Prop. 12 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Helse- og omsorgsdepartementet gjer framlegg om endringar i budsjettet for legehjelp og psykologhjelp. Dette på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Departementet gjer og framlegg om fullmakt til å gjere endringar i driftstilskot og folketrygdrefusjonar for fysioterapi frå 1. november 2020. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane som følgje av forhandlingane vert fastsett i forskrifter.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget