3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda
Stortinget har gitt Energidepartementet fullmakt til å godkjenne prosjekt (planar for utbygging/anlegg og drift) på norsk kontinentalsokkel under desse føresetnadene:
-
Prosjektet må ikkje ha prinsipielle eller samfunnsmessige sider av betydning.
-
Øvre grense for utbyggingskostnadene per enkeltprosjekt utgjer 30 mrd. 2026-kroner.1
-
Utbygginga må vise akseptabel samfunnsøkonomisk lønnsemd og vere rimeleg robust mot endringar i prisutviklinga for olje og naturgass.
Fullmakta er omtalt i Prop. 1 S (2025–2026), jf. Innst. 9 S (2025–2026), og er nytta ved desse høva:2
Albuskjell / Vest Ekofisk og Tommeliten Gamma
Den 13. februar 2026 fekk Energidepartementet søknad om å godkjenne planar for utbygging og drift (PUD) av felta Albuskjell / Vest Ekofisk og Tommeliten Gamma. Rettshavarane omtaler utbyggingane som Previously Produced Fields (PPF). PPF er ei samla utbygging av tre tidlegare produserande felt. Felta ligg i den sørlege delen av Nordsjøen. Det er levert inn to planar fordi Albuskjell og Vest Ekofisk har ei anna rettshavargruppe enn Tommeliten Gamma. Felta blir bygde ut samtidig med til saman fire havbotnrammer og elleve produksjonsbrønnar. Av desse kjem to havbotnrammer og seks brønnar på Albuskjell, éi havbotnramme og tre brønnar på Vest Ekofisk og éi havbotnramme og to brønnar på Tommeliten Gamma. Havbotnrammene i PPF skal dele infrastruktur og knytast til eksisterande infrastruktur på Ekofiskfeltet for prosessering og eksport. Energidepartementet har lagt til grunn ei heilskapleg vurdering av utbyggingane.
PUD-ane anslår dei samla utvinnbare ressursane for PPF til om lag 18,5 mill. Sm3 oljeekvivalentar, hovudsakleg gass med noko assosiert olje og NGL. Produksjonen skal etter planen starte i fjerde kvartal 2028, med produksjonshorisont fram til 2048.
Rettshavarane i Albuskjell / Vest Ekofisk er Vår Energi ASA (52,284 prosent), ConocoPhillips Skandinavia AS (35,112 prosent), ORLEN Upstream Norway AS (7,604 prosent) og Petoro AS (5,000 prosent). Rettshavarane i Tommeliten Gamma er ORLEN Upstream Norway AS (62,61 prosent), ConocoPhillips Skandinavia AS (28,26 prosent) og Vår Energi ASA (9,13 prosent). Dei totale investeringane for PPF er i PUD-ane berekna til om lag 19 mrd. 2026-kroner. Av dette utgjer investeringane i Albuskjell / Vest Ekofisk 14,8 mrd. kroner og investeringane i Tommeliten Gamma 4,2 mrd. kroner.
Energidepartementet godkjende PUD-ane for Albuskjell / Vest Ekofisk og Tommeliten Gamma 5. mai 2026.