Prop. 34 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (lønsforhandlingane i det statlege tariffområdet 2024)

Til innhaldsliste

2 Lønsforhandlingane i det statlege tariffområdet 2024

2.1 Nærare om lønsforhandlingane

Forhandlingane

Forhandlingane mellom Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og hovudsamanslutningane Akademikerne, LO Stat, Unio og YS Stat om nye hovudtariffavtalar i staten for perioden 1. mai 2024 til 30. april 2026 hadde frist 30. april 2024. Det blei brot i forhandlingane og oppgjeret gjekk til mekling. Meklinga hadde frist 23. mai 2024. Meklinga resulterte i semje mellom staten og LO Stat og YS Stat. Stortinget godkjende 20. juni 2024 hovudtariffavtalen (2024–2026) mellom staten og YS Stat, jf. Prop. 108 S (2023–2024) Utbetaling av nye løningar for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2024 m.m. og Innst. 442 S (2023–2024).

Medlemane i LO Stat røysta den 17. juni 2024 nei i si avrøysting om ny hovudtariffavtale. LO Stat og staten blei same dag samde om frivillig lønsnemnd. Stortinget samtykka 20. juni 2024 til at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar i samband med hovudtariffoppgjeret i staten 2024 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med tenestetvistlova § 31 annet ledd, jf. Stortingets vedtak 853.

Akademikerne og Unio kom ikkje til semje med staten i meklinga og dei tok sine medlemar ut i streik. Streiken enda med tvungen lønsnemnd 2. juni 2024 for Akademikerne og 5. juni 2024 for Unio. Sjå nærare omtale i Prop. 108 S (2023–2024).

Interessetvistane mellom Akademikerne og staten og mellom Unio og staten blei behandla av Rikslønsnemnda 7. november 2024.

Interessetvisten mellom LO Stat og staten blei behandla i Rikslønsnemnda 15. november 2024.

Avgjerda i Rikslønsnemnda låg føre 20. november 2024. Nemnda bestemte at Akademikerne og Unio sine avtalar frå førre periode skal vidareførast. I tillegg bestemte nemnda at LO Stat skal ha den avtalen som YS Stat vart samd med staten om under meklinga.

Dei nøytrale medlemane i Rikslønsnemnda har forståing for synspunktet til staten om behov for ei samordna lønsdanning i staten. Desse medlemane meiner at ei slik endring av hovudtariffavtalen som staten la ned påstand om, bør finne si avklaring og løysing gjennom forhandling mellom partane.

Stortinget samtykka 20. juni 2024 til at medlemane av Akademikerne, LO Stat og Unio får utbetalt løn i samsvar med avgjerda til Rikslønsnemnda, jf. Stortingets vedtak 854 og 856.

Stortinget samtykka 20. juni 2024 til at medlemane av YS Stat får utbetalt løn i samsvar med møteboka til Riksmeklaren datert 24. mai 2024, jf. vedlegg 1 og 2, etter at det endelege resultatet av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet ligg føre, jf. Stortingets vedtak 855.

Den økonomiske ramma

Lønsoppgjera i Noreg er baserte på den såkalla frontfagmodellen. Det betyr at konkurranseutsett industri forhandlar først. NHO utarbeider deretter, i forståing med LO, eit anslag for lønsveksten samla i NHO-området. Dette anslaget dannar ei norm for lønsveksten i forhandlingsområda som følgjer etter. I årets lønsoppgjer har NHO anslått årslønsveksten til 5,2 pst. for industrien samla. Den avtalte økonomiske ramma for oppgjeret i staten er på linje med dette anslaget. Det er innarbeidd eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret i samband med nysalderinga av budsjettet for 2024. Verknaden på den enkelte budsjettpost er foreslått i departementa sine omgrupperingsproposisjonar. For nærare omtale av dei anslåtte utgiftene knytte til lønsreguleringane for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, sjå nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Forhandlingsstadar

Med heimel i hovudtariffavtalane avgjer staten, etter drøftingar med hovudsamanslutningane, kvar lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Forhandlingsstadane for tariffperioden 2024–2026 er drøfta og fastsett med verknad frå 1. mai 2024. Forhandlingsstadane er dei same i alle avtalane.

2.2 Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet føreset at lønsreguleringa frå 1. mai 2024 m.m. blir gjort gjeldande for alle embetsmenn og statstilsette, også dei som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.

I staten er det tariffavtalar med ulik ordlyd. Det eine avtaleområdet er avtalane som gjeld for Akademikerne og Unio, og det andre avtaleområdet er avtalane som gjeld for LO Stat og YS Stat. Staten må derfor ta stilling til kva for avtaleområde som skal praktiserast overfor arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett og som derfor ikkje direkte blir omfatta av dei avtalane som er inngåtte.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har tidlegare sett på ordninga med dei uorganiserte, i nær dialog med hovudsamanslutningane. Det har ikkje vore mogleg å finne fram til ein ny modell som alle hovudsamanslutningane sluttar seg til.

Stortinget vedtok i 2022 at det avtaleområdet som dekker flest årsverk i den einskilde verksemda, skulle praktiserast overfor arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet tilrår ei slik løysing også for tariffoppgjeret i 2024, jf. forslag til romartalsvedtak II.

Departementet vil følgje med på praktiseringa og utslaga av ein slik modell. Dei uorganiserte skal med bakgrunn i lønspolitikken til dei einskilde verksemdene, sikrast lønsutvikling på lik linje med dei organiserte arbeidstakarane, og det er arbeidsgjevar sitt ansvar å ta vare på dei uorganiserte.

Embetsmenn og statstilsette i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får løns- og arbeidsvilkår administrativt fastsett i kontrakt, jf. forslag til romartalsvedtak II.