Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rapport frå Ålesundsutvalet. Kontroll og tilsyn er naudsynt

Brev fra kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa til alle landets kommuner.

Rapporten frå Ålesundutvalet blei overlevert måndag 17. november. Utvalet kjem i sin rapport med klare og gode tilrådingar. Eg er overtydd om at rapporten vil vere av stor interesse for alle kommunane i landet. Rapporten er lagd ut på nett.

Eg vil be dykk lese rapporten grundig. Her finst mykje kunnskap og informasjon som kan vere til nytte for arbeidet dykkar, særleg i samband med planlegging og
gjennomføring av utbygging i krevjande terreng.

Det vidare arbeidet med rapporten er gitt høgaste prioritet i mitt departement. Vi skal gå nøye gjennom rapporten og vurdere forslaga til utvalet. Det vil likevel ta noko tid før ei ny plan- og bygningslov og forskrifter kan tre i kraft. Inntil dette skjer, vil eg oppmode kommunane til å nytte det gjeldande regelverket og dei moglegheitene det gjev, til dømes vurdere auka bruk av uavhengig kontroll og/eller gjennomføre fleire tilsyn. Dette er tiltak som er særleg aktuelle der det er naudsynt å foreta sprenging av byggjetomta.

Departementet og Statens bygningstekniske etat vil kunne gje dykk nærare
informasjon om bruk og tolking av regelverket.

Med helsing
Magnhild Meltveit Kleppa