Prop. 37 L (2022–2023)

Endringar i vassdragsreguleringsloven, energiloven og vannressursloven (kostnadsdekning for tilsyn og kontroll)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Olje- og energidepartementet foreslår endringar i føresegnene om dekning av kostnader til tilsyn og kontroll i følgjande lover på energi- og vassdragsområdet:

  • Lov 14. desember 1917 nr. 17 om regulering og kraftutbygging i vassdrag (vassdragsreguleringsloven)

  • Lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energiloven)

  • Lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann (vannressursloven)

Departementet foreslår endringar i vannressursloven § 58, vassdragsreguleringsloven § 31 og energiloven §§ 9-6 og 10-1 ved at det blir teke inn heimlar til å krevje inn sektoravgift til dekning av kostnader til tilsyns- og kontrollarbeid. Dei gjeldande lovføresegnene gjev heimel for å krevje inn gebyr, og endringsforslaget vil supplere heimelsgrunnlaget i tråd med Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) praksis for dekning av kostnader til arbeid med tilsyn og kontroll.

Vidare blir det foreslått nokre mindre presiseringar i dei aktuelle lovføresegnene om at gebyret eller sektoravgifta skal knyte seg til «tilsyns- og kontrollarbeid». I føresegna om gebyr eller sektoravgift i energiloven § 9-6 blir det foreslått presisert at heimelen knyter seg til arbeid med kraftforsyningsberedskap. Der dei ovannemnde føresegnene bruker omgrepet «utgifter», blir det foreslått å erstatte dette med omgrepet «kostnader».

Vidare blir det foreslått å innføre heimlar i vassdragsreguleringsloven § 31 og energiloven §§ 9-6 og 10-1 for departementet til å regulere gebyr eller sektoravgift nærmare i forskrift. Det blir foreslått at gebyr eller sektoravgift etter energiloven og vassdragsreguleringsloven skal vere tvangsgrunnlag for utlegg, og at det skal betalast forseinkingsrente ved for sein betaling, slik gjeldande føresegn for kostnadsdekning i vannressursloven § 58 legg opp til.