Prop. 126 S (2014–2015)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk

Proposisjonen gjeld samtykke til direktiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk. Føremålet med direktiv 2012/28/EU er å lage eit felles europeisk system for å klarere såkalla hitteverk, det vil seie åndsverk der rettshavarane er ukjende eller ikkje kan lokaliserast. Direktivet skal fremje bruk av hitteverk som eit ledd i spreiinga og styrkinga av den europeiske kulturarven, og samstundes tryggje interessene til rettshavarane til hitteverk. Hitteverkdirektivet gjer det enklare for norske kulturarvinstitusjonar å klarere hitteverk til bruk for dei allmennyttige føremåla sine, til dømes bruk i digitale bibliotek. Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. Grunnlova § 26 andre leddet. Kulturdepartementet har i Prop. 69 L Endringer i åndsverkloven gjort framlegg om å gjennomføre direktivet ved endringar i åndsverklova.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget