Prop. 64 L (2016–2017)

Endringar i forvaltningslova, tvistelova m.m. (overprøvingskompetanse m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fremjar i denne proposisjonen framlegg til endringar i forvaltningslova, tvistelova, plan- og bygningslova og einskilde andre lover.

Dei fleste lovframlegga gjeld for både kommunar og fylkeskommunar. For å gjere det enkelt nyttar departementet uttrykka kommune og kommunestyre som felles nemning på både kommune/fylkeskommune og kommunestyre/fylkesting dersom ikkje noko anna går fram av samanhengen.

For å styrkje lokaldemokratiet og flytte makt og ansvar til kommunane føreslår departementet at statlege klageinstansar ikkje lenger i like stor grad skal kunne overprøve utøvinga av det frie skjønet i kommunane. Etter den generelle regelen i forvaltningslova skal statlege klageinstansar leggje vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret når det frie skjønet i kommunen skal prøvast. Departementet føreslår å endre denne regelen slik at klageinstansar skal leggje stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret. Departementet føreslår vidare ein ny regel som presiserer at statlege klageinstansar må grunngje korleis dei har lagt vekt på dette omsynet ved prøving av det frie skjønet.

Departementet føreslår vidare å gje kommunane som offentlege organ rett til å reise sak mot staten. Søksmålsretten gjeld likevel ikkje for vedtak som er gjorde med heimel i barnevernlova. For å vareta interessene til private partar skal vedtak etter ein del sentrale velferdslover ikkje kunne gjerast om sjølv om ein domstol har kjent vedtaket ugyldig. Omgjeringsforbodet gjeld likevel ikkje der den private parten har fått tilkjent ytinga fordi han eller ho eller nokon som har handla på vegner av vedkomande, med forsett eller grovt aktlaust har gjeve feilaktige opplysningar.

Departementet føreslår også at kommunen skal kunne reise søksmål om gyldigheita av ei motsegn etter plan- og bygningslova og vedtaket i departementet i saker om motsegn.

Til forsida