1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om visse endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyre (valgloven).
Forslaga om endringar i vallova inneber at stortingsvalet i 2021 kan gjennomførast med dei 19 valdistrikta vi har i dag, mens vi ventar på utgreiing og endeleg behandling av spørsmålet. Proposisjonen inneheld òg ei oppsummering av evalueringane av stortingsvalet i 2017, der departementet svarer på ein del av merknadene frå Stortingets fullmaktskomité frå Innst. 1 S (2017–2018). Rapporten som departementet fekk frå Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa sitt kontor for demokrati og menneskerettar (OSSE/ODIHR) etter observasjonen ved stortingsvalet i 2017, blir òg kommentert i proposisjonen.