Rapport om økonomiske misleghaldssaker osb. i fjerde kvartal 2025
Rapport | Dato: 15.01.2026 | Utanriksdepartementet
I fjerde kvartal 2025 registrerte Sentral kontrolleining 47 nye saker. Sakene var i hovudsak knytte til mistanke om økonomisk misleghald, medan åtte var relaterte til mistanke om seksuell utnytting, misbruk og trakassering i samband med tilskotsforvaltinga (SEAH-saker).
I den same perioden vart 30 saker avslutta, blant desse var åtte SEAH-saker. Alle tala omfattar også saker under Norad og Norec sine ansvarsområde.
Oversikta nedanfor viser dei fem sakene der det var grunnlag for reaksjon og tilskotsmottakaren har betalt tilbake, og som vart avslutta i fjerde kvartal 2025. Det er betalt tilbake 1 879 449 kroner. I tillegg er 70 047 kroner betalte tilbake til prosjekt, noko som inneber at avtalepartnar dekkjer tapet ved å skyta inn eigne midlar.
Oversikta blir utarbeidd som oppfølging av nulltoleransen til regjeringa for økonomisk misleghald og blir ajourført kvart kvartal. For fleire opplysningar blir det vist til Sentral kontrolleining i Utanriksdepartementet, Internrevisjonen i Norad eller til Norec.
Oversikt 4. kvartal 2025 – avslutta med reaksjon
|
Saksnr./ ansvar |
Land/region |
Avtalepartnar |
Kort omtale av saka |
|
1433 UD
|
Malawi |
Ministry of Education |
Ikkje-godkjende utgifter til godtgjersler og drivstoff. NOK 32 600 er betalte tilbake til UD.
|
|
1183 Norad |
Kenya |
Global Financial Intergrity (GFI) |
Fiktive utleggsrefusjonar frå konsulentar og mangelfull dokumentasjon av utgifter. NOK 18 744 er betalte tilbake til Norad.
|
|
23067 Norad |
USA |
Global Financial Intergrity (GFI) |
Overrapportering av lønnskostnader og manglande eigenfinansiering. NOK 1 828 105 er betalte tilbake til Norad.
|
|
24133 Norad |
Liberia |
Digni/Misjonsalliansen |
Underslag ved Misjonsalliansens landkontor. NOK 24 940 er betalte tilbake til prosjektet.
|
|
23105 Norad |
Etiopia |
Universitetet i Bergen/Dilla University
|
Uautorisert bruk av prosjektmidlar og bruk av midlar til anna enn det avtalte formålet. NOK 45 107 er betalte tilbake til prosjektet.
|