Prop. 76 L (2017–2018)

Endringar i vallova (valdistrikt ved stortingsval, rett til å stille liste ved val mv.)

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om endringar i vallova som inneber at stortingsvalet i 2021 kan gjennomførast med dei 19 valdistrikta vi har i dag. Bakgrunnen for framlegget er at Stortinget har vedteke ny fylkesinndeling, noko som får konsekvensar for valordninga ved stortingsval, etter som dagens fylke er valdistrikt ved stortingsval. Det føreslås i tillegg ei endring som sikrar at vallova ikkje leggjar føringar på korleis partia organiserer seg. Proposisjonen inneheld òg ei oppsummering av evalueringane av stortingsvalet 2017, samt departementets kommentarar til valobservasjonsrapporten frå Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa sitt kontor for demokrati og menneskerettar (OSSE/ODIHR) etter observasjonen ved stortingsvalet i 2017.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget