2 Forslag til endringar i statsbudsjettet 2025
Kap. 200 Kunnskapsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Etter fullmakt frå Stortinget vedteke ved behandlinga av Innst. 538 S (2024–2025), jf. Prop. 150 S (2024–2025), har Finansdepartementet fordelt kompensasjon for lønnsoppgjeret i 2025. Kap. 200, post 01 vart tilført 8,6 mill. kroner. Vanlegvis blir lokale lønnsforhandlingar gjennomførte innan november, slik at lønnstillegg med verknad frå 1. mai kan betalast ut før årsskiftet. Ein av arbeidstakarorganisasjonane i Kunnskapsdepartementet vart ikkje samd med arbeidsgivar i dei lokale lønnsforhandlingane. Det er uavklart om lønnsoppgjeret kan bli ferdig i tide til at lønnstillegga kan utbetalast i 2025.
Viss lønnsoppgjeret blir så forseinka at etterbetalinga blir forskuva til 2026, vil det bli ei mindreutgift på kap. 200, post 01. Mindreutgifter kan overførast til 2026, opp til 5 pst. av driftsløyvinga, jf. løyvingsreglementet § 5. For å unngå at overført beløp skal bli avkorta, trengst det ein overføringstilgang som sikrar at tildelt kompensasjon for lønnsoppgjeret kan overførast utover eventuelle overføringar som har andre årsaker.
Departementet foreslår på denne bakgrunnen fullmakt til utvida overføringstilgang på denne posten, jf. forslag til fullmakt nr. IV.
Kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av inntektsløyvinga på kap. 3222, post 02.
Kap. 3222 Statlege skular og fjernundervisningstenester
Post 02 Salsinntekter o.a.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner som følge av høgare inntekter frå sal av fjernundervisningstenester frå Sørsamisk kunnskapspark og dei statlege samiske vidaregåande skulane i Kautokeino og Karasjok enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2025.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner som følge av oppdatert anslag for utgifter til honorar for sensoroppdrag.
Post 61 Rentekompensasjon for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 70 mill. kroner som følge av færre søknader om rentekompensasjon i 2025 enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2025.
Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 9,3 mill. kroner som følge av oppdaterte anslag for utgiftsbehovet på posten. Reduksjonen i løyvingsbehovet kjem i hovudsak av endra utbetalingspraksis og oppdaterte elevtal.
Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 42,6 mill. kroner som følge av at færre elevar utløyser tilskot enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2025. Reduksjonen skuldast i hovudsak færre flyktningar frå Ukraina.
Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg
Departementet foreslår å auke løyvinga med 11,3 mill. kroner som følge av at rentesatsane i ordninga blei høgare enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2025.
Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner basert på oppdaterte elevtal og mindreforbruk til studiepermisjonar for vidareutdanning i kvensk eller finsk for lærarar i grunnskulen i høve til Saldert budsjett 2025.
Post 74 Prosjekttilskot
I 2025 er ordninga for prosjekttilskot retta mot tiltak som skal betre læringsmiljøet gjennom tiltak mot mobbing og prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheiter og leselyst. Etter at Utdanningsdirektoratet har avslutta søknadsbehandlinga for 2025 er det eit mindrebehov på 2,5 mill. kroner. Departementet foreslår å redusere løyvinga tilsvarande.
Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Ein del av løyvinga på kap. 225, post 64 blir rapportert som utviklingshjelp, og refusjon frå Utanriksdepartementet blir ført på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 45,1 mill. kroner. Reduksjonen skuldast særleg lågare utgifter til opplæring av flyktningar frå Ukraina på kap. 225, post 64 enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2025.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 30 mill. kroner, mellom anna som følge av forsinka oppstart av nasjonalt program for praktisk læring i høve til det som er lagt til grunn for revidert budsjett for 2025.
Vidare er det behov for å auke tilsegnsfullmakta på posten frå 13 mill. kroner til 16,5 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta gjeld stipend til etter- og vidareutdanning. Fleire yrkesfaglærerar får stipend til vidareutdanning i 2025, og det er behov for å utvide tilsegnsfullmakta med 3,5 mill. kroner, jf. forslag til fullmakt nr. II.
Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner grunna mindreforbruk på posten.
Kap. 228 Tilskot til private skular o.a.
Post 70 Private grunnskular, overslagsløyving
Private grunnskular har fått utbetalt tilskot etter feil satsar våren 2025 som følge av ein feil i utrekninga av tilskotssatsane. Dette blei oppdaga og retta opp i juni, og dei korrigerte satsane har vore lagt til grunn for tilskotet hausten 2025.
Skulane som fekk utbetalt for lite tilskot i løpet av våren som følge av feilen fekk etterbetaling i juli. Skulane som hadde fått for mykje utbetalt blir trekt i tilskotet som blir utbetalt om hausten. Med disse justeringane vil tilskotet til skulane totalt sett bli korrekt i løpet av året.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 37,5 mill. kroner. I forslaget inngår ein reduksjon på 66,2 mill. kroner som følge av nye satsar og ein auke på 103,8 mill. kroner som følge av endringar i elevtal og samansetning i høve til det som er lagt til grunn for revidert budsjett for 2025.
Post 71 Private vidaregåande skular, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 93,5 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2025.
Post 72 Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner som følge av lågare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2025.
Post 73 Private grunnskular i utlandet, overslagsløyving
Private grunnskular i utlandet har òg fått utbetalt tilskot etter feil satsar våren 2025 som følge av ein feil i utrekninga av tilskotssatsane, jf. omtale under kap. 228, post 70.
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 5,9 mill. kroner. I forslaget inngår ein reduksjon på 2,3 mill. kroner som følge av nye satsar og ein reduksjon på 3,6 mill. kroner som følge av endring i elevtal og samansetning i høve til det som er lagt til grunn for revidert budsjett for 2025.
Post 74 Private vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner som følge av endring i elevtal i høve til det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2025.
Post 75 Private skular med særskild tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 31,6 mill. kroner som følge av endring i elevtal og samansetning i høve til det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2025.
Post 76 Andre private skular, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,8 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2025.
Post 77 Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving
Den tysk-norske skolen i Oslo har òg fått utbetalt tilskot etter feil satsar våren 2025 som følge av ein feil i utrekninga av tilskotssatsane, jf. omtale under kap. 228, post 70.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 38 000 kroner. I forslaget inngår ein reduksjon på 378 000 som følge av nye satsar og ein auke på 340 000 som følge av endring i elevtal og samansetning i høve til det som er lagt til grunn for revidert budsjett for 2025.
Post 78 Kompletterande undervisning
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,1 mill. kroner som følge av endring i elevtal i høve til det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2025.
Post 81 Elevutveksling til utlandet
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner som følge av at det berre var to skular som til saman hadde ni elevar på utveksling gjennom ordninga i skuleåret 2024–25.
Post 84 Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga ved private skular
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 33 mill. kroner som følge av færre søknader om redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga ved private skular enn løyvinga i Saldert budsjett 2025 gav rom for.
Kap. 231 Barnehagar
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 5 mill. kroner og tildele det til KS for utvikling av ein digital tilskotsmodell, som skal støtte kommunane i arbeidet med å berekne og forvalte tilskot i tråd med nytt regelverk for tilskot til private barnehagar.
Kap. 240 Fagskular
Post 60 Driftstilskot til fagskular
Ved ein utrekningsfeil blei det gitt eit høgare tilskot til Industrifagskulen over posten i 2025. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 0,4 mill. kroner. For å justere for denne feilen foreslår departementet å redusere løyvinga tilsvarande under kap. 241, post 21.
Post 61 Utviklingsmidlar for høgare yrkesfagleg utdanning, kan overførast
I statsbudsjettet for 2026 har departementet foreslått å budsjettere posten med tilsegnsramme, løyving og tilsegnsfullmakt, jf. Prop. 1 S (2025–2026). Med atterhald om Stortingets vedtak vil dette redusere behovet for overføringar av midlar frå eit budsjettår til det neste. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 38 mill. kroner.
Kap. 241 Tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 240, post 60.
Kap. 253 Folkehøgskular
Post 70 Tilskot til folkehøgskular
Setesdal folkehøgskule og Folkehøgskulen Nord-Norge er lagt ned våren 2025. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 11,2 mill. kroner.
Oslo Folkehøgskole Rønningen, som no er ein særtilskotsskule, har fleire særtilskotselevar enn det som er lagt til grunn i revidert budsjett for 2025. Dette gir eit auka løyvingsbehov på 3,2 mill. kroner.
Den nye berekningsmodellen som ble innført i 2023 for nye folkehøgskular gjeld i år for Stavanger Urban Folkehøgskole og Stord Folkehøgskule. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 3,9 mill. kroner som følge av dette.
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 11,9 mill. kroner.
Kap. 254 Studieforbund o.a.
Post 70 Tilskot til studieforbund
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 6 mill. kroner som følge av konkursen til studieforbundet AOF Norge, og at det ikkje har kome søknad om å etablere eit nytt studieforbund.
Kap. 256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Post 01 Driftsutgifter
I 2025 har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse hatt høgare inntekter mellom anna frå EU til administrasjon av programmet Erasmus+ enn det som er lagt til grunn i Saldert budsjett 2025. På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 4,8 mill. kroner og ein tilsvarande auke i inntektsløyvinga på kap. 3256, post 02.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
I 2025 har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse hatt høgare oppdragsinntekter frå EU-prosjekt enn forventa. På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 2,6 mill. kroner og ein tilsvarande auke i inntektsløyvinga på kap. 3256, post 01.
Kap. 3256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Post 01 Inntekter frå oppdrag
Sjå omtale under kap. 256, post 21. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 2,6 mill. kroner og ein tilsvarande auke i utgifter over kap. 256, post 21.
Post 02 Inntekter frå refusjonar o.a.
Sjå omtale under kap. 256, post 01. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 4,8 mill. kroner og ein tilsvarande auke i utgifter over kap. 256, post 01.
Kap. 257 Kompetanseprogrammet
Post 70 Tilskot, kan overførast
I statsbudsjettet for 2026 har departementet foreslått å budsjettere posten med tilsegnsramme, løyving og tilsegnsfullmakt. Med atterhald om Stortingets vedtak vil dette redusere behovet for overføringar av midlar frå eit budsjettår til det neste. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 85 mill. kroner.
I revidert budsjett for 2025 blei det løyvd 7,5 mill. kroner til eit bransjeprogram for tilsette i barnehagesektoren, jf. Innst. 540 S (2024–2025). Det tek tid å etablere eit nytt bransjeprogram. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse vil lyse ut bransjeprogrammet hausten 2025, men utbetaling vil ikkje bli før i 2026.
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 92,5 mill. kroner.
Kap. 270 Studentvelferd
Post 75 Tilskot til bygging av studentbustadar
Utbetaling av tilskot til studentsamskipnadene som har fått tilsegner til byggeprosjekt blir gjort i tråd med framdrifta i prosjekta. Disponible midlar på posten er 1 366,5 mill. kroner. Prognosane frå Husbanken viser at utbetalingane av tilskot vil vere 1 221,6 mill. kroner i 2025. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 144,9 mill. kroner. Det er vidare behov for å auke tilsegnsfullmakta tilsvarande, frå 1 149,8 mill. kroner til 1 294,7 mill. kroner, jf. forslag til fullmakt nr. II. Tilsegnsfullmakta i 2025 skal dekke utbetalingar i framtida, det vil seie frå og med 2026, medan løyvinga på kap. 270, post 75 skal dekke utbetaling i 2025.
Kap. 273 Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt
Post 50 Verksemdskostnader
Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør betaler årleg Noregs kontingent til NORDUnet AS. NORDUnet AS organiserer samarbeidet mellom dei nordiske forskingsnetta. Kunnskapsdepartementet har tildelt Sikt 47 mill. kroner på posten i 2025. Sikt betaler kontingenten kvartalsvis, og utbetalinga for fjerde kvartal i 2025 står att. Sikt har betalt 30,4 mill. kroner hittil for kontingenten i 2025, og det står att å betale 10 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 273, post 50 med 6,6 mill. kroner.
Kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
For å sikre midlar til planlagde prosjekt, foreslår departementet å auke løyvinga over kap. 275, post 21 med 1,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275, post 70.
Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21
Norges Arktiske Studentsamskipnad (NAS) har fått tilskot til, bygd og opna nye studentbustadar på Elvesletta på Svalbard. Det var ein føresetnad at dei tidlegare studentbustadane i Nybyen skulle overførast til staten, jf. Prop. 1 S (2020–2021). Dei tidlegare studentbustadane i Nybyen treng betydeleg oppgradering og ligg i eit skredutsett område som ikkje skal skredsikrast. Regjeringa ønsker derfor å avklare om bustadane kan sanerast før ein tek stilling til overføring til ein statleg aktør. Sidan bygga er sette til bevaring i plan, er sanering i utgangspunktet ikkje tillate og kan ikkje gjennomførast utan ei eventuell endring i arealplanen, jf. svalbardmiljølova § 58 fjerde ledd første punktum. Kunnskapsdepartementet har derfor bede samskipnaden om å setje i gang ein arealplanprosess for å avklare om bustadane kan sanerast. Departementet foreslår derfor å tildele 1 mill. kroner til NAS for å dekke kostnaden til arbeidet med planprosessen i 2025 innanfor gjeldande løyving.
For å sikre midlar til planlagde prosjekt, foreslår departementet å redusere løyvinga over kap. 275, post 70 med 1,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 275, post 21.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
Post 01 Driftsutgifter
I samband med nysalderinga av 2024-budsjettet blei det vedteke ei fullmakt om høve til å overføre ubrukt løyving frå dåverande kap. 285, post 55 Verksemdskostnader til ny post frå 2025, 01 Driftsutgifter. Ubrukte midlar vart stilte til disposisjon for Forskingsrådet i samsvar med fullmakta, men delar av beløpet, 72,9 mill. kroner, blir ikkje utbetalt i 2025. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 72,9 mill. kroner.
Delar av dei overførte midlane frå verksemdskostnadene i 2024 er knytte til formål som no blir finansiert over post 21. På denne bakgrunnen blir det foreslått ei teknisk flytting av løyving mellom post 01 og 21. Departementet foreslår at post 01 blir redusert med 4,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på post 21.
I etableringa av ny budsjettstruktur i samband med overgang til bruttobudsjettering av Noregs forskingsråd blei det oppretta driftspostar for utgifter med koplingar til motsvarande inntektspostar basert på ei kartlegging av ulike typar relevante inntekter med tilhøyrande anslag. Forskingsrådet har spelt inn fleire endringar i anslag og kome med forslag til flyttingar og justeringar av enkelte inntekter, basert på kva slags type inntekter det er snakk om. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 4,5 mill. kroner.
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 73,1 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
I samband med revidert budsjett for 2025 blei det flytta 2 mill. kroner frå Utanriksdepartementets kap. 161, post 74 til Kunnskapsdepartementets kap. 285, post 21 knytt til at Utanriksdepartementet gav Forskingsrådet i oppdrag å bidra til at forsking inngår som ein integrert del av ein norsk-indisk forskings- og næringslivskonferanse som var planlagt i samband med eit nordisk-indisk statsministertoppmøte våren 2025. Konferansen blei avlyst. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 1,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på Utanriksdepartementets kap. 150, post 70.
I 2025 har Forskningsrådet hatt lågare forbruk enn det som låg til grunn for arbeid med Mineralstrategien og Prosess21 i budsjettet. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 2,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på Nærings- og fiskeridepartementets kap. 920, post 70.
I etableringa av ny budsjettstruktur i samband med overgang til bruttobudsjettering av Noregs forskingsråd blei det oppretta driftspostar for utgifter med koplingar til motsvarande inntektspostar basert på ei kartlegging av ulike typar relevante inntekter med tilhøyrande anslag. Forskingsrådet har spelt inn fleire endringar i anslag og kome med forslag til flyttingar og justeringar av enkelte inntekter, basert på kva slags type inntekter det er snakk om. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 8 mill. kroner.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 4,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 285, post 01 etter at Forskingsrådet blei gitt høve til å overføre ubrukt løyving frå dåverande kap. 285, post 55 Verksemdskostnader til ny post frå 2025, 01 Driftsutgifter. Sjå omtale under kap. 285, post 01.
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 7,9 mill. kroner.
Kap. 3285 Noregs forskingsråd
Post 01 Inntekter frå oppdrag
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 8 mill. kroner som følge av endra anslag, flytting og justeringar av inntekter i 2025. Sjå omtale under kap. 285, post 21.
Post 02 Inntekter frå refusjonar o.a.
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 4,5 mill. kroner som følge av endra anslag, flytting og justeringar av inntekter i 2025. Sjå omtale under kap. 285, post 01.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Departementet foreslår å auke løyvinga med 7,3 mill. kroner. Auken skriv seg frå endringar i valutakurs. Om lag 324 480 kroner av løyvinga på posten er Noregs del av eit spleiselag for å dekke Ukrainas CERN-kontingent.
Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon
Departementet foreslår å auke løyvinga med 70,2 mill. kroner. Auken skriv seg frå endringar i valutakurs.
Post 74 EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett
Departementet foreslår å auke løyvinga med 25,7 mill. kroner. Auken skriv seg frå endringar i valutakurs.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga dekker utgifter til framtidig konvertering av utdanningslån til utdanningsstipend. Departementet foreslår å auke løyvinga med 37,6 mill. kroner grunna høgare utbetalingar av basislån enn tidlegare berekna.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 107,1 mill. kroner grunna høgare utbetaling av stipend enn berekna i revidert budsjett for 2025.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner grunna lågare stipendutbetalingar til skulepengar i utlandet i 2025.
Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 170,6 mill. kroner som følge av at den flytande renta på utdanningslån blei 0,19 prosenteiningar høgare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2025.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 386,8 mill. kroner. Auken kjem i hovudsak av høgare anslag for sletting av gjeld som følge av at fleire personar har blitt uføre, og at beløpet for sletta renter er høgare enn tidlegare lagt til grunn i revidert budsjett for 2025. I auken inngår også eit høgare anslag for avskriving av gjeld for lærarar.
Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 559,4 mill. kroner. Auka skuldast mellom anna høgare utbetalingar til basislån, tilleggslån og lån til skulepengar i 2025. Andre endringar er knytt til renteelement på posten.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Posten gjeld refunderte midlar til å dekke kostnaden ved å ettergi studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner som følge av mindreforbruk på posten.
Post 89 Purregebyr
Det ligg an til å bli fleire purringar enn det som blei lagt til grunn i revidert budsjett for 2025. Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner.
Post 90 Redusert lån og rentegjeld
Rekneskapstal per 30. september tilseier at innbetalte avdrag på studielån truleg blir høgare enn tidlegare lagt til grunn. Samstundes er det ein auke i innbetalingane av renter frå tidlegare år og i avskrivingen av renteberande lån. Samla foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 804,9 mill. kroner.
Post 93 Omgjering av utdanningslån til stipend
Posten dekker lån som blir omgjort til stipend ved avlagd eksamen og fullført grad. Departementet foreslår å auke løyvinga med 74,7 mill. kroner som følge av at det blir omgjort meir lån til stipend på bakgrunn av avlagde eksamenar enn tidlegare lagt til grunn.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning
Post 80 Renter
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 456,4 mill. kroner, hovudsakleg som følge av at den vekta renta på utdanningslån blei 0,19 prosenteiningar høgare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2025.