Prop. 126 S (2014–2015)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 29 /2015 av 25. februar 2015 vart det avgjort å endre vedlegg XVII til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk.

Føremålet med direktiv 2012/28/EU er å lage eit felles europeisk system for å klarere såkalla hitteverk, det vil seie åndsverk der rettshavarane er ukjende eller ikkje kan lokaliserast. Direktivet skal fremje bruk av hitteverk som eit ledd i spreiinga og styrkinga av den europeiske kulturarven, og samstundes tryggje interessene til rettshavarane til hitteverk.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. Grunnlova § 26 andre leddet.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktivet følgjer i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg til proposisjonen.