2 Endringsforslag

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekkje lønn og andre driftsutgifter for departementet. For å sikre rett postbruk, føreslår BFD å auke løyvinga med 2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 800, post 21. Midlane gjeld i hovudsak flytting av midlar til IKT, tryggleik og beredskap.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

For å sikre rett postbruk, føreslår BFD å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 800, post 01, sjå nærare omtale under post 01.

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 21 incestsenter og eitt valdtektssenter. Gjeldande løyving er 128,1 mill. kroner. Det er eit krav at tilskot til ordinær senterdrift frå kommunar, fylkeskommunar og helseføretak til saman skal dekkje minst 20 prosent av driftsutgiftene for å tildele eit statleg tilskot på inntil 80 prosent. Det er i år venta eit mindreforbruk på 1 mill. kroner.

BFD føreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer mellom anna godtgjersle til meklarar utanom familievernet og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Det er venta høgare bruk av meklarar utanom familievernet enn lagt til grunn i gjeldande budsjett, og ein større del av meklingar treng tolketenester.

BFD føreslår derfor å auke løyvinga med 2,1 mill. kroner.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.

Løyvinga dekkjer mellom anna økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen for å heve kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova. Det ligg an til eit mindreforbruk, mellom anna som følgje av at Domstoladministrasjonen har meldt om at nokre planlagde tiltak likevel ikkje vil kunne gjennomførast i 2025.

BFD føreslår å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer refusjon av utgifter til DNA-analysar som utanriksstasjonane, domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet har rekvirert ved fastsetjing av farskap. Barne- og familiedepartementet refunderer utgiftene, slik det følgjer av barnelova. Det er venta lågare utgifter til DNA-analysar enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett.

BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer støtte til adopsjon av barn frå utlandet. Prognosen for talet på utanlandsadopsjonar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.

BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Talet på mottakarar av kontantstøtte er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett og trekk løyvinga opp. Dei samla utgiftene i 2025 er no rekna til 740 mill. kroner. Det er då teke omsyn til at løyvingsbehovet blir redusert med om lag 9 mill. kroner som følgje av redusert makspris i barnehage frå 1. august, jf. vedtak i Revidert nasjonalbudsjett for 2025.

BFD føreslår derfor å auke løyvinga med 9,2 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Talet på mottakarar av barnetrygd er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett og trekk løyvinga ned. Utgiftene til barnetrygd blir på denne bakgrunn rekna til 28 720 mill. kroner i 2025. Det er då teke omsyn til vedtak i Revidert nasjonalbudsjett for 2025 om ein auke i barnetrygda på 500 kroner per månad til stønadsmottakarar busett i Finnmark, Svalbard og Nord-Troms (Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord) frå 1. oktober 2025. Tiltaket har ein budsjetteffekt på 27 mill. kroner i 2025.

BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 77 mill. kroner.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

Post 61 Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

For folk som av ulike årsaker er i ein vanskeleg situasjon, kan jula vere ei krevjande høgtid. Det finst fleire frivillige organisasjonar med tiltak som sosiale aktivitetar, alternative julefeiringar og julehjelp i form av matkasser, mat og gåver til sårbare grupper. BFD føreslår ei auka løyving på 12 mill. kroner som blir delt likt mellom Frelsesarmeen, Blå Kors, Røde Kors og Kirkens bymisjon. Med auka støtte kan desse organisasjonane nå ut til fleire og auke kvaliteten på den hjelpa som kvar einskild får. Målgruppa for den ekstra støtta er vanskelegstilte grupper, men det er ei forventing om at hovuddelen av midlane går til tiltak retta mot barnefamiliar eller barn og unge.

BFD føreslår å auke løyvinga med 12 mill. kroner.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 23 Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til kompetansehevingstiltak for kommunalt barnevern. Det er i 2025 løyvd 15,6 mill. kroner til å opprette nye team som skal arbeide med det spesialiserte hjelpetiltaket multisystemisk terapi (MST). Det er eit mindreforbruk på 3 mill. kroner til dette arbeidet på grunn av at rekrutteringa tek noko lengre tid enn tidlegare venta. Det er også eit mindreforbruk på andre kompetansetiltak. Dette er i hovudsak grunna forseinkingar med å få på plass nye kontraktar med rettleiarar i rettleiingsteamet for kommunar.

BFD føreslår å redusere løyvinga med 6,8 mill. kroner.

Post 62 Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

Løyvinga på posten har blitt nytta til tilskotsordninga til barnevernsfagleg vidareutdanning. Det er venta eit mindreforbruk på 2 mill. kroner i 2025. Mindreforbruket kjem i hovudsak av at kommunane har søkt om lågare tilskotsbeløp enn det som var budsjettert.

BFD føreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

Posten omfattar mellom anna midlar som blir tildelte Norsk psykologforening til opplæring og rettleiing gjennom å tilby utdanningsprogram for barnefaglege sakkunnige. På bakgrunn av meirkostnader har Norsk psykologforening søkt om 1,2 mill. kroner i auka tilskot i 2025.

BFD føreslår å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnadar til tilsette i Bufetat. Andre vesentlege utgifter er kostnader til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester.

Det er ein auke i utgiftene til barnevernsinstitusjonar, mellom anna til forsterkingstiltak til einskilde barn i institusjon. Dette aukar også inntektene, sjå omtale under kap. 3855, post 60. I motsett retning er det noko mindreforbruk på posten, mellom anna på grunn av færre barn i spesialiserte fosterheimar.

Samla føreslår BFD å auke løyvinga med 33 mill. kroner.

I samband med lønnsoppgjeret for 2024 fekk Bufetat overført midlar til 2025 knytt til pensjonskostnader allereie utbetalt i 2024. Midlane er trekt frå føreslått løyvingsauke.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Løyvinga på posten dekkjer barnevernets kjøp av private barnevernstiltak. Det er venta fleire opphaldsdagar i private barnevernsinstitusjonar og fleire enkeltkjøp frå private i 2025 samanlikna med gjeldande budsjett.

BFD føreslår å auke løyvinga med 49 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 60 Kommunale eigendelar

Løyvinga på posten kjem frå kommunale eigendelar for tiltak i det statlege barnevernet. Det er venta at inntektene vil auke med 113 mill. kroner. Auken kjem i hovudsak av fleire forsterkingstiltak og dermed høgare inntekter frå kommunar for barn som har rettar etter anna regelverk enn barnevernslova. Det er også ein auke i inntekter frå eigendelar grunna fleire opphaldsdagar på institusjon, jf. omtale under kap. 855, post 22.

BFD føreslår å auke løyvinga med 113 mill. kroner.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkarar

Post 22 Kjøp av plassar i private omsorgssenter, kan nyttast under post 01

Løyvinga på posten skal gå til kjøp av private omsorgsplassar til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Det er venta eit gjennomsnittleg behov for 114 private plassar i 2025, ein reduksjon på 13 plasser samanlikna med gjeldande budsjett. Tala er usikre. Dei reduserte utgiftene grunna færre barn blir til ein viss grad motverka av forsterkingstiltak til einskilde barn med særskilde behov.

BFD føreslår å redusere løyvinga med 18 mill. kroner.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Det er berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Delen barn med butid på under eitt år i omsorgssentera for 2025 er no rekna til 52,5 prosent. Dette er ein auke frå 50,3 prosent i gjeldande budsjett. Samstundes er talet på barn i omsorgssentera lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett, jf. omtale under kap. 856, post 22.

Samla føreslår BFD å auke løyvinga med 3,8 mill. kroner.

Post 60 Kommunale eigendelar

I 2025 har det så langt blitt plassert sju barn i omsorgssenter etter vedtak fra barnevernstjenesten. Inntektene er totalt berekna til 1,4 mill. kroner.

BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje utgifter til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak med særleg relevans for forbrukarområdet, medrekna utgifter til sakshandsaming som klagenemndsekretariatet har for sakene til Marknadsrådet.

For å sikre rett postbruk knytt til to utbetalingar til OECD, føreslår BFD å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke i løyvinga over kap. 865, post 70.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje utgifter til tiltak og einskildprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa. BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 0,3 mill. kroner som følgje av at Fagutvalet for influensarmarknadsføring (FIM) vart avvikla i 2025. I motsett retning trekk ein auke i løyvinga på 0,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga over kap. 865, post 21, som sikrar rett postbruk for to tilskotsutbetalingar til OECD.

Samla føreslår BFD å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner i 2025.

Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene til kyrkjebygg som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Det har ikkje vore gitt ny investeringsramme sidan 2019. I 2025 har den faktiske kompensasjonsrenta Husbanken nyttar vore høgare enn renta som var lagt til grunn i saldert budsjett.

BFD føreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga med 8,7 mill. kroner.

Kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet

Post 60 Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til tilskotsordninga Forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg knytt til Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg.

Saldert budsjett på posten er 300 mill. kroner. I tillegg blei det overført 18,2 mill. kroner frå 2024. Utbetalinga skjer etter kvart som mottakarane treng å få dekt dei aktuelle utgiftene. Utbetalingstakten er derfor usikker. Oppdatert prognose frå sekretariatet for Kyrkjebevaringsfondet viser venta tilskotsutbetalingar på til saman 183,9 mill. kroner i 2025. Det låge omfanget av utbetalingar skuldast i stor grad at det er ei ny ordning, og at prosjekta ofte har lang planleggings- og oppstartstid.

BFD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga med 134,3 mill. kroner. Sjå også omtale under kap. 3883, post 50.

Kap. 3883 Kyrkjebevaringsfondet

Post 50 Overført frå Kyrkjebevaringsfondet

Statens inntekter frå Allstad AS (tidlegare OVF) skal øyremerkast bevaringsstrategien for kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Midlane blir sette inn på fondskontoen «Kyrkjebevaringsfondet» i Noregs Bank og førte som inntekter på kap. 3883, post 50. Løyvinga delfinansierer tilskotsordninga på kap. 883, post 60. Sjå omtale over.

I saldert budsjett vart 100 mill. kroner løyvd som inntekt på kap. 3883, post 50. Det står no 113 mill. kroner på fondskontoen, der 3 mill. kroner var renteinntekter frå 2024.

BFD føreslår å auke løyvinga med det gjenståande beløpet på 13 mill. kroner.

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2025 blir no rekna til 27 700 mill. kroner. Dette er 750 mill. kroner lågare enn gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak færre fødslar enn tidlegare venta.

BFD føreslår å redusere løyvinga med 750 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon i 2025 blir no rekna til 700 mill. kroner. Det er 110 mill. kroner høgare enn gjeldande budsjett. Endringa kjem av at det er venta ein mindre innsparingseffekt av innstramminga i butidskravet og fleire mottakarar enn tidlegare lagt til grunn. Endringa i butidskravet frå 1. oktober 2024 gjorde at for å ha rett til eingongsstønad må du ha vore samanhengande medlem i norsk folketrygd i minst 12 månader rett før termindato eller adopsjonsdato.

BFD føreslår derfor å auke løyvinga med 110 mill. kroner.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon blir no rekna til 16 mill. kroner. Dette er 5 mill. kroner lågare enn gjeldande budsjett. Endringa kjem av at det er venta færre mottakarar av foreldrepengar ved adopsjon enn tidlegare lagt til grunn. Nedgangen skuldast færre adopsjonar, særleg utanlandsadopsjonar.

BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 2531 Bidragsforskott

Post 70 Forskott til utbetaling

Arbeids- og velferdsetaten utbetalar bidragsforskott når bidragspliktige ikkje betaler barnebidraget sitt. Det er venta fleire utbetalingar enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Overslagsendringane kjem av færre betalande bidragspliktige, og derfor fleire venta bidragsforskottutbetalingar. Løyvinga på posten for 2025 blir no rekna til 730 mill. kroner.

BFD føreslår derfor å auke løyvinga med 20 mill. kroner.

Kap. 5706 Bidragsforskott

Post 70 Refusjon frå bidragspliktige

Arbeids- og velferdsetaten krev refusjon for utbetalt bidragsforskott i barnebidraget frå dei bidragspliktige. Innbetalingane blir ført på denne posten. Det er venta færre refusjonar enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Løyvinga på posten for 2025 blir no rekna til 177 mill. kroner.

BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.