Prop. 100 S (2021–2022)

Finansiering av Kvinnheradpakken i Vestland

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag om delvis bompengefinansiering av Kvinnheradpakken i Vestland. Pakken omfattar i alt seks utbyggingsprosjekt og ei ramme til mindre tiltak på fleire fylkesvegstrekningar i Kvinnherad kommune.

Føremålet med dei fleste prosjekta er å utbetra standarden på eksisterande veg. Det blir lagt opp til bygging av gang- og sykkelvegar i tettbygde område. For to av dei prioriterte utbyggingsprosjekta er føremålet først og fremst skredsikring. Det blir òg tatt omsyn til trafikktryggleik og framkome i planlegginga av desse prosjekta.

Finansieringa kjem frå kommunale- og fylkeskommunale midlar, fylkeskommunale skredsikringsmidlar og bompengar. Dåverande Hordaland fylkeskommune vedtok pakken i desember 2018, og har oppretta ein prosjektorganisasjon og starta opp delar av pakken med bruk av fylkeskommunale midlar. Utbygginga av eit av prosjekta, fv. 500 Furebergfossen bru, er ferdig bygd, og prosjektet fv. 500 Folgefonntunnelen–Årsnes er starta opp med ein totalentreprise med samspel som kontraktsform. Det er elles lagt opp til oppstart i 2022 med fullføring i løpet av 2025, og innkrevjing av bompengar på tre ferjestrekningar frå 2022.