3 Bruk av fullmakta under petroleumsverksemda

Som del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakt til Kongen i statsråd og Energidepartementet knytte til petroleumsverksemda. Nedanfor gjer Energidepartementet greie for bruken av fullmakta sidan den førre rapporteringa.

3.1 Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Stortinget har gitt Energidepartementet fullmakt til å godkjenne prosjekt (planar for utbygging/anlegg og drift) på norsk kontinentalsokkel under desse føresetnadene:

  1. Prosjektet må ikkje ha prinsipielle eller samfunnsmessige sider av betydning.

  2. Den øvre grensa for dei samla investeringane per prosjekt utgjer 15 mrd. kroner.

  3. Kvart enkelt prosjekt må vise akseptabel samfunnsøkonomisk lønnsemd og vere rimeleg robust mot endringar i prisutviklinga for olje og naturgass.

Fullmakta er omtalt i Prop. 1 S (2024–2025), jf. Innst. 9 S (2024–2025), og er nytta ved desse høva:1

Fram Sør

Den 26. juni 2025 fekk Energidepartementet ein søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) av Fram Sør-feltet. Feltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen. Fram Sør er ei utbygging av fire nye petroleumsførekomstar. Førekomstane ligg i det same utvinningsløyvet og blir bygde ut samla, med fire havbotnrammer som skal knytast til eksisterande infrastruktur på Fram-feltet. Troll C-innretninga skal brukast til prosessering og eksport. Investeringane i den samordna Fram Sør-utbygginga er vurderte mot fullmakta førekomst for førekomst.

Utbyggingsløysinga gir fleksibilitet for vidareutvikling av området ved å legge til rette for at nye havbotnrammer kan koplast til. Utbyggingsplanen anslår dei utvinnbare ressursane til om lag 18,5 mill. Sm3 oljeekvivalentar, hovudsakleg olje og NGL. Produksjonen skal etter planen starte i fjerde kvartal 2029, med ein forventa produksjonshorisont fram til 2040.

Rettshavarane er Equinor Energy AS (operatør, 45 prosent), Vår Energi ASA (40 prosent) og INPEX Idemitsu Norge AS (15 prosent). Investeringane i den samordna Fram Sør-utbygginga er vurderte mot ramma for fullmakta førekomst for førekomst, og utbygginga er da omfatta av fullmakta, jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025). Dei totale investeringane for dei fire førekomstane er i PUD berekna til om lag 26,2 mrd. 2025-kroner.

Energidepartementet godkjende PUD for Fram Sør 29. august 2025.

Fotnotar

1

Til og med november 2025.