Prop. 74 L (2022–2023)

Endringar i taubanelova og tivolilova (undersøking av ulykker og hendingar)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Samferdselsdepartementet legg med denne proposisjonen fram eit forslag til endringar i taubanelova og tivolilova som vil gi eit lovgrunnlag for Statens havarikommisjon til å undersøke ulykker og hendingar på desse områdane.

Desse endringane vil leggje til rette for at undersøking av ulykker og hendingar på taubane- og tivoliområdet vert forankra i lov på same vis som transportgreinane og Forsvaret.

Lovframlegget reiser etter departementet sitt syn få prinsippielle spørsmål av noko særleg omfang.