Prop. 137 S (2014–2015)

Utbygging og finansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane

Til innhaldsliste

2 Lokalpolitisk behandling

Det er utarbeidd ein bompengesøknad og eit fagleg grunnlag for lokalpolitisk behandling av Førdepakken.

Førde bystyre behandla saka 24. oktober 2013 og fatta følgjande vedtak:

  1. Førde kommune godkjenner bompengesøknaden slik denne ligg føre til denne saka, «Søknad om innføring av bompengar», datert 24.10.2013, og stadfestar vedtak i BY -040/13 om å løyve 150 millionar (2013 kroner) til Førdepakken i samsvar med søknaden.

  2. Førde kommune ber om fylkeskommunal tilslutning til søknaden og at fylkeskommunen løyver dei nødvendige 150 millionar kroner, slik det går fram av bompengesøknaden.

Askvoll kommunestyre behandla saka 18. november 2013 og fatta følgjande vedtak:

Askvoll kommune rår til at søknaden frå Førde kommune om bompengefinansiering avvegprosjekta i Førdepakken vert godkjent.
Askvoll kommune vil sterkt understreke at dersom utbetring/ombygging av E39 og FV 57 skal delfinansierast ved bompengar, må det finnast løysingar som samordnar innkrevinga og sikrar at brukarane ikkje betalar for meir enn ei passering for kvar tur til Førde.

Gaular kommunestyre behandla saka 7. november 2013 og fatta følgjande vedtak:

  1. Gaular kommune rår til at søknaden frå Førde kommune om bompengefinansiering av vegprosjekta i Førdepakken vert godkjent.

  2. Gaular kommune sluttar seg til vedtak i SIS av 04.11.2013.

  3. Gaular kommune vil sterkt understreke at dersom utbetring/ombygging av E39 og Fv 57 skal delfinansierast ved bompengar, må det finnast løysingar som samordnar innkrevjinga og sikrar at brukarane ikkje betalar for meir enn ei passering for kvar tur til Førde.

Flora bystyre behandla saka 3. desember 2013 og fatta følgjande vedtak:

Flora kommune er positive til høyring og søknad om å delfinansiere Førdepakken med bompengar.
Flora kommune ser ei utbetring av interne trafikkforhold i Førde kommune som viktig også for Flora kommune.
Sidan Flora kommune med dette stør Førdepakken vil Flora at tilsvarande interne tiltak i Flora (og andre kommunar) blir del av ein eventuell Førdepakke 2, slik at denne blir den «Sunnfjordpakken» også eksisterande Førdepakke burde vore.

Jølster formannskap behandla saka 12. november 2013 og fatta følgjande vedtak:

Jølster kommune støtter søknad frå Førde kommune av 24.10.13 om bruk av bompengar til delfinansiering av ein Førdepakke.
Jølster er ein del av bu- og arbeidsmarknaden i Sunnfjord. Ei framtidsretta utvikling av fylkeskommunale vegar, kommunale vegar og gang og sykkelstiar i og kring Førde sentrum er viktig også for utviklinga i Jølster og innbyggjarane i Jølster.

Naustdal formannskap behandla saka 14. november 2013 og fatta følgjande vedtak:

Naustdal kommune sluttar seg til Førdepakken slik det kjem av oversending frå Vegdirektoratet i brev av 16. oktober. Naustdal kommmune føreset at ved rullering av Førdepakken blir ny gangbru over Nausta innarbeid. Naustdal kommune viser til uttale frå Samarbeidsforumet i Sunnfjord.

Sogn og Fjordane fylkesting behandla saka i møte 10. desember 2013 og fatta følgjande vedtak:

  1. Fylkestinget i Sogn og Fjordane sluttar seg til Førde kommune sin søknad om bruk av bompengar til delfinansiering av ein Førdepakke

  2. Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver, i tråd med prioriteringane i Regional transportplan, 150 mill. 2013-kr som delfinansiering av Førdepakken. Løyvinga er fordelt med 25 mill. kr pr. år i 6 år, rekna frå 2018 til 2023. Løyvinga skal prisomreknast med kommunal deflator. Fylkestinget føreset at både Førde kommune og staten bidrar med tilsvarande løyvingar.

  3. Sogn og Fjordane fylkeskommune skal tilbakeføre til det framtidige bompengeselskapet all refundert meirverdiavgift knytt til Førdepakken. Fylkestinget føreset at Førde kommune gjer det same.

  4. Sogn og Fjordane fylkeskommune stiller fylkeskommunal sjølvskuldnargaranti for eit lån på 600 mill. kr som eit framtidig bompengeselskap tek opp til delfinansiering av Førdepakken slik denne er skildra i søknaden av 24.10.2013. Garantien skal gjelde til 31.desember 2027.

  5. Garantien skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet, jf. kommunelova § 51, 1 pkt.

  6. Garantien skal sikrast med 1. prioritets pant i rett til å krevje inn bompengar. Denne retten skal tinglysast.

  7. Garantien føreset at fylkeskommunen får to representantar i styret for det framtidige bompengeselskapet.

  8. Fylkestinget ber om at det vert oppretta ei styringsgruppe for gjennomføring av Førdepakken med administrativ deltaking frå fylkeskommunen, Førde kommune og Statens vegvesen. Mandatet for styringsgruppa vert lagt fram for fylkesutvalet for godkjenning.

  9. Fylkesutvalet får fullmakt til å avtale eigarskap til dei 3 prosjekta som førebels har uavklart eigarskap i Førdepakken.