Prop. 119 L (2016–2017)

Endringar i havressurslova m.m. (regulering av turistfiskenæringa m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i denne proposisjonen endringar i fleire lover.

Forslaget går for det første ut på å innføre ein lovheimel for regulering av turistfiskenæringa i lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) § 22 femte ledd. For det andre går forslaget ut på å oppheve lov 17. juni 1966 nr. 19 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann (fiskeriforbodslova) ved å flytte føresegnene i denne lova til havressurslova. I denne samanhengen foreslår vi dessutan enkelte justeringar i lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (økonomiske sonelova).

Forslaget om regulering av turistfiskenæringa går ut på å gje departementet heimel til å fastsetje forskrift som pålegg verksemdene ei plikt til å gje opplysningar til styresmaktene om alt fiske i sjø som dei legg til rette for. Pålegget skal kunne rettast mot alle som eig eller driv anlegg eller verksemd for sports- og rekreasjonsfiske, eller som for næringsformål legg til rette for slikt fiske. Eit sentralt formål er å leggje til rette for at forvaltninga kan få betre oversikt over det samla uttaket av viltlevande marine ressursar som kan knyttast til slike verksemder.

Departementet foreslår dessutan å gje departementet heimel til i forskrift å fastsetje krav til registrering av slik verksemd, og gje nærare føresegner om vilkår for slik registrering. Ein foreslår vidare å lovfeste at departementet kan gje føresegner om at retten til å vere registrert kan kallast tilbake ved grove eller gjentekne brot på vilkåra.

Forslaget til lovheimel for regulering av turistfiskenæringa vil gjere det mogleg å regulere denne næringa på lik linje med all anna verksemd som haustar av ressursane i havet for næringsformål.

Fiskeriforbodslova regulerer retten for utlendingar til å drive fiske og anna fiskerirelatert verksemd i norsk territorialfarvatn. Forslaget om å oppheve fiskeriforbodslova går ut på å flytte føresegnene i lova til havressurslova. Hovudformålet er å forenkle regelverket ved å oppheve ei unødvendig lov og samle føresegner om fiske i sjø i ei felles lov.

Det er ikkje eit formål å gjere materielle endringar i føresegnene i fiskeriforbodslova. Forslaget inneber likevel ei materiell endring ved at føresegnene om sanksjonar og andre reaksjonar ved brot på havressurslova vil gjelde også ved brot på føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova. Dette vil vere ein fordel både fordi det inneber at same sanksjons- og reaksjonsføresegner gjeld for utlendingar og norske statsborgarar, og fordi sanksjonssystemet i havressurslova er meir moderne enn sanksjonane i fiskeriforbodslova.