Prop. 38 L (2018–2019)

Endringar i sjølova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen vert det lagt fram forslag til endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjølova). Lova vert føreslått endra slik at Sjøfartsdirektoratet får heimel i lov til framleis å kunne hente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøving av oppgåver etter sjølova, jf. folkeregisterlova § 10-2. Det vert i samband med dette føreslått endringar i sjølova § 13.

Sjøfartsdirektoratet har tidlegare hatt løyve frå Skattedirektoratet til å hente desse opplysningane med heimel i folkeregisterlova 16. januar 1970 nr. 1 § 14. Lovendringane inneber soleis ikkje endringar i den faktiske rettstilstanden. Etter folkeregisterlova av 2016 § 10-2 er det krav om at heimel for utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, må stå i regelverket som gjeld for dei ulike saksområda. Skal Sjøfartsdirektoratet framleis ha tilgang til dette, må heimelen soleis stå i sjølova.