1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om revidert finansieringsopplegg for Førdepakken i Sunnfjord kommune gjennom å forlenge innkrevjinga av bompengar med fem år.

Stortinget slutta seg til Førdepakken gjennom handsaminga av Prop. 137 S (2014–2015) Utbygging og finansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane og Innst. 394 S (2014–2015). Førdepakken er ein bypakke som omfattar 20 prosjekt fordelt på kommunal veg, fylkesveg og riksveg, samt ei ramme til mindre tiltak. Bompengeinnkrevjinga starta opp hausten 2016, og skulle halde fram i 12 år til hausten 2028.

Det viser seg no at det ikkje lar seg gjere å finansiere alle tiltaka i porteføljen innafor den økonomiske ramma for Førdepakken. Fleire av prosjekta har vorte meir kostnadskrevjande enn det som først vart lagt til grunn. Samtidig har gjennomsnittstaksten vore lågare enn føresett som følge av lågt passeringstak. Det økonomiske handlingsrommet for å auke bompengeinntektene er no utnytta, då lokale styresmakter har slutta seg til justering av grunntakstane slik at gjennomsnittstaksten i Førdepakken frå Prop. 137 S (2014–2015) vert oppretthaldt over tid.

For å finansiere dei planlagde prosjekta har Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune gått inn for å auke inntektene gjennom å utvide innkrevjingsperioden. Med det nye opplegget vert bompengeinnkrevjinga forlenga med fem år frå oktober 2028 til oktober 2033. Det vert ingen endringar elles i bompengeopplegg, takst- og rabattnivå og styring av pakken gjennom porteføljestyring. Utvida innkrevjingsperiode er rekna å gje eit bompengebidrag på 615 mill. 2024-kr og ytterlegare 126 mill. kr i mva.-kompensasjon. Då vert det mogleg å finansiere alle dei 20 tiltaka i Førdepakken.