3 Andre saker

Fullmakt til Noregs forskingsråd til postering mot mellomværet med statskassa

Noregs forskingsråd (NFR) har behov for ei fullmakt til å føre mottekne forskotsbetalingar frå statlege fond mot mellomværet med statskassa, jf. forslag til fullmakt nr. III. NFR forvaltar tilskotsordningar for enkelte statlege fond der Fondet for forskingsavgift for landbruksprodukt (FFL) er det største. NFR lyser ut og tek imot søknader, og gir tilsegn om tilskot. Når midlane skal utbetalast til tilskotsmottakar sender NFR eit krav om ein samla sum til det aktuelle fondet. Når dette beløpet blir motteke blir det kreditert mellomværet. Når midlane blir utbetalte til tilskotsmottakar blir beløpet debitert mellomværet.