Prop. 93 S (2021–2022)

Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om revidert bompengeopplegg og finansieringsplan for fv. 659 på strekninga Skjeltene – Harøya (Nordøyvegen) i Ålesund kommune (tidlegare Haram og Sandøy kommunar) i Møre og Romsdal.

Stortinget har tidlegare gitt tilslutning til bompengefinansiering av prosjektet gjennom handsaminga av Prop. 140 S (2016–2017) Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal og Innst. 468 S (2016–2017).

Etter ein stor kostnadsauke vedtok fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune i 2018 nytt finansieringsopplegg for prosjektet. Dei auka kostnadene er foreslått finansierte med fylkeskommunale midlar og auka bompengebidrag.

Hovudarbeida starta tidleg i 2019, den sørlege delen av prosjektet blei opna for trafikk i desember 2021 og siste del av prosjektet er venta opna for trafikk sommaren 2022.