Prop. 59 S (2021–2022)

Auka kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Ryfast og utgreiing for status i tvistesak for prosjektet E39 Eiganestunnelen

Til innhaldsliste

1 Rv. 13 Ryfast – endra kostnadsramme

Samferdselsdepartementet har i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet opplyst om kostnadsauke for prosjektet rv. 13 Ryfast, og har foreslått å auke kostnadsramma for prosjektet. Kostnadsauken kjem som ei følgje av auka arbeidsomfang knytt til fleire forhold, jf. omtale på side 5 i proposisjonen. Stortinget har ved behandlinga av proposisjonen, gjort vedtak om endra kostnadsramme for prosjektet i samsvar med departementets forslag, jf. Innst. 81 S (2021–2022) Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet og Endringer i statsbudsjettet 2021 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Samferdselsdepartementet har i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet òg varsla at det framleis er uvisse om dei endelege kostnadane, som følgje av ein tvist mellom Statens vegvesen og entreprenøren om sluttoppgjeret. Tvisten er knytt til dei same forholda som omtalt i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet. Det har vore gjennomførd mekling mellom Statens vegvesen og entreprenøren hausten 2021, med sikte på å finne ei løysing utan rettssak. Gjennom meklinga vart det lagt fram ei skisse til forlik som begge parter er villige til å akseptere.

Forliket inneber ein ytterlegare kostnadsauke på om lag 180 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å auke kostnadsramma i samsvar med dette til 9 172 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

Ut frå ei samla vurdering av tid, kostnader, ressursar og risiko knytt til å føre saken for retten, tilrår Samferdselsdepartementet at det blir inngått forlik og at Stortinget sluttar seg til forslaget til endra kostnadsramme.