Prop. 50 L (2016–2017)

Endringar i yrkestransportlova (gebyr for løyveeksamen og utferding av kompetansebevis)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhald i proposisjonen

Samferdselsdepartementet legg med dette fram forslag til endring av yrkestransportlova § 31. Framlegget gir heimel for å krevje gebyr frå kandidatar som skal ta eksamen knytt til faglege krav for tildeling av løyve for godstransport og persontransport (turbuss, drosje, selskapsvognløyve og løyve for transport for funksjonshemma), samt gebyr for utferding av kompetansebevis ved bestått eksamen.