omtale på kap. 855, post 01.

I 2025 vart det sett i gang eit forsøk med rettleidd fyrsteår i det kommunale barnevernet. Ein del av midlane er planlagt utbetalte som stimuleringstilskot til seks barnevernstenester som deltek i forsøksordninga. Dette gjeld barnevernstenestene Ringsaker; Hamar; Midt-Agder; Sola; Hammerfest og Måsøy; Kristiansund, Averøy og Gjemnes. For å sikre at midlane kan bli nytta til tilskot til kommunar som deltek i forsøksordninga, blir løyvinga på kap. 854, post 61, føreslått auka med 1,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 23.

BFD fører òg vidare midlar til Sammen på vei – Nurse Family Partnership, tidlegare kalla Familie for første gang. Sammen på vei er eit forskingsbasert, spesialisert tilbod for sårbare familiar, som rettar seg mot fyrstegongsmødrer i ein sårbar livssituasjon. Løyvinga dekkjer utgifter til vertskommunane/bydelane som får midlar, mellom anna til lønnskostnadene til sjukepleiarar som deltek i programmet. Dette er vertskommunane/ bydelane som inngår i dei fem utprøvingsområda; Sandnes, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Oslo ved bydel Gamle Oslo og bydel Søndre Nordstrand. Av midlane til programmet går òg ein del til Regionsenter for barn og unge si psykiske helse (RBUP) Aust og Sør som har det faglege ansvaret for opplæring og kvalitetssikring av programmet.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriteriet for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Bufdir og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

BFD føreslår å samle midlar til fagleg utvikling og kompetanseheving i det kommunale barnevernet på kap. 854, post 61. Posten blir derfor føreslått auka med 31,5 mill. kroner til tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 62. I tillegg blir løyvinga føreslått auka med 9,7 mill. kroner for å styrkje tilskotsordninga.

Hovudelementa i tilskotsordninga til barnevernsfagleg vidareutdanning er omtalte under:

Mål og kriterium for måloppnåing: Tilskotsordninga skal medverke til auka bruk av vidareutdanningstilbod for tilsette i barnevernet. Dette kan òg omfatte masterutdanningar. Arbeidsgivarar kan søkje om tilskot til å dekkje kostnader og frigjere kapasitet til kompetanseheving. Målet med vidareutdanningane er å styrkje kunnskapsnivået i tenestene og gi tilsette høve til fordjuping innanfor prioriterte fagområde i barnevernet. Kriteriet for måloppnåing er kor mange tilsette som får tildelt tilskot og gjennomfører vidareutdanning.

Kriterium for tildeling: Kommunale arbeidsgivarar kan søkje om tilskot for tilsette som tek vidareutdanning som er relevant for arbeid i barnevernet. Kommunar vil bli prioriterte, men arbeidsgivarar for tilsette i statlege, ideelle og private barnevernsinstitusjonar kan òg søkje tilskot. Vidare kan kommunar med få tilsette med høgare utdanning enn bachelor bli prioriterte. Storleiken på tilskota blir fastsett ut frå talet på søknader i tilskotsåret og talet på studiepoeng i utdanninga. Krav til søknader og reglar for tildeling vil gå fram av regelverket for ordninga.

Oppfølging og kontroll: Bufdir forvaltar ordninga. Tilskotsmottakaren skal rapportere til Bufdir om måloppnåinga. Tilskotsmottakaren skal dokumentere at medarbeidaren er teken opp ved ei relevant vidareutdanning, og at utdanninga er gjennomført. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene.

Departementet føreslår ei løyving på 203,7 mill. kroner i 2026.

Post 62 Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

Løyvinga på posten har blitt nytta til tilskotsordninga til barnevernsfagleg vidareutdanning. For å samle midlar til fagleg utvikling og kompetanseheving i det kommunale barnevernet på éin stad føreslår departementet å flytte 31,5 mill. kroner til kap. 854, post 61 Utvikling i kommunane, og avvikle kap. 854, post 62. Sjå òg omtale under kap. 854, post 61.

Det blir på denne bakgrunn ikkje føreslått løyving på posten i 2026.

Post 71 Utvikling og opplysingsarbeid mv.

Posten dekkjer i hovudsak tilskotsordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Ordningane skal samla bidra til brukarmedverknad og til at alle partar på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Tilskota er regulerte i forskrifter fastsette av BFD i 2022.

Hovudelementa i Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet er omtalte nedanfor:

Mål og kriterium for måloppnåing: Tilskotsordninga skal medverke til å utvikle barnevernet gjennom å stimulere brukar- og interesseorganisasjonar på feltet til å styrkje engasjementet sitt og å vise medansvar for utsette barn, unge og familiane deira. Måloppnåinga til tiltaka blir vurderte ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga og kriterium for måloppnåing. Målgruppa for ordninga er utsette barn, unge og familiane deira som har vore, er, eller kan komme i kontakt med barnevernet.

Kriterium for tildeling: For å få støtte må ein organisasjon vere registrert i Frivillighetsregisteret på søknadstidspunktet og dokumentere at målsetjinga for ordninga er deira kjerneverksemd. Organisasjonen må ha drive ordinær verksemd i minimum to år før søknadstidspunktet, ha eit landsomfattande nedslagsfelt og vise utstrekt aktivitet som fremjar brukarmedverknad innanfor barnevernet. Organisasjonen skal utfylle innsatsen til andre aktørar og innverke på systemnivå. Brukarorganisasjonane skal vere representative for og arbeide for interessene til målgruppa si. Det kan søkjast om tilskot for inntil tre år. Midlane blir utbetalte for eitt år om gongen, med atterhald om samtykke frå Stortinget.

Oppfølging og kontroll: Bufdir forvaltar ordninga. Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene.

Hovudelementa i Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet er omtalte nedanfor:

Mål og kriterium for måloppnåing: Tilskotsordninga skal bidra til å utvikle barnevernsfeltet gjennom førebygging av problemutvikling og ved at utsette barn og unge får betre hjelp til livsmeistring og utvikling i trygge omgivnader. Søkjaren må gjere greie for korleis prosjektet medverkar i den samla utviklinga av eit betre barnevern, ved å utarbeide mål og indikatorar for måloppnåing for det einskilde prosjektet. Målgruppa er barn og unge og familiane deira som har vore, er, eller kan komme i kontakt med barnevernet.

Kriterium for tildeling: For å få støtte må ein organisasjon vere registrert i Frivillighetsregisteret på søknadstidspunktet. Ordninga skal medverke til måloppnåing gjennom å støtte prosjekt som inneber kunnskapsutvikling og spreiing av informasjon, utvikling og utprøving av modellar for betre samhandling mellom ulike tenester og aktørar eller førebyggjande arbeid. Det kan søkjast om tilskot for inntil tre år. Midlane blir utbetalte for eitt år om gongen, med atterhald om samtykke frå Stortinget.

Oppfølging og kontroll: Bufdir forvaltar ordninga. Bufdir skal sørgje for naudsynt kontroll med organisasjonar som får tilskot. Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene.

Departementet føreslår at det innanfor ordningane blir gitt tilskot på 5,1 mill. kroner til Landsforeningen for barnevernsbarn i 2026. Målet for tilskotet er at Landsforeningen for barnevernsbarn skal bidra til brukarmedverknad i barnevernet.

Departementet føreslår å føre vidare tilskot til barneeininga i Østersjørådet (Children at risk, CAR) i 2026. Tilskotet skal dekkje den norske støtta til CAR, som er eit forum for regionalt samarbeid om barn sine rettar med særskild vekt på vald. Føremålet med tilskotet er å styrkje det regionale samarbeidet om barnerettane. Kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Bufdir og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår å redusere løyvinga til tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet med 3,5 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak. BFD vurderer at ingen igangverande prosjekt må avsluttast eller reduserast som følgje av dette.

Departementet føreslår ei løyving på 40,5 mill. kroner i 2026.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot på 66,3 mill. kroner til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). Målet for tilskotet er at NUBU skal medverke til at barn og unge som utset utviklinga si for alvorleg fare, familiane deira og skular får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. NUBU skal vidare drive tenestestøtte, med bakgrunn i behovet til tenestene. Dette inneber mellom anna støtte til implementering av tiltak, inkludert kvalitetssikring, opplæring, rettleiing og rådgiving. NUBU har òg eit nasjonalt ansvar for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet og for forskings- og utviklingsarbeid. Bufdir forvaltar tilskotet.

For naudsynt kvalitetssikring av nye Multisystemisk terapi-team i regi av Bufetat og Oslo kommune blir det føreslått ein auke i tilskotet til NUBU på 3,9 mill. kroner mot ein reduksjon under kap. 854, post 23, på 2,6 mill. kroner og kap. 854, post 61, på 1,3 mill. kroner. NUBU skal vidare bidra med å gi kommunale fosterheimar betre tilgang til spesialiserte hjelpetiltak. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 3,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 855, post 01.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt-Noreg) og driftstilskot til RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera skal utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeidet med barnevern og psykisk helse hos barn og unge. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet finansierer dei fire fagmiljøa.

Departementet føreslår i tillegg at det blir gitt tilskot til RKBU Vest, RKBU Nord, RKBU Midt-Noreg, RBUP Aust og Sør og Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Sør (RVTS Sør) for at sentera skal drifta tenestestøtteprogrammet for barnevernstenesta, der deltakande kommunar kan få auka kompetanse om mellom anna undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid. Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til RKBU Midt-Noreg og RKBU Nord. Målet for dette tilskotet er å auke kompetansen i kommunalt og statleg barnevern gjennom tilbod om vidareutdanningar. Sentera tilbyr vidareutdanning innan høvesvis barnevernsleiing og barnevernsfagleg rettleiing. Posten dekkjer òg tilskot til statlege universitets- og høgskuleinstitusjonar og VID vitenskapelige høgskole. Midlane kan nyttast som kompensasjon til barnevernstenester og barnevernsinstitusjonar som tek imot praksisstudentar frå bachelor i barnevern og andre sosialfaglege utdanningar. Målet er å sørgje for at studentar innanfor relevante utdanningar får praksis i barnevernet.

Løyvinga har òg omfatta midlar som Norsk psykologforening har nytta til å heve kompetansen til sakkunnige gjennom å tilby utdanningsprogram om barnefagleg sakkunne i saker etter barnevernslova og barnelova. Utdanningsprogrammet blir fasa ut frå 2026, og framover er det Bufdir som handterer oppgåva. På grunn av ny innretning på utdanning for sakkunnige føreslår departementet å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner i 2026.

Delar av løyvinga dekkjer i tillegg mentorordninga Nattergalen. Målgruppa for ordninga er barn med minoritetsbakgrunn og studentar på sosialfaglege bachelorutdanningar. Ordninga skal medverke til at fleire av barna fullfører vidaregåande utdanning og tek høgare utdanning, samstundes som studentane utviklar kultursensitivitet gjennom å bli kjent med barna og familiane deira. Midlane går til åtte høgskular/universitet som tilbyr mentorordninga. Desse er OsloMet, Universitetet i Innlandet, Høgskulen i Østfold, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Nord Universitet og Høgskulen på Vestlandet.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Bufdir og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad. Bufdir kan setje vilkår for tildelinga.

Departementet føreslår ei løyving på 151,3 mill. kroner i 2026.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

4 600 963

4 887 294

5 068 777

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

26 514

34 916

34 173

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

4 244 695

4 145 778

4 829 300

Sum kap. 855

8 872 172

9 067 988

9 932 250

Utgiftene til det statlege barnevernet har auka mykje dei siste åra. Dette kjem av fleire barn, auka prisar, større behov hos barna og behov for fleire einskilde kjøp frå private leverandørar av institusjonsplassar.

Det er venta at utgiftene til det statlege barnevernet vil auke vidare i 2026. Departementet føreslår å auke løyvinga på post 22 med 534 mill. kroner for å kunne oppfylle bistandsplikta og sikre eit forsvarleg tilbod. Auken er grunna i fleire barn og vedvarande behov for å gjere fleire einskilde kjøp, auka prisar på einskilde kjøp og forventa høgare utgifter til dei private rammeavtalane.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnader til tilsette i Bufetat. Dette gjeld tilsette ved regionkontor, barnevernsinstitusjonar og fosterheimstenester med meir. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester.

I 2025 vart løyvinga auka med 119 mill. kroner for å opprette fleire statlege institusjonsplassar, der 15 mill. kroner var oppstartskostnader. Løyvinga til dette blir derfor føreslått sett ned med 15 mill. kroner i 2026.

Løyvinga vart auka med 57,7 mill. kroner i 2025 til ein pilot for å prøve ut endringar i innretting og differensiering av institusjonstilbodet, i tråd med forslag i NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen. Det er lagt opp til heilårleg drift frå 2026. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga til piloten med 16,6 mill. kroner.

I handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025), vart det gitt ein ny heimel som gir institusjonane tilgang til innsyn i kommunikasjonen og aktiviteten til barnet ved bruk av elektroniske kommunikasjonsmiddel. Eit overslag er at dette gir samla meirutgifter for statlege, kommunale og private institusjonar på om lag 2,5 mill. kroner. Som følgje av dette blir løyvinga føreslått auka med 0,8 mill. kroner. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Det har vore ein markant auke i talet på mindreårige som blir sette i fengsel dei siste åra. Regjeringa har sett i verk tiltak for å auke kapasiteten ved ungdomseiningane, og i 2025 er ein ny ungdomseining på Evje opna. Løyvinga til delen av kostnadene som Bufetat må ta for den tverrfaglege bemanninga, vart auka med 2,8 mill. kroner i 2025. Innan utgangen av året vil det vere totalt 21 plassar i ungdomseiningane. Regjeringa føreslår no å auke kapasiteten ved Ungdomseining aust på Eidsvoll, noko som vil innebere auka kostnader til tverrfagleg bemanning. For å dekkje delen som Bufetat ber av kostnadene, føreslår regjeringa ein auke på 1,5 mill. kroner på kap. 855, post 01. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Løyvinga dekkjer òg spesialiserte hjelpetiltak, inkludert multisystemisk terapi (MST). Departementet føreslår å auke posten med 15,6 mill. kroner mot ein reduksjon på 15,4 mill. kroner under kap. 854, post 23, og på 0,2 mill. kroner under kap. 854, post 61, for å samle løyvingane til dette føremålet.

For å samle midlane til familieråd føreslår departementet å auke posten med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 855, post 21. Sjå òg omtale under kap. 855, post 21.

For å sikre rett postbruk føreslår departementet å redusere løyvinga til tverrfagleg helsekartlegging på kap. 855, post 01, med 1,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 61. For 2026 er det samla føreslått om lag 77,4 mill. kroner til tverrfagleg helsekartlegging. Midlane er fordelte mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet med høvesvis 21 mill. kroner og 56,4 mill. kroner. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.

I 2025 vart det løyvd 43 mill. kroner til oppfølging av kommunane på fosterheimsområdet for å følgje opp Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i. Ein del av dette skal gå til arbeidet til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) med å gi kommunale fosterheimar betre tilgang til spesialiserte hjelpetiltak. I samband med Revidert nasjonalbudsjett vart derfor 3,6 mill. kroner flytta frå kap. 855, post 01, til kap. 854, post 72. Dette vil òg gjelde framover, og departementet føreslår såleis ein reduksjon på 3,6 mill. kroner på kap. 855, post 01, mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 72.

I 2023 vart det gitt ei auka løyving til nye spesialiserte fosterheimar. Det har vist seg vanskeleg å rekruttere spesialiserte fosterheimar. Det har derfor vore eit mindreforbruk av dei løyvde midlane til satsinga. Regjeringa føreslår på denne bakgrunn å prioritere 9 mill. kroner av løyvinga til eit nytt pilotprosjekt. I pilotprosjektet skal kommunar og Bufetat inngå i eit samarbeid om ei særskild ordning for nokre fosterheimar tiltenkte barn med omfattande og komplekse behov og som treng langvarig og tilpassa omsorg og oppfølging. 5,7 mill. kroner vil gå til å styrkje arbeidet Bufetat gjer for å følgje opp barna. Det blir føreslått å redusere løyvinga på posten med 2,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 61, for at kommunane som deltek i prosjektet, skal få prosjektstøtte for å delta i pilotprosjektet. Det blir òg føreslått å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 855, post 21, for å evaluere pilotprosjektet.

For å sikre rett postbruk for rekrutteringsutgifter føreslår BFD å auke løyvinga på posten med 2,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858, post 01. Sjå nærare omtale under kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 5 068,8 mill. kroner i 2026.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og annan kunnskapsinnhenting, i hovudsak for å heve kvaliteten i arbeidet til det statlege og det kommunale barnevernet.

Løyvinga på posten var auka med 3 mill. kroner i 2025 til tiltak som kan bidra til auka bruk av familieråd i rekrutteringssamanheng, retta mot fosterheim i familien til barnet og nære nettverk, jf. Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i. For å samle midlane til familieråd føreslår departementet å redusere posten med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 855, post 01.

Det skal setjast i gang eit pilotprosjektet der kommunar og Bufetat skal inngå i eit samarbeid om ei særskild ordning for nokre fosterheimar. Prosjektet skal evaluerast. Det blir føreslått å auke løyvinga på posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 855, post 01, for å evaluere pilotprosjektet. Sjå fullstendig omtale på kap. 855, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 34,2 mill. kroner i 2026.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak.

Etter fleire år med nedgang i aktiviteten i institusjonsbarnevernet har det vore ein aktivitetsauke dei siste åra. For 2026 er det rekna ut ein auke tilsvarande eit gjennomsnitt på 55 fleire barn enn det som låg til grunn for saldert budsjett 2025. Delar av auken tek institusjonane til Bufetat seg av, men det er krevjande å skalere kapasiteten til endringar i aktivitet på kort sikt. Dei fleste plasseringane må derfor bli skaffa hos private når aktiviteten aukar, noko som i hovudsak inneber fleire einskilde kjøp. Prisane på tiltak frå private leverandørar har auka dei seinaste åra. Overslaget over den auka løyvinga er usikker, både når det gjeld utviklinga i prisar og aktivitet. I private fosterheimar er det forventa ein nedgang i aktiviteten.

Departementet føreslår at løyvinga på posten blir auka med 534 mill. kroner. Auken er grunna i at fleire barn har behov for eit tilbod, og at det derfor er behov for å gjere fleire einskilde kjøp, at prisar på einskilde kjøp har auka, og forventa høgare utgifter til rammeavtalar. Det er då teke omsyn til ein estimert reduksjon på 17,4 mill. kroner til reduserte einskilde kjøp som følgje av kapasitetsoppbygging i Bufetat sine institusjonar i 2025.

I handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025), vart det gitt ein ny heimel som gir institusjonane tilgang til innsyn i kommunikasjonen og aktiviteten til barnet ved bruk av elektroniske kommunikasjonsmiddel. Sjå òg omtale under post 01. Som følgje av dette blir løyvinga føreslått auka med 1,3 mill. kroner på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 4 829,3 mill. kroner i 2026.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Diverse inntekter

5 467

3 676

3 808

02

Barnetrygd

3 008

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

2 653 560

2 690 308

3 080 850

Sum kap. 3855

2 662 035

2 697 943

3 088 617

Post 01 Diverse inntekter

Løyvinga på posten er i hovudsak knytt til tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå sal av driftsmiddel og kursinntekter.

Departementet føreslår ei løyving på 3,8 mill. kroner i 2026.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2026.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim og ved tiltak i heimen.

Departementet føreslår å auke løyvinga med om lag 391 mill. kroner. Auken er i hovudsak knytt til fleire barn i institusjon, sjå nærare omtale under kap. 855, post 01, og auka inntekter knytte til at overgangsordninga for spesialiserte fosterheimar blir avslutta i 2026. Når overgangsordninga blir avslutta, inneber det at kommunane betaler dei same eigendelane for alle tiltak i spesialiserte fosterheimar, òg for opphald frå før 2022. Dette gir høgare inntekter for Bufetat. Kommunane vil bli kompenserte for dette gjennom ein auke i rammetilskotet til kommunane for 2026 på 151,6 mill. kroner, sjå òg omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Eigendelane per månad per barn i institusjonstiltak og spesialiserte fosterheimar (omfattar òg beredskapsheimar) er føreslått til høvesvis 197 225 kroner og 98 615 kroner i 2026. Eigendelen per månad per barn for spesialiserte hjelpetiltak er føreslått til 17 470 kroner. Eigendelen per månad per barn i senter for foreldre og barn er føreslått til 82 270 kroner. For heimebaserte/polikliniske tilbod, som er mindre kostnadskrevjande enn tiltaka i sentera, er eigendelen til kommunane per månad føreslått til 14 125 kroner. Eigendelane vil stå i rundskrivet om satsar for kommunal eigenbetaling for barnevernstiltak.

BFD føreslår å avvikle eigendelane og refusjonane til Svalbard for barnevernstiltak i 2026. Det fører til ein reduksjon i løyvinga på kap. 3855, post 60, med 1,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 21. Sjå nærare omtale under kap. 854, post 21.

Departementet føreslår ei løyving på 3 080,9 mill. kroner i 2026.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

172 868

175 395

181 439

22

Kjøp av plasser i private omsorgssentre, kan nyttast under post 01

362 784

392 169

272 434

Sum kap. 856

535 652

567 564

453 873

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har komme til landet utan foreldre eller andre med foreldreansvar og søkjer om vern etter utlendingslova, eit tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgsplassar og arbeid med godkjenning av senter, opplæring og oppfølging, anskaffingar, administrasjon og busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssentera.

Løyvinga er lagd til rette for å dekkje drift av 50 plassar.

For å sikre rett postbruk for rekrutteringsutgifter føreslår BFD å auke løyvinga på posten med 0,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858, post 01. Sjå nærare omtale under kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 181,4 mill. kroner i 2026.

Post 22 Kjøp av plassar i private omsorgssenter, kan nyttast under post 01

Løyvinga på posten skal gå til kjøp av private omsorgsplassar til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Det er venta å vere eit behov for i gjennomsnitt 132 plassar i omsorgssentera i 2026, og departementet har talfesta at det er behov for kjøp av 82 private plassar på denne posten. I nokre tilfelle vil det vere behov for forsterkingar knytte til einskilde barn. Dette kan føre til at eitt barn tek opp to plassar. Det har òg vore tilfelle der det blir sett inn ekstra bemanning på ein plass for å ta seg av einskilde barn særskilt.

Departementet føreslår ei løyving på 272,4 mill. kroner i 2026.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

280 855

277 278

233 649

60

Kommunale eigendelar

263

2 805

2 909

Sum kap. 3856

281 118

280 083

236 558

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Det er venta at 54 prosent av barna i omsorgssenter i 2026 vil ha ei butid under eitt år.

Departementet føreslår at 233,6 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 og post 22, blir rapporterte inn som utviklingshjelp og refunderte over kap. 167, post 21, under Utanriksdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 233,6 mill. kroner i 2026.

Post 60 Kommunale eigendelar

Det er i utgangspunktet einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år som får tilbod om å bu i omsorgssenter. I visse tilfelle er det òg mogleg å plassere andre barn i omsorgssenter, under dette barn som etter busetjing har liknande behov for tiltak. Løyvinga blir nytta til å føre inntekter frå kommunale eigendelar for barn som blir plasserte i omsorgssenter som barnevernstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 2,9 mill. kroner i 2026.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Driftsutgifter

658 324

674 015

698 067

21

Spesielle driftsutgifter

19 793

22 676

23 492

Sum kap. 858

678 117

696 691

721 559

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal styrkje høvet det einskilde mennesket har til meistring og utvikling, gjennom å fremje ein trygg barndom, gode oppvekstvilkår, likestilling og ikkje-diskriminering.

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi hjelp, støtte og tiltak til barn, unge og familiar som treng det. Kvaliteten på tenestene Bufetat tilbyr, skal vere rett og høg i heile landet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Bufdir. Dette inkluderer opplæring, leige og drift av lokale i tillegg til kjøp av varer og tenester.

Bufdir kan òg nytte midlane på posten til å finansiere og bestille forsking, kunnskapssamandrag og ulike IKT-prosjekt. Direktoratet skal formidle kunnskap frå forsking og statistikk og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for å utøve praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet. I tillegg skal Bufdir levere fellesfunksjonar til Bufetat-regionane.

Løyvinga blir vidare nytta til forvaltinga Bufdir gjer av digitaliseringstiltaket DigiBarnevern for kommunalt og statleg barnevern, og arbeidet til direktoratet med digital ungdomsportal, til at Bufdir deltek i kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, og til arbeidet med å forvalte tilskotsordninga til oppgradering av krisesenterbygg.

Løyvinga blir føreslått auka med 0,3 mill. kroner for å dekkje meirutgifter i forvaltinga Bufdir gjer av tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning. Tilskotsordninga blir føreslått styrkt i 2026, jf. omtale under kap. 854, post 61.

Løyvinga blir vidare føreslått auka med 4,9 mill. kroner for å dekkje meirutgifter til forvalting av Tverrsektoriell tilskotsordning til kommunane for førebyggande tiltak til barn og unge, jf. omtale under kap. 846, post 63.

Departementet føreslår òg å auke løyvinga på posten med 15 000 kroner i budsjettet for 2026 til reiseutgifter for kontaktdommarar i Haag-nettverket.

Rekrutteringsutgiftene i Bufetat frå å annonsere stillingar blir i dag dekte på denne posten. For å sikre rett postbruk føreslår BFD at løyvinga på posten blir redusert med 2,8 mill. kroner, mot ein auke på 0,3 mill. kroner på kap. 842, post 01, 2,4 mill. kroner på kap. 855, post 01, og 0,1 mill. kroner på kap. 856, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 698,1 mill. kroner i 2026.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir. Løyvinga dekkjer òg utbetalingar av godtgjersle til medlemmene i fordelingsutvalet, som har som hovudoppgåve å tildele tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Departementet føreslår ei løyving på 23,5 mill. kroner i 2026.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Diverse inntekter

9 781

590

611

Sum kap. 3858

9 781

590

611

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak og er knytte til mellom anna eigendelar i samband med deltaking i foreldrekurset Hva med oss? og andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 0,6 mill. kroner i 2026.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal ta hand om og styrkje interessene, vernet og tryggleiken til forbrukarane.

Forbrukarane står ofte overfor kommersielle aktørar som har betre informasjon og kunnskapar om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen.

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane kan ta informerte val, kjenne rettane sine og vete kva dei bør gjere dersom dei får problem med varer eller tenester dei har kjøpt. Ved tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, eller mellom privatpersonar ved kjøp og sal, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Forbrukarane, medrekna barn og unge, skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring. Marknadsføring som kan vere skadeleg eller er ulovleg, skal motarbeidast, og barn skal vernast mot kommersielt press.

Høgare prisar på mange varer og tenester har dei seinare åra skapt utfordringar for mange forbrukarar. Regjeringa er oppteken av at forbrukarane – både i denne situasjonen og generelt – skal ha eit sterkt vern som gir grunnlag for tryggleik og tillit til marknadene. Det er avgjerande at opplysingane forbrukarane får om prisar og vilkår, er korrekte og forståelege.

Korrekte og forståelege prisar kan òg medverke til betre konkurransetilhøve, slik at forbrukarane får eit betre vareutval og lågare prisar. Dette er særleg viktig i daglegvaremarknaden, der få aktørar dominerer. I mai 2025 lanserte derfor regjeringa fleire nye tiltak for å betre konkurransen i denne marknaden. Forbrukartilsynet og BFD har hovudansvaret for to av tiltaka: Forbrukartilsynet har fått i oppdrag å prioritere tilsyn med prisar, kampanjar og prismarknadsføring, medan BFD, saman med Nærings- og fiskeridepartementet, har sett i gang eit arbeid for å kartleggje korleis fordelsprogramma i daglegvaremarknaden påverkar evna forbrukarane har til å orientere seg og få prisinformasjon.

Regjeringa vil òg leggje til rette for at forbrukarane skal kunne velje varer og tenester basert på kunnskap om kva konsekvensar produksjon og bruk kan ha – til dømes for helse, miljø, klima og arbeidstilhøve. Forbrukarane skal få betre føresetnader for eit berekraftig forbruk.

I august 2024 lanserte Forbrukarrådet ein eigen nettstad – Forbrukerrådets miljøveileder – som gir forbrukarane ein enkel veg til truverdig miljøinformasjon og tips om berekraftige forbruksval. Framover blir det viktig å gjere nettstaden godt kjend og brukt blant forbrukarane.

Regjeringa vil framleis støtte opp om arbeidet til Miljømerking med dei offisielle miljømerka, den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som begge formidlar informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

Frå 2026 vil det òg bli gitt støtte over budsjettet til BFD til arbeidet Fairtrade Norge gjer for at det skal bli enklare for forbrukarar og verksemder å ta val som fremjar rettferdig handel og ei meir berekraftig utvikling.

Openheitslova frå 2022 skal fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i verksemder og gi allmenta tilgang til informasjon om korleis verksemdene arbeider med desse spørsmåla. I juni 2025 la BFD fram ein evalueringsrapport om erfaringane med openheitslova sidan ho tok til å gjelde. Evalueringa viste mellom anna at lova har ført til auka merksemd om, og meir systematisk arbeid med, aktsemdsvurderingar i verksemdene som er omfatta av regelverket. Vinteren 2025 la EU-kommisjonen fram fleire forslag til forenklingar i aktsemdsdirektivet. Eventuelle endringar i openheitslova må vurderast i lys av kva endringar som blir vedtekne i direktivet.

Å bruke og handle gjennom digitale medium forenklar kvardagen for mange forbrukarar, men fører òg med seg utfordringar. Forbrukarvernet blir mellom anna utfordra av nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. For regjeringa er det viktig at reglane som skal verne forbrukarane, blir utvikla og innretta slik at dei kan møte nye utfordringar.

På digitale plattformer er barn og unge særleg utsette. Reklame kan medverke til kommersielt press eller promotere innhald som kan vere skadeleg. Etter ein høyringsrunde hausten 2024 la BFD vinteren 2025 fram ein lovproposisjon om strengare sanksjonar ved brot på god marknadsføringsskikk overfor barn. Forslaget vart vedteke av Stortinget i juni 2025 og tok til å gjelde 1. juli 2025. Endringane aukar risikoen for næringsdrivande som bryt reglane i marknadsføringslova, som mellom anna vernar barn mot marknadsføring som kan føre til kroppspress. Forbrukartilsynet kan no sanksjonere brot på reglane om god marknadsføringsskikk overfor barn med lovbrotsgebyr.

For å gi barn eit godt forbrukarvern må regelverket handhevast effektivt. Digitale verktøy er naudsynt for effektivt å avdekkje og handtere ulovleg marknadsføring retta mot barn, særleg i sosiale medium. For å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium med bruk av digitale tilsynsverktøy er løyvinga til Forbrukartilsynet føreslått auka med 15 mill. kroner i 2026.

Regjeringa vil motverke at privatpersonar tek opp for mykje gjeld og får betalingsproblem. I april 2025 sende BFD på høyring eit forslag om å utvide ordninga med gjeldsinformasjon til òg å omfatte bustadgjeld og anna pantesikra gjeld. Med den føreslåtte endringa kan långivarar enklare få eit meir fullstendig bilete av den totale gjelda kunden har. Dette skal medverke til at långivarar ikkje innvilgar for store lån til einskildpersonar.

Forbrukarrådet representerer forbrukarsida i fleire bransjevise klagenemnder, mellom andre Elklagenemnda og Transportklagenemnda. Over tid har saksinngangen til fleire av nemndene auka atskilleg. Sakene har òg blitt meir komplekse og ressurskrevjande og legg eit aukande press på kapasiteten Forbrukarrådet har til å stille med representantar i alle nemndene. For å styrkje kapasiteten er basisløyvinga til Forbrukarrådet føreslått auka i 2026.

Mål

BFD har for 2026 desse måla på forbrukarområdet:

Mål

  • Ei sterkare stilling for forbrukarane i møte med digitaliseringa

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område

  • Betre føresetnader for eit berekraftig forbruk

Måla og bakgrunnen for desse er nærare omtalte under overskriftene nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Reglar og rammevilkår

Nedanfor blir relevant lovarbeid i BFD og andre tiltak som skal ta hand om og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane, omtalte. Det blir gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2024 og fyrste halvåret i 2025, og for planlagde tiltak i 2026.

Regelverksarbeid

Det norske regelverket på forbrukarområdet blir i stor grad påverka av utviklinga i EU. Ikkje minst gjeld dette digitaliseringsområdet, forbrukarrettane knytte til det grøne skiftet, retten til klagehandsaming og tilsynet med at regelverket blir etterlevd. Deltaking i arbeidet til EU med å utvikle forbrukarpolitikk og -regelverk er derfor avgjerande for å gi norske forbrukarar eit godt vern og leggje til rette for at dei kan ta gode miljøval.

I 2026 vil BFD halde fram med å følgje handsaminga av fleire regelverksforslag frå EU-kommisjonen og vurdere å gi innspel der det trengst for å ta hand om interessene til norske forbrukarar. I tillegg vil departementet gjennomgå og utvikle nokre andre regelverk som skal ta hand om interessene til forbrukarane.

Forbrukarane i den digitale økonomien

Den raske teknologiutviklinga fører med seg både nye høve og nye utfordringar for forbrukarvernet. Datadrivne marknadsføringsmetodar og ny teknologi kan gi svært effektiv marknadsføring, men utfordrar mekanismane i forbrukarvernet som skal rette opp i ubalanse mellom næringsdrivande og forbrukarar. Styresmaktene må følgje utviklinga for å kunne handtere nye forbrukarproblem som teknologien fører med seg, og setje i verk tiltak som reduserer risikoen for svekt forbrukarvern.

Det er òg aukande samspel og påverknad mellom ulike politikkområde som digitaliserings-, personvern-, konkurranse- og oppvekstpolitikk. Sidan den digitale økonomien er global, er godt internasjonalt samarbeid avgjerande. I oktober 2024 deltok Noreg på forbrukarministermøtet til OECD, der ei felles fråsegn om forbrukarvern i dei grøne og digitale skifta vart vedteken. Fråsegna legg mellom anna vekt på samarbeid på tvers av sektorar for å styrkje forbrukarvernet.

Departementet har dette målet for arbeidet med forbrukartiltak i den digitale økonomien:

  • Ei sterkare stilling for forbrukarane i møte med digitaliseringa

Aktivitetar og resultat knytte til målet blir omtalte under overskriftene «Forbrukarvernet til barn i digitale medium» og «Forslag til endringar i EU-regelverk om utanrettsleg klagehandsaming» nedanfor. Delar av verksemda til Forbrukartilsynet, omtalte under overskrifta «Klagehandsaming og tilsyn» lenger ned, er òg relevante for målet.

Forbrukarvernet til barn i digitale medium

Barn blir eksponerte for svært mykje marknadsføring når dei nyttar digitale medium og tenester. Denne eksponeringa gir grunn til å prioritere forbrukarvernet til barn i digitale medium særskilt. Å gi barn eit godt forbrukarvern er ein viktig del av det breiare arbeidet som er omtalt i stortingsmeldinga Trygg oppvekst i et digitalt samfunn, som vart lagd fram i juni 2025. Sjå òg omtale i programkategori 11.10.

Hausten 2024 sende BFD ut ei høyring om endringar i marknadsføringslova. Høyringa vart følgd opp med ein lovproposisjon om strengare sanksjonar for brot på god marknadsføringsskikk overfor barn. Stortinget vedtok forslaget i juni 2025, og det tok til å gjelde 1. juli 2025. Endringane aukar risikoen for næringsdrivande som bryt reglane i marknadsføringslova, som mellom anna vernar barn mot marknadsføring som kan føre til kroppspress. Forbrukartilsynet kan no sanksjonere brot på reglane om god marknadsføringsskikk overfor barn med lovbrotsgebyr. Departementet vurderer òg vidare innstrammingar når det gjeld marknadsføring i sosiale medium og dataspel.

Det samla forbrukarvernet til barn byggjer på både generelt og sektorspesifikt regelverk. Fleire lover og tilsynsorgan vernar barn mot marknadsføring og uønskt kommersielt press. For å gi barn eit godt forbrukarvern må handhevinga av regelverket vere effektiv.

I 2024 og 2025 har Forbrukartilsynet arbeidd med å greie ut og setje i verk tiltak for å styrkje handhevingsapparatet på tvers av sektorane. Løyvinga til Forbrukartilsynet vart òg i 2025 auka med 2,5 mill. kroner for å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium.

Koordineringsarbeid mellom Forbrukartilsynet og andre tilsyn, som Medietilsynet og Helsedirektoratet, vil mellom anna danne grunnlag for ei satsing på digitale tilsynsverktøy. Satsinga skal setje tilsyna betre i stand til å undersøkje marknadsføring som barn blir eksponerte for, til dømes i sosiale medium. Målet er å gi Forbrukartilsynet og tilsyna dei samarbeider med betre høve til å gripe inn mot ulovleg marknadsføring, som dei med tradisjonelle tilsynsmetodar ikkje ville klare å avdekkje. Dette er avgjerande for at regelverket som skal betre forbrukarvernet til barn, får den ønskte effekten, og det er eit viktig tiltak for ein trygg oppvekst i eit digitalt samfunn. For å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium med bruk av digitale tilsynsverktøy er løyvinga til Forbrukartilsynet føreslått auka med 15 mill. kroner i 2026.

Fagutvalget for influencermarkedsføring (FIM) har vore ei bransjeordning for å redusere kroppspress frå marknadsføring i sosiale medium. Annonsørforeningen og Mediebedriftenes Landsforening har drive ordninga, og ho har fungert som eit nyttig supplement til offentleg regulering og handheving. FIM har fått årlege tilskot til drifta. Utvalet har dei siste åra hatt liten aktivitet og handsama få saker. Med den auka satsinga på offentlege regelverk og handheving er det ikkje lenger grunnlag for å føre tilskotet vidare, og FIM la ned verksemda frå 1. juli 2025. Tilskotet blir derfor avvikla frå og med 2026.

Ein stor del av dei digitale tenestene og media som barn bruker, blir tilboden frå utlandet, og norske særreglar kan derfor ha avgrensa verknad. Såleis er det naudsynt å samarbeide tett med andre land om regulering. EU-kommisjonen har varsla at dei vil leggje fram forslag til eit nytt regelverk (Digital Fairness Act) i 2026. BFD vil prioritere å spele inn norske erfaringar og synspunkt i dette lovarbeidet, slik at det europeiske forbrukarvernet for barn blir styrkt.

Forslag til endringar i EU-regelverk om utanrettsleg klagehandsaming

Noreg er gjennom EU-regelverket om utanrettsleg klagehandsaming forplikta til å ha eit nærast heildekkjande system for handsaming av forbrukartvistar. I oktober 2023 la EU-kommisjonen fram eit forslag til endringar i reglane om utanrettsleg klagehandsaming på forbrukarfeltet (direktiv 2013/11/EU). Føremålet med endringane er å tilpasse reglane til digitale marknader, betre tilgangen til utanrettsleg klagehandsaming og forenkle prosessane for både klagehandsamingsorgana og partane i tvistane.

BFD sende i 2024 endringsforslaga på høyring i Noreg. I desember 2024 vart forordninga 2024/3228/EU om å avvikle den nettbaserte klageportalen for handsaming av grenseoverskridande tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande vedteken. Avviklinga byggjer på ei vurdering om at bruken av portalen ikkje kan forsvare kostnadene. Klageportalen vart avvikla 20. juli 2025.

I april 2025 la BFD fram forslag for Stortinget om naudsynte lovendringar som følgje av avviklinga av portalen, sjå Prop. 119 L (2024–2025) Endringer i markedsføringsloven mv. (overtredelsesgebyr for brudd på god markedsføringsskikk overfor barn).

Evaluering av openheitslova og gjennomføring av aktsemdsdirektivet

Openheitslova frå 2022 skal fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i verksemder og gi allmenta tilgang til informasjon om kva verksemdene gjer med dette. I førearbeida til lova vart det varsla at lova skulle evaluerast etter at ho hadde verka i ein periode. I juni 2025 la BFD fram evalueringsrapporten sin om erfaringane verksemder, forbrukarar, sivilsamfunnet og andre aktørar har hatt med openheitslova sidan ho tok til å gjelde. Rapporten byggjer på undersøkingar frå Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet og revisjons- og rådgivingsselskapet KPMG.

Evalueringa viser at openheitslova har ført til auka merksemd om og meir systematisk arbeid med aktsemdsvurderingar i verksemder. Verksemdene opplever i hovudsak lova som klar og gjennomførleg. Samstundes melder dei om utfordringar, som behov for meir rettleiing og presiseringar i lova. Det blir òg rapportert om auka bruk av spørjeskjema, noko som fører til meir administrativt arbeid. For nærare omtale, sjå evalueringsrapporten Evaluering av åpenhetsloven, publisert på regjeringa.no.

BFD føreslår i evalueringsrapporten ingen konkrete lovendringar. Eventuelle endringar som følgje av evalueringa vil bli vurderte i eit høyringsnotat. Samstundes vil BFD sjå nærare på korleis EU-direktivet om tilbørleg aktsemd for berekraft for føretak (aktsemdsdirektivet) kan gjennomførast i norsk rett.

Aktsemdsdirektivet (direktiv (EU) 2024/1760) vart formelt vedteke i mai 2024. Direktivet inneber mellom anna ei plikt for føretak til å utføre aktsemdsvurderingar knytte til menneskerettar, anstendige arbeidstilhøve og miljø. Det byggjer på dei same internasjonalt anerkjende prinsippa og retningslinjene som den norske openheitslova. Direktivet gjeld for dei aller største verksemdene i Europa – dei med ein omsetnad på over 450 millionar euro og over 1 000 tilsette. I februar 2025 la EU-kommisjonen fram eit direktivforslag om forenklingar for næringslivet, som mellom anna inneheld endringar i aktsemdsdirektivet. Føremålet med forslaga er å styrkje konkurransekrafta til verksemdene i den indre marknaden i EU. Europaparlamentet og Rådet handsamar no desse forslaga.

Basert på evalueringa av openheitslova, sende BFD i juni 2025 saman med Nærings- og fiskeridepartementet kommentarar til EU-kommisjonen om forslaget til forenklingar i aktsemdsdirektivet. Regjeringa vil følgje den vidare lovprosessen i EU tett.

BFD vil starte arbeidet med eit høyringsnotat om endringar i openheitslova når endringar i aktsemdsdirektivet som følgje av forenklingsforslaga frå EU-kommisjonen er vedtekne.

EU-regelverk for styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet

Direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet vart formelt vedteke i EU i februar 2024. Føremålet med direktivet er å gjere det enklare for forbrukarane å ta meir berekraftige kjøpsval. Det inneber endringar i det gjeldande direktivet om urimeleg handelspraksis (direktiv 2005/29/EU) og direktivet om forbrukarrettar (direktiv 2011/83/EU). Direktivet stiller strenge krav til dokumentasjon ved bruk av miljøpåstandar i marknadsføring. Det inneheld reglar om bruk av standardiserte etikettar og meldingar som skal gi forbrukarane tydeleg informasjon om kommersielle garantiar – altså garantiar som produsenten gir, og som går lenger enn dei lovpålagde krava til varer og tenester.

BFD sende før sommaren 2025 eit forslag om å gjennomføre direktivet i norsk rett på høyring.

Forslag til EU-regelverk om miljøpåstandar og miljømerke

EU-kommisjonen la våren 2023 fram eit forslag til direktiv (Green Claims Directive), som mellom anna inneber strenge krav til dokumentasjon og underbygging av miljøpåstandar i marknadsføring og merke. Forslaget vil utfylle og skjerpe krava i direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet (sjå omtale over). Føremålet er å leggje endå betre til rette for gode miljøval for forbrukarane og å gi meir rettferdig konkurranse mellom næringsdrivande som nyttar miljøpåstandar og -merke.

BFD har i 2025 følgt prosessen i EU tett og gitt innspel – særleg med tanke på å sørgje for at det fellesnordiske miljømerket Svana ikkje blir pålagt urimelege administrative byrder som følgje av det nye regelverket. Det er uvisst når – eller om – direktivet vil bli vedteke.

Pakkereiser og reisegaranti

EUs pakkereisedirektiv regulerer rettar og plikter mellom kjøparar og seljarar av pakkereiser og inneheld òg reglar om reisegaranti. EU-kommisjonen har evaluert direktivet, mellom anna i lys av pandemien, og la i november 2023 fram forslag til endringar. Forslaga frå Kommisjonen har vore ute på høyring. Det er førebels uvisst korleis det endelege endringsdirektivet vil sjå ut etter handsaming i EU-rådet og -parlamentet. Det er venta at direktivet blir vedteke tidleg i 2026. Deretter vil arbeid med å sjå nærare på reisegarantiordninga og andre endringar i den norske pakkereiselova ta til.

Direktiv om vern av dei kollektive forbrukarinteressene

EU-direktivet om vern av dei kollektive forbrukarinteressene (vedteke i 2020) inneber mellom anna at interesseorganisasjonar som Forbrukarrådet skal kunne gå til ein domstol eller eit handhevingsorgan for å få vedtak om stans i brot på forbrukarvernreglar. Det skal òg vere mogleg å få vedtak om til dømes erstatning til forbrukarar som er skadelidne. Direktivet vil bli teke inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett.

Forslag om endringar i gjeldsinformasjonslova

Gjeldsinformasjonslova skal gjere det enklare for bankar og andre utlånsinstitusjonar å hente inn opplysingar om forbruksgjelda til kunden, slik at den einskilde ikkje får for mykje lån. Ordninga omfattar i dag usikra forbruksgjeld. I april 2025 sende regjeringa eit forslag på høyring om å utvide ordninga med gjeldsinformasjon til òg å omfatte bustadgjeld og anna pantesikra gjeld. Føremålet er å gi långivarar eit meir fullstendig bilete av den totale gjelda til kunden og dermed styrkje grunnlaget for ansvarleg kredittvurdering. Dette skal medverke til at långivarar ikkje innvilgar for store lån til einskildpersonar. I høyringsforslaget føreslo regjeringa òg å skjerpe forbodet mot bruk av gjeldsopplysingar i marknadsføring av forbrukarkreditt.

Unntak frå førpriskrav ved salsmarknadsføring av varer med kort haldbarheit

Etter § 9 a i prisopplysingsforskrifta er næringsdrivande plikta til å informere om førprisen når ei vare blir marknadsført med nedsett pris. Førprisen er definert som den lågaste prisen dei siste 30 dagane før marknadsføringa startar. Opphavleg gjaldt informasjonsplikta uavhengig av haldbarheita til vara. Plikta til å informere om førprisen viste seg å ha utilsikta og uheldige konsekvensar for marknadsføringa av varer med kort haldbarheit. BFD sende derfor i juni 2024 på høyring eit forslag om å innføre eit unntak for slike varer. Unntaket vart fastsett 16. oktober 2024 og tok til å gjelde 1. januar 2025. Føremålet er å gjere det enklare å marknadsføre varer som får nedsett pris for å unngå matsvinn og anna svinn – til dømes ferske brødvarer som blir selde til lågare pris mot slutten av dagen. Andre tiltak for å motverke matsvinn er omtalte under overskrifta «Informasjon og kunnskap» nedanfor.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Standardar for produkt og tenester blir utvikla i samarbeid mellom ulike aktørar i marknaden – både nasjonalt, på europeisk nivå og internasjonalt gjennom den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). For at standardane skal bli gode og balanserte, er det viktig at representantar for forbrukarinteresser deltek i arbeidet. Rapportering frå Standard Norge viser at talet på slike representantar heldt seg stabilt frå 2023 til 2024.

Forbrukarpåverknad i standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom BFD, Forbrukarrådet og Standard Norge vart derfor ført vidare i 2024 og inn i 2025. Målet for samarbeidet er mellom anna å ta del i utviklinga av standardar gjennom informasjon og nettverksarbeid.

Standard Norge og Forbrukarrådet har gått inn for å auke deltakinga i forbrukarrelevante standardiseringskomitear gjennom ei omorganisering av arbeidet. Fagrådet for standardisering vart derfor frå januar 2024 omdanna til eit fagråd for brukarinteresser. I tillegg til Forbrukarrådet og Standard Norge deltek Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet, Landsorganisasjonen i Norge (LO), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Framtiden i våre hender (FIVH) i fagrådet. BFD vil i 2026 halde fram med å støtte samarbeidet med Forbrukarrådet og Standard Norge om å ta hand om forbrukarinteresser i standardiseringsarbeid.

Klagehandsaming og tilsyn

Nedanfor blir fyrst arbeidet med klagesaker til Forbrukartilsynet, Forbrukarklageutvalet og Forbrukar Europa omtalt. Deretter blir det gjort greie for arbeidet Forbrukartilsynet gjer med å føre tilsyn med at forbrukarvernreglane blir følgde. Til slutt blir sakene til Marknadsrådet omtalte. Det blir gjort greie for utviklingstrekk, gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2024 og i fyrste halvåret i 2025, og for planlagde tiltak i 2026.

Handsaminga av forbrukarklager

Tvistar knytte til kjøp og sal mellom forbrukarar og næringsdrivande, og mellom privatpersonar, handlar ofte om beløp som er for små til at domstolshandsaming er rekningssvarande. Derfor er det etablert eit system for utanrettsleg handsaming av slike tvistar, der Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet er sentrale aktørar. Forbrukar Europa, som er ei eining i Forbrukartilsynet, medverkar til å løyse klagesaker på tvers av landegrensene innanfor EØS-området. I tillegg har Forbrukarrådet ei viktig oppgåve med å rettleie forbrukarar som opplever problem eller har spørsmål i samband med kjøp. Forbrukarrådet representerer òg forbrukarane i fleire bransjevise klagenemnder, som Elklagenemnda og Transportklagenemnda.

Gode ordningar for klagehandsaming er vesentlege for å ta hand om både rettane til forbrukarane og ansvaret til dei næringsdrivande. Det er i tråd med interessene til alle at tvistar kan løysast raskt og rimeleg. For at systemet for klagehandsaming skal bli brukt, må det vere allment kjent, og handsamingstida må ikkje opplevast som for lang.

Departementet har derfor fastsett desse måla for arbeidet med klagehandsaming:

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane

Talet på saker som er handsama, og handsamingstidene er viktige indikatorar for kor godt systemet for klagehandsaming fungerer. I tillegg kan talet på innkomne saker indikere kor kjent systemet er, og seie noko om utfordringane forbrukarane opplever i samband med kjøp.

Klagesakene til Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet

Forbrukartilsynet meklar både i tvistar mellom privatpersonar og mellom forbrukarar og næringsdrivande. Dette medverkar til å senke terskelen for å få konfliktar løyste og avlastar samstundes rettssystemet.

I 2024 fekk Forbrukartilsynet inn 8 255 saker til mekling, ein nedgang på 23 prosent frå 2023. Dei fleste sakene handla om bilar og andre transportmiddel, følgt av saker om elektroniske produkt, klede og fritidsartiklar, varer til bustad og handverkartenester. 7 556 saker vart avslutta, og 4 111 saker vart mekla. Dette er ein nedgang på 12 prosent i avslutta saker og 30 prosent i mekla saker samanlikna med 2023. Hovudårsaka til nedgangen er at tilsynet i gjennomsnitt hadde 22 prosent færre meklarar til disposisjon i 2024 enn i 2023. Skilnaden på avslutta og mekla saker har mellom anna samanheng med at meir enn 2 200 saker vart trekte frå handsaming før meklinga kom i gang.

Handsamingstida auka i 2024 med 84 prosent, frå i snitt 115 dagar til 212 dagar. Restansane auka med 37 prosent, frå 3 215 saker til 4 415 saker. Aukane hadde i hovudsak samanheng med redusert bemanning og overgang til nytt sakshandsamingssystem. Det siste kravde opplæring og tilvenjing blant dei tilsette. På sikt ventar Forbrukartilsynet at det nye sakshandsamingssystemet skal gi effektiviseringsvinstar.

Klagesaker om varer, handverkartenester og angrerett som ikkje blir løyste ved mekling, kan takast vidare til Forbrukarklageutvalet. Forbrukarklageutvalet fekk i 2024 inn 1 043 saker, ein auke på 4 prosent frå 2023. I 713 saker vart det gjort vedtak, og 865 saker vart formelt avslutta, som er ein nedgang på høvesvis 51 og 52 prosent frå 2023. Handsamingstida, rekna frå sakene kom inn, til dei vart avslutta, gjekk ned frå i snitt 422 dagar til 212 dagar. Rekna frå tidspunkta klagene og vedtaka vart forkynte, var handsamingstida i snitt på 66 dagar, mot 79 dagar i 2023. Restansane auka med 46 prosent, frå i snitt 428 saker til 627 saker. Forbrukartilsynet ser nedgangen i saker med vedtak og auken i restansane i samanheng med at talet på sakshandsamarar for Forbrukarklageutvalet var 30 prosent lågare enn i 2023. I tillegg var restansane atskilleg reduserte etter 2023 som følgje av prosjektet «Leveranse i balanse», der Forbrukarklageutvalet mellombels var forsterka med fleire medlemmer.

Med verknad frå 1. juli 2024 vart det innført gebyr for å få saker handsama av Forbrukartilsynet (0,2 rettsgebyr – 262 kroner) og Forbrukarklageutvalet (eitt rettsgebyr – 1 314 kroner). Gebyra skal medverke til å redusere saksinngangen, halde handsamingstida kort og sørgje for at ressursane som er tilgjengelege blir nytta på sakene som har mest å seie for forbrukarane (typisk saker med større økonomisk verdi). Saksinngangen til Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet har gått ned etter at gebyra vart innførte. Det er likevel for tidleg å konkludere om kor stor del av nedgangen som har samanheng med gebyra. Nedgangen kan òg ha samanheng med andre tilhøve, som at mange truleg lèt vere å klage når dei blir klare over at handsamingstida (sjå over) framleis er lang.

BFD skal hausten 2025 gå i gang med ei fyrste evaluering av om handsamingsgebyra har verka etter intensjonane. I evalueringa vil departementet mellom anna sjå på utviklinga i mengda og typane klagesaker sidan 1. juli 2024.

Klagehandsaminga til Forbrukar Europa

Forbrukar Europa er ei eining i Forbrukartilsynet og ein del av nettverket EU-kommisjonen har av forbrukarkontor i europeiske land. Kontora i nettverket skal medverke til tillit i marknadene, mellom anna ved å gjere det enklare for forbrukarane å klage på kjøp over landegrensene innanfor EØS-området. EU-kommisjonen gir tilskot til drifta av Forbrukar Europa, som i 2024 disponerte rundt fem årsverk.

Dei seinaste åra har Forbrukar Europa registrert ein stor auke i saksinngangen. Auken har dei siste fire åra vore på over 50 prosent.

I 2024 handsama Forbrukar Europa 2 016 saker. Som i 2023 handla mange av sakene om flyreiser, hotellovernattingar, leigebilar og nettkjøp. Ei anna vanleg problemstilling i 2024 var «abonnementsfeller», det vil seie saker der forbrukarane har fått betalingskrav utan å oppfatte at dei har bunde seg til ein avtale eller fått opplyst at dei har inngått eit abonnement.

48 prosent av sakene Forbrukar Europa handsama i 2024, vart løyste til fordel for forbrukarane. 84 prosent av forbrukarane gav uttrykk for at dei var nøgde med tenesta. Etter mekling frå Forbrukar Europa fekk forbrukarane tilbake rundt 1,9 mill. kroner frå næringsdrivande (beløpet omfattar òg krav som forbrukarane slapp å betale).

Telefontenesta til Forbruker Europa måtte halde stengt i delar av fyrste halvåret 2024 på grunn av låg bemanning. Likevel fekk eininga i løpet av året inn 1 038 førespurnader på telefon om råd og rettleiing. Nettsida til Forbrukar Europa hadde om lag 115 000 sidevisingar frå rundt 100 000 unike besøkjande, samanlikna med om lag 100 000 sidevisingar og rundt 90 000 besøkjande i 2023.

Representasjon frå Forbrukarrådet i bransjevise klagenemnder

I Noreg finst det ei rekkje godkjende, bransjevise klagenemnder for handsaming av forbrukartvistar, mellom andre Elklagenemnda og Transportklagenemnda. Klagenemndene er underlagde godkjenningslova, som ligg til BFD. Godkjenningslova skal sikre at Noreg oppfyller forpliktingane etter EØS-avtalen, mellom anna direktivet om alternativ tvisteløysing. Etter lova skal sakene vere løyste innan 90 dagar etter dei er fullt opplyste.

Systemet med bransjevise klagenemnder skal gi forbrukarane tilgang til effektiv, rimeleg og rettstrygg tvisteløysing og avlastar samstundes domstolane. Tilbodet skal vere heildekkjande, slik at forbrukarar har eit reelt alternativ til rettsleg prøving – uavhengig av kva vare eller teneste tvisten gjeld.

Forbrukarrådet deltek som part i dei utanrettslege klagenemndene og har der ei sentral rolle i å ta hand om interessene til forbrukarane.

Saksinngangen til dei bransjevise klagenemndene har over tid auka atskilleg. Sakene har òg blitt meir komplekse og ressurskrevjande, og fleire har fått større prinsipiell vekt.

Denne samla utviklinga legg eit aukande press på kapasiteten Forbrukarrådet har til å stille med representantar i nemndene. For å styrkje denne kapasiteten er basisløyvinga til rådet føreslått auka med 2,5 millionar kroner i 2026, mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga til Forbrukartilsynet.

Tilsynet med forbrukarvernreglar

Ei viktig oppgåve for Forbrukartilsynet er å føre tilsyn med at reglane i mellom anna marknadsføringslova blir følgde. Marknadsføringslova er ei generell lov som gjeld på tvers av marknader og produkt- og tenestetypar. Lova stiller krav om god marknadsføringsskikk og forbyr urimeleg handelspraksis eller urimelege avtalevilkår. Forbrukartilsynet skal gjennom informasjonstiltak, tilsynsaktivitetar, forhandlingar og vedtak få næringsdrivande til å følgje reglane i marknadsføringslova og andre forbrukarvernlover. Desse verkemidla er avgjerande for å halde ved lag eit sterkt forbrukarvern. Samstundes utfordrar digitaliseringa den gjeldande tilsynsmetodikken, og det er eit stort behov for å utvikle tilsynsmetodikken og samarbeidet med andre tilsynsstyresmakter.

Forbrukartilsynet er fagleg uavhengig i utføringa av tilsynsoppgåvene. Dei overordna prioriteringane gjer BFD i samråd med tilsynet.

Departementet har dette målet for tilsynsarbeidet:

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område

I 2024 fekk Forbrukartilsynet 6 993 tips og svarte på 752 førespurnader om rettleiing. Tilsynet opna 311 tilsynssaker mot næringsdrivande, utarbeidde 777 orienteringsbrev og rettleiingar og varsla eller gjorde 12 vedtak med økonomiske sanksjonar. Det vart gjennomført aktivitetar og tilsyn på alle dei prioriterte områda som var nemnde i tildelingsbrevet frå departementet (sjå omtale av utvalde aktivitetar under overskriftene nedanfor). I tillegg hadde tilsynet aktivitetar på einskilde andre område som vart vurderte som særleg aktuelle eller viktige.

Marknadsføring og avtalevilkår i digitale kanalar, produkt og tenester som kan utfordre forbrukarvernet på sikt

Forbrukartilsynet prioriterte i 2024 å delta aktivt i det europeiske nettverket av forbrukarstyresmakter (CPC) og samarbeidde om fleire konkrete felles handhevingssaker. Mellom anna følgde tilsynet opp forbrukarutfordringar knytte til dataspel i både europeiske og internasjonale forum og leidde eit prosjekt som førte til semje på europeisk nivå om krav til speltilbydarar. Desse krava vil bli følgde opp vidare, mellom anna for å hindre at forbrukarane blir lurte til å bruke virtuell valuta og gjennomføre kjøp inne i spel. Nasjonalt etablerte Lotteri- og stiftelsestilsynet, Medietilsynet og Forbrukartilsynet eit fast samarbeid om pengespel og spel om pengar i dataspel for å styrkje handhevinga av det samla regelverket på området. Forbrukartilsynet vurderte òg korleis næringsdrivande følgde opp digitalytingslova, og såg på bakgrunn av mottekne tips at det var behov for meir rettleiing om reglane. I tillegg medverka Forbrukartilsynet i arbeidet med å implementere forordningane om digitale tenester (DSA) og kunstig intelligens.

Marknadsføring overfor barn og unge, medrekna i digitale kanalar, og kommersielt press overfor russ

Aksjon Injeksjon er eit samarbeid mellom fleire tilsynsstyresmakter for å avdekkje ulovleg marknadsføring av kosmetiske inngrep og behandlingar. I ein tilsynsaksjon i 2024 retta Forbrukartilsynet merksemda mot marknadsføring i sosiale medium som kan medverke til kroppspress blant barn. Tilsynet fann færre lovbrot enn i 2023, og bransjen synest å ha fått større medvit sidan den heilskaplege innsatsen i Aksjon Injeksjon starta. Samstundes avdekte Forbrukartilsynet lovbrot og fann behov for rettleiing overfor 15 klinikkar som tilbyr kosmetiske inngrep og behandlingar. Éi sak vart òg handsama der ein påverkar hadde publisert marknadsføring for plastiske inngrep og operasjonar i sosiale medium – noko Forbrukartilsynet vurderte som medverkande til kroppspress blant barn. Tilsynet deltok òg i arbeidet med Handlingsplan for trygg digital oppvekst og kom med innspel til regelverksarbeid som skal styrkje forbrukarvernet for barn.

Arbeidet med å avdekkje ulovleg reklame i sosiale medium er svært ressurskrevjande. Skjult reklame i sosiale medium vart handsama som einskildsaker, saman med ei sak om ulovlege kjøpsoppmodingar til barn på TikTok.

Forbrukartilsynet deltok i 2024 òg i den nasjonale samarbeidsgruppa for ei ny og meir inkluderande russefeiring og gav innspel til endringar i russefeiringa. Det var samarbeid med fleire etatar om kommersielt press overfor russ, mellom anna med Utdanningsdirektoratet om forbodet mot reklame i skulen. For å få meir innsikt i kva marknadsføring unge får frå russeaktørar, har Forbrukartilsynet søkt informasjon frå unge sjølve – mellom anna ved å leggje til rette for anonyme tips. Det har vore utfordrande å få slike tips, men noko kan følgjast opp i planlegginga av tilsynsarbeidet.

I 2026 vil regjeringa satse på å vesentleg styrkje kapasiteten i Forbrukartilsynet til å avdekkje og stanse ulovleg marknadsføring som barn blir eksponerte for i digitale medium. Sjå omtale av digitale tilsynsverktøy under overskrifta «Reglar og rammevilkår» ovanfor.

Marknadsføring og avtalevilkår på marknaden for straum

Mange straumsalselskap nyttar standardavtalar for levering av straum. Forbrukartilsynet prioriterte derfor i 2024 å rettleie bransjeorganisasjonen Fornybar Norge. For å informere bransjen om krava til varsling av kundar når avtalane blir endra, arrangerte tilsynet webinar. Dette har ført til redusert behov for tilsyn med aktørane. Samstundes var det framleis behov for både å drive med rettleiing og gjennomføre tilsynssaker mot fleire straumselskap. Forbrukartilsynet sette derfor i gang arbeid med meir omfattande og konkrete rettleiingar til regelverket.

Finansielle tenester med særleg vekt på tilbod om kreditt og lovlegheita av storleiken på fakturagebyr

Etter ei avgjerd i EFTA-domstolen som reiste spørsmål om standardvilkår for renteendringar på bustadlån, deltok Forbrukartilsynet i 2024 i oppfølgingsarbeid og rettleidde om sine vurderingar til fleire aktørar som er omfatta av krava. EØS-regelverket om urimelege avtalevilkår har verknad for standardvilkår som blir nytta i ei rekkje finansielle tenester.

Dei siste åra har det vore ein stor auke i bruken av utsett betaling ved netthandel. Sjølv om «kjøp no – betal seinare» kan vere praktisk, inneber slike tenester òg risiko. Frå 1. januar 2023 vart desse tenestene regulerte som ordinære kredittavtalar i finansavtalelova, men fleire leverandørar retta seg ikkje etter krava. Forbrukartilsynet tok i 2024 opp ei sak med den største aktøren, som deretter har innretta seg etter regelverket. For å medverke til at næringsdrivande følgjer reglane for marknadsføring av kreditt, oppdaterte Forbrukartilsynet rettleiinga om dette på nettsidene sine i 2024.

Aktørar som krev fakturagebyr, fekk rettleiing om kva nivå slike gebyr lovleg kan leggjast på. Forbrukartilsynet har etter dette registrert at mange næringsdrivande har redusert gebyra, medrekna i straum- og telebransjen. I parkeringsbransjen har Forbrukartilsynet vurdert at det trengst sterkare verkemiddel, og varsla derfor vedtak om forbod med høge tvangsmulkter mot dei tre største parkeringsselskapa.

Openheitslova

Det er framleis stor etterspurnad etter rettleiing om openheitslova. Forbrukartilsynet bruker mykje ressursar på dette arbeidet – både gjennom eigne nettsider, informasjonsvideoar i sosiale medium og kurs i samarbeid med andre aktørar på feltet for berekraftig forbruk.

Handsaminga av tilsynssaker etter openheitslova er ressurskrevjande, ettersom mange nye juridiske problemstillingar må greiast ut. Det fyrste vedtaket for brot på openheitslova vart gjort i 2024. Vedtaket vart klaga inn til Marknadsrådet, som slo fast at lova var broten, men oppheva vedtaket likevel fordi heimelen for å gi lovbrotsgebyr ikkje var klar nok.

Forbrukartilsynet medverka i 2024 i arbeidet med å evaluere openheitslova og aktsemdsdirektivet frå EU. Evalueringa av openheitslova og arbeidet med aktsemdsdirektivet er nærare omtalte under overskrifta «Reglar og rammevilkår» ovanfor.

Prioriteringar for tilsynsarbeidet i 2026

BFD legg stor vekt på faglege innspel frå Forbrukartilsynet ved fastsetjinga av prioriteringane for tilsynsarbeidet og lagar til tildelingsbrevet etter dialog med tilsynet. Fleire av dei prioriterte områda frå tidlegare år vil framleis vere aktuelle i 2026 – til dømes marknadsføring retta mot barn og unge i digitale medium.

Regjeringa sette før sommaren 2025 i gang fleire nye tiltak for å betre konkurransen i daglegvaremarknaden. Mellom anna vart tilsynet Forbrukartilsynet fører med prisinformasjon, prioritert høgare. Arbeidet med å betre konkurransen i daglegvaremarknaden må gå over lengre tid, og tilsynet med prisinformasjon i denne marknaden vil derfor truleg òg få prioritet i 2026.

Det vil òg i 2026 framleis bli lagt opp til at Forbrukartilsynet med tilsyn skal kunne følgje opp nye område og tema som blir aktuelle eller viktige i løpet av året.

Digitale verktøy er naudsynt for effektivt å avdekkje og handtere ulovleg marknadsføring, særleg i sosiale medium. For å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium med bruk av digitale tilsynsverktøy er løyvinga til Forbrukartilsynet føreslått auka med 15 mill. kroner i 2026. Satsinga på digitale tilsynsverktøy er nærare omtalt under overskrifta «Reglar og rammevilkår» ovanfor.

Sakene til Marknadsrådet

Marknadsrådet er klageinstans for vedtaka Forbrukartilsynet gjer etter marknadsføringslova, openheitslova, digitalytingslova, pakkereiselova og angrerettlova. I tillegg handsamar Marknadsrådet klager på vedtak Helsedirektoratet har gjort etter alkohollova og tobakkskadelova, og klager på vedtak Daglegvaretilsynet har gjort etter lov om god handelskikk i daglegvarekjeden.

I 2024 avgjorde Marknadsrådet ni saker, to færre enn i 2023. To av sakene gjaldt påbods- og forbodsvedtak med tvangsmulkt, der rådet tok klaga til følgje i den eine. To saker gjaldt krav om dekking av sakskostnader som følgje av at det var gitt medhald i klagesaker. I begge sakene avgjorde Marknadsrådet at krava delvis skulle takast til følgje. Tre saker gjaldt klager på nedprioriteringar, der ingen av klagarane fekk medhald. Endeleg gjorde Marknadsrådet vedtak i to saker som gjaldt gebyr for brot på reglane for alkohol- eller tobakksreklame. Her førte heller ingen av klagene fram.

Informasjon og kunnskap

På mange marknader er det vanskeleg for forbrukarane å samanlikne produkt og prisar. Det kan òg vere krevjande å få oversikt over konsekvensane som produksjonen og bruken av produkt kan ha – til dømes for helse, miljø, klima og arbeidstilhøve. Mange forbrukarar kan i tillegg ikkje nok om rettane og pliktene sine, eller om korleis dei kan gå fram dersom dei får problem med varer og tenester dei har kjøpt.

Nedanfor blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal hjelpe forbrukarane med å ta meir informerte val og kjenne rettane og pliktene sine. Oppdrag Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet har med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om situasjonen for forbrukarane og vidareutvikle referansebudsjettet for hushaldsutgifter, blir òg omtalt. Det blir gjort greie for utviklingstrekk, gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2024 og i fyrste halvåret i 2025, og for planlagde tiltak i 2026.

Forbruk og miljø

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane enklare kan ta val som er berekraftige, anten det gjeld klima og miljø eller andre tilhøve, som grunnleggjande menneskerettar og arbeidstilhøve.

Ofte manglar informasjon om konsekvensane av produksjonen og bruken av varer og tenester, eller informasjonen kan vere overveldande eller motstridande. Valsituasjonen til forbrukarane blir ikkje enklare av at mange marknader er prega av «grønvasking», det vil seie at produkt blir marknadsførte som berekraftige utan å vere det eller utan at det kan dokumenterast. I verste fall kan forbrukarane bli lurte til å kjøpe noko anna enn dei eigentleg ønskjer. Verksemder som faktisk tilbyr berekraftige produkt, kan òg bli skadelidande fordi dei taper i konkurransen med verksemder som gir eit feilaktig inntrykk av berekraft.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Betre føresetnader for eit berekraftig forbruk

Tiltak og resultat knytte til målet blir omtalte under overskriftene «Miljømerka Svana og EU Ecolabel», «Matsvinn», «Forbrukerrådets miljøveileder», «Utfordringar knytte til netthandel» og «Fairtrade» nedanfor. Nokre av tiltaka omtalte under overskrifta «Opplæring i forbrukaremne» lenger ned er òg relevante for målet. Det same er EU-regelverket om dokumentasjon ved bruk av miljøpåstandar, merking og marknadsføring og arbeidet med å evaluere openheitslova, som er omtalt under overskrifta «Reglar og rammevilkår» ovanfor.

Miljømerka Svana og EU Ecolabel

Dei offisielle miljømerka, den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Begge merka er verkemiddel som gjer det enkelt for forbrukarane å ta meir miljømedvitne og berekraftige val. Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) forvaltar merka. Miljømerking arbeider for å auke talet på produkt med miljømerke i Noreg og informerer om at desse er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

Utvalet av svanemerkte produkt auka innanfor fleire produktgrupper i 2024. Størst auke var det innanfor gruppa «utemøblar, leike- og parkutstyr». Samstundes var det nedgang i andre grupper og særleg innanfor produktgruppene «møblar og innreiingar» og «tekstilar». Samla gjekk talet på svanemerkte produkt på den norske marknaden ned med 16 prosent frå 2023 til 2024 – frå 34 492 til 29 134 produkt. Nedgangen hadde hovudsakleg samanheng med bortfall av lisensar som følgje av reviderte og skjerpa krav og endringar i måten ein tel dei svanemerkte produkta på.

Miljømerking undersøkjer årleg kjennskapen til Svana og EU Ecolabel. I 2024 svarte 96 prosent av respondentane at dei hadde kjennskap til Svana, mot 97 prosent i 2023. 24 prosent svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel, mot 18 prosent i 2023. Den breie kjennskapen tyder på at mange veit at miljømerka gir god rettleiing om forbruksval som er mindre miljøbelastande og meir berekraftige.

Miljømerking vil i 2026 halde fram innsatsen for å auke talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden. Dei vil òg spreie informasjon til både forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt er enkle og trygge miljøval. Dei strenge krava for å miljømerkje varer og tenester tek omsyn til miljøpåverknaden gjennom heile livssyklusen. I tråd med dette skal Miljømerking synleggjere Svana som verktøy for ein meir sirkulær og berekraftig økonomi. Regjeringa vil støtte opp om arbeidet til Miljømerking med løyvingar over budsjetta til BFD og Klima- og miljødepartementet.

Matsvinn

Sidan 2017 har BFD delteke i ein bransjeavtale om matsvinn saman med Klima- og miljødepartementet (KLD), Landbruks- og matdepartementet (LMD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og tolv bransjeorganisasjonar. Målet er at svinnet i heile verdikjeda for mat innan 2030 skal halverast samanlikna med 2015, i samsvar med FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn.

Eit ekspertutval leverte ein rapport til KLD i 2024 med forslag til korleis Noreg kan nå reduksjonsmåla, mellom anna gjennom tiltak retta mot forbrukarane. KLD og LMD har i 2024 og 2025 arbeidd med å følgje opp rapporten. LMD overtok ansvaret frå KLD for matsvinnarbeidet i 2024. I 2025 la regjeringa fram eit forslag til ei matsvinnlov8, som vart vedteken i juni 2025. For å motverke matsvinn og anna svinn fastsette òg BFD hausten 2024 endringar i prisopplysingsforskrifta § 9 a, som inneber at det frå 1. januar 2025 vart innført eit unntak frå krav om å informere om førpris ved salsmarknadsføring av varer med kort haldbarheit. Unntaket frå førpriskravet er nærare omtalt under overskrifta «Reglar og rammevilkår» ovanfor.

Sidan halvparten av matsvinnet kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte tiltak som kan medverke til å redusere dette svinnet. BFD har derfor i mange år gitt tilskot til organisasjonen Matvett AS, som arbeider for å redusere matsvinn. I 2024 støtta BFD óg utviklinga av ein kartleggingsrapport som Norsk institutt for bærekraftsforskning (NORSUS) gjennomførte. Rapporten viser at matsvinnet på forbrukarleddet er redusert med 18 prosent frå 2016 til 2023, med den største reduksjonen i perioden 2020–2023. BFD vil i 2026 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane får større medvit om å redusere matsvinnet.

Forbrukerrådets miljøveileder

I august 2024 lanserte Forbrukarrådet nettstaden Forbrukerrådets miljøveileder, ei informasjonsteneste tidlegare kjend som Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet. Nettstaden er utvikla for å hjelpe forbrukarar med å ta berekraftige val og redusere miljøpåverknaden. Tenesta gir informasjon om produkt, framhevar relevante testar og deler idear og metodar som fremjar sirkulær økonomi. Frå januar 2025 kan forbrukarane òg rekne ut sitt eige klimafotavtrykk med Klimatesten (klimatesten.no). Testen er tilpassa norske tilhøve og gir skreddarsydde råd om korleis brukarane kan redusere klima- og miljøfotavtrykket sitt. I 2026 blir det viktig å gjere nettstaden godt kjend og brukt blant forbrukarane. Vidare utvikling og vedlikehald av nettstaden vil òg vere viktig.

Utfordringar knytt til netthandel

Dei siste åra har det vore ein kraftig auke i importen av lågkostvarer frå tredjeland, som blir kjøpte via nett og sende direkte til forbrukarar i Europa. Med lågkostvarer meiner ein i denne samanhengen varesendingar under 150 euro, som er den gjeldande tollfritaksgrensa i EU. Tal frå EU-kommisjonen viser at det i 2024 vart importert 4,6 milliardar slike sendingar til Europa – meir enn ei tredobling sidan 2022.

Den store auken i denne typen netthandel har ført med seg fleire utfordringar for forbrukarane, næringslivet og klima og miljø. Auken inneber ein høgare risiko for import av produkt som ikkje oppfyller gjeldande EU-krav. Varene det dreier seg om, kan òg utgjere ein tryggleiksrisiko eller vere helseskadelege for forbrukarane. I tillegg kan dei ha store negative verknader på klima og miljø.

Regjeringa er oppteken av at forbrukarane skal kunne stole på at produkta dei kjøper, er trygge, og at forbrukarrettane blir tekne vare på – uavhengig av om eit produkt er kjøpt i ein fysisk butikk eller på internett. Regjeringa har nyleg sett ned ei innsatsgruppe med deltaking frå fleire departement for å medverke til at forbrukarane kan handle trygt på internett.

Fairtrade

Fairtrade Norge arbeider for å gjere det enklare for forbrukarar og verksemder å ta berekraftige val. Fairtrade Norge er del av den globale ordninga Fairtrade International. Ordninga er 50 prosent eigd og driven av råvareprodusentar. Det finst standardar for råvarer som kaffi, te, kakao, frukt, nøtter, blomar og bomull. Nasjonalt arbeider Fairtrade for at norske importørar, merkevareeigarar, distribusjonskanalar og næringsliv skal handle med Fairtrade-sertifiserte råvarer og tilby fleire Fairtrade-merkte produkt til norske forbrukarar.

Marknadsdelen for Fairtrade-produkt i Noreg er låg samanlikna med til dømes Sverige. Fleire Fairtrade-merkte produkt på den norske marknaden vil gi betre føresetnader for eit berekraftig forbruk. Fairtrade Norge ønskjer å styrkje informasjonen retta mot norske forbrukarar. Dei vil òg styrkje informasjon og rettleiing overfor private og offentlege aktørar. BFD føreslår i 2026 å støtte opp om denne satsinga gjennom eit tilskot.

Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet

Det følgjer av rolla Forbrukarrådet har som interesseorganisasjon, at rådet skal gi forbrukarane råd og rettleiing som dei kan nytte både før og etter at dei har gjort eit kjøp.

Forbrukarrådet registrerte 49 134 førespurnader via telefon og e-post/internett i 2024, mot 49 709 i 2023. Som i tidlegare år var «bruktbilar» kategorien som Forbrukarrådet fekk flest førespurnader om, følgt av «handverkartenester» og «husleige». Størst vekst hadde kategorien «kosmetikk og toalettartiklar», som auka med nesten 80 prosent. Forbrukarrådet ser denne auken i samanheng med omfattande marknadsføring av gratis prøvepakkar med tannbleikingsprodukt, som i praksis viste seg å vere abonnement det var vanskeleg å komme seg ut av.

Nettsida forbrukarradet.no hadde i 2024 kvar månad i snitt 708 927 unike sidevisingar. Via nettsida har brukarane tilgang til ei rekkje sjølvhjelpsverktøy og informasjonstenester. Mange var innom produkttestane til Forbrukarrådet, som tidleg i 2025 hadde hatt over ein million unike sidevisingar. Til dømes hadde ein solkremtest, som vart publisert i 2023, over 200 000 unike sidevisingar i 2024.

Forbrukarrådet driftar dei to marknadsportalane finansportalen (finansportalen.no) og straumprisportalen (strømpris.no). Medan finansportalen per no gir informasjon om prisane på og vilkåra for banktenester, pensjonsprodukt og fond, gir straumprisportalen informasjon om prisane og vilkåra for straumavtalar. Målet er at informasjonen på desse tenestene skal vere oppdatert og hjelpe brukarane med å ta informerte val og utøve forbrukarmakt.

Bank-, fonds- og pensjonsdelen av finansportalen hadde kvar månad i snitt til saman 192 018 unike sidevisingar i 2024. Straumpristenesta hadde i snitt 89 687 unike sidevisingar. Flest visingar hadde banktenesta.

Straumpristenesta hadde klart færre unike brukarar per veke i 2024 enn i 2023 (18 500, mot 19 500). Nedgangen ser Forbrukarrådet i samanheng med lågare straumprisar og tilsvarande mindre interesse blant folk for å byte straumleverandør.

Forsikringstenesta, som hittil har vore ein del av finansportalen, vart våren 2024 mellombels teken ned fordi ho ikkje lenger gav forbrukarane høve til gjere gode nok val. Både forsikringsmarknaden og behova til forbrukarane har endra seg mykje dei seinare åra. Forbrukarrådet er derfor i gang med å lage ei ny forsikringsteneste som betre skal dekkje individuelle behov og gjere det enklare for brukarane å forstå og samanlikne vilkår og prisar.

Flykalkulatoren til Forbrukarrådet, som skal gjere det enklare for forbrukarane å kjenne rettane sine når fly er forseinka eller innstilte, hadde i 2024 over 181 000 unike norske sidevisingar. I tillegg hadde kalkulatoren nesten 600 000 utanlandske visingar, som har samanheng med at han er omsett til 20 språk og blir nytta av fleire europeiske forbrukarorganisasjonar.

Togkalkulatoren, som vart lansert tidleg i 2024, skal gjere det enklare for togpassasjerar å få informasjon om kva dei har krav på når tog er forseinka eller innstilte. Kalkulatoren hadde gjennom det fyrste driftsåret 182 936 unike sidevisingar.

Gjennom 2024 og inn i 2025 har Forbrukarrådet arbeidd vidare med å forbetre dei ulike informasjonstenestene. Flykalkulatoren, banktenesta og pensjonstenesta har fått eit meir brukarvennleg design. Ei ny nettside, Forbrukerrådet Ung, er lansert med mål om å gjere unge forbrukarar og studentar meir medvitne om rettane sine. I tillegg har straumpristenesta fått eit nytt innrapporteringsverktøy som gjer at prisane no blir publiserte løpande, mot tidlegare ein gong i timen.

Finansportalen skal gjere det mogleg for forbrukarane å samanlikne prisar på finansielle tenester, slik at dei kan ta informerte val. For at portalen skal vere truverdig og tene føremålet sitt, går det ikkje an å basere seg på frivillig innrapportering av prisane (gebyra) på tenestene. Regjeringa har derfor, etter ei høyringsrunde våren 2025, vedteke endringar i prisopplysingsforskrifta. Endringane inneber at alle som sel verdipapirfond og tenester knytte til pensjonsprodukt, får plikt til å rapportere gebyra sine til Finansportalen. Rapporteringsplikta vil gjelde frå 1. januar 2026.

I 2026 vil Forbrukarrådet halde fram med å utvikle nettsida forbrukarradet.no med tilhøyrande informasjonstenester i tråd med nye utviklingstrekk og behova til forbrukarane.

Delar av informasjonsverksemda til Forbrukarrådet blir òg omtalte under overskrifta «Forbrukerrådets miljøveileder» ovanfor.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Forbrukarpolitikken skal byggje på fakta og gode kunnskapar om situasjonen til forbrukarane. Forskingsmidlane BFD har på forbrukarsektoren, går i hovudsak til Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet (SIFO). SIFO er ein sentral kunnskapsleverandør på forbrukarområdet. Gjennom 2024 og 2025 har SIFO utført fleire oppdrag for BFD for å styrkje kunnskapsgrunnlaget om aktuelle forbrukarpolitiske område. Det gjeld tema som forbrukarane sin økonomiske situasjon, den digitale kvardagen til forbrukarane og berekraftig forbruk.

Eit av berekraftstemaa SIFO har arbeidd med, er eit forskingsprosjekt om openheitslova. SIFO har levert tre delprosjekt og ein oppsummeringsrapport9 til BFD. Prosjektet er ein del av evalueringa BFD har gjennomført av openheitslova. Evalueringa av openheitslova og hovudfunna er nærare omtalte under overskrifta «Reglar og rammevilkår» ovanfor.

Innanfor temaet «forbrukarane sin digitale kvardag» leverte SIFO i 2025 rapporten Engasjerende eller manipulerende? Plattformdesign i møte med barns digitale praksiser og sårbarhet10. Rapporten tek føre seg tilhøvet mellom engasjerande og manipulerande design, med utgangspunkt i den daglege bruken av digitale plattformer til eit utval unge forbrukarar. Rapporten viser at det er fleire faktorar og mekanismar som medverkar til å halde ved lag tidsbruken og åtferdsmønstera til unge på slike plattformer.

Referansebudsjett for hushaldsutgifter frå SIFO er eit viktig verktøy, og det vart oppdatert både i 2024 og 2025. Budsjettet gir eit mål på økonomiske levekår basert på forbruk, og både offentleg og privat sektor nyttar dette til økonomisk rådgiving og utrekning av alminnelege levekostnader. Det dannar òg grunnlaget for å fastsetje barnebidrag og kostnader knytte til å halde ved lag eit definert forbruks- og levekårsnivå for ulike hushaldssamansetjingar.

I 2026 vil BFD føre vidare samarbeidet med SIFO om forvaltingsrelaterte forskingsoppgåver på forbrukarområdet. Målet er framleis å kaste lys over sentrale problemstillingar i prioriterte saker og medverke til god kunnskap om aktuelle forbrukartema. I tillegg vil BFD hente inn kunnskapar om forbruk og forbrukarutfordringar frå andre kjelder, som Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet, EU-kommisjonen og Statistisk sentralbyrå.

Korrekte og forståelege prisar kan medverke til betre konkurransetilhøve, slik at forbrukarane får eit betre vareutval og lågare prisar. Dette er særleg viktig i daglegvaremarknaden, der få aktørar dominerer. I mai 2025 lanserte derfor regjeringa fleire nye tiltak for å betre konkurransen i denne marknaden. Eitt av tiltaka handlar om å kartleggje korleis fordelsprogramma til aktørane i daglegvaremarknaden påverkar evna forbrukarane har til å orientere seg og få prisinformasjon. BFD og Nærings- og fiskeridepartementet har saman nyleg lyst ut eit forskingsoppdrag om dette.

Opplæring i forbrukaremne

Regjeringa vil at skuleelevar skal få god opplæring i viktige forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Forbrukaremna er tverrfaglege og omfattar alt frå personleg økonomi og forbrukarrettar til berekraftig forbruk, digital dømmekraft og kritisk mediebruk. Elevane skal få praktisk og relevant kunnskap som gjer dei i stand til å forstå konsekvensane av eigne val – både for seg sjølv, samfunnet og miljøet. Opplæringa skal òg medverke til at elevane utviklar digital kompetanse og evne til å handtere komplekse dilemma i ei stadig meir digital og global verd.

Samarbeidet med Universitetet i Innlandet

BFD har i mange år samarbeidd med Universitetet i Innlandet (tidlegare Høgskolen i Innlandet), Senter for samarbeidslæring (CCL) om opplæring i forbrukaremne. I 2024 utvikla CCL mellom anna nye videoar for undervising, arrangerte lokale temamøte og vidareutvikla verktøykassar med læringsmateriell. I tillegg omsette, trykte opp og distribuerte CCL eksisterande materiell. Til saman vart 2 444 kopiar med verktøykassar distribuerte til lærarar i 2024.

Dei siste åra har CCL mellom anna satsa på Facebook-kampanjar retta mot lærarar og lærarstudentar for å marknadsføre serien sin med verktøykassar med læremateriell og videoar. I 2024 vart merksemda retta særleg mot lærarstudentar og unge menneske generelt via ei ny side på Instagram. Dette førte til at talet på følgjarar og besøkjande auka.

CCL samarbeidde i 2024 med mange ulike aktørar og på fleire ulike arenaer. Ein av arenaene er nettverket «Skolemeny», som arbeider med opplæring i personleg økonomi. BFD har vidareført samarbeidet med Universitetet i Innlandet i 2025 og vil halde fram med det i 2026.

Samarbeidet med Ungt Entreprenørskap

BFD førte i 2024 vidare samarbeidet med Ungt Entreprenørskap om undervisingsprosjektet «Grønt og Genialt!», som mellom anna skal fremje forståing for berekraftig forbruk og medverke til større engasjement om løysingar som kan føre til meir berekraftige forbruksmønster. Berekraftig utvikling er eit av dei tverrfaglege temaa i læreplanverket i skulen, og prosjektet har dermed fått meir relevans.

Over tid har samarbeidet mellom BFD og Ungt Entreprenørskap medverka til å byggje erfaring og kompetanse som gir ringverknader utover sjølve prosjektet. «Grønt og Genialt!» har òg spelt ei avgjerande rolle for korleis Ungt Entreprenørskap arbeider med berekraft, og medverka til at berekraft no er tema i fleire andre prosjekt i deira regi. Totalt gjennomførte 5 300 elevar «Grønt og Genialt!» i 2024. Målet var 3 000 elevar.

BFD har vidareført samarbeidet med Ungt Entreprenørskap i 2025 og vil halde fram med det i 2026.

Verktøy for opplæring om reklame («Reklameskolen»)

Reklameskolen er eit verktøy for opplæring om reklame som Forbrukartilsynet har utvikla på oppdrag frå BFD. Verktøyet skal medverke til at barn og unge kan identifisere og forstå marknadsføring i kanalar som er relevante for dei. Det er ope tilgjengeleg på internett. Opphavleg var verktøyet tilpassa elevar i barne- og ungdomsskulen, men vinteren 2025 vart det òg lansert ein versjon for elevar i den vidaregåande skulen.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

860

Forbrukarrådet

124 539

128 976

136 106

5,5

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

16 580

17 210

17 830

3,6

865

Forbrukarpolitiske tiltak

20 738

21 858

23 911

9,4

868

Forbrukartilsynet

134 374

141 212

158 250

12,1

Sum kategori 11.30

296 231

309 256

336 097

8,7

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

3868

Forbrukartilsynet

4 352

5 849

5 024

-14,1

Sum kategori 11.30

4 352

5 849

5 024

-14,1

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

136 706

144 460

161 214

11,6

50–89

Overføringar til andre

159 525

164 796

174 883

6,1

Sum kategori 11.30

296 231

309 256

336 097

8,7

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

50

Basisløyving

92 340

95 553

101 483

51

Marknadsportalar

32 199

33 423

34 623

Sum kap. 860

124 539

128 976

136 106

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å ta hand om interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet informere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp, og som til dømes treng hjelp til å fremje ei klage.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet og med eigne vedtekter og eit styre.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjersle til styremedlemmene, utgifter til kontordrift, husleige og interessepolitiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Posten dekkjer òg utgifter til Forbrukerrådets miljøveileder (tidlegare Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet). Vidare dekkjer posten utgifter til utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, kampanjar, informasjonstiltak, profilering av eigne tenester og kostnader ved å leggje fram prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett for domstolane. Over posten gir Forbrukarrådet òg tilskot til drift av sekretariatet for brukarinteresser i standardisering (tidlegare forbrukarsekretariatet) i Standard Norge.

I 2026 føreslår regjeringa å auke i basisløyvinga til Forbrukarrådet med 2,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon i driftsutgiftene til Forbrukartilsynet over kap. 868, post 01. Auken skal styrkje kapasiteten Forbrukarrådet har til å delta i dei bransjevise klagenemndene.

Departementet føreslår ei løyving på 101,5 mill. kroner i 2026.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift og utvikling av tenestene som er del av finansportalen (finansportalen.no) og straumprisportalen (strømpris.no).

Departementet føreslår ei løyving på 34,6 mill. kroner i 2026.

Kap. 862 Stiftinga Miljømerking i Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

70

Driftstilskot

16 580

17 210

17 830

Sum kap. 862

16 580

17 210

17 830

Ansvarsområdet til verksemda

Føremålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Arbeidet går ut på å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmene er oppnemnde av BFD, Forbrukarrådet, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Virke, Landsorganisasjonen (LO), handelskjedene og miljøorganisasjonane.

I 2024 fekk Miljømerking 16,6 mill. kroner i driftstilskot frå BFD. Av dette beløpet vart om lag 2,8 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking 1,3 mill. kroner i driftstilskot frå Miljødirektoratet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 58,2 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Miljømerking i 2026. Målet med tilskotet er å støtte opp om arbeidet til Miljømerking med å administrere den nordiske miljømerkeordninga (Svana) og dekkje utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel). Målgrupper for ordninga er produsentar av varer og tenester, forbrukarar og profesjonelle innkjøparar. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene.

Departementet føreslår ei løyving på 17,8 mill. kroner i 2026.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

2 332

3 248

2 964

50

Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

8 533

8 866

8 866

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 840

1 910

3 965

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

8 033

7 834

8 116

Sum kap. 865

20 738

21 858

23 911

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak med særleg relevans for forbrukarområdet, medrekna utgifter til sakshandsaming som Klagenemndsekretariatet i Bergen har for sakene til Marknadsrådet. Løyvinga er redusert med 0,4 mill. for å finansiere andre prioriterte føremål.

Departementet føreslår ei løyving på 3,0 mill. kroner i 2026.

Post 50 Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til forsking, undervising, prosjekt og utgreiingar med særleg relevans for forbrukarområdet.

Midlane til forskingsoppdrag som Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet – storbyuniversitetet utfører, blir dekte over denne posten. Posten dekkjer òg utgifter SIFO har med å vidareutvikle referansebudsjettet for hushaldsutgifter.

Posten blir vidare nytta til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skulen. BFD vil i 2026 føre vidare samarbeidet med Høgskolen i Innlandet, som utviklar undervisningsmateriell til bruk i skulen, har eit fagleg tilbod til lærarar og studentar og leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising. Løyvinga blir ført vidare på same nominelle nivå som i 2025.

Departementet føreslår ei løyving på 8,9 mill. kroner i 2026.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til tiltak og einskildprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet føreslår å føre vidare tilskota til tre særskilde tiltak i 2026:

  • Tilskot til å delfinansiere drifta av sekretariatet for brukarinteresser i standardisering (tidlegare forbrukarsekretariatet) i Standard Norge. Målet med tilskotet er fremje forbrukarinteresser i standardiseringsarbeid slik at dei endelege standardane òg tek omsyn til forbrukarane sine behov.

  • Tilskot til organisasjonen Ungt Entreprenørskap til undervisingsopplegg for ungdomsskulen om berekraftig forbruk. Målet for tilskotet er å støtte opp om undervisingsopplegget «Grønt og Genialt!» om berekraftig forbruk, som har elevar i ungdomsskulen som målgruppe.

  • Tilskot til arbeidet Matvett AS utfører for å redusere matsvinnet i hushald. Målet med tilskotet er å støtte opp om arbeidet organisasjonen utfører med å redusere matsvinnet i samfunnet. Målgrupper for arbeidet er forbrukarar og private hushald.

For 2026 føreslår departementet òg at det blir gitt tilskot til stiftinga Fairtrade Norge over posten. Målet for tilskotet er å støtte opp om arbeidet Fairtrade Norge utfører for at norske importørar, merkevareeigarar, distribusjonskanalar og næringsliv i større grad skal handle med Fairtrade-sertifiserte råvarer og tilby fleire Fairtrade-merkte produkt til norske forbrukarar. Fleire Fairtrade-merkte produkt på marknaden vil gi betre føresetnader for eit berekraftig forbruk. Departementet føreslår å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner til eit tilskot til Fairtrade Norge.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriteriet for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknader.

Departementet føreslår vidare å avvikle tilskotet til Fagutvalet for influencermarkedsføring (FIM), tilsvarande 0,3 mill. kroner. FIM har dei siste åra hatt liten aktivitet og handsama få saker, og utvalet la ned verksemda frå 1. juli 2025.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2026.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Løyvinga dekkjer den norske deltakinga i forbrukarprogrammet til EU, som i perioden 2021–2027 inngår som ein del av program for den indre marknaden.

Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, mellom anna aktiviteten under programma og valutautviklinga. Det er derfor vanskeleg å talfeste utgiftene på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 8,1 mill. kroner i 2026.

Kap. 868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Driftsutgifter

134 374

141 212

158 250

Sum kap. 868

134 374

141 212

158 250

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukartilsynet er ei offentleg styresmakt som arbeider for å gjere marknadene enklare og tryggare for forbrukarane. Eit sentralt mål for Forbrukartilsynet er å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for urimeleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Dette blir gjort gjennom dialog og forhandlingar med dei næringsdrivande, ved bruk av tilgjengelege sanksjonar og ved å gi rettleiing og informasjon. Tilsynet skal gjennom verksemda si medverke til at rettane forbrukarane har, blir tekne hand om, og til at forbrukarane kan ta informerte val. Marknadsføringslova regulerer tilsynsverksemda til Forbrukartilsynet.

Forbrukartilsynet har i tillegg ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan, og for å førebu saker til Forbrukarklageutvalet. Oppgåvene knytte til mekling og førebuing av saker til Forbrukarklageutvalet blir regulerte av forbrukarklagelova.

Forbrukartilsynet er vidare vertsorganisasjon for Forbrukar Europa.

Forbrukartilsynet har òg ansvar for å føre tilsyn med og gi rettleiing om openheitslova, som skal fremje meir respekt hos verksemder for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i vareproduksjon og levering av tenester.

I tillegg har Forbrukartilsynet ansvar for å føre tilsyn med forbodet pengespellova har mot pyramidespel.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukartilsynet i tillegg til godtgjersle m.m. til medlemmene av Forbrukarklageutvalet.

For å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium med bruk av digitale tilsynsverktøy er løyvinga til Forbrukartilsynet føreslått auka med 15 mill. kroner i 2026. Vidare føreslår departementet å redusere løyvinga til Forbrukartilsynet med 2,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke i basisløyvinga til Forbrukarrådet over kap. 860, post 50. Sjå omtale under denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 158,3 mill. kroner i 2026.

Kap. 3868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Gebyrinntekter

932

3 000

2 072

02

Tilskot

3 420

2 849

2 952

Sum kap. 3868

4 352

5 849

5 024

Post 01 Gebyrinntekter

Departementet føreslår ei løyving på 2,1 mill. kroner i 2026. Løyvinga svarer til dei pårekna inntektene i 2026 som følgjer av at det frå og med 1. juli 2024 vart innført handsamingsgebyr for saker til mekling i Forbrukartilsynet og saker til handsaming i Forbrukarklageutvalet. Løyvinga er redusert med 1 mill. kroner samanlikna med det salderte budsjettet for 2025, som følgje av at det er estimert eit lågare tal på innkomne saker.

Post 02 Tilskot

Departementet føreslår ei løyving på 3 mill. kroner i 2026. Løyvinga svarer til det pårekna tilskotet frå EU til Forbrukar Europa.

Programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Hovudinnhald og prioriteringar

Grunnlaget for trus- og livssynspolitikken er Grunnlova § 16:

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk--luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.

Trus- og livssynsfridommen er ein grunnleggjande verdi og menneskerett i eit demokratisk samfunn. Staten skal verne om denne fridommen og leggje til rette for at alle innbyggjarane kan praktisere trua si eller livssynet sitt.

Grunnlova § 16 tydeleggjer slik ansvaret staten har for å føre ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk, gjennom finansiering og lovgiving. Den aktivt støttande politikken legg vidare grunnlaget for eit livssynsope samfunn, der trus- og livssynssamfunna har ein naturleg plass.

Plikta staten har til å støtte Den norske kyrkja som evangelisk-luthersk folkekyrkje, inneber fyrst og fremst å leggje økonomisk, rettsleg og organisatorisk til rette for at Den norske kyrkja «står ved lag» som folkekyrkje. Føresegna om at alle trus- og livssynssamfunn skal bli «stødde på lik line», må sjåast i samanheng også med pliktene staten har overfor folkekyrkja. Dette inneber mellom anna ei plikt til å materielt støtte trus- og livssynssamfunna, også i form av tilskot.

Som følgje av dette er reglane i trussamfunnslova utforma slik at trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje eit årleg statstilskot som om lag svarer til dei offentlege tilskota som Den norske kyrkja får, rekna per medlem. Under «Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja» kap. 881, post 70, er det gjort nærare greie for dette og for tilskotsordninga.

Dei offentlege tilskota som Den norske kyrkja får, kjem delvis frå staten og delvis frå kommunen. Staten finansierer prestetenesta og dei sentrale og regionale kyrkjelege organa, medan kommunane finansierer kyrkjebygga og den kyrkjelege verksemda lokalt. Samla skal finansieringa leggje til rette for at kyrkja held fram som ei landsdekkjande folkekyrkje med ei sterk lokal forankring, slik at medlemmer av kyrkja kan gå til gudsteneste og ta del i andre kyrkjelege tenester der dei bur. Ved å vere til stades i alle lokalsamfunn er kyrkja ein viktig bidragsytar til det frivillige arbeidet blant barn og ungdom, ikkje minst innanfor trusopplæringa, diakonien og det lokale musikk- og kulturlivet. Skal kyrkja vere ei lokalt forankra folkekyrkje i alle delar av landet, må prestetenesta ha gode rammevilkår og dei mange kyrkjebygga haldast ved like. Under «Den norske kyrkja» er det gjort nærare greie for dette.

Trus- og livssynsmangfaldet i Noreg har auka dei siste tiåra. Mangfaldet er ein styrke for det norske samfunnet, men gjer det òg naudsynt med meir kunnskap om tru og livssyn. Dialog mellom ulike trus- og livssynssamfunn og tradisjonar byggjer kunnskap, fellesskap og samarbeid. Det er etablert paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunna. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som dialog- og paraplyorganisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen. Sommaren 2025 lanserte regjeringa ein strategi for eit livsynope samfunn, som støttar opp under dette. Strategien er nærare omtalt under «Resultatrapport og strategiar».

I januar 2025 vart det vedteke fleire endringar i trussamfunnslova. Endringane inneber at trus- og livssynssamfunn som krev tilskot, må stadfeste at dei vil arbeide for å oppnå 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ som forvaltar tilskotet. Vidare vart kravet til tal på medlemmer for å kunne bli registrert og få statstilskot etter lova heva frå 50 til 100. Det vart også vedteke endringar i reglane om dobbeltmedlemskap og utrekning av tilskot. Lovendringane er nærare omtalte under «Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja».

Opplysningsvesenets fond vart skipa ved lov i 1821 for å forvalte verdiane knytte til prestegardane. Det har vore uklart om det er staten eller Den norske kyrkja som var rett eigar av desse verdiane. Stortinget vedtok i 2019 at verdiane i fondet skulle delast mellom staten og kyrkja, jf. Innst. 209 S (2019–2020). Eigedommar av særskild verdi for Den norske kyrkja er overførte til kyrkja som eigar. Andre eigedelar, som er talfesta til 10 mrd. kroner, er staten blitt eigar av. I samsvar med Innst. 209 (2019–2020) skal staten over tid bidra med eit tilsvarande beløp til å setje i stand og sikre dei innpå 1 000 kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga i landet.

Regjeringa fremja våren 2024 ein lovproposisjon for å danne om staten sin del av Opplysningsvesenets fond til eit heileigd statleg aksjeselskap, jf. Prop. 82 L (2023–2024). Lova vart vedteken i Stortinget 12. juni 2024 og tok til å gjelde straks, jf. Innst. 359 L (2023–2024). Opplysningsvesenets fond vart omdanna til Allstad AS 1. september 2024, og frå den 1. november 2024 vart forvaltingsansvaret for eigarskapen til staten i Allstad AS overført til Nærings- og fiskeridepartementet (FOR-2024-10-18-2506). Målet er at selskapet skal gi størst mogleg avkasting over tid på visse vilkår. Utbyttet til staten skal øyremerkjast bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjer.

2024 vart eit viktig år for dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjene i Noreg. Regjeringa lanserte Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg i februar, og programstyret for Kyrkjebevaringsfondet vart utnemnt. Forskrift for ei ny tilskotsordning for bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjer tok til å gjelde i juni 2024, og dei fyrste tilskota vart lyste ut i juli. Hausten 2024 vart sekretariatet for forvalting av tilskotsordninga etablert i Trondheim, og nye tilskot vart lyste ut i oktober. Til saman har 162 kyrkjer fått tilsegn om tilskot i 2024 og 2025. I 2024 var vedteke løyving i saldert budsjett 100 mill. kroner, i 2025 er ho 300 mill. kroner. I 2026 er det føreslått ei løyving på 400 mill. kroner. Sjå nærare omtale under kap. 883.

Departementet sende hausten 2024 på høyring forslag til regulering av teieplikt i trus- og livssynssamfunn. Eit klart fleirtal av høyringsinstansane ønskte at teieplikta skulle overførast frå straffelova § 211 til trussamfunnslova. Departementet har arbeidd vidare med ei slik føresegn som vart send på ny høyring i august 2025.

Dei offentlege gravplassane er for alle. Det er kommunane som har det økonomiske ansvaret for gravplassane, medan fellesråda i Den norske kyrkja står for forvaltinga lokalt bortsett frå i dei seks kommunane som har teke over oppgåva. I takt med samfunnsutviklinga, utviklinga i folketal, større mangfald og endra forventingar frå innbyggjarane er det viktig å sjå på behovet for å revidere regelverket og ha kunnskap om korleis gravplassane blir drifta og forvalta. Framtidig kapasitet på gravplassane og krematoria er eit døme på dette. Eit viktig tiltak er også utviklinga av ei innbyggjarretta digital teneste der ein kan gjere nokre av dei fyrste og mest sentrale vala for gravferda. Fleire kommunar har starta å bruke Digital gravferdsmelding, og ein tek sikte på landsdekkjande utrulling innan sommaren 2026.

Mål

Departementet har for 2026 desse måla på trus- og livssynsområdet:

Mål

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

  • Kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, i tråd med bevaringsstrategien.

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten sin.

Måla og bakgrunnen for desse er nærare omtalte nedanfor under «Resultatrapport og strategiar».

Resultatrapport og strategiar

Den norske kyrkja

Etter grunnlovsendringar i 2012 og lovendringar i 2017, fekk Den norske kyrkja ei rettsleg sjølvstendig stilling overfor staten. Den norske kyrkja har fått mynde til å ta avgjerder på eige og fritt grunnlag. Læregrunnlaget går fram av kyrkjeordninga og er vedteken av Kyrkjemøtet, ikkje av statleg regelverk.

Staten og kommunane finansierer Den norske kyrkja. Dei offentlege løyvingane til kyrkja over kommunebudsjetta og statsbudsjettet blir ikkje fastsette etter medlemstalet i kyrkja, men er til vurdering kvart år i Stortinget og i kommunestyra. Staten finansierer prestetenesta og den regionale og sentrale kyrkjeadministrasjonen (Kyrkjerådet og bispedømmeråda), tilskot til trusopplæringa og diakonale tiltak i kyrkjelydane. Kommunane har det økonomiske ansvaret for mellom anna drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga og dei offentlege gravplassane.

Finansieringa av Den norske kyrkja skal leggje til rette for at kyrkja framleis kan vere ei folkekyrkje med ei sterk lokal forankring. Dei som er medlemmer av kyrkja, skal kunne ta del i gudstenester og kyrkjelege handlingar der dei bur. Ei folkekyrkje er kjenneteikna av at folk sluttar opp om kyrkja, og at ho er synleg i lokalsamfunna, både som trussamfunn og som kulturberar. Dette byggjer på at prestetenesta har gode vilkår, og at kyrkjebygga blir haldne i hevd. Det er òg viktig at dei kyrkjelege organa har legitimitet og forankring hos medlemmene. Då er det ein føresetnad at det blir gjennomført demokratiske val i kyrkja.

Oppgåva til staten er å gi kyrkja høvelege rettslege rammer og føreseielege økonomiske rammer for arbeidet sitt, slik at kyrkja kan halde fram som ei demokratisk folkekyrkje. Strategiar og tiltak for å nå målet må kyrkja sjølv lage til.

På bakgrunn av dette har departementet sett dette målet for løyvingane til Den norske kyrkja:

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

Den norske kyrkja er organisert i 1 146 sokn. Det blir regelmessig halde gudstenester i dei om lag 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja. Ei landsdekkjande presteteneste er eit vilkår for at Den norske kyrkja framleis skal vere ei folkekyrkje. Talet på årsverk i prestetenesta var 1 307 ved utgangen av 2024, ein nedgang frå 1 333 i 2023.

I 2024 var dei samla offentlege tilskota til Den norske kyrkja på om lag 7,22 mrd. kroner. Over statsbudsjettet vart det løyvd om lag 2,57 mrd. kroner, medan kommunane løyvde om lag 4,65 mrd. kroner.

Rekneskapen for den delen av Den norske kyrkja som staten finansierer, det vil seie den rettslege eininga som vart oppretta då Den norske kyrkja vart skild ut frå staten 1. januar 2017, viser eit overskot på 20,2 mill. kroner i 2024. I årsrekneskapen er overskotet forklart med ein ekstraordinær finansvinst som følgje av ei omplassering av kapitalinvesteringar.

Eigenkapitalen var ved utgangen av 2024 på 321 mill. kroner.

Dei kommunale løyvingane til Den norske kyrkja blir disponerte av det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, som er eit fellesorgan for kyrkjelydane (sokna). Fellesråda har òg andre inntekter, mellom anna frå utleige av kyrkjebygga og avgifter dei kan krevje etter gravplasslova. Tabellen nedanfor viser utviklinga i inntektene og utgiftene til fellesråda frå 2023 til 2024.

Tabell 4.5 Inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 2023–2024

(i mill. kroner)

2023

2024

Endring frå 2023 i pst.

Driftsinntekter

5 620

5 876

4,6

Driftsutgifter

5 665

5 709

0,8

Investeringsinntekter

1 003

1 190

18,6

Investeringsutgifter

1 224

1 377

12,5

Kjelde: Rekneskapstal som fellesråda har rapportert til Statistisk sentralbyrå ved publisering i juni

Driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda auka med 256 mill. kroner frå 2023 til 2024, medan driftsutgiftene auka med 44 mill. kroner. Netto driftsresultat etter at renter og avdrag er betalte, var for fellesråda samla på 197 mill. kroner i 2024, mot -33 mill. kroner i 2023.

Av driftsinntektene til fellesråda var dei kommunale overføringane på 3,78 mrd. kroner i 2024, ein auke på 4,5 prosent frå 2023. Auken er mindre enn lønns- og prisveksten i kommunesektoren, som for same perioden var på 5 prosent.

Det vart overført 864 mill. kroner, i hovudsak frå kommunane, til å dekkje investeringsutgiftene til fellesråda i 2024, mot 740 mill. kroner i 2023.

Dei mest brukte måltala for tilslutnaden til Den norske kyrkja som folkekyrkje er utviklinga i talet på medlemmer, oppslutnaden om kyrkjelege handlingar (dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd) og talet på gudstenester og gudstenestedeltaking. Tabellen under viser tal for 2024 og utviklinga frå 2023 til 2024.

Tabell 4.6 Nøkkeltal for oppslutnaden om Den norske kyrkja i 2024

2024

Endring frå 2023

Medlemmer

3 451 288

-20 907

Del av befolkninga (pst.)

61,7

-0,9

Innmelde

3 790

-234

Utmelde

14 864

-1 846

Døypte

27 665

+1 162

Døypte av talet på fødde (pst.)

51,3

+0,3

Konfirmerte

33 167

+187

Konfirmerte av alle 15-åringar (pst.)

47,9

-0,5

Konfirmerte av 15-åringar som er medlem av kyrkja (pst.)

80,0

+2,4

Vigslar

6 792

+436

Gravferder

36 018

-94

Del av alle gravferder totalt (pst.)

81,9

-0,5

Deltakarer på alle gudstenester (digitale gudstenester er ikkje inkluderte)

4 465 857

+110 527

Talet på medlemmer i Den norske kyrkja minka med 0,6 prosent mellom 2023 og 2024. Hovudårsaka til nedgangen i medlemmer er at tala på døypte er lågare blant barn no enn i tidlegare generasjonar og at eldre medlemmer døyr. Tala på døypte og vigslar har ein oppgang frå 2023, men sett over tid er tala nokså stabile. Delen døypte av fødde ligg rundt 50 prosent. Ei mangeårig satsing på dåp har motverka nedgangen i dåpstala og ser ut til å ha snudd trenden.

Kyrkjelege seremoniar ved gravferder har ein liten nedgang frå 2023 til 2024. Talet på unge kyrkjemedlemmer som konfirmerer seg, er stabilt med ein liten oppgang frå 2023 til 2024, men delen av alle 15-åringar som vel å konfirmere seg, minka likevel med 0,5 prosentpoeng til 47,9 prosent i 2024. Det var ein nokså liten auke i talet på innmeldingar sett opp mot i 2023 og ein relativt stor auke i talet på utmeldingar i 2024.

Talet på deltakarar på gudstenester har auka med 110 527 frå 2023 til 2024.

Barn og unge er eit prioritert område for Den norske kyrkja. Gjennom året er det ulike aktivitetar som babysong, kvardagssamlingar med middag for familiar, kor, klubbar og ungdomssamlingar. Den norske kyrkja samarbeider òg med ei rekkje skular og barnehagar, og dette arbeidet har vakse i 2024. Skulen og kyrkja kan mellom anna samarbeide om skulegudstenester, høgtidsvandringar, KRLE-undervising, kunst, kultur og musikk.

Rekrutteringa til prestetenesta er ei utfordring for kyrkja. Ein stor del av dei tilsette er over 60 år. Det er krevjande å få tilsett prestar i ledige stillingar, og fleire stillingar står ledige over tid. Det er òg rekrutteringsutfordringar knytte til kyrkjemusikk, diakoni og undervising. Den norske kyrkja jobbar målretta for å auke rekruttering til kyrkjeleg utdanning og jobb. Profesjonsstudiet i teologi hadde det høgste søkjartalet på ti år i 2024, og det var òg ein auke i fyrsteprioritetssøkjarar til kyrkjemusikkstudium og diakonistudium.

Den norske kyrkja opplever at fleire unge søkjer til kyrkja. I aldersgruppa 25–34 år var det rekordmange innmeldingar, med 750 nye medlemmer. Aldersgruppa 25–34 år har også færre utmeldingar, og det var i 2024 2 810 som melde seg ut, mot 3 494 året før.

Den norske kyrkja har dei siste åra etablert fleire digitale fellesløysingar som gjer tenestene til kyrkja lettare tilgjengelege og arbeidskvardagen enklare. To av tre fellesråd nyttar no ei felles arbeidsplattform.

I 2026 vil Den norske kyrkja framleis konsentrere seg om rekruttering, dåp og trusopplæring, samstundes som ein vil rette meir merksemd mot korleis kyrkja kan bli relevant for å møte åndeleg søken blant unge. Det er Kyrkjemøtet som har ansvaret for å lage til strategiar og tiltak for å nå måla departementet set for løyvinga.

Sjømannskirken

Sjømannskirken er ein frivillig organisasjon som arbeider breitt for nordmenn i utlandet. Organisasjonen har 29 faste lokasjonar i 17 land, og saman med dei ambulerande sjømannsprestane og studentprestane dekkjer Sjømannskirken om lag 80 land, er til stades på alle kontinent og på norsk kontinentalsokkel. Målet for tilskotet er å gi nordmenn i utlandet sosiale, kulturelle og kyrkjelege møteplassar.

I tillegg er Sjømannskirken ein beredskapsorganisasjon som gir psykososial og praktisk støtte til nordmenn som kjem ut for ulukker og kriser i utlandet, i den grad det er kapasitet. Sjømannskirken betener nordmenn med gudstenester og gjennomfører kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon og vigsel. Organisasjonen har eit omfattande diakonalt arbeid og hjelper nordmenn som av ulike grunnar har komme i ein sårbar situasjon. Organisasjonen er særleg oppteken av å vere ei støtte for norske barn og har mellom anna eit frivillig familierådgivingstilbod for familiar i Spania som heiter Familieveiviseren. I 2024 handsama Familieveiviseren 129 saker. Dette er saker som kan handle om rus, vald i nære relasjonar eller problematiske oppvekstvilkår for barn. Familieveiviseren hjelper familiane og samarbeider med lokale og norske styresmakter.

Beredskapsarbeidet til Sjømannskirken gir ein tryggleik for dei som ferdast i utlandet. Sjømannskirken har ein nødnummerapp og ein døgnopen beredskapstelefon ein kan ta kontakt med dersom ein blir ramma av ei ulukke eller krise. Organisasjonen har eit nært samarbeid med utanrikstenesta i beredskapssituasjonar og øver regelmessig på krisehandtering med Utanriksdepartementet, ambassadane og næringslivet i inn- og utland.

Dei siste åra har organisasjonen intensivert arbeidet med å besøkje nordmenn som sonar i utanlandske fengsel. Denne satsinga held fram. Soningstilhøva i utanlandske fengsel er ofte særs krevjande, og dei innsette er ofte avhengige av besøka og støtta frå ambassadane og sjømannskyrkjene.

Verksemda hadde 157 tilsette i 2024. I tillegg engasjerer mange nordmenn seg som frivillige i Sjømannskirken, og det frivillige arbeidet utgjorde 63 årsverk i 2024, fordelte på lokale frivillige og utsende frivillige sesongmedarbeidarar. Sjømannskirken har dei siste åra endra organisering slik at dei ulike sjømannskyrkjene no dekkjer større område gjennom oppsøkjande arbeid. I tillegg er dei ambulerande tenestene styrkte. Gjennom det oppsøkjande arbeidet blir det rom for einskildmøte og samlingar utanfor sjømannskyrkjene, og fleire får støtte i sårbare situasjonar.

I tillegg til overføring frå staten finansierer Sjømannskirken arbeidet sitt ved hjelp av støtte frå næringslivet, private givarar og kyrkjeoffer.

Departementet føreslår å føre vidare tilskotet til Sjømannskirken i 2026.

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja

Det religiøse livet i Noreg er i dag prega av ein sterk kristen kulturarv på den eine sida og eit større trus- og livssynsmangfald og meir sekularisering på den andre sida. I lys av denne utviklinga er det viktig med ein heilskapleg og aktivt støttande trus- og livssynspolitikk som støttar opp under eit livssynsope samfunn. Dei rettslege og økonomiske rammene skal, så langt det er mogleg og innanfor dei rammene som menneskerettane og Grunnlova § 16 set, leggje til rette for at alle kan utøve trua si eller livssynet sitt.

Departementet har sett dette målet for tilskotsordninga for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja:

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

Trussamfunnslova som tok til å gjelde 1. januar 2021, har medverka til å forenkle tilskotsforvaltinga, mellom anna ved at staten har teke over dei kommunale utbetalingane. Lovgivinga og tilskotsordninga er no i større grad i takt med utviklinga og mangfaldet av trusretningar og livssyn i Noreg. Grunnlaget for tilskota er i hovudsak som før, det vil seie at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje og kunne krevje offentleg støtte dersom dei fyller visse vilkår. Eit viktig mål for den offentlege støtta til samfunna er å støtte opp under det livssynsopne samfunnet. Både finansiering av, kontroll med og innsyn i religiøse samfunn er viktige offentlege oppgåver.

Stortinget vedtok endringar i trussamfunnslova i januar 2025. Endringane inneber at trus- og livssynssamfunn som krev tilskot, må stadfeste at dei vil arbeide for å oppnå 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ som forvaltar tilskotet. Dette vil seie at det blir innført ei aktivitetsplikt, og at samfunn som ikkje kan dokumentere at dei har tiltak, kan nektast tilskot (men ikkje registrering). Stillingar og verv som etter likestillings- og diskrimineringslova oppfyller vilkåra for å lovleg gjere skilnad på grunn av kjønn, er unnatekne frå aktivitetsplikta, jf. Prop. 116 L (2023–2024) Endringer i trossamfunnsloven (aktivitets- og antallskrav) og Innst. 111 L (2024–2025). I tillegg inneber endringane at trus- og livssynssamfunn må ha minst 100 medlemmer for å ha rett på registrering og tilskot. Tidlegare var det eit krav om minst 50 medlemmer.

Det vart også vedteke endringar i reglane om dobbeltmedlemskap og utrekning av tilskot. Samstundes medlemskap i eit registrert og eit uregistrert samfunn er no sidestilt med dei kategoriar av dobbeltmedlemskap som var omfatta av den tidlegare regelen i lova § 4 fyrste ledd bokstav c. Prinsippet om at statstilskota til dei registrerte trus- og livssynssamfunna om lag skal svare til dei offentlege tilskota til Den norske kyrkja justerte for medlemstal («om lag-prinsippet»), vart gjort gjeldande for alle faktorane i utrekninga av tilskota, inkludert talet på tilskotsteljande medlemmer, slik det var etter den tidlegare lovgivinga. Dette har i fyrste rekkje noko å seie for handsaminga av klagesaker om avkorting av statstilskot på grunn av dobbeltmedlemskap, altså saker der eit trus- eller livssynssamfunn klagar på at det ikkje har fått tilskot for medlemmer som også står oppførte i andre trus- eller livssynssamfunn.

Endringane som gjeld «om lag-prinsippet», tok til å gjelde 1. juni 2025, medan dei andre lovendringane trer i kraft 1. januar 2026. Iverksetjinga av lovendringane har gjort det naudsynt å vedta nokre endringar i trussamfunnsforskrifta. Forskriftsendringane vart vedtekne av Kongen i statsråd i mai 2025.

Regjeringa la sommaren 2025 fram ein strategi for eit livssynsope samfunn. Strategien skal medverke til å auke kunnskapen og kompetansen om kva det vil seie å vere eit livssynsope samfunn, og betre samarbeidet mellom sektorane og dei ulike nivåa i forvaltinga. Den skal synleggjere samfunnsbidraget frå trus- og livssynssamfunna og gi ei retning for trus- og livssynspolitikken, mellom anna gjennom desse sju prinsippa for trus- og livssynspolitikken og eit livssynsope samfunn:

  1. Tru og livssyn er viktige aspekt ved menneskeleg livsutfalding, som fritt skal kunne komme til uttrykk på linje med andre kulturelle uttrykk.

  2. Alle innbyggjarar skal trygt kunne leve med si tru, sitt livssyn eller si ikkje-tru, utan å risikere diskriminering eller hatefulle ytringar.

  3. Alle bør akseptere å bli eksponerte for andre sin trus- og livssynspraksis i det offentlege rom, men trus- og livssynspraksisen til den einskilde skal ikkje krenkje andre sine rettar og fridommar.

  4. Både Den norske kyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna er ein sentral del av sivilsamfunnet og den frivillige sektoren og ein ressurs for samfunnet.

  5. Organisert trus- og livssynsutøving som får statleg støtte, må kunne forventast å vise vilje til openheit og vise anna trus- og livssynsutøving den same respekten som ein sjølv forventar og nyt godt av.

  6. Trus- og livssynspolitikken skal ta vare på sentrale fellesverdiar som demokrati, rettsstat, menneskerettar, ikkje-diskriminering og likestilling.

  7. Trus- og livssynspolitikken skal vere aktivt støttande, sikre lik handsaming av alle trus- og livssynssamfunn, og anerkjenne den særlege stillinga Den norske kyrkja har som folkekyrkje etter Grunnlova.

Strategien har fem satsingsområde:

  1. Brubygging, dialog og samarbeid: Målet for dette satsingsområdet er god dialog og styrkt samarbeid mellom trus- og livssynssamfunna og mellom samfunna og styresmaktene.

  2. Tilgang på tenester og lokale: Målet for dette satsingsområdet er betre tilgang på lokale og auka mangfald i trus- og livssynstenestene i offentlege institusjonar.

  3. Kunnskap og kompetanse: Målet for dette satsingsområdet er betre informasjon og auka kunnskap om trus- og livssynsrelaterte spørsmål.

  4. Beredskap og krisehandtering: Målet for dette satsingsområdet er betre samarbeid mellom styresmaktene og trus- og livssynssamfunna om beredskap.

  5. Diskriminering, rasisme og hatytringar: Målet for dette satsingsområdet er eit likestilt og mangfaldig samfunn der det er trygt å gi uttrykk for tru og ikkje-tru, gjennom ord, handlingar og symbol.

Satsingsområda støttar gjensidig opp under kvarandre. Under satsingsområda er det tilordna til saman 21 tiltak. Strategien vil vare fram til 2030, som også er året for markeringa av Nasjonaljubileet 2030. Strategien vil også gå parallelt med handlingsplanane mot rasisme og diskriminering, antisemittisme og fiendskap mot muslimar, noko som kan gi synergieffektar og bidra til auka kunnskap, medvit og å løfte den offentlege samtalen.

Departementet har utarbeidd ei rettleiing for trus- og livssynssamfunna om trussamfunnslova og forskriftene til denne og anna relevant lov- og regelverk for samfunna.

Departementet har innhenta ei oversikt frå Statsforvaltarens fellestenester som viser at 32 av 740 samfunn som har sendt inn årsrapport for 2024 per 8. juli 2025, opplyser at dei har fått til saman 50 000 kroner eller meir i bidrag frå ein eller fleire givarar i eit anna land enn Noreg. Desse tala er usikre. Av dei 32 samfunna er 21 kristne, 5 muslimske og 5 buddhistiske. Oversikta seier ikkje noko om kva land bidraga kjem frå, eller om givarane er private eller statlege. Det fyrstnemnde skal samfunna opplyse om i note til rekneskapen dei sender til statsforvaltaren, jf. trussamfunnsforskrifta § 13 tredje ledd. Kjem bidrag frå eit land der staten ikkje respekterer retten til trus- og livssynsfridom, kan statsforvaltaren krevje at samfunnet informerer om kven givarane er, og storleiken på det respektive bidraget.

Den digitale løysinga som trus- og livssynssamfunn skal nytte ved innsending av krav om tilskot, registreringssøknader med meir, har blitt vidareutvikla og forbetra, men det er behov for å halde fram med dette arbeidet.

I 2024 vart det utbetalt 1,08 mrd. kroner i statleg tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, utrekna etter ein sats på 1 496 kroner per medlem. Til samanlikning var det samla tilskotet frå staten i 2023 på 998,1 mill. kroner. Auken på 81,8 mill. kroner kjem av eit høgare tilskotsbeløp per medlem i 2024 enn i 2023 og at det samla talet på tilskotsteljande medlemmer auka med nesten 32 700 frå 2023 til 2024. Talet på trus- og livssynssamfunn som søkte om registrering og/eller fremja krav om tilskot, gjekk også opp, frå 740 til 758 samfunn. Dei 758 samfunna hadde i alt 757 464 tilskotsteljande medlemmer.

I desember 2024 utnemnde regjeringa eit ekspertutval om tilskotsordning for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Utvalet skulle greie ut ulike tilskotsordningar for ei berekraftig og føreseieleg finansiering for sektoren. Rapporten frå ekspertutvalet var ferdig i august 2025 og teiknar opp tre alternativ som kan leggjast til grunn for moglege endringar i tilskotsordningane. Departementet tek sikte på å sende rapporten frå utvalet på høyring.

Tabell 4.7 Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, fordelte på religion/livssyn1

2009

2019

2024

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Buddhisme

12 252

2,8

21 044

3,1

22 768

3,0

Hinduisme

5 238

1,2

11 405

1,7

13 871

1,8

Islam

92 744

21,5

175 507

25,9

190 452

25,1

Kristendom

234 772

54,4

365 851

53,9

381 059

50,3

Andre religionar

5 157

1,2

8 350

1,2

9 916

1,3

Livssyn

81 124

18,8

96 276

14,2

139 398

18,4

I alt

431 287

100,0

678 433

100,0

757 464

100,0

1 Tabellen gjeld talet på tilskotsteljande medlemmer i trus- og livssynssamfunn.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Som det går fram av tabellen ovanfor, har det vore ein stor auke i talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja frå 2009 til 2024. Om lag 75 prosent av befolkninga er anten medlem av Den norske kyrkja eller teljande medlem i eit anna trus- eller livssynssamfunn. Om lag 13,5 prosent av befolkninga er teljande medlem i eit trus- eller livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Den delen av befolkninga som ikkje er medlem av noko samfunn, er aukande.

Buddhistiske, hinduistiske og muslimske trussamfunn har hatt størst prosentvis auke i perioden 2009–2024. Til saman utgjorde medlemmene i desse nær ein tredjedel av alle teljande medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2024. Ein fjerdedel av alle medlemmer i samfunn utanom Den norske kyrkja, høyrer til eit muslimsk trussamfunn. Kristne trussamfunn har i alt halvparten av medlemmene i samfunna utanom Den norske kyrkja. Talet på medlemmer i dei kristne trussamfunna har auka med meir enn 60 prosent i perioden 2009–2024. Andre trus- og livssynssamfunn har òg hatt medlemsauke i perioden, slik at delen som tilhøyrer kristne samfunn, har halde seg ganske stabil.

Eit særtrekk ved den norske trus- og livssynsdialogen er at han femner om både religiøse og sekulære livssyn. I strategien for eit livssynsope samfunn som regjeringa lanserte før sommaren, er brubygging, dialog og samarbeid løfta fram som eit eige satsingsområde. Satsingsområdet har åtte tiltak til saman, som handlar om alt frå informasjonsdeling, kunnskapsinnhenting og rettleiing til styrking av arbeidet med den lokale dialogen og ungdomsdialogen.

Dei organisasjonane som er etablerte som paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunna, har ei viktig oppgåve med å auke kunnskapen om dei ulike religionane og livssyna, både mellom samfunna og ut mot sivilsamfunnet. Dei er òg viktige dialogpartnarar for offentlege styresmakter i ulike spørsmål. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som desse organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen.

Departementet gav i 2024 og 2025 driftstilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL), Norges Kristne Råd og Muslimsk Dialognettverk. Tilskota til paraplyorganisasjonane er føreslått auka i 2026, sjå omtale under kap. 881, post 78.

STL fekk òg tilskot for å leggje til rette for dialog mellom trus- og livssynssamfunn, LHBT+-organisasjonar og organisasjonar for skeive religiøse som opplever utfordringar i trus- og livssynssamfunn. Tilskotet er gitt til oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfald (2023–2026).

Det samla tilskotet til dialogtiltak, som blir tildelt etter søknad, var på 3,2 mill. kroner i 2024, fordelte på 21 søkjarar. Fleire av søknadene omfatta fleire prosjekt og var eit samarbeid mellom ulike organisasjonar og trussamfunn. Dei fleste prosjekta handla om dialog og kunnskapsutvikling, men òg sosiale tiltak og undersøkingar fekk tilskot.

Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo får tilskot til kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn. Kurset er retta mot religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn i Noreg og kan takast med og utan studiepoeng. Departementet har lyst ut eit forskings- og utgreiingsoppdrag om kva som kan bidra til at fleire religiøse leiarar og nøkkelpersonar i trus- og livssynssamfunn gjennomfører tilleggsutdanning i samband med rolla som trus- og livssynsleiar i Noreg, jf. oppmodingsvedtak nr. 142, 12. desember 2023.

Kyrkjebygga

Kyrkjene er ein viktig del av den norske kulturarven. Dei fortel om opptil 1 000 års kulturhistorie og viser noko av det fremste nasjonen har produsert innan arkitektur, kunst og handverk. Saman med gravplassane rundt er dei kjelder til oppleving og kunnskap. Dei fortel om religiøst liv som er levd, om stilhistorie, handverkstradisjonar og materialbruk opp gjennom tidene. Samstundes er dei fleste kyrkjene framleis i aktiv bruk av kyrkjelyden og som samlingsstad rundt høgtider i livet, men også som konsertarena, øvingslokale for lokale kor, møteplass for organisasjonar m.m. For mange er kyrkja eit signalbygg i lokalsamfunnet og ein stad der ein kan søkje trøyst eller samhald etter store ulukker og andre kriser som rammar samfunnet eller den einskilde.

Av dei om lag 1 630 kyrkjebygga vi har her i landet, tilhøyrer nær 1 000 av desse kategorien kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Dette er kyrkjebygg som Riksantikvaren har freda eller listeført. Dei fleste er det sokna i Den norske kyrkja som eig. I tillegg er nokre i privat eige, eller dei høyrer til eit anna trus- eller livssynssamfunn. Fortidsminneforeininga eig òg ein del kyrkjer, og nokre kyrkjer er det stiftelsar og museum eller staten som eig.

Forvaltinga av dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga må ta høgde både for kyrkjelege behov og interesser og for nasjonale og lokale kulturmiljøomsyn. Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet har saman gitt nærare reglar og rettleiing om forvalting av kulturmiljøverdiane i rundskriv Q-06/2020. I Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg, sjå under, er det også teke omsyn til både kulturmiljøverdiane og dei kyrkjelege verdiane. Barne- og familiedepartementet har fremja strategien i samarbeid med Klima- og miljødepartementet.

Det er kommunen som har det økonomiske ansvaret for drifta og vedlikehaldet av alle kyrkjebygga som sokna i Den norske kyrkja eig. Den daglege forvaltinga er det dei kyrkjelege fellesråda som har ansvaret for.

Det har lenge vore ei utfordring at mange av kyrkjene har eit stort etterslep i vedlikehaldet og ikkje er godt nok sikra mot brann. For å komme dette vedlikehaldsetterslepet i møte har Stortinget vedteke at staten skal ta eit større ansvar for å sikre dei kyrkjene som har størst kulturmiljøverdi, jf. oppmodingsvedtak nr. 500 og 502 av 14. april 2020 som kom i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, og oppmodingsvedtak nr. 708 16. juni 2020 som kom i samband med handsaminga av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål for kulturmiljøpolitikken. Som ei oppfølging av desse oppmodingsvedtaka lanserte regjeringa Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg 21. februar 2024, som saman med Forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg, gir rammer for ein forsterka statleg innsats for dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga gjennom Kyrkjebevaringsfondet, jf. omtale under.

Departementet har på denne bakgrunn sett dette målet for kyrkjebygga:

  • Kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, i tråd med bevaringsstrategien.

Dei årlege investeringsutgiftene i kyrkjebygga har lenge lege på rundt 600–700 mill. kroner, men har dei siste fem åra auka jamt. I 2024 var investeringsutgiftene for fyrste gong passert 1 mrd. kroner. Auken kan ha samanheng med tiltakande aktivitet i bevaringsarbeidet. I 2024 vart Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg og tilhøyrande tilskotsordning lansert, med statlege utbetalingar på i overkant av 70 mill. kroner frå kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet hausten 2024. Denne ordninga krev kommunal eigendel, sjå under.

Frå 2019 auka også den statlege innsatsen for kyrkjevedlikehaldet gjennom tilskotsordninga departementet hadde på kap. 882, post 61, som også kravde kommunal eigendel. Til saman har det vore løyvd om lag 240 mill. kroner til kyrkjebevaring gjennom denne tilskotsordninga. Ordninga er no avvikla og erstatta av tre bevaringsprogram for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, som er etablerte innanfor ramma av bevaringsstrategien. Dei siste tilskotsløyvingane på kap. 882, post 61, vart gitt i 2023. På denne posten er det framleis tilsegner om tilskot gitt i 2022 og 2023 som skal betalast ut i 2025.

I tillegg har staten i fleire år òg gitt tilskot til å setje i stand kyrkjebygg gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg over kap. 882, post 60. Sidan 2019 har det ikkje vore noka ny investeringsramme i rentekompensasjonsordninga. I 2024 vart det utbetalt rentekompensasjon på 128,3 mill. kroner, ein auke på 45,5 mill. kroner frå 2023 som følgje av auka rentenivå.

Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg – Kyrkjebevaringsfondet

Staten vart frå 1. januar 2023 eigar av ei rekkje eigedelar som historisk har vore forvalta av Opplysningsvesenets fond, mot at tilsvarande verdiar blir nytta til eit statleg bidrag for bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjer. Dette blir gjort med grunnlag i bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, med tilhøyrande tilskotsforskrift, og blir delvis finansiert frå fondskontoen «Kyrkjebevaringsfondet» i Noregs Bank.

Bevaringsstrategien omfattar tre bevaringsprogram etter kategoriar av kyrkjer:

  1. Bevaringsprogram for mellomalderkyrkjer

  2. Bevaringsprogram for kyrkjer oppførte i perioden 1537–1850

  3. Bevaringsprogram for kyrkjer oppførte i perioden etter 1850

Kvart bevaringsprogram er igjen inndelt i fire innsatsområde, som er tverrgåande og på eit overordna nivå peiker på kva som skal prioriterast for å nå måla i strategien:

  1. Bevaring – istandsetjing, sikring og konservering

  2. Kunnskap og kompetanse

  3. Oppleving og formidling

  4. Engasjement og deltaking

Bevaringsstrategien og tilskotsforskrifta omfattar om lag 1 000 kyrkjebygg som er freda eller listeførte av Riksantikvaren, uavhengig av eigarskap. Unntaket er kyrkjer som staten eig eller fullfinansierer, som mellom anna Akershus slottskirke og Nidarosdomen. Dei ulike bevaringsprogramma gjer det mogleg å målrette innsatsen i tråd med behova frå dei ulike periodane. I tida fram til 2030 har mellomalderkyrkjer prioritet.

Samla er midlane som skal nyttast til kyrkjebevaring, fastsette til å vere 10 mrd. kroner i 2024-kroner, sjå nærare omtale i Prop. 104 S (2023–2024) og Prop. 1 S (2024–2025). Dette er såleis forpliktinga som skal nyttast til bevaringsstrategien i planperioden fram mot 2054. Samanhengen mellom verdien av forpliktinga og dei årlege løyvingane til føremålet går fram av tabelloppstilling under kap. 883, post 60. Sjå også nærare omtale av tilskotsordninga under den posten.

Løyvinga til kyrkjebevaring var på 100 mill. kroner i 2024 og 300 mill. kroner i 2025. Etter ei opptrapping dei fyrste åra kan det løyvast inntil 500 mill. 2024-kroner årleg til bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Tempoet i opptrappinga er avhengig av talet og storleiken på godkjende søknader og kapasiteten i marknaden til denne typen oppdrag. Ei tilsegnsfullmakt gjer at tilskotsordninga blir føreseieleg for kyrkja og kommunane. For 2026 er det på bakgrunn av innmeldt behov frå programstyret for Kyrkjebevaringsfondet føreslått ei løyving på 400 mill. kroner, sjå omtale under kap. 883 post. 60.

Når tilskotsordninga og talet på kyrkjer som får tilskot, aukar, er det naudsynt å styrkje kapasiteten hos programsekretariatet og hos Riksantikvaren. Det blir derfor føreslått at løyvinga til drift av programsekretariatet og Riksantikvaren aukar med om lag 9 mill. kroner i 2026.

Tilskotsordninga tok til å gjelde frå 23. juni 2024, og den fyrste utlysinga kom kort tid etter. Det vart då lyst ut midlar til føreprosjekt og hovudprosjekt som allereie var sette i gang eller var ferdigprosjekterte og klare til å setjast i gang, slik at midlar kunne komme til utbetaling i 2024. Mellomalderkyrkjer i stein hadde prioritet. Det kom inn 102 søknader på til saman om lag 580 mill. kroner. Av tilskotsramma på 100 mill. kroner vart det løyvd tilskot for om lag 90 mill. kroner og utbetalt nærare 72 mill. kroner. Eit fleirtal av dei innvilga søknadene gjaldt hovudprosjekt, med samla tilskot på 87 mill. kroner. Av 44 prosjekt var det 7 som ikkje vann å starte opp som planlagt i 2024. Desse blir følgde opp i 2025. I tillegg er det for 2025 gitt tilsegner om tilskot for til saman om lag 258 mill. kroner. Dette inkluderer tilskot som for 2025 vart lyste ut innanfor innsatsområde 2 Kunnskap og kompetanse. Totalt har 162 kyrkjer fått tilskot i fyrste og andre tilskotsrunde.

Kyrkjebevaringsfondet har i fyrste driftsåret fyrst og fremst arbeidd med gjennomføring av fyrste og andre tilskotsrunde og dessutan å svare ut spørsmål og få etablert programsekretariatet i Trondheim. I det vidare arbeidet blir det viktig for Kyrkjebevaringsfondet med erfaringsinnhenting, evaluering og utarbeiding av eit godt planverk innanfor ramma av bevaringsstrategien. Det blir også viktig å utarbeide gode måleparametrar for Kyrkjebevaringsfondet innanfor kvart av dei fire innsatsområda nemnde ovanfor, sett opp mot behova i dei tre bevaringsprogramma, i tillegg til å få på plass eit godt system for digital saksflyt som kan effektivisere prosjektprioriteringar, eigaroppfølging, kulturminnefagleg sakshandsaming, godkjenningar, økonomioppfølging og rapportering. Arbeidet med å utvikle det digitale saksflytsystemet blir viktig i 2026.

Årsrapporten for Kyrkjevaringsfondet er eit vedlegg til årsrapporten for Riksantikvaren. I tillegg inngår informasjon om Kyrkjebevaringsfondet i årsrapporten for Riksantikvaren, sidan programsekretariatet og -styret for Kyrkjebevaringsfondet er administrativt underlagde Riksantikvaren. Årsrapporten peiker på at erfaringane frå fyrste driftsåret er gode. Det er også tydeleg at ordninga er med på å skape ein meir føreseieleg marknad for tradisjonelle handverkstenester – både for kundar og leverandørar. Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg heng saman med handverksstrategien til Riksantikvaren som vart ferdigstilt i 2024, sjå omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Klima- og miljødepartementet.

Gravplassane

Gravplassar og gravskikkar seier mykje om verdiane og kulturen som har prega landet vårt, og om korleis samfunnet endrar seg over tid. Gravplassane som kulturmiljø fortel historier om heile lokalsamfunn, slekter og einskildmenneske.

Norsk gravferdstradisjon har vore prega av kristen kulturhistorie, med ei sterk nasjonal kyrkje. Etter kvart som det kom andre trusretningar til, vart medlemmer av desse òg gravlagde på dei offentlege gravplassane. I Noreg har vi derfor berre nokre få eigne gravplassar for ulike trusretningar. Det at alle kan bli gravlagde på dei offentlege gravplassane, uavhengig av tru eller livssyn, stiller krav til regelverket og drifta av dei offentlege gravplassane.

At dei offentlege gravplassane blir haldne ved like og forvalta i samsvar med eigenarten dei har, inneber mellom anna at dei etterlatne og innbyggjarane generelt skal vere godt nøgde med den offentlege tenesteytinga, og at gravplassane ser ut som dei blir skjøtte med omsut og blir tekne vare på som kulturlandskap og kulturmiljø. Gravplassane frå mellomalderen har særskilt høg kulturmiljøverdi og er automatisk freda saman med samiske gravplassar frå 1917 eller tidlegare. Utvalde graver og gravfelt frå ulike tidsperiodar bør bevarast for å synleggjere utviklingstrekk og ulik praksis gjennom tidene. Vern bør likevel, så langt det lèt seg gjere, ikkje hindre bruk.

Departementet har med bakgrunn i dette fastsett desse måla for forvaltinga av dei offentlege gravplassane:

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i samsvar med sin eigenart.

Undersøkingar viser at gravplassane i det store og heile er godt stelte, og at dei etterlatne og innbyggjarane generelt er godt nøgde med den offentlege tenesteytinga på området.

Det er Den norske kyrkja lokalt som etter lova har forvaltingsansvaret for gravplassane, om ikkje statsforvaltaren har fastsett at kommunen skal ha ansvaret. Om lag 30 kommunar står for drifta av gravplassane. Av desse har seks kommunar også overteke ansvaret som gravplasstyresmakt. Det er inngått lokale tenesteytingsavtalar om driftsoppgåver i om lag 20 prosent av kommunane.

Hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har ein bygd opp eit kompetansemiljø, som i tillegg til å gjere vedtak etter lov og forskrift skal rettleie lokale styresmakter og støtte departementet i arbeidet med kunnskapsinnhenting, statistikk og regelverksutvikling for gravplassektoren.

Gravplassane blir finansierte gjennom kommunale løyvingar og ved brukarbetaling. I 2024 hadde fellesråda 1 165 mill. kroner i driftsutgifter til gravplassforvaltinga, mot 1 138 mill. kroner i 2023. Investeringsutgiftene var på 431 mill. kroner, mot 338 mill. kroner i 2023. Investeringsutgiftene går mellom anna til å utbetre og utvide gravplassar. I tillegg kjem utgifter til gravplassforvalting i dei kommunane som har teke over drifts- og/eller forvaltingsansvaret. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var dei samla utgiftene til drift av gravplassane på 1 420 mill. kroner i 2024, mot 1 421 mill. kroner i 2023. Dette utgjer i snitt 32 092 kroner i driftsutgifter per gravlegging i 2024. 44 prosent av utgiftene i 2024 vart finansierte gjennom betaling frå brukarane (mellom anna i form av festeavgift). Dette er ein auke frå 2023, då brukarbetalinga låg på 41 prosent.

I 2024 vart for fyrste gong over halvparten av kistene kremert (51,4 pst.). Den høgaste delen finn vi ofte i eller nær dei store byane, men kremasjon aukar òg i mindre sentrale kommunar.

Urnenedsetjing er framleis den vanlegaste gravleggingsforma etter kremasjon, men statsforvaltarane, som handsamar søknader om oskespreiing, melder om ei aukande interesse for denne forma for gravlegging. Sidan reglane for oskespreiing vart mjuka opp i 2012, har talet på urner utleverte til oskespreiing auka kraftig. I 2024 utgjorde dei 1 241 urnene utleverte til oskespreiing 5,5 prosent av kremasjonane.

I 2024 og 2025 er det arbeidd vidare med å digitalisere prosessen rundt livshendinga dødsfall og arv. Eit av måla er at vala og oppgåvene etterlatne må gjere etter gravplasslova, kan skje digitalt og ikkje som i dag ved å fylle ut eit skjema på papir. Ein minimumsversjon av tenesta Digital gravferdsmelding har blitt teken i bruk av nokre innbyggjarar og gravplasstyresmakter. Ein fyrste versjon vil etter planen bli tilgjengeleg i heile landet i 2026, i alle fall i kommunar der gravplasstyresmakta har digitale fagsystem som kan knyte seg til tenesta. Digitaliseringa av informasjonsstraumen frå innbyggjarane via gravferdsbyråa til gravplasstyresmaktene lokalt og krematoria vil styrkje informasjonstryggleiken og personvernet samanlikna med å sende papirskjema på e-post.

Tenesta Digital gravferdsmelding er del av livshendinga dødsfall og arv og blir utvikla av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet. Prosjektet har ei breitt samansett referansegruppe, og i styringsgruppa sit mellom anna Hovudorganisasjonen KA, KS, Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn og Virke Gravferd. Utviklingsarbeidet vart styrkt med 1 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2025. Utviklingsarbeidet er føreslått finansiert med ei særskild tildeling på 15,8 mill. kroner til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i 2026, ein auke på 9,8 mill. kroner frå 2025. Løyvinga skal i hovudsak nyttast til prosjektleiing, brukartesting, design og programmering av løysinga, personvernvurderingar, utgreiing av juridiske spørsmål og utvikling av tilleggsfunksjonar i tenesta.

Noreg i tusen år – Nasjonaljubileet 2030

Regjeringa ønskjer at 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad blir ei nasjonal markering, der Museene Arven AS (tidlegare Stiklestad Nasjonale Kultursenter) er navet i jubileet. Museene Arven AS har sekretariatsoppgåver for jubileet og for den nasjonale komitéen for Nasjonaljubileet 2030. Komiteen er sett saman på ein måte som dekkjer viktige delar av norsk samfunnsliv, og med personar som har kunnskap og evne til å bidra til at Nasjonaljubileet blir ei nasjonal markering.

Fram mot 2030 vil det vere ein jubileumsstafett med ulike tema og markeringar. Tusenårsmarkeringane skal skape engasjement, debatt og interesse for norsk historie og kulturarv i åra fram mot 2030. I 2025 var temaet «Migrasjon og identitet», og mottakarane av tilskot var «Nordenfjeldske kunstindustrimuseum: kunstprosjektet Tusenårsteppet», «Anno – Museene i Hedmark», «Agdenes Vekst AS», «Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn», «Nidaros Bispedømmeråd», og Sarpsborg Kommune. Tidlegare tema har vore «Kulturmøter og endring – 2021», «Folkestyre – 2022», «Ressurser og rikdom – 2023» og «Verdier og lovverk – 2024». I 2026 er jubileumstemaet «Slekt og samfunn». I tillegg til dei årlege temaa i jubileumsstafetten har det utvikla seg satsingsområde, såkalla Tusenårstema, som inneber fleirårige temasatsingar. Desse er «Tru i 1000 år», «Pilegrim i 1000 år», «Kunst og handverk i 1000 år», «Musikk i 1000 år», «Mat og drikke i 1000 år» og «Ung i 1000 år». For oversikt over markeringane regjeringa føreslår tilskot til i 2026, sjå postomtale under kap. 881, post 77.

Opplysningsvesenets fond

Barne- og familiedepartementet fremja i Prop. 82 L (2023–2024) forslag om omdanning av Opplysningsvesenets fond (Ovf) til aksjeselskap. Til rettsleg grunnlag for gjennomføring av omdanninga vedtok Stortinget lov 25. juni 2024 nr. 58 om omdanning av Ovf til aksjeselskap (omdanningslova), jf. Innst. 359 L (2023–2024). 1. september 2024 vart Ovf omdanna til aksjeselskapet Allstad AS. Oppgjerskontoen i Noregs Bank vart nullstilt og avslutta 31. august 2024. Omdanninga er gjennomført med kontinuitet i eigar- og kapitaltilhøve, jf. Prop. 82 L (2023–2024). Det innebar at eigedelane, rettane og forpliktingane til fondet i heilskap vart overførte til eit nystifta aksjeselskap mot at staten teikna alle aksjane i selskapet, jf. omdanningslova § 2 fyrste ledd.

Forvaltningsorganet for Ovf, som etter verksemdsoverdraginga den 1. september ikkje lenger hadde tilsette, skulle formelt oppløysast etter at rekneskapen for 2024 var revidert og endeleg avlagd. Avviklingsrekneskapen (melding frå styret, resultatoppstilling, balanse, rekneskapsprinsipp, kontantstraum og notar) per august 2024 for Ovf og Riksrevisjonen har revidert Forvaltningsorganet for Ovf utan vesentlege funn. På dette grunnlaget vart avviklingsrekneskapen for Ovf og Forvaltningsorganet for Ovf godkjend av styret 4. april 2025. I samsvar med Prop. 82 L (2023–2024) er no Ovf sletta, og Forvaltningsorganet for Ovf er lagt ned.

Frå den 1. november 2024 vart forvaltingsansvaret for eigarskapen til staten i Allstad AS overført til Nærings- og fiskeridepartementet (FOR-2024-10-18-2506).

For meir informasjon om selskapet, resultat, tilsette m.m., viser vi derfor til budsjettproposisjonen frå Nærings- og fiskeridepartementet og til årsrapporten frå selskapet.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

880

Den norske kyrkja

2 687 578

2 788 264

2 885 609

3,5

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

1 110 689

1 257 687

1 336 096

6,2

882

Kyrkjebygg og gravplassar

175 422

123 471

111 531

-9,7

883

Kyrkjebevaringsfondet

85 750

321 267

426 162

32,7

Sum kategori 11.50

4 059 439

4 490 689

4 759 398

6,0

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

10 834

23 465

35 629

51,8

50–89

Overføringar til andre

4 048 605

4 467 224

4 723 769

5,7

Sum kategori 11.50

4 059 439

4 490 689

4 759 398

6,0

Kap. 880 Den norske kyrkja

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

70

Rammetilskot til Den norske kyrkja

2 567 435

2 663 556

2 756 412

71

Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

120 143

124 708

129 197

Sum kap. 880

2 687 578

2 788 264

2 885 609

Post 70 Rammetilskot til Den norske kyrkja

Frå posten blir det løyvd eit rammetilskot til Den norske kyrkja.

Tilskotet skal dekkje driftsutgifter og femner i hovudsak om prestetenesta og dei regionale og nasjonale organa til kyrkja. Tilskotet inkluderer mellom anna støtte til opplæring innan tru og diakonien i kyrkjelydane. Det er Kyrkjemøtet som rår over midlane og vedtek korleis tilskotet skal nyttast. Tilskotet skal ikkje nyttast til å avlaste kommunane for utgiftene dei er pålagde etter trussamfunnslova § 14. Sjå òg omtale av mål, målgruppe, kriteria for måloppnåing og rapportering for tilskotet under «Resultatrapport og strategiar».

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 3 mill. kroner for å finansiere delar av meirutgiftene til vidare utvikling av Digital gravferdsmelding. Frå 2026 blir det ikkje lagt opp til å regulere løyvinga ut frå årleg endring i talet på nye pensjonistar gjennom ei eige ordning utover lønns- og prisomrekning.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 2,76 mrd. kroner i 2026.

Post 71 Tilskot til Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet

Frå denne posten blir det gitt tilskot til Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet. Målet med tilskotet er å leggje til rette for at dei kan ta seg av den kyrkjelege beteninga av nordmenn i utlandet i samsvar med særpreget til organisasjonen som åndeleg, sosial og kulturell samlingsstad og dessutan beredskapsorganisasjon. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir gitt etter søknad.

I tillegg til statstilskotet verksemda får, blir ho finansiert gjennom gåver frå private og tilskot frå norsk internasjonalt næringsliv. Resultatrekneskapen for Sjømannskirken (konsernrekneskapen), som inkluderer alle personalutgifter, viste i 2024 samla utgifter på 261,8 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 129,2 mill. kroner i 2026.

Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

21

Spesielle driftsutgifter

1 915

7 388

17 754

70

Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

1 079 972

1 223 176

1 284 542

77

Nasjonaljubileet 2030

9 479

8 687

9 000

78

Ymse faste tiltak

19 323

18 436

24 800

Sum kap. 881

1 110 689

1 257 687

1 336 096

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten skal dekkje utgifter til forsking og utviklingstiltak på trus- og livssynsområdet og innanfor feltet gravplassar, kremasjon og gravferd. Posten skal vidare dekkje kontingentar og utgifter som følgje av avtalar som departementet har forplikta seg til innanfor programkategorien. Frå posten blir det òg løyvd midlar til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark for arbeidet deira med prosjektet Digital gravferdsmelding. Prosjektet er ein del av livshendinga dødsfall og arv.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 10,1 mill. kroner i 2026 for å vidareutvikle og rulle ut Digital gravferdsmelding. Totalt vil løyvinga til dette tiltaket utgjere 15,3 mill. kroner i 2026.

Samla føreslår departementet ei løyving på 17,8 mill. kroner på posten i 2026.

Post 70 Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er heimla i lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova). Trus- og livssynssamfunna får eit tilskot frå staten som svarer om lag til det staten og kommunane gir i tilskot til Den norske kyrkja, rekna per medlem, jf. trussamfunnslova § 5.

Løyvinga på posten følgjer av fire faktorar: utgifter til Den norske kyrkja over statsbudsjettet, utgiftene kommunane har til Den norske kyrkja, talet på medlemmer i Den norske kyrkja og talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja. I kapittel 3 i trussamfunnsforskrifta er det forklart korleis tilskota blir rekna ut.

Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Det følgjer av Grunnlova § 16 at alle trus- og livssynssamfunn skal bli støtta på lik linje. Etter trussamfunnslova skal trus- og livssynssamfunna få eit samla tilskot frå staten som svarer om lag til det staten og kommunane gir i tilskot til Den norske kyrkja, rekna per medlem.

Tildelingskriterium

Registrerte trus- og livssynssamfunn kan krevje tilskot frå staten. For at eit samfunn skal få tilskot, må det ha minst 50 medlemmer som har meldt seg inn sjølve eller blitt innmelde av dei som har foreldreansvaret, er busette i Noreg og ikkje er medlem av Den norske kyrkja eller eit anna registrert trus- eller livssynssamfunn. Frå og med 1. januar 2026 må samfunna ha minst 100 teljande medlemmer for å kunne få tilskot.

For å få tilskot må trus- og livssynssamfunna òg sende inn årsrapport og rekneskap.

Oppfølging og kontroll

For å avklare kor mange tilskotsteljande medlemmer kvart samfunn har, kontrollerer ein medlemslista mot Folkeregisteret, medlemsregisteret til Den norske kyrkja og listene til dei andre samfunna. Brønnøysundregistera kontrollerer medlemslistene på oppdrag frå departementet.

Dei to statsforvaltarembeta som forvaltar tilskotsordninga, gjennomgår årsrapportane og rekneskapane til trus- og livssynssamfunna, mellom anna for å kontrollere at tilskota blir nytta til trus- eller livssynsføremål.

Departementet føreslår ei løyving på til saman 1,28 mrd. kroner i 2026.

Post 77 Nasjonaljubileet 2030

Løyvinga på posten går til tiltak i samband med Nasjonaljubileet 2030. Av løyvinga på posten føreslår departementet tilskot til jubileumstiltak, fordelt med:

  • 2,66 mill. kroner til Museene Arven AS til å dekkje sekretariatsoppgåver til jubileet og for den nasjonale komitéen for Nasjonaljubileet 2030. Museene Arven AS og sekretariatet blir òg løyvd 440 000 kroner til to ulike føremål. 200 000 kroner blir løyvd til kommunikasjonstiltak, og 240 000 kroner blir løyvd til utvikling og produksjon av digital læringsressurs «Norge i tusen år» med utgangspunkt i Verdiseglas 2024.

  • 660 000 kroner til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum til kunstprosjektet «Tusenårsteppet»

  • 2 mill. kroner til Sarpsborg kommune for rolla deira som hovudaktør i jubileumsstafetten i 2026

  • 400 000 kroner til Museene for Kystkultur og gjenreisinga i Finnmark IKS for prosjektet «Gjesvær 1026–2026»

  • 300 000 kroner til Finnmark fylkeskommune for prosjektet deira i samband med 200-årsmarkering av grensefastsetjinga mellom Noreg og Russland i 1826

  • 290 000 kroner til Pilegrimsfellesskapet Sandefjord for prosjektet «Utstilling om Olav»

  • 300 000 kroner til Nidaros bispedømme for ulike arrangement knytte til jubileumstemaet «Slekt og samfunn»

  • 510 000 kroner til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) for to arrangement tilknytte jubileumstemaet «Slekt og samfunn»

  • 400 000 kroner til Norges Kristne Råd for prosjektet «Kristendom i 1000 år»

  • 250 000 kroner til Fortidsminneforeningen for prosjekt knytt til «Livsgrunnlag i 1000 år»

  • 390 000 kroner til Nordmørsmusea AS ved Regionalt pilegrimssenter Smøla, av dette er 350 000 kroner fordelt til prosjektet «Verdiseilas 2026» og 40 000 kroner til prosjektet «Verdisamtaler»

  • 150 000 kroner til Nordic Voices for prosjektet «Sang i ruiner»

  • 250 000 kroner til Sanden Media AS for prosjektet «Produksjon av filmer om Olav»

Målet med desse tilskota er å bidra til at 1 000-årsmarkeringar skal skape engasjement, debatt og interesse for norsk historie og kulturarv i åra fram mot 2030. Kriterium for måloppnåing for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene.

Departementet føreslår ei løyving på 9 mill. kroner i 2026.

Post 78 Ymse faste tiltak

Løyvinga på posten går til tiltak på trus- og livssynsområdet, som tilskotsordninga til dialogføremål, kurstilbodet «Å være religiøs leder i det norske samfunn» ved Universitetet i Oslo, til Hjelpekilden Norge og driftstilskot til dialog- og paraplyorganisasjonar på trus- og livssynsfeltet.

Arbeidet som dialog- og paraplyorganisasjonane gjer, er eit viktig fundament for eit livssynsope samfunn. Målet med driftstilskotet er særleg å styrkje aktivitetane desse organisasjonane har som brubyggjarar mellom ulike trus- og livssynssamfunn og som kontaktledd til det offentlege. Organisasjonane bidreg også til å auke kunnskapen om tru og livssyn i samfunnet og i dei offentlege tenestene.

Til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) er det sett av eit driftstilskot på 11,3 mill. kroner. Løyvinga er auka med 5 mill. kroner i samband med dette. Driftstilskotet er auka mellom anna sidan det trengst ei styrking av arbeidet med trus- og livssynsdialog for unge, arbeidet med negativ sosial kontroll og dialog om LHBT+ i trus- og livssynssamfunn.

Til Norges Kristne Råd er det sett av 5,6 mill. kroner, og til Muslimsk Dialognettverk er det sett av 2,9 mill. kroner i driftstilskot i 2026, det er ei auke på hhv. 610 000 kroner og 600 000 kroner frå 2025.

Til Hjelpekilden Norge er løyvinga auka til eit nytt tilskot på 0,8 mill. kroner til arbeid med negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn i samarbeid med Bufdir.

Det er lagt opp til å føre vidare tilskotet til kurstilbodet «Å være religiøs leder i det norske samfunn» ved Det teologiske fakultetet (TF) ved Universitetet i Oslo. Kurset er retta mot religiøse leiarar i Noreg med utanlandsk bakgrunn og kan takast med og utan studiepoeng.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene.

På posten er det vidare sett av midlar til tilskotsordninga til dialogføremål, offentleg debatt og kunnskapsutvikling på trus- og livssynsfeltet. Ordninga vart regulert i forskrift frå 2022. Det blir gitt tilskot på mellom 50 000 og 400 000 kroner per prosjekt. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskotet skal bidra til å fremje trus- og livssynsdialog og offentleg debatt om trus- og livssynspolitiske tema, i tillegg til kunnskapsutvikling og kompetanseheving. Tilskotet skal stimulere til auka samarbeid mellom kommunar og trus- og livssynssamfunn for å fremje mangfald og inkludering og løyse sosiale utfordringar. Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett og opp mot dei overordna måla for ordninga.

Tildelingskriterium

Tilskota til dialogføremål kan givast til trus- og livssynssamfunn, kommunar, organisasjonar, lag og foreiningar mv. Fleire aktørar kan gå saman om å søkje. Ved fleire søknader frå same aktøren kan departementet vurdere desse samla.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane må sende inn rapport og rekneskap. Barne- og familiedepartementet og Riksrevisjonen kan kontrollere om tilskota er nytta i tråd med føremålet. Midlane til dialogtiltak blir lyste ut kvart år, og søknadene blir handsama under eitt. Tilskotsmottakarane må sende inn rapport og rekneskap for bruken av midlane innan utgangen av det påfølgjande året.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 5,7 mill. kroner til 24,8 mill. kroner i 2026.

Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

60

Rentekompensasjon – kyrkjebygg

128 311

108 600

96 625

61

Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

32 961

70

Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

14 150

14 871

14 906

Sum kap. 882

175 422

123 471

111 531

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg

Rentekompensasjonsordninga for istandsetjing av kyrkjebygg skal stimulere til sikring av kyrkjebygga og av utsmykkinga og inventaret i kyrkjene. Ordninga gjeld alle kyrkjebygga i Den norske kyrkja.

Løyvinga på posten skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegner om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Det har ikkje vore gitt ny investeringsramme sidan 2019, og det er heller ikkje føreslått ny investeringsramme i 2026. Husbanken forvaltar rentekompensasjonsordninga. Utrekningsgrunnlaget for rentekompensasjonen er kostnadene til prosjektet, som Husbanken godkjenner ved søknad om utbetaling.

Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Mål og kriterium for måloppnåing

Rentekompensasjonsordninga skal stimulere til sikring og istandsetjing av kyrkjene, utsmykking i kyrkjene og inventar i kyrkjene.

Tildelingskriterium

Ordninga gjeld for kyrkjer i Den norske kyrkja, og pengane blir utbetalte til kommunane. Rentekompensasjon blir gitt til bygningsmessige investeringar til sikring og bevaring av kyrkjene og til utsmykkinga og inventaret i kyrkjene. Rentekompensasjon kan ikkje bli gitt til ordinært vedlikehald.

Husbanken forvaltar rentekompensasjonsordninga. Utrekningsgrunnlaget for rentekompensasjonen er kostnadene til prosjektet, som Husbanken godkjenner ved søknad om utbetaling.

Oppfølging og kontroll

Dersom vilkåra for rentekompensasjonen ikkje er oppfylte, kan staten redusere eller stanse utbetalinga, eventuelt krevje rentekompensasjonen tilbakebetalt, jf. forskrift om kompensasjon for utgifter til renter til investeringer for istandsetting av kirker og kirkeinventar fra Husbanken.

Ut frå oppdaterte overslag for rentenivået og investeringsramma i ordninga føreslår departementet ei løyving på 96,6 mill. kroner i 2026.

Post 70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Hovedorganisasjonen KA frå posten i 2026 òg. Midlane skal gå til oppgåvene KA har på kyrkjebyggfeltet, og til rådgiving og særlege prosjekt retta mot dei lokale gravplasstyresmaktene. Målet med tilskotet er at KA skal halde fram med arbeidet med å dokumentere tilstanden til kyrkjebygga, drifte FDV-systemet Ordna eiendom (tidlegare kyrkjebyggdatabasen), sørgje for kurs og rettleiingsmateriell innanfor brann- og innbrotsførebyggjande tiltak, energibruk og andre miljøtiltak.

Departementet føreslår òg å delfinansiere ei undervisingsstilling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Målet for tilskotet er at landskapsarkitektstudentar skal få undervising i særlege krav som er knytte til gravplassar og utforminga av desse. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Felles for dei to namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at eit kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir utmålt på bakgrunn av søknad.

Beløpet på posten er nedjustert med 0,5 mill. kroner for å finansiere delar av meirutgiftene til vidare utvikling av Digital gravferdsmelding.

Departementet føreslår ei løyving på 14,9 mill. kroner i 2026.

Kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

01

Driftsutgifter

8 919

16 077

17 875

60

Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, kan overførast

71 831

300 000

400 000

70

Driftstilskot bevaringsstrategi

5 000

5 190

8 287

Sum kap. 883

85 750

321 267

426 162

Post 01 Driftsutgifter

For å forvalte bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og tilhøyrande tilskotsordning, er det oppretta eit programsekretariat i Trondheim, som er administrativt lagt til kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren. I tillegg er det oppretta eit programstyre for ordninga og eit Nasjonalt fagråd for Kyrkjebevaringsfondet.

Løyvinga på posten skal nyttast til drift av programsekretariatet, programstyret og fagrådet mv. Løyvinga kan òg nyttast til kompetanseutviklingstiltak i kyrkjebevaringsarbeidet. Driftsutgifter for deltakinga i programsekretariatet frå Hovudorganisasjonen KA og Kyrkjerådet blir dekte på post 70. I programsekretariatet for Kyrkjebevaringsfondet er det eit behov for å auke bemanninga. I tillegg er det eit behov for å auke løyvinga til drift på grunn av investeringar i IKT og digitalt saksflytsystem. Til saman utgjer det eit meirbehov på 1,3 mill. kroner i 2026.

Departementet føreslår ei løyving på 17,9 mill. kroner i 2026, sjå òg omtale under post 70.

Post 60 Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til tilskotsordninga forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg knytt til Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg. Løyvinga dekkjer òg utgifter knytte til kompetansehevingstiltak for tilskotsmottakarane i tråd med føringane som går fram av innsatsområde to i bevaringsstrategien, kunnskap og kompetanse. Det skjer i regi av programsekretariatet. Sjå omtale i Prop. 104 S (2023–2024) og Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet. Hovudelementa i tilskotsordninga er presenterte under.

Mål og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til bevaring av eksteriøret til og interiøret i kulturhistorisk verdifulle kyrkjer, slik at dei kan halde fram med å vere kjelder til tru og kunnskap og gi grunnlag for oppleving, engasjement og innsikt i Noregs kulturhistorie i tråd med Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg. Viktige målgrupper for tilskotsordninga er brukarar av kyrkjebygga, lokalsamfunna rundt og publikum som nyttar seg av den nasjonale kulturarven.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå kor mange kyrkjer som har gjennomført eller komme i gang med istandsetjingsarbeid, kor mange kyrkjer som har fått betra tilstandsgrad på klimaskal og interiør, og om det økonomiske bidraget frå kommunane til kyrkjevedlikehald er stabilt eller har auka. I tillegg vil aktivitetsnivået når det gjeld kunnskap og kompetanse, oppleving og formidling og engasjement og deltaking, inngå i vurderinga.

Tildelingskriterium

Eigarar av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg kan søkje om tilskot til tiltak innanfor alle dei fire innsatsområda i bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg:

  1. Bevaring – istandsetjing, sikring og konservering

  2. Kunnskap og kompetanse

  3. Oppleving og formidling

  4. Engasjement og deltaking

Fylkeskommunar, kommunar, forskingsinstitutt, private utdanningsinstitusjonar, universitet, høgskular og andre relevante fagmiljø kan søkje om tilskot til tiltak innanfor innsatsområde 2. Museum, stiftelsar, foreiningar, kommunar, kyrkjelydar og frivillige organisasjonar kan i overeinskomst med ein eller fleire kyrkjeeigarar søkje om tilskot til tiltak innanfor innsatsområda 3 og 4.

Prosjekt som får tilskot, skal medverke til å støtte opp under målet med tilskotsordninga slik det kjem fram av tilskotsforskrifta.

Det kan søkjast om midlar til føreprosjekt og hovudprosjekt til ei kyrkje som skal bevarast. I tillegg kan det innanfor tilskotsordninga bli gitt tilskot til tiltak som ikkje har direkte samanheng med eit føreprosjekt eller hovudprosjekt på ei konkret kyrkje, mellom anna for å medverke til auka kunnskap og kompetanse eller formidling av historia til kyrkjebygga i ein kommune eller region. Nærare definisjonar og krav til føreprosjekt og hovudprosjekt mv. går fram av tilskotsforskrifta.

Det er kyrkjene med størst behov for vedlikehald og størst kulturhistorisk og kyrkjeleg verdi som vil bli prioriterte fyrst. I tillegg vil mellomalderkyrkjer bli prioriterte fram mot 2030. Omsyn til kapasiteten i marknaden, tilgangen på kvalifiserte handverkarar, behovet for kompetanseutvikling og geografisk fordeling kan få vekt.

Føreprosjekta vil vere fullt ut statleg finansierte. Hovudprosjekta vil krevje kommunal medfinansiering, med ei fordeling mellom stat og kommune som kjem fram under.

I bevaringsprogrammet for mellomalderkyrkjer vil staten som hovudregel dekkje kostnadene til hovudprosjekt etter desse intervalla:

  • 50 prosent av kostnadene i intervallet 0–30 mill. kroner

  • 75 prosent av kostnadene i intervallet 30–70 mill. kroner

  • 90 prosent av kostnadene over 70 mill. kroner

I dei to andre bevaringsprogramma vil staten som hovudregel dekkje kostnadene til hovudprosjekt etter desse intervalla:

  • 50 prosent av kostnadene i intervallet 0–30 mill. kroner

  • 60 prosent av kostnadene i intervallet 30–70 mill. kroner

  • 80 prosent av kostnadene over 70 mill. kroner

For tilskot som ikkje har ein direkte samanheng med eit konkret føreprosjekt eller hovudprosjekt på ei kyrkje, gjer tilskotsforvaltaren ei skjønnsmessig vurdering av innkomne søknader ut frå kvalitet, forventa måloppnåing og behova i bevaringsprogrammet det er snakk om. Tilskotet skal som hovudregel ikkje overskride 50 prosent av kostnadene ved tiltaket.

Ordninga endrar ikkje ansvaret kommunane har for finansiering av drift og vedlikehald av kyrkjebygg etter trussamfunnslova § 14.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere rapport og rekneskap til tilskotsforvaltaren om korleis tilskotet har blitt brukt, saman med ei vurdering av måloppnåinga. For større tilskot kan tilskotsforvaltaren krevje delrapport og delrekneskap og også revisorattest. Tilskotsforvaltaren og Riksrevisjonen kan kontrollere at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskotsforvaltaren kan òg gjennomføre stadleg tilsyn. Tilskotsforskrifta og organiseringa av Kyrkjebevaringsfondet skal evaluerast.

Tilsegn om og utbetaling av tilskot

Bevaringsarbeid på kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg er tidkrevjande prosjekt, der det er behov for føreseieleg finansiering. Det vil derfor som hovudregel bli gitt tilsegn om tilskot for heile hovudprosjektet. Tilskotsforvaltaren fastset ein utbetalingsplan med utgangspunkt i storleiken på tilskotet. Utbetaling skjer etter kvart som mottakaren har behov for å dekkje dei aktuelle utgiftene, men likevel ikkje før det som er fastsett i utbetalingsplanen. Tilskot til tiltak innanfor innsatsområde 2, 3 og 4 som ikkje er ein integrert del av eit føreprosjekt eller hovudprosjekt på ei kyrkje, blir utbetalt i ratar fastsette av tilskotsforvaltaren. Av omsyn til kapasitet på tilbydarsida og årleg budsjettbelasting skal dei samla årlege utbetalingane ikkje overstige 500 mill. 2024-kroner.

I Prop. 104 S (2023–2024) vart det lagt til grunn ei samla forplikting på 10 mrd. i 2024-kroner til bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, tilsvarande 10,41 mrd. kroner i 2025. Attståande forplikting ved utgangen av 2025 etter løyvingsvedtaket til Stortinget for 2024 på 100 mill. kroner og løyvingsforslaget for 2025 på 300 mill. kroner, i tillegg til utgifter til drift under kap. 883, post 01 og 70, og kap. 1429, post 01 (KLD), er 10,33 mrd. 2026-kroner, jf. tabellen under. Romartalsvedtaket for 2026 blir justert ut frå attståande forplikting ved utløpet av budsjettåret.

Tabell 4.8 Status per budsjettår for forplikting til istandsetjing av kyrkjebygg, løyvingar og attståande forplikting ved utgangen av året, alle beløp i mill. 2026-kroner

Forplikting per 1/1

Løyving1, inkl. driftsutgifter og -tilskot (Kap. 883, post 01, 60 og 70 og kap. 1429, post 012)

Attståande forplikting per 31/12

2024

10 774,4

115,5

10 658,9

2025

10 658,9

332,5

10 326,4

2026

10 326,4

445,5

9 880,9

1 Rekneskapstal der det er klart.

2 Ein auke på 4,79 mill. kroner i driftsmidlar til Riksantikvaren frå 2026 er inkludert.

Budsjettforslag for 2026

Departementet legg til grunn eit behov knytt til tilskotsordninga for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg på om lag 400 mill. kroner i 2026 på kap. 883, post 60. Overslaget baserer seg på faglege råd og kartleggingsarbeid gjennomført av programsekretariatet og programstyret for Kyrkjebevaringsfondet. Dette er delvis behov knytt til vidareføring og ferdigstilling av prosjekt som fekk tilsegner om tilskot i 2024 og 2025, og delvis nye for- og hovudprosjekt som får støtte frå 2026.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 100 mill. kroner i 2026, frå 300 til 400 mill. kroner.

I tillegg kjem utgifter til bevaringsstrategien under post 01 og post 70. Sjå òg omtale under kap. 3883, post 50, og forslag til romartalsvedtak.

Post 70 Driftstilskot bevaringsstrategi

Løyvinga på posten dekkjer driftstilskot for å stille fagressursar til rådvelde for programsekretariatet for Kyrkjebevaringsfondet tilsvarande 3,5 årsverk for Hovudorganisasjonen KA og 1,5 årsverk for Kyrkjerådet. For å dekkje dei faktiske kostnadene KA har til årsverka og til integreringskostnader for prosjektet digital saksflyt, og dessutan sørgje for at Kyrkjerådet og KA får lik kostnadsdekking for årsverka, føreslår departementet å auke løyvinga med 2,9 mill. kroner til 8,3 mill. kroner i 2026. Sjå òg omtale under post 01.

Kap. 3883 Kyrkjebevaringsfondet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

50

Overført frå Kyrkjebevaringsfondet

90 000

100 000

Sum kap. 3883

90 000

100 000

Post 50 Overført frå Kyrkjebevaringsfondet

Opplysningsvesenets fond (Ovf) vart omdanna til eit heileigd statleg aksjeselskap, Allstad AS, 1. september 2024, og eigarstyringa av selskapet er lagd til Nærings- og fiskeridepartementet etter dette. Vurderinga av utbytte og uttak frå selskapet skal vere forretningsmessig basert.

Utbytte til staten frå aksjeselskapet skal vere øyremerkte bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg jf. Prop. 82 L (2023–2024).

Utbyttet blir overført til ein fondskonto oppretta i Noregs Bank, kalla «Kyrkjebevaringsfondet». Når tilgjengelege midlar på fondet skal nyttast, blir desse førte som inntekt på kap. 3883, post 50. Utbytte til staten frå Allstad AS skal øyremerkjast bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg også etter at den opphavlege forpliktinga på 10 mrd. i 2024-kroner er innfridd. Inntekta skal bidra til å finansiere utgifter til bevaringsprogramma i kyrkjebevaringsstrategien som blir løyvde over kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet, post 60 Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

Dersom Kyrkjebevaringsfondet er for lite til å dekkje den årlege utbetalinga til bevaringsprogramma, blir det føreslått å løyve midlar utan tilsvarande inntektsløyving i tillegg. Det vart overført 200 mill. kroner frå Ovf til Kyrkjebevaringsfondet i august 2024, som eit eingongsuttak før omdanning til aksjeselskap. 90 mill. kroner vart nytta i 2024. I 2025 blir det lagt opp til at attståande beløp blir ført som inntekt. Det er heller ikkje budsjettert med nye innbetalingar frå Allstad AS i 2025 eller 2026. Det ligg såleis ikkje an til å vere midlar på fondskontoen til å finansiere arbeid med bevaringsstrategien i 2026. Det blir derfor ikkje føreslått noka løyving på posten for 2026.

Løyvinga på posten blir derfor føreslått redusert med 100 mill. kroner.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa vil jobbe vidare med å utvikle og tilpasse velferdsordningane for barnefamiliane som gir foreldre høve til å ta godt vare på barna sine, og som samstundes gjer det mogleg for dei å delta i arbeidslivet. Arbeidsdeltaking er avgjerande for økonomien til barnefamiliane på sikt og ein føresetnad for høg verdiskaping og høve til å halde ved lag gode velferdsordningar over tid. Foreldrepengar skal kompensere for tapt arbeidsinntekt i samband med fødsel eller adopsjon når foreldra må vere heime med barn. Eingongsstønad er ei eingongsutbetaling til mødrer utan opptent rett til foreldrepengar. Ordninga med bidragsforskott sikrar midlar til forsørginga av barnet når den forelderen som ikkje bur saman med barnet, av ulike grunnar ikkje betaler barnebidrag.

Det samla fruktbarheitstalet i Noreg har falle nesten kvart år sidan 2009 og nådde det historisk lågaste nivået i 2023 med 1,40 barn per kvinne. I 2024 såg vi 2 030 fleire fødslar enn året før og samstundes ein auke i det samla fruktbarheitstalet til 1,44. Regjeringa meiner det er naudsynt å få meir kunnskap om årsakene til utviklinga i fødselstala og kva for konsekvensar det kan få for samfunnet. Regjeringa har derfor sett ned eit utval som skal gi ei samla framstilling av moglege årsaker til utviklinga i fødselstala og greie ut korleis det kan komme til å påverke samfunnet. Utvalet skal vidare komme med tilrådingar om tiltak og verkemiddel som, om mogleg, kan bidra til å støtte opp om auka fødselstal i Noreg. Utvalet kom med ein delrapport 24. april 2025, og den endelege rapporten er venta vinteren 2026.

Resultatrapport og strategiar

Foreldrepengar

Foreldrepengeordninga er ein viktig del av velferdstilbodet til småbarnsforeldre. Foreldrepengar kan ytast til mor og far til barnet ved fødsel og ved adopsjon av barn under 15 år. Retten til foreldrepengar blir tent opp gjennom yrkesaktivitet. Ordninga kompenserer for bortfall av arbeidsinntekt når ein av foreldra er heime og har omsorga for barnet. Det gjer det mogleg for foreldre å sjølve ta seg av barnet det fyrste leveåret og legg vidare til rette for at foreldre kan halde på tilknytinga til arbeidslivet. Tilknytinga til arbeidslivet er viktig for økonomien til familiane på sikt og for norsk økonomi og berekrafta i velferdsordningane. Regjeringa har ført vidare tredelinga av foreldrepengeordninga, men har gjort endringar som gir auka fleksibilitet for familiar og i større grad sikrar begge foreldra rett til foreldrepengar, uavhengig av aktiviteten til mor. Etterbetaling av foreldrepengar som følgje av dommen frå Høgsterett om fedrekvote i foreldrepengeordninga (HR-2023-2432- A) vart ferdig utbetalt i 2025 og vil ikkje ha budsjettkonsekvensar i 2026.

Tiltak i foreldrepengeordninga som regjeringa har gjennomført

Auka lengd ved 80 prosent inntektsdekking

Tidlegare fekk familiane ei lågare samla utbetaling dersom foreldra valde foreldrepermisjon med redusert inntektsdekking (80 prosent). Erfaringstal viste at dei fleste foreldrepengemottakarar valde full inntektsdekking (100 prosent). Samstundes tok om lag halvparten av mødrene ulønt permisjon, og i snitt tok dei om lag 16 veker. Frå 1. juli 2024 vart stønadsperioden med 80 prosent foreldrepengar utvida med 11 stønadsdagar, slik at samla utbetaling blir om lag lik for 80 prosent og 100 prosent inntektsdekking. Endringa gir familiar større fleksibilitet og høve til å vere lenger heime med barnet, betre høve for å amme og er betre tilpassa barnehagestart. Det er venta at omlegginga vil redusere uttaket av ulønt permisjon.

Sjølvstendig uttaksrett til far og medmor

For visse delar av foreldrepengeperioden er det stilt eit aktivitetskrav til mor under stønadsuttaket til far eller medmor. I tilfella der berre far eller medmor har opparbeidd rett til foreldrepengar, må mor vere i jobb, studere eller vere i annan aktivitet i perioden far eller medmor er heime med foreldrepengar, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-13. Aktivitetskravet er både eit insentiv for mor til å gå ut i aktivitet og medverkar til at den som tek ut foreldrepengar, har eit sjølvstendig ansvar for omsorga til barnet i perioden. Når begge foreldre har opptent rett til foreldrepengar, gjeld ikkje aktivitetskravet for vekene i fedrekvoten, men ved fellesdelen.

Aktivitetskravet til mor har tidlegare vore gjeldande for heile stønadsperioden i tilfelle der berre far har opptent rett til foreldrepengar. Frå 2. august 2022 vart aktivitetskravet oppheva for åtte veker. Frå 2. august 2024 er aktivitetskravet oppheva med ytterlegare to veker, til samla ti veker. Stortinget vedtok at alle ti vekene skal betalast ut med full kompensasjon, jf. Innst. 355 L (2023–2024). Aktivitetskravet til mor vil framleis gjelde for stønadsuttak utover dei ti vekene.

Endringa styrkjer rettane til fedrar og medmødrer og gir fleire fedrar og medmødrer høve til å vere heime med barnet sitt lenger der det berre er far som har opptent rett til foreldrepengar. Det kan styrkje tilknytinga til begge foreldra i det fyrste leveåret og bidreg til meir likeverdige rettar for foreldra.

Bruk av foreldrepengeordninga

Erfaringstal viser at lengda på fedrekvoten i stor grad er førande for kor stor del av foreldrepengane fedrar tek ut. Fellesdelen blir som oftast nytta av mor. Når fedrekvoten har auka, har fedrar auka uttaket sitt – og omvendt. Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at fedrar i 2024 i snitt tok 31,8 prosent av dei samla foreldrepengedagane. Dette er 11,7 prosentpoeng høgare enn tilsvarande tal for fedrar i 2018, det vil seie før innføringa av ein tredelt foreldrepengeperiode.

Når vi skil mellom fedrar med ulik dekkingsgrad (80 prosent eller 100 prosent), ser vi at det i 2024 var 40 prosent av fedrane med 100 prosent dekkingsgrad som tok ut lengda på fedrekvoten eller meir (75 dagar eller meir). Blant fedrar med 80 prosent dekkingsgrad var det 27,5 prosent som tok ut lengda på fedrekvoten eller meir (95 dagar eller meir). Samanlikna med 2023 var det i 2024 noko færre som tok ut lengda på fedrekvoten eller meir i begge gruppene. Det er viktig å understreke at statistikken over uttak i eit einskilt kalenderår ikkje viser det heile og fulle biletet av uttaket fordi uttaket til den einskilde kan strekkje seg over fleire kalenderår.

Figurane under viser høvesvis utviklinga i uttak av dagar med foreldrepengar for mor og far/medmor og korleis fedrar/medmødrer gjer foreldrepengeuttak sett opp mot fedrekvoten.

Figur 4.4 Gjennomsnittleg tal på dagar med foreldrepengar for mødrer og fedrar med meir enn 0 dagar foreldrepengar

Figur 4.4 Gjennomsnittleg tal på dagar med foreldrepengar for mødrer og fedrar med meir enn 0 dagar foreldrepengar

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Figur 4.5 Fedrane sin bruk av foreldrepengeperioden, del som bruker mindre, akkurat eller meir enn lengda på fedrekvoten.

Figur 4.5 Fedrane sin bruk av foreldrepengeperioden, del som bruker mindre, akkurat eller meir enn lengda på fedrekvoten.

Merk: Fedrar som fekk barn i perioden etter fyrste halvåret 2022, kan framleis ha uttak av foreldrepengar til gode, noko som kan endre dei endelege tala frå etter fyrste halvåret 2022.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.9 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2019–2024

2018

2019

2020

2021

2022

2023

2024

Endring 2023–2024

Talet på levandefødde barn (SSB)

55 120

54 495

52 979

56 060

51 480

51 980

54 013

2 033

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

Kvinner, prosent

79,9

74,5

68,4

69,3

67,3

68,1

68,2

0,1

Menn, prosent

20,1

25,5

31,6

30,7

32,7

31,9

31,8

-0,1

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

82 353

82 010

77 208

79 574

77 591

75 493

78 571

3 078

Del av desse med 100 prosent lønskompensasjon, prosent

70,7

73,8

77,6

79,1

79,8

81,3

76,9

-4,4

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

53 788

56 852

59 068

60 412

62 838

60 739

64 190

3 451

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kroner)

404 580

441 289

475 226

492 957

515 294

546 647

590 870

44 223

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kroner)

463 556

509 836

542 614

563 491

591 260

622 535

653 712

31 177

Delen kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

4,7

4,6

4,7

4,6

4,9

4,8

4,8

0,0

Delen menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

21,3

21,9

21,7

20,5

20,1

19,7

19,2

-0,5

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 458

1 641

1 765

2 076

2 335

3 320

5268

1 948

Talet på personar med eingongsstønad ved fødsel

10 332

10 411

9 675

9 671

7 865

8 440

7 481

-959

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir gitt til mødrer (og fedrar, i nokre tilfelle) utan opptent rett til foreldrepengar eller til dei som vel å heller få eingongsstønad sjølv om dei har opptent rett til foreldrepengar. Ytinga gir familien ei eingongsutbetaling som kan dekkje utgifter i samband med å få barn, men kompenserer ikkje for bortfall av inntekt slik foreldrepengeordninga gjer.

Om lag 65 prosent av mottakarar av eingongsstønad er fødde i utlandet, mot 21 prosent av mottakarane av foreldrepengar. Dei er overrepresentert i låginntektshushald og om lag 10 prosent bor aleine med barn. Vidare er mottakarar av eingongsstønad i snitt yngre enn dei som får foreldrepengar.

Eingongsstønaden er ei særnorsk yting. Stønaden kjem i form av ei eingongsutbetaling. Satsen på utbetalinga er i 2025 92 648 kroner. Stønaden er auka over fleire år, sjå tabell 4.10.

Tabell 4.10 Sats for eingongsstønad ved fødsel i perioden 2013–2025

År

Sats

2013

35 263

2014

38 750

2015

44 190

2016

46 000

2017

61 120

2018

63 140

2019

83 140

2020

84 720

2021

90 300

2022

90 300

2023

92 648

2024

92 648

2025

92 648

Eingongsstønaden er ei eingongsutbetaling som kan dekkje utgifter knytte til å få barn, men skal ikkje forsørgje barnet eller familien over tid. Som følgje av at satsen er auka over fleire år, ligg eingongsstønaden i dag ein god del høgare enn det som er vurdert å vere kostnader ved å ha barn det fyrste året. Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet publiserer kvart år eit referansebudsjett som viser vanlege forbruksutgifter for ulike typar hushald. Der estimerer dei kostnadene knytte til å ha barn det fyrste året i 2025 til litt over 55 000 kroner. Dette er fordelt på litt over 30 000 kroner til spedbarnsutstyr (barnevogn, barnestol osv.) og om lag 25 000 kroner i løypande utgifter (mat, klede, bleier osv.). Prisjustert til 2026-kroner vil kostnadene knytte til å ha barn det fyrste året vere på litt under 57 000 kroner neste år.

Det blir ofte vist til foreldrepengeordninga og kompensasjonen foreldre med arbeidsinntekt får. Departementet viser til at foreldrepengeordninga kompenserer for at denne gruppa mistar inntekt medan dei er heime i foreldrepermisjon. Nokre mottakarar av eingongsstønad er mottakarar av livsopphaldsytingar og får eingongsstønaden i tillegg. Nokre grupper kan vere utan eller ha svært låg inntekt eller vere mellom ulike livsfasar. Av dei som fekk eingongsstønad i 2023, fekk til dømes rundt 21 prosent også studiestipend frå Lånekassen.

Det har vore ein reduksjon i talet på mottakarar av eingongsstønad i perioden 2013 til 2023. Det har samstundes vore ein generell nedgang i talet på fødslar gjennom perioden. Korleis ei endring i stønaden vil påverke arbeidstilbodet til mottakarar er såleis ikkje opplagt. Høge kontantoverføringar frå det offentlege kan påverke insentiva til og behovet for å ta seg arbeid, og eingongsstønaden blir gitt i ein periode i livet der det er ofte vil være særskilt viktig å opparbeide seg ei tilknyting til arbeidslivet.

Departementet vektlegg det generelle behovet for at familieytingane skal støtte opp om deltaking i arbeidslivet. Departementet legg vidare vekt på at eingongsstønaden ikkje er eigna som eit låginntektstiltak fordi han ikkje betrar situasjonen til familiane over tid. Offentlege ytingar bør ha ei klar grunngiving og vere godt og effektivt innretta. Ein meir prinsipiell eingongsstønad som ligg nærare utgiftene familiar har til barnet det fyrste året, vil ikkje i same grad svekkje insentiva til å ta arbeid. Departementet føreslår derfor å redusere satsen for eingongsstønaden til 60 000 kroner. Eit slikt stønadsnivå ligg nærare utgiftene familiar har til barnet det fyrste året.

Fødselstal og fertilitet

Utviklinga i talet på barnefødslar er ein faktor som på sikt har stor innverknad på samfunnsutviklinga i Noreg. Færre fødslar, når endringa varer ved, kan vere ein indikasjon på strukturelle samfunnsendringar. Sjølv om ein historisk sett har hatt økonomisk vekst i periodar med fallande fertilitetstal, vil færre fødslar gi demografiske endringar som kan ha verknader på makroøkonomiske tilhøve som verdiskaping, allokering av arbeidskraftressursar, skatteinntekter og berekraft i velferdsordningane.

Utviklinga i talet på barn per kvinne kan målast på to måtar; ein kan sjå på samla fruktbarheit eller kohortfruktbarheit. Det samla fruktbarheitstalet er eit mål på kor mange barn kvinner i gjennomsnitt vil få i løpet av livet basert på talet fødslar det kalenderåret. Kohortfruktbarheit viser kor mange barn ein kohort (eit årskull) kvinner har fått gjennom livsløpet, målt ved talet barn dei har fått ved fylte 45 år. Utviklinga i kohortfruktbarheita er meir stabil over tid ettersom ho ikkje blir påverka av når i livet kvinner får barn eller alderssamansetjinga i befolkninga.

Det samla fruktbarheitstalet i Noreg har falle frå toppunktet i 2009 på 1,98 barn per kvinne til 1,44 barn per kvinne i 2024. Kvinnene ved slutten av sin fertile alder hadde i 2024 ein kohortfruktbarheit på 1,89 barn. Det er uvisst kva kohortfruktbarheita for dei yngre generasjonane vil bli.

Figur 4.6 Samla fruktbarheitstal, kvinner, etter år og statistikkvariabel.

Figur 4.6 Samla fruktbarheitstal, kvinner, etter år og statistikkvariabel.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Dei låge fødselstala er ikkje eit særnorsk fenomen. Det har vore ein nedgang i fødselstala i ei rekkje andre land. I 2023 hadde Noreg lågare fødselstal enn OECD-gjennomsnittet, og Noreg er blant landa der fødselstala har falle mest dei siste 10 til 15 åra. Forskarar både nasjonalt og internasjonalt har sett på moglege årsaker til nedgangen i fødselstala utan å finne ei klar forklaring på utviklinga. Fødselstalet i Noreg har falle, trass i gode velferdsordningar for familiar og betre ordningar no enn tidlegare, òg samanlikna med andre land.

Å få færre barn enn ønskt kan vere eit tap for den einskilde. Varig låge fødselstal vil òg påverke samfunnet og føre til samfunnsendringar på sikt. Regjeringa meiner det er naudsynt å få meir kunnskap om årsakene til utviklinga i fødselstala og kva for konsekvensar det kan få for samfunnet. Regjeringa har derfor sett ned eit utval om fødselstal. Utvalet leverte ein delrapport april 2025 og skal levere endeleg rapport vinteren 2026.

Bidragsforskott

Foreldre har ansvar for å forsørgje barna sine etter den økonomiske evna si. Dette ansvaret gjeld uavhengig av om foreldra bur saman med barnet eller ikkje. Ein forelder som ikkje bur saman med barnet sitt, skal oppfylle ansvaret sitt for å forsørgje barnet ved å betale barnebidrag. Dersom barnebidrag ikkje blir betalt, eller betalt for seint, kan det offentlege forskotere eit månadleg underhaldsbidrag til barnet, eit bidragsforskott. Føremålet med bidragsforskotet er å sikre at barn får eit minste månadleg underhaldsbidrag når barnebidrag av ulike årsaker ikkje blir betalt. Det offentlege har krav på refusjon for utlagt bidragsforskott og trer inn i retten til barnebidrag for det same beløpet som er utbetalt i bidragsforskott.

Bidragsforskott blir ytt for barn under 18 år og som ikkje bur saman med begge foreldra. Bidragsforskotet blir utbetalt til den forelderen barnet bur saman med, forskottsmottakaren. Ytinga blir utbetalt per barn og blir prøvd mot inntekta til forskottsmottakaren, talet på eigne barn i eigen husstand og om forskottsmottakaren er einsleg eller gift/sambuande. Ytinga blir utbetalt etter tre satsar: «redusert forskott», «ordinært forskott» eller «auka forskott». Forskotsmottakarane med dei lågaste inntektene vil òg kunne få eit tillegg på ein tredjedel av ordinær forskottssats dersom barnet er over 11 år.

Nærare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

25 946 791

27 500 000

29 270 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

710 197

615 000

595 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

651 531

665 000

770 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

24 987

28 000

18 000

Sum kap. 2530

27 333 506

28 808 000

30 653 000

Stønadene under kap. 14 i folketrygdlova skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Måloppnåinga for ordningane blir mellom anna vurdert ut frå om dei blir forvalta i samsvar med lova, og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Tildelingskriteria er omtalte under dei einskilde budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Arbeids- og velferdsetaten forvaltar stønadene under kap. 14 i folketrygdlova.

Budsjettforslaga under kap. 2530 byggjer i hovudsak på befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå og lønnsutviklinga.

Departementet føreslår ei løyving på 30 653 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73. Sjå tabellen ovanfor for forslag til løyving på dei ulike postane.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Eit vilkår for rett til foreldrepengar er at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden startar.

Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med full sats (100 prosent lønnskompensasjon). Stønadsperioden med 80 prosent lønskompensasjon vart for barn fødde frå 1. juli 2024 auka frå 295 dagar (59 veker) til 306 dagar (61,2 veker). Valet av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden. Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar. Per 1. mai 2025 er grunnbeløpet 130 160 kroner. Når stønadsperioden med 100 prosent lønnskompensasjon er avgrensa til 49 veker, vil det høgast moglege beløpet per stønadstilfelle vere 780 960 kroner. Inntektsgrensa følgjer den til kvar tid gjeldande G-verdien.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar og 100 prosent lønnskompensasjon er vald, er 15 stønadsveker øyremerkte kvar forelder (mødrekvote og fedrekvote), og 16 veker kan dei dele mellom seg (fellesdelen). Dersom foreldra har valt 80 prosent lønnskompensasjon, er mødrekvoten og fedrekvoten 19 veker og fellesdelen 20,2 veker. Stønadsperioden for mor startar med permisjonen tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten.

Frå 2. august 2022 vart det gjort endringar i foreldrepengeordninga som sikra alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, høve til å ta ut foreldrepengar i ein periode på åtte veker uavhengig av aktiviteten til mor under uttaket. Frå 2. august 2024 vart aktivitetskravet for mor oppheva i ein periode på ytterlegare to veker, til ti veker totalt, jf. Prop. 85 LS (2023–2024) og Innst. 355 L (2023–2024). Alle ti vekene skal utbetalast med full kompensasjon. Aktivitetskravet til mor vil framleis gjelde for stønadsuttak utover desse vekene. Å innføre ytterlegare to veker sjølvstendig uttaksrett til far med full lønnskompensasjon frå 2. august 2024 er rekna å gi 31 mill. kroner i utgifter i 2025 og ein heilårseffekt på 92 mill. kroner frå og med 2026.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid. Foreldrepengar kan utsetjast, men uttaket av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4. Svangerskapspengar blir gitt til friske gravide kvinner som ikkje kan halde fram i arbeid under svangerskapet fordi arbeidet kan føre til risiko for skade på det ufødde barnet.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-17. I 2024 var det 7 481 personar som fekk eingongsstønaden. Det er om lag 10 prosent færre enn i 2023. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn. Frå 1. oktober 2024 må ein ha vore medlem i folketrygda i tolv samanhengande månader for å få rett til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, jf. Prop. 101 L (2023–2024).

Støtta er i dag ein god del høgare enn overslaget over kostnader ved å ha barn det fyrste året. Departementet meiner at eingongsstønaden bør gjerast meir prinsipiell. Departementet føreslår derfor å endre satsen frå 1. juli 2026 frå 92 648 kroner til 60 000 kroner. Eit slikt stønadsnivå ligg nærare utgiftene familiar har til barnet det fyrste året. Endringa fører til at løyvinga blir føreslått redusert med 134 mill. kroner. Sjå nærare omtale over.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei fyrste 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 58,2 veker med 80 prosent lønnskompensasjon. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten). Ved 80 prosent lønnskompensasjon er mødrekvoten og fedrekvoten på 19 veker, medan fellesperioden er 20,2 veker.

For barn adopterte 2. august 2024 eller seinare kan alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, ta ut ti veker, uavhengig av aktivitet hos mor.

Sjå elles omtalen under post 70.

Kap. 2531 Bidragsforskott

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

70

Forskott til utbetaling

690 184

710 000

735 000

Sum kap. 2531

690 184

710 000

735 000

Post 70 Forskott til utbetaling

Forskoteringsordninga er regulert i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven). Bidragsforskotet er inntektsprøvd ut frå den utrekna inntekta til mottakaren, talet på barn i husstanden og om vedkommande bur aleine med barnet/barna eller ikkje. Stønaden blir i dag ytt etter tre satsar, som blir indeksregulerte kvart år. Satsane frå 1. juli 2025 er: redusert forskot 1 010 kroner per barn per månad, ordinært forskott 1 510 kroner per barn per månad og auka forskott 2 010 kroner per barn per månad. Mottakarane med dei lågaste inntektene får utbetalt eit tillegg på ein tredjedel av ordinær forskottssats om barnet er over 11 år, totalt 2 510 kroner per barn over 11 år per månad. Retten til forskott fell bort ved ei inntekt over 663 300 kroner.

Arbeids- og velferdsetaten forvaltar forskoteringsordninga.

Budsjettoverslaget blir fastsett på bakgrunn av venta tal på barn med bidragsforskott og utbetaling per barn. Tilstått forskott kan utbetalast dersom barnebidraget ikkje er innbetalt innan fristen som er sett. Dersom fastsett bidrag er lågare enn tilstått forskott, blir differansen utbetalt. Om lag 80 prosent av tilstått forskott kjem til utbetaling. Når eit forskott er utbetalt, blir innbetaling frå bidragspliktige ført som refusjon av bidragsforskott på kap. 5706, post 70, jf. omtale under.

Departementet føreslår ei løyving på 735 mill. kroner i 2026.

Kap. 5706 Bidragsforskott

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

70

Refusjon frå bidragspliktige

176 559

182 000

192 000

Sum kap. 5706

176 559

182 000

192 000

Post 70 Refusjon frå bidragspliktige

Nav krev refusjon for utbetalt bidragsforskott i barnebidraget frå dei bidragspliktige, sjå omtale under kap. 2531, post 70. Innbetalingane blir førte på denne posten.

Dei siste åra har innbetalinga frå dei bidragspliktige vore på om lag 27 prosent av det som blir utbetalt i forskott i den same perioden. Venteleg vil nivået halde seg likt i 2026.

Departementet føreslår ei løyving på 192 mill. kroner i 2026.

Fotnotar

1

Sjå SSB-artikkelen «Lavere andel barn med vedvarende lavinntekt i 2023» av Normann ved SSB frå 2025 og SSB-rapporten Drivere bak utviklingen i fattigdom blant barn av Eika og Langørgen frå 2025.

2

Medietilsynet (2024) Barn og medier 2024: Delrapport Barn og unges medievaner og tilgang til teknologi.

3

Arnesen. D. og Hansen, V.W. (2024). Kunnskapsoppsummering om barn og unges deltakelse i fritidsaktiviteter. Dimensjoner i deltakelse, barrierer, behov og tiltak (Rapport 2024:04). Bergen/Oslo: Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor.

4

https://www.bufdir.no/fagstotte/barnevern-oppvekst/foreldrestotte/

5

Hafstad, G.S og Augusti, E.M red. (2019): Ungdoms erfaringer med vold og overgrep i oppveksten, NKVTS Rapport nr. 4/2019

6

WHO / Verdens helseorganisasjon, Europarådets strategi for barns rettigheter 2022–2027 2.2.5 Promoting policies and measures supporting positive parenting which guarantee equal opportunities for children irrespective of their sex, status, abilities or family situation and 3.1.6 Providing positive digital parenting support.

7

Buvik, K. mfl. (2025) Et sted for lek og alvor – Evaluering av det statlige tilskuddet til Stine Sofie Senteret. Fafo-rapport 5:2025.

8

Lov om forebygging og reduksjon av matsvinn (matsvinnloven) Prop. 130 L (2024–2025).

9

SIFO-rapport nr. 6 – 2024, SIFO-rapport nr. 8 – 2024, SIFO-rapport nr. 10 – 2024 og SIFO-rapport nr. 11– 2024

10

SIFO-rapport nr. 1–2025